Suldal sogelag

Eit nytt årshefte blir sendt til trykkeriet i dag. Det er på heile 148 sider, ny rekord! Me garanterer som vanleg variert og bilderikt innhald, sjå lista underst.

 

framside

 

 

Den tredje eksponeringa 4
Farfar ser tilbake (K. Risa) 14
Då Jelsavegen kom 60
Misjonær Ingrid Helland frå Sand 76
Historia om MK ”Jøsenfjord” 98
Minne frå okkupasjonstida 1940-45 på Ropeidhalvøya 106
Laura - eit tidsvitne 112
Statens vandremeiersker 118
Besta Berge fortel 122
Gamleklokka i Jelsakyrkja 126
Rakstejenta 128
Mot Smørsida av Bandåsen 130
Ei gamal kiste 132
Julehøgtid 134
Bilde frå farne tider 136
Nybrua i Ulladalen restaurert 138
Exit Ropeidferja 139

Årets hefte er nå i butikkane - kjøp det gjerne laurdag føremiddag på Mimreståva, så sikrar du sogelaget best inntekt. For første gong trykker me i fargar, og heftet er fullt av bilde. Årets hovudartikkel er historia om Ropeidferja, som slutta av ved årsskiftet. Elles er det stoff om russarfangane under krigen på Sand og Suldalsosen, om Alfred Hauge og mykje anna. Sjå innhaldet her

 

framside 17

Sogelaget er ute med nytt årshefte - det 16. i rekka. Dette er samleobjekt som du må skaffa deg mens du kan - fleire utgåver er utselde. Prisen er fortsatt rimeleg - 150 kr.

Les meir…

Her finn du innhaldet i alle årshefta me har gitt ut. Nokre av dei er utselde. Ein del artiklar kan du lesa på desse sidene. For kjøp av eldre hefte, sjå butikk

Les meir…

sogelagshefterny2

 

 

Årsheftet vårt starta i det små i 1999 med eit lite opplag på 400. Dei siste åra har opplaget lege på rundt 1000. Dette gjer at heftet er eit ettertrakta samleobjekt. For tida er nr 1, 7 og 8 utselde, og også av nokre av dei andre er det berre få eksemplar att. Ta kontakt med redaksjonen for å sikra deg eksemplar av dei årgangane me har igjen til deg sjølv og dine slektningar - det er ikkje aktuelt å trykka nye opplag av dei utselde årgangane. Men me legg ut mange av artiklane på nettsidene her.

 

Frå tid til annan dukkar det opp eldre hefte for sal i antikvariat, søk på antikvariat.net.

 

Redaksjon:

Bjarte Skipevåg (ansv. red.), tlf 40406305,

e-post: bjarte.skipevaag(a)haugnett.no

Rune Roalkvam (layout og klargjering til trykk)

Terje Bråtveit (bildearkiv)

 

Me tar gjerne imot stoff til årsheftet. Små og større artiklar, småstykke, bilde m.v. Årsheftet blir vanligvis gitt ut kring 1. desember. Me må ha stoff til heftet seinast i løpet av oktober, men ta helst kontakt med redaksjonen så tidleg som råd. For annonsering, ta kontakt med redaktøren.