Årsmelding 2015

I årsmeldinga ser du kven som er på val på årsmøtet 23. februar, og kva laget har arbeidd med i året som gjekk.

Styret:

Tor Olav Fylgjesvoll, leiar (på val)

Rune Roalkvam (på val)

Kari Liv Sandvik

Sigurd Fisketjønn

Tore Thorsen, skrivar
Varamedl: Ragnhild Sukka, varamedlem (på val)
Kasserar: Nils Torsteinbø, kasserar
Revisor: Erling Rognskog (på val)
Valnemnd: Brita Solheim, Herleiv Haugland, Hadle Eide Bakka

Leiar, varamedlem og valnemnd blir valde for eitt år, dei andre for to år.

Medlemstalet ved utgangen av 2015 var 182, mot 164 i 2014. 49 medlemmer bur andre stader enn i Suldal.

 

Utsendingar: – Tor Olav og Tore møtte på fylkesårsmøtet i Tysvær i april. – Tor Olav møtte på landsmøtet i Bø i mai, som utsending frå Rogaland historielag. -Tor Olav, Nils og Tore møtte på rådsmøtet i Forsand i oktober.

Deltaking på messer: – Ryfylkedagane i juni: Mimrestova open. Styremedlemmene skifte på å «sitja vakt». – Nils og Tore hadde «stand» på Møgedalsmarknaden i oktober. – Sigurd og Tore: «Stand» på julemessa på Suldalsosen i november.

Styremøte: 7

Saker styret arbeider med:

– Stadnamnsprosjektet: Det er samla inn lokale stadnamn frå omlag 110 av dei 186 gardane i Suldal kommune. Sogelaget han begynt arbeidet med å samla inn namn frå dei gardane som manglar, og få gjort dei tilgjengelege for alle. Til dette har me søkt om og fått 150 000 kroner frå Språkrådet, som held på og utviklar eit dataredskap til dette bruk. Prosjektleiar er Tor Olav Fylgjesvoll.

 

– Bruprosjektet i Ulladalen: Den gamle trebrua skal byggjast oppatt. Førebuingsarbeidet er i gang. Prosjektleiar er Annfrid Halsne.

Opne medlemsmøte: 5 Emne:

– Åshild Vetrhus: Lokale folketonar

– Elisabeth Risa: Om lærar Kornelius Risa på Førland

– Ernst Berge Drange: Om ein indianartolk i Ny Amsterdam

– Alf Odden: Kulturminne i Dyraheio

– Jarle Halgunset: Uteløer i Erfjordheia

– Ope hus i Mimreståvå i samband med den lange opningsdagen i Gata i desember. Pensjonistlaget og mållaget var medarrangørar. Det blei servert vafler og kaffi, og bøker lagde ut for sal. Ein god del var innom i løpet av kvelden.

– I januar 2016: Øystein Haga: Krusifikset i Jelsakyrkja
Oppmøtet til medlemsmøta har variert mellom tjue og femti.

Turar: Ingen

Utgivingar:

– Tor Olav Fylgjesvoll og Leo Natland: «Stadnamn langs sjøen i Erfjord». Boka vart trykt i 200 eksemplar, og raskt utseld. Sogelaget planlegg å trykkja nytt opplag.

– «Gammalt frå Suldal» nr. 17 – årsheftet til sogelaget. Heftet er trykt i 1000 eksemplar, og er i fargar for første gong. Prisen er auka frå 150 til 200 kroner, men delt ut gratis til sogelagsmedlemmene. Redaktør er Bjarte Skipevåg. Elles i redaksjonsnemnda: Rune Roalkvam, Terje Bråtveit og Tore Thorsen.

Mimreståvå – lagslokalet

– Torleiv Helland har halde ope der om laurdagar (11 – 13). – Det er montert kodelås med nøkkel på veggen utanfor. – I løpet av året er biblioteket i Mimreståvå utvida med ei rekke bygdebøker og annan lokalhistorisk litteratur. Medlemmene kan fritt nytta seg av desse bøkene i lokalet vårt.

– Fotoutstillinga til Terje Bråtveit samlar mange interesserte. Til Ryfylkedagane 2016 stiller Terje med ny utstilling: 60 fotografi av Kristian Ræstad frå 1972. Bilda er frå ulike delar av kommunen.

 

– Nettsida suldal-sogelag.no er redigert av Rune Roalkvam.

Ancestry.com

Suldal sogelag har medlemsskap i den amerikanske slektsdatabasen Ancestry.com. Dersom du som medlem i Suldal sogelag, har ønskje om å nytta denne tenesta (gjeld særleg for å finna slekt i USA og Sverige), kan du ta kontakt med Rune Roalkvam på mail: runedylan@gmail.com
Styret