Suldal sogelag

Olga Johanne Oppedal (1892 - 1983)

 

Av Kari Furre

 

Det er alltid spennande å lesa om dei ulike livslagnadene, om folk frå vår eiga tid, den nære fortid, eller dei som levde lang tid tilbake. Det som synes klårt er at det er langt mellom kvar kvinne me på denne måten vert kjende med. Derfor vil eg ta dykk med til Barkeland garden som ligg lunt mellom skogkledde åsar, inne ved Økstrafjorden.

Det første me møter når me kjem til gards er den gamle hovudbygningen, bygd i 1792, og seinare påbygd fleire gonger. Så er det løa frå 1930 åra, og fleire andre gardsbygningar. Garden har vore i same slekta i over 500 år, og har hyst fleire lensmenn gjennom desse åra. Far til Olga, Thor Thorsen tok over lensmannsembete etter far sin Ole Thorsen i 1887. Då hadde han vore gift i nokre år med Karen Malene Johannesdatter Furre.

I over 20 år var dei barnlause, men den 14. desember i 1892, får dei ei lita dotter. Ho vart døypt Olga Johanne oppkallt etter bestefedrene sine: Ole Thorsen og Johannes Furre. Det var ei stor lukke for det middelaldra foreldreparet, og Olga vart nok midtpunktet i heimen. Fin mahognivogge – og barneseng fortel at ingen ting vart spart for den vesle jenta. Då det viste seg at ho leid av epilepsi, fekk nok Olga ekstra tilsyn og omtanke.

Då Olga skulle ta til på skulen fekk ho ikkje gå den lange skulevegen til Jelsa, men vart undervist av guvernante heime. Olga fortalte sjølv om kor hug ho hadde å få følja dei andre borna når dei gjekk gjennom tunet på veg til skulen.

16 år gammal opplevde Olga si første store sorg då mor hennar døde. Så var far og dotter åleine, og fem år seinare døde også faren. 21 år gammal vart Olga åleine med heile ansvaret for garden. Då kom det vel med at ho hadde mange trugne tenestefolk som hjelpte henne. Det vart sagt at det kunne vera 18 personar rundt bordet i drenge stova. Ennå ein gong vart den unge Olga råka av sorg. Ho var nå forlova med fetteren Ingvar Furre frå Sjernarøy. Han gjekk på landbrukshøgskule på Ås og skulle verta forstmann. Så i 1913 vart Ingvar sjuk av tuberkulose og døde 23 år gammal.

Olga fekk reise tidlig ut for å gå på skule. Frå 1906 – 1908 gjekk ho på Storms middelskule i Stavanger – 1911 på Norsk Kvinnesaksforenings fagskole i huslig økonomi i Kristiania, videre på Kristelig gymnasium 1915 – 1916 i Kristiania. I 1917 – 1918 gjekk ho på Statens Skogskole i Os og vart den første kvinnelige skogteknikkar i landet. Frå oktober 1921 var Olga på ein tre månaders tur til Italia og Sicilia samen med ei venninne. Det er interessant å lesa breva som ho skreiv til dei to søskenbarna sine som då budde på Barkeland. Me får følja to reisevante damer – om deira opplevingar på turen gjennom Tyskland, Tyrol og til Italia. Me møter dei på flotte hotell, små pensjonat på teater og kino. På gondoltur i Venezia og på den frodige øya Cecilia.

Olga hadde frå skuleåra fått interesse for framande språk og kulturar. Gamle brev syner at ho brevveksla med folk på både engelsk, tysk og italiensk. Men pliktene kalla, ho reiste heim og tok igjen fatt i oppgåver på Barkeland. Etter som åra gjekk hadde ho paktarar som tok seg av gardsarbeidet. Olga trivst best med det arbeidet som høyrde skogen til – hogstplanar – tømmermåling og nye plantefelt. Det var sag nede på Barkelandsvågen og det er ikkje så få løer rundt i Ryfylke som ho leverte materialar til.

I 1938 vart Olga gift med Leiv Oppedal frå Brekke i Sogn. Han var agronom og nå vart dei to om arbeidet og ansvaret. Oppedal var ein aktiv kommunepolitikar og ein pådrivar for at Jelsa skulle få vegutløysing. Han var ordførar i Jelsa frå l960 - l963. Leiv Oppedal var den første på Jelsa som hadde bil.

Då Oxfordrørsla vaks fram her i landet på 30-40 talet vart Olga tent på deira idear. Dette var både ei åndeleg og moralsk vekkjing som me seinare kjenner at som ” Moralsk opprustning”. Nå fekk ho åndeleg fellesskap og vener frå ulike stader i landet og det førte til samlingar med desse på Barkeland. I l949 reiste Olga til England for å arbeide i eit kollektiv som vart drive av Oxfordrørsla.

Sjølv om Olga fekk reise mykje, og hadde interesser langt utover nærmiljøet, var ho heile livet knytt til heimen, bygda og kommunen. Dette kom klårt fram ved kommunereguleringa i l964. Ho held kåseri om heimbygda si i radioen, og ho har skreve fleire stykke i kultursoga for Suldal. Olga var ei av ildsjelene då aldersheimen på Jelsa skulle byggjast og både kyrkja og bedehus nytte godt av gåvene hennar.

Ei norsk kvinne som hadde forbindelse med Barkeland var aupair i Tyskland tidleg i 30-åra. Ho opplevde jødeforfylgjinga og fekk ordna det slik at ein ung tysk jøde fekk koma til Barkeland for deretter å reise vidare til U.S.A. Etter krigen var han amerikansk okkupasjonssoldat i Tyskland. Han kom då på besøk til Barkeland.

Etter at Leiv Oppdal døde i 1970 vart ho og kusina, Olga Omundsen buande åleine på garden. Olga testamenterte Barkeland til Det Norske Misjonsselskap. Alt det verdfulle innbuet gav ho til Rogaland fylkeskommune. Etter 10 år fann Misjonsselskapet ut at vilkåra i testamentet var vanskelege å halda. Garden vart så ført over til slekta hennar. I dag er det ein yngre generasjon som driv garden og det er igjen liv og rørsle i det gamle Barkelandstunet. Olga var eit gåverikt menneske som samla seg mykje visdom gjennom livet.

Noko som sermerkte henne var truskap og pliktkjensla.

 

Av Jon Moe

 

To heietråvarar, ekteparet Karin og Karle Lindseth frå Jar i Bærum, gjekk seg på han ved Såta i fjellet mellom Sandvatnet og Bleskestadmoen i Suldal, tett ved Aust‑Agdergrensa. Det var ein augustdag i 1962. Dei kom fra Breive og hadde etla seg over Meien men forlet den oppmåla turistruta nordanom Væringstølen og følgde i staden det gamle nøddastrekkjet mot Sandvatnet. Denne fjellovergangen er tyngre, men stuttare.

 

Der berglendet tek til a halla nedover mot Sandvatnet er der ei berghylle. Og mot Meien er der eit fælt juv, djupt som eit krater i ein slokna vulkan. I ein vasspytt ikkje langt fra stupkanten ligg det noko rart og flyt, ein liten lur av tre. Kva i all verda er dette? Det er ein halv klarinett.

 

Staden ligg ikkje meir enn eit tjug meter fra den vanlege stigen, som er oppnødda og trakka av fe og folk i alle hundreår. Eit par meter lang er den grunne pytten, ein meter på det breiaste og til‑spissa i endane. Ja, det kvesser seg til! Her er det sanneleg meir enn eit musikkinstrument, her er tusen ting! Og bein, lange og korte, knoklar nok til eit heilt eller iallfall eit halvt skjelett. Eit klesplagg, ein vest, er delvis nedgrodd under torva i vasskanten. Dei løyser han varsamt. Det har vore eit stasplagg med kulerunde metallknappar; mange av dei losnar og dett ned i vatnet. Dei soknar etter knappane og får fleire små bjøller av sølvblankt metall mellom fingrane ‑ og eit pipehovud med plass til fire munnstykke i krans. Kva har ein røykt i dette?‑ Opium?

 

Den eine undringa løyser den andre av. Rare ting utan tal kjem for dagen. Gåtefulle figurar finn dei. Og sølvspenne, stjerneforma ordenar og medaljer i reint sølv ‑ eller iallfall nysølv. Under eit frakkeflak ligg eit "nafta‑glas" med ein kvikksolv‑drope som trillar til og frå. Korken er på plass. Gammalt er det, men ikkje øydelagt.

 

Nei, du må sjå dette! Eit bjørnehovud utskore i tre med kross i panna. Pa bjøllene, somme fast‑lodda til ein rusta tein, og mange andre ting er kross‑teiknet rita inn med knivsodden. ‑ Kva kar kan dette ha vore. Ein reisande‑mann? Kråmkar? Kvakksalvar? Ein gåtefull raring med skreppa full av underlege ting. Han stupte her for 70‑80 år sidan. Og enno ligg klarinetten‑tuten og flyt!

 

Dei fine pengepungen med småmynt i sølv, helst ti‑øringar, ingen yngre enn 1878. Dei får ikkje alt med seg. Frakken går dei ifrå, og hovudskolten ‑ kraniet ‑ kan dei ikkje gi seg tid til å leita etter. Her frampå stupet kan det vel lett ha kome på trilt og hamna langt nedi røysane.

 

Morgonen etter legg dei funnet ut over hyttebordet på Bleskestadmoen, der dei er to‑eine. Dei sorterer, legg i små dungar. Det er utruleg mykje. I eit plaststykke ligg beina, som bør koma i kristna jord. Dei orkar ikkje å bera det nedover til Mostølen og Bråtveit men rår seg til å gå til Roalkvam og koma seg kvikt til Stavanger.

 

Karen og Karle Lindseth meinte dei fekk oppsøkja formannen i Stavanger Turistforening, redaktør Per Thomsen i Stavanger Aftenblad, der eg var redaksjonssekretær. Thomsen let meg skriva om funnet. Det blei grundig granska og soga fortald på første side. Det er 40 år sidan, men enno treffer eg lesarar som minnest det godt. ‑ "Kirkevergen" i Stavanger sørgde for at beina vart lagde ned i ei grav på Eiganes gravlund 25. august 1962.

1 mellomtida er heile funnet overlete tit Politiet, som snart kjem til at det ikkje kan vera tale om noko kriminelt, og i alle fall er det forelda. Dei har opna den våte pengepungen på profesjonell vis og tørka eit samanbrett avisutklipp, som er lett leseleg:

 

På den eine sida star det noko om "den japanæiske Keiser. Han gik ud i sin Have for at forlyste sig. Men plutselig faldt han i Søvn. Og da han igjen vaagnede, hadde Kvinderne i hans Følge afplukket Blomsterne .... Hvor kort er ikke Livet, hvor plutselig kommer ikke Døden."

 

Funnet vart innpakka del for del i silkepapir og lagt i ei pappøskje som det stod "Twist" på. Det blei "pliktskyldigst" overlete til og straks returnert frå Stavanger Museum som "ganske og aldeles" uinteressant. Funnet var visst ikkje gammalt nok ‑ "samt meget forvirrende i sin mangslungenhet."

 

Så hamna det på loftet og stod der i 15 år. Eg var i Såtedalen og sette ei steinflis ved pytten der mannen stupte. Frakken lag der enno, iallfail store stykke av eit fint kamgarnstoff i brunt og mørkraudt.

 

For nokre år sidan var eg der endå ein gong, gjekk først inn i den djupe krater‑kvelven og undrast om det kunne vera råd a finna hovudskolten, han låg kanskje der og likna nettopp den eller den av ti tusen kultesteinar. Nei, ingen. ‑ Her i vinter vart eg beden inn til ein kar som har vore i Såtedalen meir enn ein gong og sokna med fingrane i pytten. Han ville gjerne få syna meg noko som han hadde funne og no gøymde i ein stikkedase. Det var to små sølvknappar og ei tann, ei feilfri jeksel.

 

For eit godt tjug år sidan vart heile vøla etter den gåtefulle mannen fra Såtedalen overleten til Arkeologisk Museum i Stavanger og motteken med iver. Ein konservator undrast seg blå heile vinteren og breidde sa den "umulige" mannen ned i ei kvit plast‑seng som uforstaeleg. – ”Og siden har ingen sett ham".

 

NRK-fjernsynet viste eingong opptak frå eit underleg laksefiske i Numedalslågen. Det vart kalla flåtefiske: Uti kanten mellom straum og bakevja var ein flåte ankra opp. På denne flåten var det ei hytte som fiskaren heldt seg i, der sat han og låg han og åt og bia på musikk frå ein bjøllekrans. Og sjølve fangstinnretninga var ein vid garnepose. Når laksen kom ”på straumen”, som ein sa, og vart leidd inn i garnposen, gjekk han straks mot moskane og støyrde etter utveg. Frå garnposen til bjøllene var det strekt ei og gjerne fleire snorer som straks fekk det til å klinga i ”syngjar’e-klokkene”. Om vaktmannen sat og togg tobakk eller låg og sov, vart han bråvaken og bykste ut. Det galdt om å ta laksen med håv eller klepp i fykande farten. For snart kunne det koma ein fisk til.

Det kunne vera fleire slike fiskeflåtar nedetter vassdraget. Det var rekna for å vera ein svært effektiv innretning. Men ikkje alltid. Då som no, var det spørsmål om det i det heile var laks på elva.

I hyttene sat vaktmenn så mang ein gong og bia til dei vart blå. Ein kunne ta med seg lesestoff, eller berre sitja snufsa og hiksta og tenkja på eitkvart. Dette stod i ei bok han las ut trædeve gonger:

-          ”Evnukken satt i kaliffens have og gjorde seg de selsomste tanker”.

Den gåtefulle mannen frå Såtedalen etterlet seg alt, han og. Meir enn mykje vart attfunne, men ikkje hovudskolten og heller ikkje noko forklåring på dei fem fornikla og krossmerkte bjøllene av ulik storleik som du ser oppe i midten av biletet. Dei hadde avrusta merke etter å ha vore bundne til ein tein og gjort tenest som eit herleg lydande klokkespel. Så går det vel å gissa at denne kvikksølvkaren var på vandring vestover frå Numedal til Suldal med ein ny måte å ta laksen på? – Skal det vera ein liten handel i dag? Men det var som han sa, ein erfjordbu som var i heia og kom nedatt i feil dalføre:

- Det går ikkje alltid etter programmet!

 

Av Tore Thorsen

 

Verket

Då me begynte på skulen, lærte me at Gud sa: "Bli lys!" Og så vart det lys. Men eg for min del var ikkje så imponert. For alt som fireåring hadde eg vore vitne til eit minst like stort under og mirakel, hos faster mi på Jæren: Dei vreid på ein skrue på veggen attmed dørkarmen, og så blei det brått lyst i rommet. Ennå, over seksti år seinare, hugsar eg den vantru  overrumplinga: Dette kunne då ikkje vera sant?

 Heime på Jelsa var me ikkje vane med slikt trylleri. Dei tende flaggermuslykta når dei skulle i fjoset om vinterkveldane og hengde den på ein spiker i taket når dei molka og fôrte krettura. I stova sat dei rundt parafinlampen med avisa, og skrudde på batteriradioen. Når ungane skulle leggja seg, blei dei fylgde av ein foreldre med eit talgalys i handa, og når folk skulle ut, måtte dei ha med seg lommalykt.

 Men skruen på veggen og den kvite glaskuppelen i taket skulle komma til Jelsa også. Miraklet kom i skikkelse av eit dieselaggregat. Lars Jelsa meiner det må ha vore i 1947 eller - 48. Det  trongst nytt drivverk til ei sag i Jelsavågen, og dei tri sagbrukseigarane, Bjørn Jelsa, Ole Nygård og Einar Thorsen, fekk kjøpa ein dieselmotor på Jæren, det var ein etterlatenskap etter tyskarane.                           

 Det blei ikkje så mykje meir med sagbruksdrifta i Jelsavågen, dei tri gjekk saman med Leiv Oppedal om å byggja ny sag i Barkelandsvågen. Dermed fekk folk på Jelsa tilbod om å bli straumabonnentar. Det blei forhandla med grunneigarar om plass til å setja opp lysstolpar. Ein utanbygds elektrikar, Peter Molaug - Moluf, som han kalla seg sjølv - gjekk rundt og la inn straumledningar, kontaktar og glaskuplar i husa. Med seg hadde han m.a. Ola Gjerde og Lars Jelsa.  Det var Ola som var hos oss og installerte det elektriske anlegget. Me hadde dreng og tenestejenta. Soveromma deira låg i austre enden av huset og hadde ein felles vegg.  Kanskje ville elektrikaren gjera ei velgjerning og stimulera romantikken i den delen av huset, eller kanskje gjorde han det det for garp. Han bora hol i veggen og plasserte lysbrytaren over senga til jenta, så drengen måtte inn til henne når han skulle sløkkja lyset på rommet sitt. Me ungane var små og såg berre det praktiske med dette arrangementet, me registrerte ikkje korvidt ordninga var populær blant dei to brukarane eller ikkje. 

 Det blei nå stor aktivitet ei tid utover, til på Jelsa å vera. Arbeidslag for rundt og reiste stolpar, skrudde i isolatorar og strekte kablar. Ungane fylgde godt med. Mest fascinerte var me over klatreskoa til linjemontørane. Spesialskoa hadde to gripeklør, den eine mykje lenger enn den andre. Dei spente dei på føtene med reimar, på same måten som skeiser, og så klauv dei lett oppover med den eine handa rundt stolpen og utstyret i den andre. Sikkerhetsbelte var det ikkje snakk om.

 På Jelsa vekte det svære dieselverket rettmessig oppsikt då den blei manøvrert inn på dampskipskaien. Kolossen vart forsynt med tremaiar og dregen oppover vegen. Leiv Oppedal møtte opp med lastebilen sin, det var det einaste motorkjøretøyet på Jelsa. Men bilen greidde ikkje dra det svære kolliet, det måtte levande hestekrefter til. Og sjølvsagt samla det seg det meste av det som fanst av sterke og hjelpsomme mannfolk, i tillegg til eit stort publikum av ungar og andre interesserte. Lange stykke drog dei maskinkroppen på rullestokkar, hugsar Laurits Jonassen.               

   I den vestre snippen av Pilekra, bøen til Bjørn Jelsa, klemt mellom bygdavegen og bekken, var det sett opp eit hus, og der installerte dei aggregatet. Det stod i rommet nærmast bekken, på den måten var det kort veg å pumpa opp kjølevatn. Trygve Tveitarå hadde vore maskinist i utanriksfart under krigen og fekk ansvaret for å montera maskinen. Det samla seg mange interesserte då vedunderet skulle startast opp. Lars Jelsa: Aksellerasjonen blei regulert med eit lite hjul. Men maskinisten var overmodig og gav for brå omdreining på hjulet, slik at hettene over sylindrane spratt av og trilla til mange kantar. Men hettene kom på plass igjen. Maskinen starta og produserte elektrisk straum.

 Kvar husstand fekk nå nok straum til lys, og dels til koking. Det blei nye tider. Folk reiste til Stavanger og kom heim med "plata" -  kokeplate med eit mindre og eit litt større varmeelement. Det kom utepærer på hushjørnene og lys i fleire fjos. Men folk måtte passa på: Hos dei som ikkje hadde abonnert på meir enn 100 watt, blinka ofte lyset illevarslande. Overforbruk galdt det for all ting å unngå.

 Det var nå kommen ein ny institusjon på Jelsa: Verket. Verket var alt - både sjølve straumaggregatet og huset det sto i. Verket hadde sjølvsagt også utepære, og det kom vel med, for like i nærleiken  kryssa vegen bekken, så dermed blei det tryggare for folk å gå forbi der om vinterkveldane. Utepæra lyste når motoren brakte. Når det var stilt på verket, var utepæra sløkt. Det blei etterkvart ein velkjend dur, som kunne høyrast over heile Jelsalandet. For folk sin del kunne det gjerne ha dura både dag og natt, men så vel var det ikkje. Verket var i gong ein time kvar morgon og frå klokka seks til elleve kvar kveld. Så det var ingen grunn for folk verken til å kassera flaggermuslykta eller å kasta ut vedakomfyren. Fem minutt på elleve kvar kveld blei stovelyset  merkbart svakare. Det var signalet til at nå gjekk straumen snart. Dei som ikkje hadde lagt seg då, dei måtte sjå til å finna fram lampe og fyrstikker i ein fart.

 Samuel Jonassen, far til Laurits, var maskinist på verket ei tid. Laurits: Dei hadde så mykje blåplomma den hausten. Så under taket rett over aggregatet strekte dei eit kyllingnett og turka plommer der. Det blei gode svisker. Han er meir i tvil om kor bra det var for helsa å eta dei, galvaniserte med dieseldamp som dei var. Men så blei Samuel sjuk - me får håpa det ikkje var sviskene som hadde skulda for det -  og Ola Gjerde overtok ansvaret for verket. Ola budde i Markusvik og hadde ein liten kilometer å gå. Dei sa at han hadde skaffa seg eit par ekstra lette sko med tanke på all springinga fram og tilbake. Men så fann dei på ei lure ordning for å stoppa maskinen, slik at maskinisten slapp å ta turen utover nattes tider. Ei vekkeklokke blei godt festa på ei hylle, innstilt på det fastsette tidspunktet - kl. 23 - og trekt opp. Mellom fjøra på ringeklokka og av-hendelen på verket gjekk det eit snøre. Når klokkeslettet var der, kimde uret. Den opptrekte fjøra sprang tilbake, hyssingen blei snurra inn og drog spaken til rett side. Verket stansa og straumen gjekk. Dette må bestemt ha vore det første eksemplet på avansert automasjon som er sett på Jelsa.

 Men det viste seg at det svære aggregatet blei dyrt i drift i lengda, og førte med seg for store straumutgifter. Så dei private eigarane såg seg om etter ein mindre maskin. Den kom også frå Stavanger-kanten og var på same måten som den første ein etterlatenskap etter tyskarane, og rimeleg i innkjøp. Det nye aggregatet gjekk på hjul og var lettare å transportera. Det blei plassert i rommet nærmast vegen. Ola Gjerde slutta som verksstyrar, og Ragnvald Hadland overtok ansvaret. Men det nye aggregatet hadde mindre kapasitet enn det gamle. Nå var det ikkje snakk om å bruka straum til koking lenger, så folk måtte fram med primusen igjen. Situasjonen var med andre ord ikkje tilfredsstillande.

 

Då den skikkelege straumen kom

   Aggregatstraumen var frå fyrste stund meint berre som ei førebels ordning. Alt før verket kom, hadde det vore arbeidd med å få høgspentlinje og "skikkeleg" straum til heile Jelsa kommune. Men  måtte det eit  puff til frå høgare hald før prosessen kom i gang?  Det første initiativet ser nemleg ut til å ha komme frå fylkesingeniør A Tveiten, og det så tidleg som i det første fredsåret. Det går fram av møtereferatet i den nystifta Jelsa elektrisitetsnemnd at fylkesingeniøren ber om oversyn over energibehovet i heradet. Dette sette fart i nemnda, for møtet påla Ludvig Fjetland "straks" å reisa rundt i krinsane og teikna straumabonnement. Han skulle også prøva å få abonnentane til å lova fri stolpegrunn og gratis transportera og reisa stolpane i sitt transformatorområde. Men dersom nemnda hadde hastverk på møtet sitt i november 1945, så måtte ho smørja seg med tålmod i tida som kom. To år seinare var det samla abonnenttalet for Jelsa kommune berre komme opp i 215 (folketalet i heradet var 1400 innb.) Så det ser ut til å ha gått litt tregt med abonnementteikninga. Endå tregare gjekk innkasseringa av påmeldingsgebyret frå dei framtidige straummotakarane. I mai 1949 set nemnda fristen for eingongsbetalinga til den 1.desember. Riset bak spegelen var at dei abonnentane som ikkje heldt betalingsfristen, eller som seinare ville teikna seg som straumkunder, sjølve måtte kosta linja frå nærmaste transformator eller tilknytningsstad. Innbetaling frå abonnentane var nemleg ein føresetnad for statsstøtte. Men også etter denne alvorlege formaninga dryer det med oppgjeret. Ved nyttårstider sit nemnda på møterommet i banklokalet på Jelsa og diskuterer korleis dei skal få inn pengane. Dei set ny frist, og trugar: 1. mars 1950!  Dei som ikkje har betalt innan den tid, vil bli ilagd fem prosent rente. Nå må det smått om senn ha komme inn ein del pengar, for halvtanna år seinare blir det opplyst at lovnad om statsstønad er gitt. Men  etternølarane må ha endå ein ny frist: 1.september 1951. Kom med pengane - eller betal alt sjøl! Avgifta kom vel inn til slutt. Men fri grunnavståing og gratisarbeid med å reisa stolpar høyrer me ikkje noko meir om.

 Tyder denne seindrektigheten på at folk ikkje var så overivrige etter å få kommunal straum når det kom til stykket?  Parafinlampe og flaggermuslykt hadde folk vokse opp med, og greidd seg med. På Jelsa hadde dei dessutan alt det private verket sitt, og fleire grunneigarar rundt i sokna hadde bygd seg sitt eige kraftverk. På Hebnes og i Vatlandsvåg var det alt utbygt vasskraftsverk og straumnett.  Kommunal straum var fine greier, men det kosta pengar, og pengar var det ikkje altfor flust med blant folk. 

 Men nå, innpå femtitalet, begynnar det å bli fortgang i elektrifiseringsarbeidet. I november 1951 kallar fylkesingeniør Tveiten nemnda inn til kontoret sitt i Stavanger. Der blir det bestemt at kommunane Jelsa og Erfjord skal byggja ut høgspentnett i fellesskap. Utgiftene skal fordelast på kommunane etter folketalet: Ein tredel på Erfjord og to tredelar på Jelsa. Det medførte ein kostnad på 64.000 kroner for Jelsa og 32.000 for Erfjord. Jelsa og Erfjord kommunale el-lag blir ein realitet, med eit råd og eit styre. Rådsleiar er erfjordbuen Hans Vik, i styret er Leiv Oppedal frå Jelsa fremste mann. Det er forhandla med Haugesund E-verk om straum frå vasskraftsutbygginga i Etne. Offentlege midlar er sikra og banklån ordna med. Hans Abotnes frå Sauda blir tilsett som byggjeleiar med ei månadslønn på 900 kroner. Han stikk traseane for høgspentlinje. Så blir det utlyst lokalt anbod på arbeidet med å transportera og setja opp stolpar. Olav Landsnes er blant dei som får slikt oppdrag, det same får brørne Anbjørn, Torkel og Trygve Høyvik. Dei sistnemnde hadde m.a. akkord på strekninga Jårvik - Jelsa. Trygve Høyvik fortel om dette arbeidet: Ein lastebåt lossa dei impregnerte stolpane i Saltkjelen på Ottøy. Brørne henta deretter pålar med "Havsulå", skjøttå si, og gjekk med baugen inn til land under dei plassane der stolpane skulle stå. Dei festa talje og tau ved den avmerkte plassen og vinsja stokken oppover med spelet på båten. Til å reisa stolpane hadde dei hjelp av Karstein Gryte. Eit ameras var det å baksa alt arbeidsutstyret på plass. Ein 40 kg  tung boremaskin, dynamitt, spett og spadar, tauverk og reisebukk med stålbein måtte halast med kvar gong ei ny mast skulle opp. Pålen skulle halvannan meter ned i berget og kilast fast med stein, det  var billigare enn å støtta han opp med jernstag. Dei greidde å reisa fire stolpar til dagen, ein stolpe til manns. Men då var det ikkje snakk om åttetimarsdag. Dei fire støypte også fundamenta til fjordspennet Åsarød - Jårvik. Her måtte dei rigga seg til med taubane for å frakta sand, sement og anna tungt utstyr opp frå fjorden. Til strekking og montering av linjene, og transformatormontering, trongst det folk utanfrå. Peder Helle, Bjørheimsbygd, fekk dette oppdraget. Han hadde med seg sitt eige mannskap, og dei budde ombord i båten sin så lenge arbeidet pågjekk, minnest Trygve Høyvik. Fridtjov Thorsen Norland, som var gutunge då, hugsar at det var lokalt mannskap som var med på å hala ut linjekablane. Kveilane med aluminiumtråd blei transporterte fram på hestaslede. Der tredde dei snella på ein aksling, og drog kabelen ut med handamakt. Det var ein masse folk med  - ei lang rekkje med mannfolk med nokre meters mellomrom heldt i kabelen og sleit han fram i  terrenget, i oppoverbakke og nedoverbakke. Tråden måtte helst ikkje slepast langs bakken, for det kunne skada aluminiumen. Enkelte av trekkdyra klaga høglydt over kor tungt og fælt det var, hugsar Fridtjov. Og dei blei nok ikkje rike på slitet. Dette var dugnadsarbeid.

 Det nye kommunale el-laget kjøpte nå Verket av dei private eigarane for tre tusen kroner. Dieselaggregatet trongst ikkje lenger, men det var bruk for huset til verkstad og lager. Bjørn Jelsa leigde ut tomta: 25 kr. pr. år. El-laget betalte også 25.000 kr. for lågspentnettet på Jelsa, slik det stod. Men det måtte innstallerast nytt elektrisk opplegg og nye branntavler i dei fleste hus. Ein tranformatorbygning blei støypt tett inntil det gamle Verket, og like før jul i 1954 blei den nye straumen sett på. 

 El-lagsformann Leiv Oppedal uttalar seg til Aftenbladet  i den samanheng. Prøvekjøringa av linjenettet ville komma til å foregå i etappar, fortel han, slik at det ville ta to til tri dagar før heile nettet blei sett under spenning. Gjekk alt som ein vona, skulle over 300 abonnentar i Jelsa og Erfjord  få straum til jul. Dessverre hadde det synt seg at kapasiteten ved transformatoren i Ølen var for liten, slik at det måtte bli rasjonering for Jelsa og Erfjord i første omgang. Den tildelte kvoten var på berre 300 kilowatt. Men med velvilje frå dei andre fire el-laga som var tilslutta Haugesund E-verk - Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland - ville Jelsa og Erfjord kunna få tildelt så mykje kraft at det blei straum til lys, og kanskje  litt til små kokeplater. Oppedal ville sjølvsagt vore glad om dei to herada kunne fått det dei hadde behov for med ein gong. Men slik stoda var, fann han det rimeleg at det i første omgang måtte rasjonerast.  Han kunne berre vona at Haugesund E-verk snart fekk på plass ein større transformator, slik at det til neste vinter vart straum nok.

 Innslaget i Stavanger Aftenblad stammar frå den 18. desember 1954. Eit par dagar seinare finn me ein ny notis: "Omlag halvparten av Jelsa-gardane fekk straum i går, og i dag og i morgon reknar ein med at resten skal vera knytt til linjenettet." Men om Erfjord kunne få straum til jul, var ennå uvisst. Elektrikarane dreiv på for fullt, forsikra el-lagsformannen. Men veret var svært surt og blåsande, så ein fekk berre vona det beste.

 Elektrikarane ser ut til å ha klart det. Iallfall skreiv Olga Oppedal på Barkeland dikt om den nye straumen: "Det kom til oss ei julafta."

(Dei) la kablar og trådar på havsens botn

dei klatra og klauv til høgaste topp

for Jelsa og Erfjord sku lysast opp.

Dei snakka trasear og watt og volt,

det var ikkje råd å forstå for folk.

Eg var ein gutunge då og hugsar først og fremst dette frå den gongen: Det lyste i utepæra på Verket, men me høyrde ikkje noko brak frå motoren! Det var merkeleg å vera vitne til - nærmast litt uhyggjeleg.

I første omgang blei det ikkje så stor omveltning for jelsabuen. Straum til lys og litt til koking, det hadde dei alt hatt i fleire år. Men etterkvart auka kapasiteten. I 1963 var det straum nok til å forsyna Vormestrand i Imsland og Eidane i Hjelmeland også frå det same nettet. På det tidspunktet hadde folk på Jelsa for lenge sidan skaffa seg nye elektriske remedier: Varmeomn, kjøkkenkomfyr, til og med vaskemaskin og støvsugar.  Men framleis gjorde dei svært klokt i ikkje å hiva ut verken den gamle stoveomnen eller vedakomfyren, og ikkje parafinlampen heller, skulle det visa seg. 

 Det var tilsett driftsstyrar. Han heitte Ådne Askeland og var ein ung familiemann, og etter framlegg frå fylkesingeniøren skulle han stasjonerast på Jelsa. Han leigde seg inn i "Smidt-huset" på Nordesjøen. Seinare bygde han sitt eige hus på Sandane. (Huset blei seinare overtatt av Suldal E-verk). Driftstyraren blei ikkje arbeidslaus. Dei som hadde montert linjene, hadde hatt tidspress, og dei hadde eit stramt budsjett dei måtte halda. Ein del av arbeidet var dessutan  visstnok utført av ufaglærte. El-tilsynet hadde mange merknader då dei kom på synfaring. Det galdt særleg isolatorane, hugsar Trygve Eskedal. Dei var av porselen i lågaste prisklasse og utvida seg og sprakk når sola vermde. Når så regnet kom, trengde det vatn inn i sprikkene, øydela isolasjonen og forårsaka kontakt til jord. Konsekvensen var mange og lange straumbrot. Etter nokre år kom det brot på sjøkabelen mellom Kvaløynå og Finnvik, og det mørkla distriktet i ein lengre periode. Kabelen hadde gnikka mot ei nibba på fjordbotnen og var knekt. Far min snakka med Ådne Askeland ein kveld han steig i land frå e-verksbåten. Då kom han frå Vindafjorden, der dei arbeidde med kabelbrotet. Det hadde vore ein lang dag. For det første hadde det vore så tjukk skodde at  dei hadde måtta føla seg fram langs land den lange vegen rundt Hebnes og Dragneset, og for det andre hadde dei måtta venta i det lange og breide før kabelbåten viste seg.                                                 

   Sjøkabelen blei  aldri heilt patent, og e-verksfolka hadde mykje plunder med den framover. I 1964 forsterka dei linja mellom Kvaløy og Skipavåg. Dei erstatta aluminiumstråden  med kopartråd på denne strekninga, for han førte også straum via sjøkabel til Sand. Meininga var å føra straumen til Jelsa og Erfjord rundt fjorden om Ropeid, slik at ein kunne sleppa plaga med problemkabelen. Men denne tilkoplinga skjedde først i syttiåra. Då var kommunesamanslåinga gjennomført, Jelsa og Erfjord el-lag var oppløyt og erstatta av Suldal E-lag med Anker Karlsen som driftsleiar.

 Ikkje alle såg på samanslåing av fire kommunar og nedlegging av lokale institusjonar som ein fordel. Året er 1964, vedtaket om kommunesamanslåinga er gjort, og Olga Oppedal ser svart på framtida til jelsabuen:

Hugs, før så var du odelsgut.

No er du 4. siste mann,

På veg til Sand.

 

Kjelder:

Munnlege:

Lars Jelsa, Trygve Eskedal, Trygve Høyvik, Laurits Jonassen, Kjell Hagen, Fridtjov Thorsen Norland

Skriftlege:

Møteboka til Jelsa el-lag

Møteboka til rådet for Jelsa og Erfjord el-lag

"Suldal E-verk 75 år" - jubileumshefte

Stavanger Aftenblad

Olga Oppedal: "Det kom til oss ei julafta"

og "Farvel til Jelsa."

Desse har levert bilde:

Terje Bråtveit

Trygve Eskedal

Bjørn Furre

Tore og Kaija Thorsen

4234 Jelsa

- eller hardingane i Suldal

 

Av Eldar Myhre

 

Eg skreiv i årsheftet for 1999 om Hylen og Våge og slektssambandet mellom Våge og Guggedal og om kontakten mellom Suldal, Setesdal og Hardanger i gammal tid. I 2004 skreiv eg om Ingemund Nilsson som kom til Grov på Sand frå Etne kring 1650. Nå skal eg ta dette noko vidare med ein annan Ingemund Nilsson som budde på Vetrhus og Bråtveit.

Første gongen me finn namnet Ingemund i Suldal er i odelsskattelista frå 1617. Då er Ingemund Backe ført saman med Samson Thagnemb som eigar av ½ laup smør pantegods i Bråtveit. Samson må vera Samson Ormson Tokheim i Odda. Han tilhøyrer ei slekt det er skrive mye om i Ætt og Heim og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift. Bror hans var Ivar Ormson Ebna i Skånevik og dei hadde begge samband til Galtungane i Hardanger. Samson var gift med ei dotter til Saksbjørn på Bakka i Kvildal og me skulle tru at Ingemund bur der. Men me må ut på ei lang reise frå Bråtveit. Inn over Suldalsvatnet, over fjellet til Røldal, vidare over fjellet til Seljestad og ned til Jøsendal og langs elva ned til osen i Sørfjorden. Der finn me Ingemund på Bokko i Odda sentrum. Han er nabo til Samson.

Kring 1620 er Ingemund borte frå Bokko. Omtrent samstundes dukkar ein Ingemund opp på Vetrhus i Bråtveit. Seinare i 1638, er også han borte frå Vetrhus, men i staden finn men no ein Ingemund Nilsson i 1639 på Bråtveit. Manntallet i 1665 seier at han då er 77 år og skulle då vera fødd i 1588. I 1661 eig han om lag 1 laup smør i Bråtveit og øydegarden Håvestøl. Det kan ikkje vera tvil om at Ingemund Bokko-Vetrhus-Bråtveit er same mann. Men kor kom han frå?

I  Våge i Suldal bur Nils i 1603. På 1500-tallet kjenner me ingen som bur før han. Han må vera død i 1605 for då bur enka her. Ho er nemnt til 1613. Neste brukarliste er frå 1618. Då bur Tormod her. 10 år seinare er det klart for nytt skifte. Då bytter Tormod Våge og Nils Osmundson Århus under Guggedal gardar. Nå får me vite at Tormod Århus er ein Nilsson. På Bokko i Odda heter bonden Tormod før Ingemund kom hit i 1616.

Ut frå dette må me tru at Ingemund og Tormod Bokko er brør og at dei kjem heim til Suldal når foreldra døyr. Frå andre kjelder (sjå Hylen og Våge i 1999-heftet) veit me at gamle Nils Våge og Osmund Guggedal var brør. Begge gardane var heilt sentrale i ferdselslinja frå Hylen og aust og nordover.

Tormod Bokko-Våge-Århus var gift inn i lensmannsslekta på Foss. Hovedeigarane i Foss var på denne tida hardingar, frå Sørfjorden (Måge-Måkestad-Kvestad) og Ulvik/Eidfjord (Øydvin-Sævartveit- Erdal-Tveit). Dessutan var enka på Gautun storeigar. Hu var 2.gang gift med Ingjald Torsteinson frå Vadla i Jøsenfjord. Bror hans var bondesonen Odd (Otte) som var prest i Eidfjord. Sønene frå Gautun budde på Litlehamar inngifta i Bakka-slekta og på Foss. Både Gautun og hardingfamiliane over eigde i Mannsåker i Odda.

Denne oppramsinga kan lett gjere at ein mister tråden. Det er tvilaust tette band frå Suldal til Hardanger og at dei like slektene er innvevde og inngifta på mange plan. La oss sjå nærare på dei einskilde gardane som var "Harding-gardar".

 

Bråtveitgrenda

På 1500 og 1600 talet blei det ikkje ofte skild mellom gardane som alle kunne bli kalt Bråtveit. Korkje i skattelista for 1617 eller i 1624 for Ryfylke finn me att alle skatteytararane i grenda. Me treng Hardanger-hjelp. I 1615 eig ialle fall desse i "Bråtveit":

Ommund Mannsåker i Odda i Lasse sitt bruk

Maritte Eitrheim i Odda i Lasse sitt bruk

Trond Sætveit i Jondal.

I 1624 er Ivar Ommundson Eitrheim ført med ½ laup odelsgods samt Samson Tokheim. Gardane Eitrheim, Tokheim, Bokko og Mannsåker er nabogardar og ligg i byen Odda.  Lasse sin gard må vera Laurits Osmundson på Guggedal som framleis i Hardanger-skjøta er eit bruk av Bråtveit. Heile Guggedal ser ut til å vera eigd i Hardanger. Frå tingbøkene i Hardanger veit me at Torstein Larsson Tokheim i 1661 åtte heile Guggedal. Han kom frå storgarden Aga og blei gift med sonedotter til Samson. Ho var einearving på Tokheim.

I 1663 blir Torstein stevna for ulovleg kjøpmannsskap. Han svarte at dei bukkskinna han selde i Bergen var bygslingsavgift frå landbonden hans i Suldal. Men det rare er at Torstein seier at Guggedal-arven hadde han frå far sin på Aga og ikkje frå Tokheim. Her ligg det ei stor oppgåve å finna ut korleis dette spredde eigedomstilhøvet heng saman. Frå Torstein gjekk Guggedal samla i arv i rett linje etter desse slektledda: Sigrid Torsteinsdtr Tokheim, Gjøa Mikkelsdtr Tjoflåt i Kinsarvik til Torstein Brynildson Hamre i Granvin, som sel garden i 1762 til brukaren.

Kvifor held hardingane så lenge på jordegods så langt vekke? I 1665 kjøper enka etter Tormod Guggedal 27 merker smør i Bråtveit av Tore Torbjørnson Vetrhus. Valborg og barna kjøper etter kvart opp heile Bråtveit.  Men Guggedal har altså ikkje vore til salgs. Hardanger-folket såg seg tjente med å halda på Suldals-godset sitt, trass i avstandene.

 

Eigarar i Bakka i Kvilldal

Brukarfamilien åtte mesteparten i Bakka. Men i 1615 er Herborg Torleivsdatter Steine i Kvam og broren Trond eigarar av 1 laup smør i Bakka i Kvildal. Herborg er gift med Ola Guttormson fra Svartveit ved Utne. Trond Tolleivson bur seinare på Ystanes i Kinsarvik. Eigarane på Ystanes i 1647 fortel at:

Tron Tolleivson Ystanes, Kinsarvik eig 1 pund smør ½ laup salt;

Jon Torbjørnson Børve, Ullensvang eig ½ laup 9 merker smør 1hud;

Ingebjørg Samsonsdtr Tokheim, Odda eig ½ laup 9 merker smør 1hud.

Dei to siste ættar frå brørne Orm Tokheim og Torbjørn Måge, Ullensvang, som levde mellom ca 1480 til 1550. Me skulle då tru at Tron Tolleivson også er ein slektning. Då Ingemund Bråtveit døyr i 1665 overtar Nils Hadleson og mora. Det er ingen lokal Hadle som kan vera faren. Truleg må faren vera frå Ystanes. Hadle Arneson Ystanes bygsla siste gong i 1665 og året etter kom Nils og mora til Bråtveit. Nils er nok dotterson til Ingemund.  

 

Eigarar i Foss i Suldal

Hardingane i Foss er i all høve desse i første del av 1600-talet:

Ragnhild Larsdtr Måge gift Måkestad i Ullensvang.

Johannes Anvedson Kvestad i Ullensvang, svigerson til Ragnhild frå Osa i Ulvik.

Angunna Pedersdtr Øydvin frå Tveit i Eid-fjord, gift med Ola Knutson Øydvin i Ulvik.

Mikkel Pederson Erdal, Eidfjord, bror til Angunna.

Begga Knutsdtr Sævartveit, Ulvik gift med Ommund Torkelson.

Ingebret Djønno i Kinsarvik.

Ivar Jakobson Nesheim, Ulvik fra Djønno.

Torleiv Hauge i Røldal.

Svein Ommundson Jordal i Odda.

Knut Olson Freim, lensmann i Odda og son til Angunna Øydvin. Han eig i Foss 1661. Søster hans gifter seg med Saksbjørn Samsonson frå Tokheim. 

 

Sambandet over fjellet

Det er også suldølar som eig. Men den store spreinga av gardpartane tyder på at jorda har følgd fleire skifter før kjeldene fortel oss noko som helst om gardane. Eg kunne og gå inn på kva andre gardar hardingane eig i. Det er eit stort puslespel som eg ikkje vil gå inn på her. Likevel vil eg slå fast at odelsgodset syner eigarsamband og i andre gardar. Ein gong må eigarskapet ha vandra frå Suldal til Hardanger. Kan hende er det restane av eit gammalt adelsgods, kan hende ein serie giftarmål over grensene. Sambandet har vore så godt at sjøl på 1500 og 1600 talet er det slik gifting. Mesteparten av jorda blei etter kvart seld til brukaren. Men Guggedal ikkje før i 1782. Kvifor fann dei mon i slikt?

Gardane følgjer eit mønster. Våge – Bråtveit-grenda – Gautun-gardane i Odda sentrum – Øydvin-Osa og Eidfjord er knutepunkt i ferdsels og handelssambandet. Sauskinna på Guggedal havna til slutt på marknaden i Bergen. På Røldal-marknaden møttest vest og aust. Slekta på Tokheim kan vera  si tids Petter Stordalen. Det er ikkje få turisthotell som seinare spratt opp på desse stadene.

Eit ennå viktigare moment var nok kyrkje-organiseringa. Stavanger-biskopen nådde heilt til bispedømmets ende ved Beitostølen i Valdres. For at han skulle reisa på eigen grunn, tok han landevegen opp Suldal og over til Røldal – den heilage pilgrimskyrkja i Stavanger bispedømme – og så vidare ned til Odda. Så båt ut Sørfjorden og inn Eidfjord eller inn til Osa. Osa gjekk heilt til Finse som var ein gammal "oase i ørkenen" over Hardangervidda. Og derifrå over vidda til Øvre Hallingdal og Valdres. Eidfjord skipreie låg som ei Stavangersk bispeøy i Hardanger. Røldal var eit anneks til Suldal-kyrkja.

Dette var store reiser med store reisefylgjer. Det tok lang tid og dei trong mat og tenester. I tillegg gjekk det delegasjonar som dreiv tilsyn eller skulle driva inn skatten frå kyrkje-jorda. Bispemakt var og handelsmakt. Korkje Snorre eller protokollar seier mykje om indre norsk handel. Men det er middelalderbrev der Stavanger-bispen omtaler ei ladning jern som var brent ut i Valdres-myrane og som skulle ned til Lærdal og så til Bergen. Dette var bispens jern frå bispens miler. Frå nyare tid veit me at Hallingane kom til Hardanger for sommararbeid. Dei hadde med seg jernvarer som våpen og reidskap og heimover tok dei salt og korn. Mange rike harding-slekter hadde hus i Stavanger. Det er ikkje tilfeldig når bondesonen Odd frå Vadla blir prest i Eidfjord og sidan i Ål i Hallingdal.

 

Opphavet

Kan hende fanst det ikkje ei hand som ein gong åtte alt Suldalsgodset. Kan hende var det resultat av århundrelang giftemålspolitikk. Giftemål på den tida var å knytta "business"-band mellom slekter. Men om det var ei hand så peiker materialet mitt mot storgardane Måge og Aga på vestsida av Sørfjorden. Frå før veit me at det var band mellom storslekter i Rogaland og folket som åtte desse gardane og Talgje og lågadelsslekta Orm i Stavanger og Bjørheim. Frå Måge kjenner me til giftingsband i middelalderen til tettbygdene i Voss. Det ventar store oppgåver for den som klarar  å greie ut kva verdiar og makt som låg langs den indre leia på Vestlandet.    

Av Torleiv Helland

 

Tormod Moe, 1889 – 1958, budde heime i Mo i sine unge år. Han skulle vel ha teke over garden, men det vart ikkje noko av p.g.a. helsetilstanden. Tormod likte ikkje folka i Grov noko særleg, og kanskje var det gjensidig også. Per Grov fortalde sjølv at då han skulle til Helland på friing til ho som seinare vart kona hans, så trefte han på Tormod ned ved husa i Mo. Tormod var ikkje i godlag då han såg kven som kom etter vegen. "Du kjeme allre levane til Grov i kveld" seier Tormod, "eg skyte deg ner på flekkjen!" Per våga ikkje å fylgja vegen då han var på heimveg seinare, men tok buhagane fatt. Det fortalde Per til far min seinare. Tormod gjekk mykje på jakt. Tok liar og heiar for seg og var ofte godt bevæpna med både skytevåpen og knivar. Så det var ikkje alle som likte å treffa på han då. Ofte kom han ned til Grov etter endt jakt. Det likte ikkje grovarane noko særleg, men dei våga ikkje seia noko til han heller. Ein gong hadde Tormod fått ein rev på ein av desse jaktturane sine. Dette nyhende spreidde seg fort i bygda, også til Grov, sjølsagt, og ein dag Ola Grov (Gaml Ola) skulle til Sand, våga han seg ned til Tormod på vegen og spurde om han kunne få sjå revskinnet. Men Tormod var ikkje i humør: "Rånga ditt eie sjinn, du farr, så har du revsjinn godt nåkk!" sa han.

Bestefar min Teodor Helland hadde ein eldre bror Tormod, som hadde garden heime på Helland. Denne Tormod, 1857-1923, var fyrst gift med Karina Eide 1857-1911. Då ho døydde i 1911 vart Tormod utan kvinnfolkhjelp. Og det var ikkje så greitt i den tid. Så Tormod skaffa seg tenestejenta frå eit grannebruk, Kristine eller Kitti som dei sa i daglegtale. Ho var så ung at ho kunne vore dotter hans. Det gjekk slik som det ofte gjekk, det vart vel litt mykje nærkontakt, og dette vart det resultat av, slik at "dei måtte gifta seg" som det heitte. Men det var lettare sagt enn gjort. Alle på garden, og endå lenger, krossa seg og osja seg over beralaget til den gamle grisen, som dei sa, som hadde vore i seng med denne ungjenta og stelt til dette her. Presten ville heller ikkje vigja dette paret. Det var ei jamring og klaging i alle lag og foreningar over denne skammelege åtferda til husbonden. Det enda med at dei måtte til Stavanger for å gifta seg. Bestefar min fekk også høyra om denne tilburden og denne sjauen som det vart av dette. Men han hadde eit meir avbalansert og praktisk og jordnært syn på dette. Dei måtte no kunna få gifta seg meinte han. Men han la til: "Di konne nå tekje å jelt àn føsste!"

Anna Hanakam (Reinå) 1869-1932 var gift med Tormod O. Hustveit 1865-1925. Dei budde på Reinå på Hanakam på hennar heimplass. Anna var svært fruktbar. Ho fekk 13 born tilsaman, 11 av dei levde opp. Dei 13 borna fekk ho over ein periode på 30 år. Då den siste vart fødd i 1920, ein gut, var ho sjølv 51 år. Då dette vart kjent i bygda, så var det ein stad nede på Helland at kona i huset hadde fått nyss om dette. Det var onnetid dette, og det var ein heil del folk samla der. Då ropte kona i huset på dei og sa at dersom dei ville koma heim og få seg kaffi no, så skulle dei få høyra ei røgd. Jau, det ville dei, og då kaffien var servert, så ville dei høyra kva slag røgd det var snakk om. Jau, kunne kona på garden fortelja, det var det at ho Anna Reinå hadde fått ein son nyleg. Då var det ein eldre kar i flokken mælte i: "Åja, det var no sanneleg litt av ei røgd og det, eg trudde no det at ho Anna Reinå hadde vore utvorpen for lenge sidan!" 

Bård Hatløy, 1856-1949, og kona Barbro, 1857-1927, var dei siste som budde på husmannsplassen i Hatløynå. Dei fekk 6 born som levde opp, mellom dei var der ei dotter som heitte Anna. Ho vart gift med ein bakar Jakobsen på Bryne, som var mykje eldre enn Anna, ca 30 år. Bård var svært lite oppglødd for dette giftarmålet. Og då folk spurde han om kva slag kar ho Anna skulle ha så svara han nokså likasælt: "Ah, det er visst ein kringlevriar utante Jæren!"

Denne "kringlevriaren" var, forutan å vera 30 år eldre enn kona, både krokut og krylt, og såg vel helst ut som ei vridd kringla sjølv. Dette var også samtaleemne nede på Hiimakrambuå. Der var det samla fleire gode bygdafolk, så som Gamle Lars Hiim, 1856-1927, Hadle Eide Helland, 1880-1969, og fleire andre forstandige menn. Så seier Lars Hiim, som sjølv var ein kjent "skjørtejeger" og jentefut frå ungdommen av, at han kan ikkje begripa seg på korleis denne "kringlevriaren" hadde greidd å befrukta denne festarmøya si. Det skulle liksom etter Lars si meining ikkje lata seg gjera i praksis, reint fysisk. Då var det at Hadle (Eide) Helland kom med desse forløysande orda: "Ja, ja, når ikkje du Lars kan begripa deg på dette her, så er der i alle fall ingen av oss andre som gjer det!"

Daniel Moe, f.1922, og Elbjørg Steinbru f. 1931, hadde ofte eit horn i sida til einannan, kva no det kom seg av. Daniel hadde bygd på løa si ein gong, og i staden for å laga seg kjørebru til å kjøra turrhøyet inn på, så laga han seg til med 4-5 sleiper (stokkar) som han sette på skrå opp til høygluggen, og så drog han inn høyet på desse sleipene med traktor og med vaier rundt ei blokk festa til veggen i andre enden. Dette tykte Daniel var ein svært grei måte å få inn høyet på og var svært godt nøgd med denne løysinga. Ein dag han dreiv på med dette her, kom Eldbjørg gåande forbi og såg på dette arbeidet. Men ho tykte vist at det såg noko puslete ut dette, og var ikkje noko særleg imponert. Så då seier ho til Daniel: "Det er no ikkje rare kjørebrua du har, Daniel". Då ser Daniel på henne, og så kjem det brått: "Nei, du vett det sko vel helste vore ei steinbru!"

Anders Brommeland, 1843-1932, og kona Brita, 1843-1928, kom til Brommeland frå Halvfjordevik under Øystad i Suldal i 1882. Anders var litt av ein tusenkunstnar, kunne med både snikkring, smeding og som lærar. Ein gong kom han på at han skulle laga seg lannkumme. Det var visstnok ikkje heilt vanleg på den tida først på 1900-talet, å ha lannkumme i samband med fjøset. Anders var svært kry over denne kummen som han hadde fått laga til, og ba til seg både den eine og den andre, slik at dei skulle få sjå denne nyvinninga. Tormod Moe, 1889-1958, kom også gåande forbi der ein gong, og Anders ropte på han og spurde om han ikkje ville vera med opp og sjå lannkummen hans. Jau, det ville Tormod, men då han kom opp og fekk sjå dette byggverket, så gjorde ikkje dette noko inntrykk på Tormod i det heile teke. "Hø", sa han, "dette er ikkje meir enn du og Brita pissar fullt åleine på ein vinter!"

Tarald Hanakam, 1845-1924, var kjend for å kunna svara for seg og for replikkane sine elles. Ein dag dei dreiv i slåtten med høyberging og skyene hangande over seg, så var der ei grannekona som spurde Tarald idet han for forbi: "Ka trur du Tarald, trur du der er regn i desse skyene som fer og driv over oss" "Eg vett ikkje", svara Tarald, vrangt og surt, "eg har `kje vore der oppe!"

Det var i den tida dei hadde "samlingar" rundt om i stovene. Ein gong skulle der vera samling i stova til Daniel Grov, Bortistovå, 1838-1917. Der var Tarald også, han skulle visstnok fortelja om den vesle Sakkeus som fordi han var så liten, måtte klyva opp i morbærtreet for å få auga på Meisteren. Daniel var og svært kortvaksen. Og då Tarald skulle skildra Sakkeus korleis han var, så lydde det omtrent som så: "Ja, han Sakkeus, kremt, han var, kremt, svært liten, kremt, omtrent som ein liten tuffedl så du, Daniel!" sa Tarald.

Tarald hadde ikkje alltid vore blant dei truande, men hadde vel "blitt med" som dei sa, godt opp i vaksen alder. Han hadde den uvanen at han hadde vondt for å slutta med banninga. Ein gong han skulle vitna på ei samling om sitt tidlegare liv, så lydde det omtrent som så: "Eg har tent satan, kremt, i 40 år, kremt, men nå skal det faen ta meg vera slutt!"

Økonomisk var det helst dårlegt for Tarald. Gjelda hans berre auka år for år, og då han døydde i 1924 og garden vart seld så var det så vidt det dekka gjelda og litt til. Men han slo seg då gjennom på det vis det var. Ein gong så hadde ein av grannane vore uheldig og mist ein sau som hadde hengt seg opp i eitkvart. Han hadde berre grove ned sauen og ikkje tenkt meir over at det kunne vera noko å nytta der, men så fekk Tarald nyss om dette og gjekk og spurde grannen om han kunne få denne sauen. Jau sjølvsagt kunne han det, sa grannen. Tarald grov oppatt sauen, klyppte og flådde han og lema han sund, salta og røykte han, kokte og åt!

Tarald og kona Kari, 1840-1925, hadde fleire born. Ein av dei heitte Laurits, f.1871. Både han og dei andre ungane i bygda, på nordsida av elva, gjekk då på skule på Hanakam, der var då kome skulehus der. O. Halleland var lærar. På Brommeland var der ei jente som heitte Berta som og var skulejente på den tida. Men av di det var fleire med same namnet, så vart ho kalla Knuta-Berta, av di ho var dotter til Knut Brommeland. Ein dag på skulen så starta dei dagen med song, som vanleg var, og då skulle dei stå ved pultane med folda hender. Brått såg læraren at Laurits stod og vrei på seg og var uroleg. "Kva er det som feilar deg, Laurits" seier Halleland, "kan du ikkje stå i ro?" "Hu, hu Knuta-Berta klypte meg midt i skrevet!" svarte Laurits.

Marta Berge, 1911-1997, var eit "løye levande" som me seier. Ho var husholderske hjå brørne sine, Odd og Lars, heile sitt liv. Ho var mildt sagt noko for seg sjølv. Ho hadde m.a. sett seg føre å forhindra brørne sine å finna seg ektemakar, og det greidde ho med glans. Ei frå Voss som arbeidde på Sanatoriet på Hiimsmoen i si tid, var svært interessert i Lars og han i henne, men det greidde Marta å forhindra. Då denne dama ringde ned og ville få Lars i tale, så var det alltid Marta som var telefonvakt. Marta fortalde sjølv at: "Då eg høyrde at det var detta stygga vossamålet, så la eg berre på, eg." Odd hadde også damebekjentskap, ei som heitte Vera. Men då Marta forstod at det såg ut til å verta alvor med dei, så tok Marta i bruk sine metodar. Brevene som Vera sende til Odd, stakk ho vekk, bankboka hans likeeins, dessutan andre påfunn som gjorde at Odd og Vera avslutta dette forholdet.

Ein gong skulle mor mi eit ærend borti krossen for å henta noko som var sendt med Taubussen, som me sa. Dette var ein strekning på om lag 2 km, men mor brydde seg ikkje om det , ho var vane med å gå. Dessutan så gjekk ho aldri med klokka på seg. Men ho berekna seg alltid god tid og kom aldri for seint. Slik var det denne dagen også. Ho gjekk i god tid. Men då ho kom så langt som til husa på Berge, så såg ho at Marta heldt på med eitkvart oppi stoveglaset, vaska eller turka støv eller kva det no var. Då tenkte ho at kanskje Marta kunne seia henne meir nøyaktig kva klokka var, slik at ho visste kor lenge det vart å venta på bussen. Som tenkt, så gjort, ho ropar bort til Marta og spør kva klokka var. Men Marta svara med eit motspørsmål: "Måtte du koma like herbort for å få veta kva klokka er?! sa ho før ho for innatt i stova og smelde glaset i etter seg.

Marta var svært oppteken av reinslighet og hygiene i det heile teke. Ein gong ho hadde vore på eit møte i sanitetsforeningen, eller kva det no var, så hadde dette vore samtaleemne etterpå. Då seier Marta: "Gutane hima hjå oss (Odd og Lars) er så reinslege dei atte di vaskar seg til livet kvar veka!" Men då Brita Førland fekk høyra dette, så sette ho i ein skrallelått, for som ho sa, Marta hadde ikkje sagt noko om at det var nedantil og opp, eller om det var ovantil og ned til livet det var snakk om!

Eit eldre ektepar nedpå Helland, me kan kalla dei Marta og Ola, dreiv eit lite småbruk med ei ku og nokre sauer. Kvar gong det leid til den tid at kua skulle til stut, så var det som regel alltid Marta som fekk i oppdrag å gå med kua til einkvan som hadde stut på båsen. Men ho hadde alltid den meininga at kua måtte få 2 sprang. Elles var ikkje Marta nøgd. Og dersom stuteigaren ville gå innatt med oksen etter det første spranget, så prøvde Marta seg med eit hint om at "Eg og Ola plar alltid gjera det to gonger, me!"

I den tida då dei gamle kolfyrte dampbåtane trafikkerte fjordane, så var det at ein temmeleg "påseila" kar som skulle på land på Sand, hadde problemer med å treffa landgangen. Ein av fyrbøtarane som var oppe og lufta seg såg dette og sprang til og ville hjelpa mannen. Men passasjeren vreid seg ut or den hjelpande handa og skuva den svarte fyrbøtaren til sides idet han grylte: "Kom deg or veien ditt spøkjelse, i dag har eg meir elle nok med meg sjøl!"

I den gamle tida nede på Sand med mange krambuer og handverkarar, var der også 2 brør Eide, som prøvde seg med handel. Dei heitte begge Lars til førenamn, difor vart dei kalla Larsane, eller Store-Lars og Litle-Lars, etter størrelsen. Ein gong det var ekstra mykje folk på dei forskjellige krambuene, sikkert framfor ei større helg eller høgtid, så kom det inn på Larsa-krambua ei kjering ifrå Nordenden og skulle kjøpa eit kvart. Men ho tykte det gjekk seint med ekspederinga, og så stod ho der og trippa, og så let ho han på innsida av disken få veta det at ho hadde det travelt og at ho "ikkje hadde tid til å stå der og venta heile dagen," som ho sa. "Har `kje sendt nåken beskjed itte deg heller, eg!" var svaret ho fekk frå innsida av disken.

Den tid Hansine Underbakke, 1900-1976, var jordmor her, så var sjølvsagt forholda når det gjaldt kommunikasjonar, så som veier, båtskyss og i det heile teke framkomeleghet heilt annleis enn no. Det kunne vera så som så og ta seg fram i ufør og i all slags ver vintersdag. Men som regel gjekk det godt. Hansine var jordmor her frå 1925 og utpå 1950-60-talet ein gong. Ein gong skulle Hansine ut i "embets medfør" på ein gard uti den "perifere del av geografien". Det var langt å gå, men turen gjekk for så vidt greitt. Då Hansine kom til gards, så la ho merke til at det var ikkje mannfolk å sjå nokon stad, men ho tenkte med seg at dei var vel ein stad utanfor garden og stelte med eitkvart. Det var elles vanleg at mannfolk vart sende ut av huset når der var ein ny verdensborgar ventande, så ho reagerte ikkje så svært på det. Hansine kom inn i stova, og der låg "den vordende mor" på senga. Ei eldre kvinna, som viste seg å vera mora, hadde forberedt denne hendelsen så godt som råd var. Alt gjekk godt, og då fødselen vel var over, skulle jordmora føra denne "forretningen" til protokolls. Det var spørsmål om kvar dette var, kva tid, og kva kjønn dette barnet hadde, og namnet på mora. Alt dette var greitt, men då jordmora skulle ha greie på kva barnefaren heitte, så var det ikkje fullt så greitt lenger. Det vart dørgande stilt i stova, så pass at det byrja å verta pinleg, og gamlemor i huset fann det naudsynt å bryta togna: "Eg skal seia deg det, Hansine, at det har ikkje vore mannfolk her på garden dei siste tredeve årå!"

Gamle Marvikjen, f. Marvik, 1874-1951, var litt av ein spilloppmakar og skrønemakar. Han dreiv slakteri og kjøttforretning i nobotomta til Ronæs, nærmare bestemt der sportsforretningen er i dag. Ein dag Reinert Vela kom forbi, så tenkte Marvikjen at han skulle setja ei skrøne i Reinert. Men det gjekk ikkje i Marvikjen sin favør. "Jau" kan Marvikjen fortelja, "no har dei endeleg fanga sjøormen oppe i Suldalsvatnet, og fått han på land, men så har dei eit stort problem, dei veit ikkje korleis dei skal få frakta han ned til Sand." "Å" seier Reinert, "det kan då vel ikkje vera noko problem, dei kan vel berre ta alle dei gamle og sleipe og møgla spekjepølsene dine og leggja under han til lunnar, så tenkjer eg at sjøormen må til Sand, enten han vil eller ikkje!" Det knatt ikkje meir i Marvikjen, han for inn og lukka døra etter seg utan eit ord.

Gamle Ola Hauge og sonen Torger var ikkje alltid samde om korleis ting skulle gjerast. Ein gong dei var på skogen og hogg tømmer, var dei usamde om korleis stokken skulle kappast. "Me kappar her" seier Torger. "Nei, me kappar her" seier far hans. "Nei, me kappar her" seier Torger att. "Nei, her kappar me" seier Ola, "for eg har vore tømmerhandlar, eg, og veit korleis tømmeret skal kappast!" "Ja, det skulle du fortsett med" seier Torger, "så hadde du svarten `kje sote på Haua i dag!"

Torger og Ola kjøpte traktor i 1951, ein såkalla gråtass (Fergusson), den er forresten på garden enno. Det var Torger som kjøyrde traktoren. Men ein gong dei heldt til med noko nede ved elva, så ville faren Ola også prøva dette nye kjøretøyet. Han sette seg oppå, fekk traktoren i gir og kjøyrde i veg, men Ola var uvand med dette og traktoren ville helst styra seg sjølv, og det bar ut mot elva. Men der såg Torger kva som heldt på å skje, så han sprang til og fekk triva rattet, så han kom opp på turre land att. "Kva svarten ville du gjort no" seier Torger til faren, "vis du hadde kome ut i elva?" "Kjørt til Hedland vel, ditt naut!" svara Ola.

Gamle Ola Hauge eller O. Hauge som han skreiv seg, 1885-1976, var med i mangt og mykje når det gjaldt styr og stell, m.a. som mangeårig formann i styret for Sand Meieri, kommunestyremedlem og andre ting. Dessuten kjøpte han saman med 4 andre dampsaga i elvaosen på Sand. Dette siste viste seg å ikkje vera nokon god butikk. Tvert om, det gjekk snarare mot økonomisk ruin, og di lengre dei drygde med å kvitta seg med saga, di dårlegare vart økonomien. Og då dei endeleg fann ut at dei ikkje hadde noko val, så selde dei saga rett før krigen med stort tap. Denne sagbruksverksemda var sjølsagt omsnakka og kommentert elles i bygda. Den alminnelege meininga om dette føretaket var vel at dette var bortimot galskap. Ein dag var O. Hauge og ein heil del andre mannfolk samla inne på "Hiimakrambuå" og diskuterte politikk og andre ting. Då kom brått Reinert Vela (1861-1948) inn. Han var ein litt forsagt og roleg kar som hadde drive gard på Vela, men som no hadde kjøpt seg eit lite hus oppmed Sandsfossen, kor han og kona Siri budde. Reinert var ikkje rekna for å vera den som stod fremst i køen då dei åndelege gåvene vart utdelte, men å svara for seg, det kunne han. Då han kom inn til dei andre karane på Hiimakrambua, så gav han seg straks i prat med dei, og ville liksom gje inntrykk av at han skjønte seg på kva dei snakka om. Men då beit O. Hauge han av: "Å tigg stilt med deg du, Reinert. Du forstår deg ikkje på dette her som me snakkar om, du er ein tosk du, Reinert." seier O. Hauge. Det skulle han nok aldri ha sagt, for då kom det kontant frå Reinert: "Det kan så vera det, at eg er ein tosk, men eg vett om fem toskar, eg, og ein av dei er du!" sa han til O. Hauge. Då vart det stilt i stova, det knatt ikkje i O. Hauge meir.

O. Hauge skulle ein gong i tida leggja inn springvatn, som ein sa. Det var då slik at vatnet rann frå brunnen og inn i husa ved naturleg fall. I dette tilfellet måtte vassleid-ningen kryssa riksvegen. O. Hauge sette i gang og grov og grov grøfta inntil riksvegen frå kvar sida, og då han skulle gjennom riksvegen så brydde han seg ikkje om slike bagatellar som å søkja eller spørja om løyve til dette, men han berre hola seg inn under vegen frå kvar sida, til dess han kom så langt at han kunne støyta seg gjennom resten. Riksvegen var jo ikkje så breid på den tida. Medan han held på med dette arbeidet, dette var seint ein kveld, så kjem vegvesenet sin oppsynsmann gåande etter vegen på ein kveldstur. Han heitte Epland. Då han kom så langt som til denne "anleggsplassen" til O. Hauge, så ser han ein mørk og svart skapelon stå nedi grøfta og hola seg inn under vegen. Epland spør kven det er som har gitt han løyve til dette her? Då ser O. Hauge hardt på han med kvite augo i det elles svarte fjeset og seier: "Ikkje ein levande jevel farr!" og så bøygde han seg ned og fortsette arbeidet. Epland berre riste på hovudet og gjekk vidare.

Øystein (Østen) Grov, 1887-1975, var ein kjend mann i Sandsbygda. Etter å ha ført eit noko omflakkande liv, fødd i Evjedalen i Grov, flytte han med foreldra til eit plass på Hiim, prøvde seg med ein tur til USA, kom heim til Norge att og gifte seg i 1918, prøvde seg som bonde på Jæren, kom heim til Sand, sette seg opp hus på Flåtå (Fantahuset) og arbeidde med forskjellig m.a. som slaktar hjå J. Marvik, og som bygdaslaktar liksom Martin Valskår gjorde. Han var kjend for å vera ordhitten og snartenkt. Ein gong skulle han slakta nokre griser hjå Sven og Nora Maldal, eit barnlaust ektepar som budde på Reinå på Hanakam, tversover vegen frå oss. Østen hadde rusta seg ut med slagvåpen, øks eller sleggja, eller kva det no var, og Sven skulle halda grisen i trantabandet. Då greidde ikkje Østen å halda seg: "Pass bjødledn dine Sven," sa han, men like etterpå kom det: "A sjit fanken, det jere `kje nåke helle, du e `kje tiss likavel."

Tore Rød (1866-1956), til dagleg ofte kalla Skjelve-Tore av di han hadde ein muskelsjukdom som gjorde at han riste og skalv over heile kroppen, var fødd på husmannsplassen Rød under Underbakka i Suldal. Han var ein av desse gamle slitarane som også var svært ordhitten og treffande i replikken. Ein gong i sine eldre år var han inne på kafeen til Brita Torsteinbø for å få seg ein kopp kaffi, og noko attåt. Der sat det ein framandkar som synte seg å vera ein seljar eller agent for landbruksmaskinar (redskaper). Desse to kom i snakk, og denne agenten spør, etter ei stund, om Tore har gard? Jau, seier Tore, eg har 2 gardar, og så har eg ein i vente. Då vert agenten svært interessert og ser for seg utsikter til ein handel, og så spør han kva gardar det er snakk om, og kvar dei er. Jau, seier Tore, den eine er tanngarden og den andre er hårgarden. Men den han har i vente? spør agenten. Kyrkjegarden, svarar Tore brennkvikt.

Ein gong Tore kom til Mork i Suldal, så traff han på Helga (1879-1942), kona på garden, ute i tunet der, og det vart snart snakk om veret. Helga seier at ho trur helst det vert Tore-ver av dette, men Tore meinte at det heller kom til å verta Helga-turk! Ein annan gong Tore kom til Mork i eit ausande gale ver med regn og storm og flaum, så treffest han og Johannes Mork på kvar si side av åa som renn forbi Mork. Johannes ser at Tore ropar eitkvart til han, men p.g.a. elvasus og vind er det ikkje råd for han å høyra kva Tore seier. Så han prøver å vassa uti så langt han kan våga for å høyra kva Tore vil han. Etter fleire forsøk og ein lang omveg kjem han seg til slutt over og bort til Tore, og får høyra kva han seier: "Det er eit fælt ver i dag!"

Tore hadde ei syster som heitte Borghild, og som budde nokre år i eit hus i same område som han. Denne systera døydde brått og uventa ein dag i 1929. Då folk i grannelaget spurde Tore om kva ho døydde av, så var svaret: "Eg vett ikkje, men ho slutta å pusta!"

Eg kan så vidt hugsa Tore. Han  budde i eit lite hus på Haugane på Sand. På side 263 i boka Sand – Gardar og folk nr III av Ernst B. Drange kan ein sjå huset, eller i alle fall noko av det. Det stod i enden av huset til Einar Gundersen. Etter at Tore døydde, vart huset rive. Den siste tida Tore levde, så var han på gamleheimen på Sand. Dette likte han berre så måteleg. For, som han sa: "Eg vil ikkje bu på dødens venteværelse!"

Martin Valskår, 1865-1952, og Magla, 1859-1950, var eit noko særmerkt ektepar som budde nede på Tjelmane mesteparten av livet sitt. Martin dreiv med mange ting. Han var fehandlar, hudskomakar og slaktar, i tillegg til å driva småbruket på Tjelmane (eit tidlegare husmannsplass). Det var no som slaktar han skulle koma til å verta mest kjend, både som bygdaslaktar, og som slaktar hjå "Marvikjen" (J. Marvik) om haustane. Det var allment kjent at det kunne vanka ein del "leskedrikk" av ulikt slag hjå "Marvikjen" og Martin var ikkje den som takka nei når han vart påspandert noko slikt. Ein dag var han på heimveg etter ein hard slaktedag hjå Marvikjen, han tok vegen om kyrkja som vanleg, vart han så "saggjen" at han fann ut at han måtte leggja seg nedpå som snarast. Dermed gjekk han inn på kyrkjegarden og la seg nedpå på ei grav der og sovna likegodt. Då Magla såg at det drygde veldig lenge før Martin kom heim, så gav ho seg iveg og ville sjå kor han vart av. Ho hadde nok sine mistankar, og då ho kom så langt som til kyrkjegarden så ser ho mannen sin liggja innom grinda der. Då vert ho lynande galen og gir han eit spark i sida der han ligg, og seier: "Å ka faen e de eg ser, e de her du ligge, ditt svin!" "Ja" svarar Martin, smørande fjåg og blid. "Her hviler subben gut!"

Martin var som nemnt mykje på slakting rundt om på gardane om haustane. Men det var andre og som dreiv med det. Ein av dei var Hallvard Moe, som var gift med Mari Brommeland. Men Martin likte lite å ha "konkurrentar" på dette området, han var noko "hårsår" slik. Men etter som åra gjekk, så skjøna nok Martin at han ikkje kunne halde på i det uendelege, og at ein eller annan måtte overta denne funksjonen etter han. Så då seier Martin som så der han for og slakta: "Eg veit ikkje rektig eg kven eg skal rå dykk til å spørja når eg ikkje kan slakta lenger, det einaste måtte vera han Tormod Helland (1896-1982). For du vett atte denna Mari-Hallvarden e nå pinede både någe å inkje!" Hallvard var ein flinke slaktar men Martin likte ikkje at han gjekk han i næringa.

Kolbein Bakka, Kvilldal (1905 – 77) var en noko spesiell herremann. Under krigen var han med ein del andre og hogde ved i Hiimsdalen. Det var Håvard Gautun (1882 – 1967) som var arbeidsgivar for desse karane. Kolbein var elles lite nøgd med arbeidsgjevaren sin, det kunne vera både det eine og det andre. Dertil kom at han ikkje var heilt god i hovudet, han såg ofte ting som ingen andre såg. Ein morgon skogakarane skulle på vedahogst så var ein av dei, Ola Kvamen, innom til Kolbein for å sjå om han var ferdig til å gå. Men han skjøna snart at noko var gale. Kolbein kunne då fortelja at han hadde hatt ei fæl natt. Han hadde ikkje hatt blund på augo i det heile teke. "For," sa han, "eg har tekjest med sjelå til Håvard Gautun i heile nott. Men til slutt så fekk eg tak i ho og batt ho fast til sengjastolpen. Berre sjå, der står ho. Sjå kor svarte og stygge ho er!" "Ja, jog, eg ser der står noko der!" sa Ola og skunda seg ut att, halvredd heile mannen.

Den tid der var tømmerfløyting i Lågjen, så var der alltid stor merksemd med mykje folk som såg etter at tømmeret kom dit det skulle. Tvers over lågosen var der strekt over ei lensa som skulle leia tømmeret inn i dokkane til sagene. Denne lensa kalla dei "Bomen". Den stod seg av ei lang lenkje med tømmerstokkar som dei kopla saman med jernlenkjer. Det hende av og til at bomen rauk sund, så tømmeret kom på videvanke utover fjorden. Då var det om å setja alt folket i sving med å samla tømmeret saman att. Fartøy og båtar av alle slag var i sving då. Ein av desse fartøykarane som var med heitte Olaf Iversen, 1878 – 1942. Han var bror til dei meir kjende fartøykarane, Kristian og Henrik. I daglegtale gjekk han berre for "Dødsseilaren", for han var aldri redde for nokon ting på sjøen. Korkje veret eller andre ting kunne hindra han. Ein gong "Dødsseilaren" var med og samla tømmer hadde han med seg ein hjelpekar. Dei dreiv på og drog inn på stokk til dess at hjelpekaren tykte at fartøyet låg faretruande tungt i vatnet, og han meinte at dei no hadde last. "Drege me inn meir nå, så kjeme me til å søkkja!" Men då fekk han svar frå dødsseilaren: "Har du haurt at nokon har sokkje på trelast, ditt naut? Berre hal inn!" 

I den gamle "dampatida" måtte folk ha god tid når dei var ute og reiste. Det er blitt fortalt meg at reisetida mellom Sand og Sauda kunne vera både 1 ½ og 2 timar. Men til å trøyta tida med var der både øl og vin å få kjøpt om bord til å leska seg på. Ein suldøl hadde fått seg arbeid i Sauda, og på fritida skulle han vitja kjærasten sin som budde oppe i Sandsbygda. På ein slik tur hadde det vorte vel mykje "leskedrikk" på han og ein annan kar som og skulle til Sand. Dei hadde problemer med å fota seg. Vel komne på land, så gjekk det ikkje likare enn at suldølen hamna inne på sjøhuslemmen til Anbjørn Torsteinbø. Der låg det ein heil del med fiskaredskap, så som nøter og garn m.m. Der hamna han like godt oppi ei av desse nøtene, og "gadna" seg. Det var den kalde årstida dette, og han hadde utstyrt seg med vintrafrakke med solide frakkaknappar. Han kom ingen veg. Folk kom til og lurte på korleis dei skulle få han laus. Det var nå mest forgale å skjera sund den dyre nota, og heller ikkje tykte dei om å skjera knappane or den gode frakken. Medan dei stod og klådde seg i hovudet og funderte på dette kom lensmann Hans Kolbeinstveit forbi, på kveldstur med hunden sin. Dei spurde då lensmannen til råds, og han tok eit overblikk over situasjonen, før han seier: "Eg tenkjer de atte me teke både maen og notå, og heila greiå, og hive de opp i ei kjerra, og så kjøre me det te Mo. Så kan hu Ingjebår sidja å putla àn utor i mårå!" Dette var den tilkommande svigermora.

Tormod Helland (1896-1982) var den siste av i alt 4 Tormodar på Hauane på Helland. Og alle 4 var skrivne Tormod Tormodsen. Denne siste Tormod var ein både flink og rask arbeidskar som kom av med det meste han tok fatt på. Skøyting (lodding) av løypestrenger var han spesialist på. Det var eit arbeid som kravde både tolmod og nøyaktighet. Ein gong dei skulle til med eit slikt arbeid, Tormod var sjølvsagt basen, så hadde dei gjort alt klart. Dei hadde laga til grua, som skulle fungera som ei provisorisk essa, fått fyr og lagt boraxen klar, messingtråden var på plass, og løypestrengen var nedlesst så han skulle liggja i ro. Endane på løypestrengen var skråskorne og tilpassa. Tormod stod med peispustaren og bles på grua slik at kolet skulle verta glødande, nokre andre karar, m.a. Johs. Valskår på Tre (1869-1925) var og på plass der for å kommentera og "gje gode råd". "Her skulle du ha blese litt", sa Johs., "og der skulle du ha blese litt". Då sprakk det for Tormod: "Å blåsa her, å blåsa der, å blåsa faen opp av jorå!" sa han, eitrande sinna. I mellomtida hadde Knut Helland (1902-1986) kome til, og hadde stogga for å sjå på dette, han dreiv og kjørde på ved. Då Tormod såg at Knut også var komen til, så tykte han visst at det var alltid mange tilskodarar nok. "Du må komma deg av garde med vedalasset ditt du nå Knut!" seier han. "Nei" seier Knut, "det vil eg ikkje, for skal denne karen opp av jorå, så trengst det atte me e mannstarke her!" Men då greidde ikkje Tormod halda maska lenger, då lo han, for sjølv om han kunne vera snarsint, så var han aldri langsint, Tormod.

Torleiv Helland

4230 Sand

Dette er tredje og siste del av utdrag frå Torkell Mauland si bok "Trolldom" frå 1911, der han tek for seg alle trolldomssakene frå Rogaland. Denne gongen er det to kvinner frå Erfjord som står tiltalte for trolldom. Igjen slår det oss kva katastrofale følgjer nabokrangel og ryktespreiing kunne få for einskildmenneske som stakk seg litt ut frå den store hopen på 1600-talet. Heldigvis tok retten til vetet i desse to sakene. Kari Klomber kjenner me igjen frå saka mot Siri i Vik (sjå Gamalt frå Suldal 12, 2010), der Kari var ei av dei som vitna mot henne. RR

 

Under: Eit oppslag frå den originale tingboka frå juni 1663, då dei to sakene var oppe til tings.

 

trolldom erfjordliten

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turid Hausland

Nett i dei dagar daa Sigrid Sigurdsdotter vart avliva, lagde dei sak mot tvo andre kjeringar fraa Erfjord, som var skulda fyr trolldom.

 17de juni 1663 var det ting paa Haaland. Daa førde futen fram Turid Hausland, ho skulde høyra paa vitnemaal.

 Fram kom daa fyrst Knut Hausland og Borgny, kona hans. Mannen vitna at han hadde vore inne hjaa Johanna Eiriksdotter, sonakona hennar Turid, daa ho døydde. Tvo konor som var med inne, gjekk ut; for dei trudde ho alt hadde skote anden. Knut gjekk daa burttil liket og vilde lata atter munnen og augo hennar og retta ut føterne; for ho laag so krokut med knei. Han bad kona si hjelpa til med dette. Best som det var tok Johanna til aa røra paa seg; ho ropte og illskreik: "Aha! Gud fader forbanne og refse den store reven!" Daa spurde Siver, mannen hennar, kven ho meinte med det. "Det er ho Turid Hausland, mor di, den forbanna trollkjeringi, som du veit um likso vel som eg," sa ho. Turid Hausland sa daa: "Gud forbanne deg, at du skulde koma folket mitt so nær! Eg sa deg det fyrr, Siver." Daa treiv Siver kniven og vilde renna i bringa si; men Knut fekk taka kniven fraa honom. Sidan gjekk Siver fram til kona si og las Fadervaaret; men ho kunde ikkje segja det etter; ho døydde straks. Borgny sa og det same som mannen, og baae gjorde eiden paa det.

 Turid sjølv og Siver, sonen, stod og høyrde paa dette. Dei sa baae tvo at det ikkje var sant. Knut og Borgny vitna dette berre av hat og ovund, sa dei. Elles sa Turid at ho høyrde ikkje anna av Johanna en "Aha," og so nemnde ho Borgny og ikkje henne.

 Marit Rørtveit var ei av dei konorne som hadde vore inne daa Johanna døydde. Ein time eller tvo fyrr ho skaut anden, hadde ho klaga og sagt, at daa ho vart sjuk fyr aatte dagar sidan, daa kjende ho det fyrst millom akslerne; det var liksom ein kvaks hadde stunge henne, og daa ho vakna upp var det som dei rørde og stakk med tusund knivar i henne. Daa sa ho at ho hadde drøymt um Borgny Hausland; ho hadde kasta ei ritla paa henne. Meir hadde Marit ikke høyrt.   

 Dei spurde aalmugen kva ord Turid Hausland hadde i bygdi. Daa svara alle at dei kunde ikkje anna segja en dei hadde høyrt ymting um at ho skulde kunna med trolldom; men gjerningar visste dei ikkje av. Ikkje var det nokon som lagde sak paa henne fyr noko slikt heller. Futen tok og sette henne fast til yverhøyring seinare.

 So sat ho paa futagaarden heile sumaren; for so lengje slaatten varde og det hardaste sumars-strævet, kunde dei ikkje halda ting.

 Tri dagar etter olsok heldt dei ting paa Hemnes. Daa førde dei fram Turid Hausland og yverhøyrde mange vitne.

Olav Haaland, lensmannen, kunde ikkje anna segja en at det ordet hadde gjenge lengje at ho kunde med trolldom, og at folk var rædde henne; men kva ho kunde, det visste ikkje han. Sjølv hadde han ikkje røynt noko, og ikkje hadde han høyrt andre heller klaga paa at ho hadde gjort noko vondt.

 Hermann Tysse vitna det same som lensmannen.

Rasmus Erfjord visste ikkje um nokon trolldom. Det einaste han visste var at ho og grannarna alltid hadde livt i strid og kiv.

Per Tveit sa det same. Han hadde nok høyrt at ho skulde kunna gjera vondt; men det var mest i dei seinste aari, og det kunde gjerna ha kome av striden millom grannarne.

Tore i Vik fortalde at han hadde tent paa Hausland fyr vel 40 aar sidan; han var daa ikring 9 aar gamall. Ein gong daa, det var som ei 3 vikor fyre jol, fylgde han Turid ut paa marki. Daa kom det ein graa hest imot deim, og straks vart han teken. Han visste ikkje kvar det vart av ‘an fyrr um morgonen; daa var han i ei onnor stova paa Hausland.

Gaute Fjetland var gift med dotter hennar Turid. Han hadde aldri visst noko vondt um henne, anna en det som han liksom andre folk fekk høyra av bygda-røl. Um ho kunde noko gale, visste ikkje han. - Det same sa Kari Fjetland, kona hans.

Olav Ystabø visste ikkje anna um Turid en det han hadde høyrt i bygdi: det gjekk som ei ymting um at ho kunde trolla; men um dotteri, Kari Fjetland, visste han, at ho ein gong i eit brudlaup paa Langeland i Vikadals skipreida hadde ruska under hovudet hans. Kva ho meinte med det kunde han ikkje skyna; men han tenkte baade eitt og anna, helst sidan han hadde høyrt sumt fyrr baade um henne og mor hennar. Han tok fast tak i Kari og ropte paa ljos. Sidan fann han noko mose og mold ihop tulla under høgjendet. Kva det skulde vera til, visste han ikkje. Heller ikkje kunde han visst segja at det var ho som hadde lagt det der. - Kari Fjetland sa til dette at ho hadde set han laag skakt med hovudet, og vilde beinka paa ‘an; anna hadde ikkje ho meint. Mosen og moldi visste ho ingen ting um, so sant som ho venta naade og sæla hjaa Gud.

Mikkel Skreddar visste um skjelling millom grannekjeringarne; anna vondt visste han ikkje um Tmid. Um Kari Fjetland og den ruskingi under hovudet hans Olav Haug kunde han fortelja kva han hadde høyrt ein gong med Jelsakyrkja daa dei var i hop og trættast.

 Stein Jelsa

hadde og høyrt at det hadde vore mykje trætta millom grannarne. Anna vondt hadde han aldri høyrt um Turid fyrr det bilet dei sette henne fast.

 Knut Skimleim

kunde ikkje anna segja en at ho skulde vera namngjeti fyr trolldom; men han kunlde ikkje visst segja anten han hadde høyrt  det fyrr dei sette henne fast eller seinare. Um Kari Fjetland hadde han høyrt at naar ho lova nokon vondt so kom det vonde yver deim.

 Jakob og Ingeborg Lid

vitna det same baade um Turid og um Kari Fjetland.

Torgeir og Torborg Fjetland visste ingen ting vondt um Kari anna en det som Olav Haug hadde bore ut-yver.

 Alle desse vitne gjorde eiden paa det dei hadde sagt so nær som Gaute og Kari Fjetland.

Siver Hausland kom no fram og sa at det ikkje kunde vera sant det som Knut og Borgny hadde vitna um kona hans. Han svor paa at ho hadde ikkje sagt so mange ord fyrr ho døydde. Elles meinte han helst at Knut og Borgny ikkje skulde havt lov aa vitna. Knut hadde stole 6 ort hjaa Vilum Smed paa Tveit, og Borgny hadde vore namngjeti fyr trolldom den tid ho budde paa Tveit. Borgny Hausland sa ho hadde høyrt det same fyrr av Turid, og det hadde ho klaga henne fyre til presten. Turid sa og at Borgny hadde skjelt henne fyr trollkjering. Dette, sa Borgny, var ikkje annleis meint, en at Turid skulde vera trollkjering, til dess ho kunde prova at Borgny var det.

 11 vikor seinare var det ting paa Hemnes atter. Der var skrivaren og 12 domsrnenner: Gjert Tysseland, Tormod Soland, Jakob Lid, Aslak Brattland, Olav Foløy, Arne Berrakvam, Olav Banda-berg, Siver VeIa, Tomas Bjerga, Andres Hanakamb, Torgils Brommeland og Paal Mo. - Futen Peder Gotskesøn lagde fyre deim at dei skulde døma Turid Hausland, og det maatte vera til baal og brand, og all eigedomen skulde dømast til kongen.

 Retten granska vel provi yver henne, og kunde ikkje finna at ho hadde gjort nokor trolldoms-gjerd, eller at nokon hadde lide vondt etter hennar lovnad. Det var ikkje andre skuldingar en det som sonakona hadde sagt daa ho laag paa det siste. Kva ho hadde meint, eller kva ho kunde visst um, var det raadlaust aa segja no. Truleg mistenkte ho Turid, at ho hadde sett sjukdomen paa henne. Elles var vitnemaali um dette komne fraa tvo som var mann og kona, og Borgny og Turid hadde lengje trættast og kalla kvarandre trollkjeringar. Andre hadde nok prova at dei hadde høyrt um trolldoms-kunster; men ingen hadde nemnt noko gale som ho hadde gjort. Daa visste retten ikkje rettare aa gjera en aa døma at Turid Hausland innan tie vikor, um ikkje heilagt kom i vegen, skulde ganga sin dyl og sjølv tolvte sverja paa at ho var skuldlaus i det som ho var klaga fyr.

 Endaa ser det ut til at ho vart sett i bolt og jarn og laut fylgja med til futagarden.

 28de januar 1664 var dei 10 vikorne ute; men Guds strenge ver var i vegen, so korkje futen eller ho kunde koma til Hemnes. Dagen etter kom dei, og daa var skrivaren og domsmenner paa ting-staden og venta. Der hadde og møtt fram 11 "dyls-kvinnor" som var tilnemnde; det var Oddbjørg Josteinsdotter Rosseid, Tjøn Larsdotter Soland, Marit Toresdotter Bandaberg, Eli Markusdotter Kaltveit, Kari Mattisdotter Bergaland, Magla Knutsdotter Bergaland, Birgit Olavsdotter Høvik, Synnøva Larsdotter Ytre Høvik, Randi Persdotter Hemnes, Marit Johansdotter og Gunhild Hoskuldsdotter Hemnes.

 Dei tala trutt fyre Turid Hausland, at ho laut tenkja seg vel um kva den eiden ho no skulde gjera, hadde paa seg. Var det sa at vonde folk eller Hinmannen hadde fenge henne til aa læra trolling og signing eller maning, sa var det best ho vedgjekk det; daa kunde ho endaa venda um og faa naade baade hjaa Gud og styremagterne; men forsvor ho seg fraa Gud til Djevelen, sa var det inkje naade aa venta seinare. Daa svara ho med fritt mod at ho gjerna vilde sverja den dyraste eiden dei vilde leggja fyre henne. Lagde ho sa den høgre handi paa logboki og sa høgt og skile etter den eiden som vart fyre sagt, at ho i den saki som ho var skulda fyre, var reint fri og skuldlaus, aldri hadde korkje lært eller kunde med trolldom, og um ho no svor rangt, daa ynskte ho at alt det gode som Kristus med si heilage pinsla og daude, uppstoda og himmelferd hadde gjort og tent fyr henne til æveleg sæla, skulde verta henne til æveleg daude og fordøming, so ho kom i henderne paa Helvites meistermann og skulde pinast i æveleg tid.

 Daa ho hadde gjort denne fæle og dyre eiden, kom dylskvinnorne fram og svor, at ikkje rettare en dei visste hadde Turid Hausland svore beint.

 Daa vart etter raadføring med lagmannen dømt, at sidan Turid Hausland hadde sjølv tolvte fraalagt seg den grove trolldoms-saki dei hadde skulda henne fyre, skulde ho i alle maatar vera fri og sleppa or fangehol og jarn.

 

Kari Klomber

Ho var med og vitna paa Sigrid Sigurdsdotter, og daa sa ho um seg sjølv at ho var synsk.

 Etter rekneskapen sette dei henne fast 19de juni 1663. Det var ikkje berre fyr det ho sjølv hadde sagt, men helst fyr det som me no skal høyra.

 Daa tinget var paa Hemnes 3 dagar etter olsok, førde futen henne fram fyr retten til aa høyra paa vitneprov.

Olav Haaland, lensmannen, stod fram og vitna um Sigrid, den kona som vart avliva den sumaren, kva ho hadde sagt fyrr ho vart pint. Daa vedgjekk ho, sa baade han og andre høyrde det, at Kari Klomber hadde kome til henne siste hausten, daa dei tvo heldt paa og forgjera Josep Vik, og daa vilde ho plent læra henne ei bøn, Sig-rid spurde um det var Guds ord eller det var noko vondt. Kari sa det var "korgje", og tok sa paa aa lesa:

"Min Gud, du værdig Helligaand,

vik fra mig, og du Djevel kom

til mig igjen - -"

Sigrid slo kross fyr seg og sa at det vilde ho korkje læra eller høyra. Kari truga henne og sa, at vilde ho ikkje læra det, sa skulde ho sprikka, det kunde ho lova henne; eller og skulde ho (Kari) ljuga livet av henne. Sigrid vedgjekk at den tid dei heldt paa forgjera Josep, daa sydde dei ein vette-ulltraad inn i klædi hans; men traaden datt av for snart. Hadde ikkje det vore, sa hadde ikkje Josep livt no, sa ho.

Knut Lovra sende ein setel paa ustempla papir, og skreiv at han ingen ting visste um dette; for han var ølsjuk den tid daa Sigrid og Kari var til ords um dette i naustet paa Haaland. So daa laag han paa marki og sov.

 Hermann Tysse

kunde ikkje minnast stort av det som Sigrid hadde sagt. Han høyrde at Kari vilde havt henne til aa sverja seg fraa Gud fader og Sonen og Den heilage ande, og so hadde han som ein draum um at dei nemnde ein traad. Meir visste ikkje han.

Rasmus Erfjord kunde ikkje minnast anna en at Kari vilde hava Sigrid til aa forsverja Den heilage ande, og beda at den vonde anden skulde koma til henne i staden.

Per Tveit visste inkje um alt dette; han stod berre i naustdøri. Men det høyrde han at Sigrid sa til Kari Klomber: "Du hev logje livet av meg."

Torkell Rørtveit vitna: Alt det han kunde minnast av dette, var at Kari Klomber vilde hava henne til aa segja: "Kom du Sattan og tak den heilage ande fraa meg!" Og so høyrde han Sigrid klaga at Kari hadde logje livet av henne.

Tore i Vik fortalde kva han hadde høyrt paa Haaland av kona si fyrr ho vart avliva. Hausten som var hadde dotter hennar Kari Klomber kome til henne og vilde hava noko smaasild. Daa spurde Sigrid henne: "Kor liver han Josep?" "Han er so mykje han kann faa seg mat no," sa dotter hennar Kari; "mor segjer han er so underleg. Ho sydde ein traad inn i klædi hans. Daa so traaden gjekk av, fekk han det verre." Sigrid spurde: "Kva hev han fenge det av? er det av garden eller av haugen?" Det fekk ho ikkje greida paa. Morgonen etter kom Kari sjølv ned til henne og sa: "Vil du lesa ei bøn etter meg?" "Det skil kva det er," sa Sigrid. "Er det Guds ord eller er det eitkvart vondt?" Kari sa at det var korgje, og so lagde ho til: "Eg kann 6 eller 7, eg." So las Kari fyr henne: "Aa Herre Gud! tak Den heilage ande fraa meg!" Daa sa Sigrid: "Kva tenkjer du um lensmannen og presten høyrde slikt!" Kari sa daa: "Gud gjeve futen og du var Fanden i vald! Kyss du futen i r… hans! Men det segjer eg deg at nemner du dette til nokon, so gjeng det deg gale. Um det var ein stein du sa det til, so skulde eg faa deg til aa sprikka sund paa marki, eller og skulde du koma i henderne paa styremagterne."

Gunnar Larsson Kathagen  hadde høyrt at den tid Kari Klomber kom inn til den sjuke Josep og skulde sjaa kva som var i vegen med honom, daa sende ho dotter si til Sigrid og skulde faa noko smaasild. Sigrid sa det var lite sild ho hadde fenge, so det var ikkje stort ho kunde gjeva. Sidan spurde ho gjenta: "Kva sjukdom segjer mor di at Josep lid av? Hev han fenge det fraa garden eller av haugen ? Av vonde folk eller av Gud i himmelen?" Dotteri svara: "Ja mor veit kva han hev fenge det av; det er nok av vonde folk." Sidan fortalde ho at mori hadde knytt tri knutar paa ein traad og lagt paa den sjuke mannen, og hadde ikkje den traaden gjenge av, so hadde ho bøtt honom. Kari gjekk straks etter ned til Sigrid og sa: "Vil du læra ei bøn av meg?" Sigrid spurde kva det var fyr lesing; var det godt, so vilde ho læra; men var det vondt, so Gud vare henne fyr slikt. Kari sa: "Ho er nok vond og ikkje god." Daa sa Sigrid: "Kann du med sovore du?" "Ja," sa Kari, "eg kann sju." Sigrid sa: "Gud fri oss fyr sovore !" Daa sa Kari: "Vil du ikkje  lesa etter meg, so skal eg ljuga livet av deg. Gud hjelpe meg som hev sagt dette til deg! No kann du segja det til andre; men gjerer du det so skal eg lata deg sprikka livande sund. Eg fær nok vita det, um det var ein stein du sa det til. " Sigrid sa daa: "Er du slik, so Gud gjeve styremagterne visste det." "Kva styremagter?" sa Kari. "Futen," sa Sigrid. Daa sa Kari: "Skam faa du, og futen med." Sidan sa ho: "Kom Sattan, og tak din Heilage ande fraa meg!" Dette høyrde han Sigrid fortalde baade paa Hesby og paa Haaland.

 Alt dette gjorde dei eiden paa, kvar paa det han hadde vitna. Kari Klomber sat og høyrde paa alt. Ho svor høgt og skile at det var lygn det som Sigrid hadde sagt um henne. Ho gret og svor, og sa ho var saklaus. Berre det vedgjekk ho at ho var fødd synsk. Det var sant som ho hadde sagt, at ho saag hamen hennar Sigrid inne hjaa Josep. Josep var gift med systerdotter hennar, so ingen kunde undrast um ho vilde sjaa til honom. Anna vondt kunde ho ikkje, sa ho. Jau, ho vedgjekk at ho visste raad fyr sjuke folk som hadde fenge det vonde fraa haugen. Hadde nokon arga upp dei som bur i haugen, so kunde ho ei bøn:

"Heil vere deg!

sæl vere deg!

Hev nokon arga deg, so gjev deim til!"

Meir kunde ho ikkje anten av signing eller maning eller lesing; anna en det som var Guds ord, lagde ho til.

 Alle dei folki som paa tinget var, sa at dei aldri hadde høyrt eller visst noko vondt um henne, fyrr det kom ut-yver det som Sigrid hadde sagt. Andre prov eller skuldingar mot henne en det som no var innsett i tingboki, fanst ikkje.

 Så var det ting paa Hemnes atter den 19de november. Dei 12 lagrettesmennerne er nemnde i saki mot Sigrid Hausland. Futen meinte at sidan Sigrid med dauden fyr augo hadde vedgjenge at ho og Kari Klomber hadde vore ihop um aa forgjera Josep Vik, og ho sjølv hadde vedgjenge at ho var synsk og kunde beda fyr deim som hadde fenge vondt fraa haugen, så var det greidt at ho kunde med trolldom, og det var ikkje onnor raad en aa refsa henne med baal og brand.

 Dei kalla inn heile ting-aalmugen og spurde um det var nokon som hadde eit-kvart aa klaga paa henne i so maate at ho anten hadde lova vondt og dei sidan hadde fenge det, eller at ho paa onnor vis hadde gjort noko menneskje skade med trolling. Daa svara alle som ein at dei aldri hadde anten høyrt um sovore eller røynt det av henne. Dei gav henne eit godt skotsmaal.

 Daa so retten hadde granska vel alt det som var framkome, fann dei ut fyr det eine at det var ført vitne paa kva den trollkjeringi hadde sagt som var refst i Erfjord sumaren fyre. Det var mange som hadde høyrt paa dette, men um ein ting var det ingen som samstava, og i ein annan ting vitna dei reint ulikt. Det kunde ikkje vera aa lita paa det som hi trollkjeringi hadde sagt. Helst saag det ut til at ho hadde sagt det av hat og i den meiningi at Kari Klomber skulde faa like fyr det ho hadde gjort daa ho, synsk som ho var, fortalde kva ho visste uro henne. Fyr det andre fanst det inkje klaga paa henne at ho hadde gjort noko menneskje eller dyr skade. Det einaste var det ho sjølv hadde vedgjenge at ho var synsk og at ho kunde hjelpa deim som leid mein av haugtroll.

 Daa vaaga retten seg ikkje til aa døma henne fraa livet; men sidan ho sjølv hadde sagt ho var synsk, og at ho nattes tider kunde sjaa det vonde som heldt seg i haugar og gardstun, og hjelpa deim som leid mein av di dei budde paa sovorne faarlege stader, so - anten no dette var noko som ho, stakars faakunnuge menneskje, laug paa seg sjølv, eller det var noko sant i det, det maatte ho vita best sjølv - ; men sidan ho fór med slik maning og signing og trolling, laut ho etter log og rett landlysast. Innan tri solemerke skulde ho vera ute or fylket. Sytte ho ikkje fyr aa koma seg undan til den tid, sa skulde ho refsast paa halsen.

 

 

Me held fram vår serie med utdrag frå Torkell Mauland si bok Trolldom frå 1911, med to saker som omhandlar trolldomssaker i Suldal, m.a. den mykje omtala saka mot Sigrid Sigurdsdotter (Siri Sjursdotter) i Erfjord i 1663. Nokre merknader frå vår side er teke inn i hakeparantesar.

Rune Roalkvam

 

Ingerid Rødn

Ho var or Jelsa skipreida, truleg fraa Rødn i Imsland, som den tid høyrde til Jelsa skipreida. Me veit at ho var gift og hadde vaksne born, elles er det lite me kjenner til; for tingbøkerne fortel so lite.*)

Fyrst var det paa Jelsa-tinget 4/11 1638 at futen hadde stemnt Ingerid Olavsdotter paa Rødn fyr nokre ord ho hadde bruka, og fyr sum lesing som han meinte var imot kongens forordningar og helst imot bodskapen fraa 20/10 1617 [Christian IV sin forordning om "troldfolk og deres medvidere"].

Ho vedgjekk sjølv at ho kunde lesa fyr flòg og frost og sume andre sjukdomar, og no las ho upp framfyr retten dei ordi som ho bruka. Naar kyr mjølka urein mjølk, hadde ho ei raad som alltid hadde hjelpt: ho mjølka berre kui so strengen gjekk gjenom ein ring som ho alltid hadde paa fingren.

Vitne førde dei ikkje. Ho fekk domen med ein gong. Etter hennar eigi vedkjenning maatte det vera sum ovtru med henne, og fyr det skulde ho innan tri solmerke ryma fylket, og sidan, so fort som ho kunde, koma seg ut or kongens land og rike og fyrstedøme etter kongebodet fraa 1617. Alt det ho aatte, skulde høyra til kongen.

Det som ho aatte, var ikkje stort. Naar all skuld var utkvitta, var luten hennar ½ 2 rd. 1 ort 8 skill. Det vart innkoma i kongens kassa i 1634.

So var det 1641 daa dei heldt paa aa føra vitne mot Berit Bjelland [sak frå Nedstrand i 1640 omtala i Torkell Mauland si bok]. Daa kom det fram ein nerstrending, Aasmund Seldal, og sa at Ingerid Rødn hadde vore hjaa honom og skulde gjera aat fyr bringeverken hans. Daa hadde ho sagt at det var Berit Bjelland som hadde sett det vonde paa honom, og den sykja kunde ho ikkje gjera noko med. Vaarherre vilde vera beste mannen til aa hjelpa der, sa ho. Han gav henne ei tunna korn og ei 20-skillings mark fyr umaken.

Seinare stemnde futen henne til tings. Ho kom fram paa tingstova i Vikadal 27/2 1641. Daa vilde dei vita kor det var med trollkunsterne hennar.

Ho vedgjekk at ho bruka urter til aa lækja folk med. Ho nytta baade lækjeblokkor og haga-urter. Urterne henta ho inn jonsok-dagen, og ho gav deim helst i øl.

Aasmund Seldal sanna at ho hadde gjeve honom noko drikka; men han kunde ikkje kjenna det var urter i det.

Den gongen var Ingerid sjølv paa tinget. Men seinare den same vaaren, daa fjordungs-tinget var paa Hemnes, var det sonen, Per Ormsson, som møtte fyr henne. Daa kom Gamal Hetletveit og Jostein Rosseid fram og vitna, at i den tid daa Søren Njellsson var fut, hadde skrivaren Rasmus Andersson dømt at ho skulde ryma landet. Per Ormsson, son hennar, sa at det var sant.

Meir finn me ikkje i tingbøkerne um henne. Ho var ei av dei meinlause, som ikkje hadde lova folk vondt eller gjort vondt, so dei tok det vel ikkje so hardt; men endaa skulde det vera underlegt um saki vart heilt ned-lagd.

 

siri i_vik 

 

Bildet:

Ved opninga av Kulturhuset i Suldal i september 2002 var det kulturelle innslag frå alle bygdene. I Erfjord hadde dei laga til ei framsyning om saka mot Sigrid, Siri i Vik som ho der vart kalla. Framme ser me Gunhild Møgedal som Siri og Knut Ur som lensmannen. Bak ser me frå venstre: Astrid Erfjord, Tone Obrestad (delvis skjult), Grete Fyljesvoll, Berit Vestersjø, Kjellaug Myhr, Randi Lieng Erfjord, Anne Marie Fyljesvoll, Gunnar Sandvik, Johan Sivertsen, Bjørn Sandvik, Anita Erfjord Eilertsen, Svein Kolstø, Eli Håker Erfjord, Janne Erfjord og Sigrun Sandvik. Foto Bernt Eirik Rød, Suldalsposten.

 

 

 

 

Sigrid Sigurdsdotter

Ho var gift kona og budde paa Vik i Erfjorden, Jelsa sokn. Dei sette henne fast 4de april 1663, og 4 dagar etter førde futen henne fram paa tinget paa Hemnes.

Det var fiskalen som gjorde at ho vart sett fast, og han tiltala henne for at ho kunde med trolldom, og for at ho hadde forgjort ein mann som heitte Josep Vik og budde i Erfjord. Johans Tednes, Olav Tveit og Rasmus i Sundet stod fram og vitna at dei hadde høyrt Josep segja det var ho som hadde drepe honom; han gav henne skuldi fyr at han var øydelagd fyr heile livet. Han hadde og sagt at her ein sumar vilde ho slaa i alle skaarar og skard i Viksfjelli. Det forbaud han henne og vilde slaa sjølv. Daa sa ho: "Slær du i aar so skal du yita at du kjem ikkje til aa slaa eit anna aar". Sidan den tid hadde ikkje han havt ein helse dag; han var forgjord. Dette same sa han og til henne so mange folk høyrde paa det. Daa sa ho: "Betre deg korleis du kann tala!" Til desse same mennerne hadde Josep og sagt, at daa ho tala dette til han, vart han liggjande same dagen i den vonde sjukdomen som han sidan hadde lide av. Det var reint syndsamt aa sjaa kor han laut lida.

 Sidan kom det fram mange vitne. Helge Kristoffersson vitna at vaaren fyreaat hadde Olav Haaland gjeve han lov til aa spa upp ein aakerflekk yver paa Vik. Dette vart Sigrid gali paa og sa til deim: "De kann gjerna spa og saa, men det vert dykk ikkje til noko gagn; de skal inkje godt faa av det." Tvo - tri dagar etter vart kona hans braatt sjuk og laut til sengs. So laag ho og talmast, alt til ho døydde hausten etter.

 Olav Haaland hermde etter ei som heitte Kari Klomber, ho sa høgt og skile at det var Sigrid som hadde sett det vonde paa Josep. Kari Klomber var synsk, og ho kunde sjaa at Sigrid stod upp-yver mannen og vilde gjera han god atter, men fekk det ikkje til. - Det same vitna Sigrid Eiriksdotter at ho hadde høyrt av Kari Klomber den same gongen.

Helge Kristoffersson hadde meir aa segja. Ein gong han var ute og skulle fiska aat husbonden sin, fekk han ikkje meir en tvo fiskar. Daa han so kom heim og fann ho Sigrid, daa sa ho: "Kva vil du gjeva meg at du skal faa fisk? Eg kann fiske-vess." So tok ho ei spøna og las paa og kasta ho paa sjøen. Same kvelden var det so mykje fisk at noti rivna og dei fekk ikkje eit liv paa land. Den kvelden var hennar eigen mann med og drog.

Gunnar Vikastrand vitna: Det var ein sumar fyr nokre aar sidan, at Sigrid kom og bad honom finna ein drope mjølk aat henne. Daa sa han: "Gud betre meg, arme mann! her sit eg med 4 smaa born og hev ikkje meir en ei ku; eg hev nok ingi mjølk aat dykker." "Det er so du segjer jamt, at du inkje hev," sa Sigrid; "du skulde ikkje hava noko, og ikkje skal du faa noko heller." Gjekk ho so ifraa honom upp til Lovra. Daa ho so kom ned atter, stod kui deira attmed landet. Daa strauk ho kui tri gonger yver ryggeu, og straks etter vart ho sjuk. Fem vikor kunde ho ikkje eta anna en gras som dei ryskte og stappa i ho. So ein sundag gjelkk baade han og kona hans av til Sigrid og bad henne koma og hjelpa, sa sant som ho kunde noko. "Det vert ikkje i dag", sa ho; "i morgon kann det henda." So las ho i noko salt som dei gav kui. Daa kom ho seg so mykje at ho kunde eta sjølv. Han hadde kui 4 aar etter den tid; men inkje mjølka ho, og inkje tok ho bur. Sidan bytte han ho burt.

Helga Olavsdotter sanna det som mannen hadde sagt um kui deira, og lagde attaat at Sigrid jamt hadde lova henne vondt, og vondt hadde ho lide, just som hi hadde lova.

Olav Tveit fortalde at Sigrid hadde kome til deim her eit aaret; daa gav dei henne mjølkemat; ho fekk eta saman med borni deira. Sidan fekk dei høyra at daa ho kom til Tednes, hadde ho sagt at ho tok med seg so mykje som ein munn full i ein skjaa. Etter den dag hadde mjølki deira vorte so useleg klen ; ho var illa etande*). Ikkje fekk dei naame nær so mykje rjome heller som dei fyrr hadde fenge.

 Sigrid sjølv sat og høyrde paa alt. Ho sa det var ikkje sant det han Olav vitna, og det same sa ho um alle provi; men Johans Tednes kom og sa beint upp i augo hennar, at daa ho var hjaa deim hadde ho sagt at ho tok ein munn med mjølkemat med seg i ein skjaa.

 Olav Haaland, lensmannen, vitna at han hadde gjenge til henne siste hausten og helsa henne fraa Josep at han laut leggja all skuldi paa henne fyr den vonde sjukdomen han hadde vorte liggjande i. Daa han so gjekk, var det tvo tauser (Birgit Mikkelsdotter og Guri Aanundsdotter) som var so nære at dei høyrde mannen hennar segja: "Gud naade meg! eg hev nok lydt deg altfor lengje. Daa svara ho: "Teg, teg, Tore! dei skal ingen veg koma med meg."

Marit Ivarsdotter hadde ein gong sumaren fyrr vore paa Vik; daa hadde Sigrid klaga seg at Marit Haaland hadde teke eit kakestykke fraa henne. Ho gav Marit Lovra skuldi fyr dette; men Marit Lovra kunde gjerna agta seg. Ho hadde ein gong nista mannen hennar ut paa bytur og let han faa noko sur seid; jamen kunde det henda ho snart fekk noko surt sjølv.

 Berit Markusdotter hadde ein gong høyrt Sigrid segja: "Treng eg i aar, so Gud late honom trenga til aars !"

 Gunnar Vikestrand hadde meir aa segja. Det var ei kona som døydde, og dei sa ho hadde lide av den spitelske sykja; det var mannen hennar Sigrid som hadde bore dette ut. Daa vilde lensmannen hava ein som skyna seg paa sovore, til aa sjaa yver liket, og so fekk han vitnet til aa gjera det. Han saag vel paa liket og det viste seg at ingen ting skakka, anna en det var noko hudlaust paa den eine mjødmi. Medan dei heldt paa med dette, kom Sigrid og vart standande innfyre døri. Daa bad han henne vøla inn-um liket noko. Med same ho daa kom nær liket tok det til og bløda naseblod; det var so det flaut paa baae sidor.

 Mikkel Skreddar hadde fenge Sigrid til aa mjølka kui deira; daa ynskte ho uhema yver den som sist hadde gjort det. Sidan var det som ho fekk spitelsk sykja. Berit Mikkelsdotter sanna dette og lagde til: Ho hadde høyrt av dotter hennar Sigrid, at sosant mor hennar fekk sleppa ut og kunde gjera eitkvart, so skulde ho gjera det verre.

Sigrid vedgjekk daa fyr retten, at ho kunde lesa fyr flòg; det hadde matmor hennar paa Erisdal lært henne. Elles hadde ho mykje aa segja imot alle desse vitnemaali; ho let so at ho var skuldlaus i alle ting, anna en det at ho kunde lesa fyr flòg.

Det som var innskrive i tingboki, vart lese høgt og skile fyr vitni, og dei gjorde alle full bokar-eid paa det dei hadde sagt.

5te mai sette dei rett paa Hemnes. Daa førde dei Sigrid fram til yverhøyring og dom. Baade lagmannen og futen var med og 9 lagrettes-menner.

Kari Klomber hadde ropa ut yver all bygdi at det var Sigrid som hadde gjort Josep Vik i Erfjord helselaus. Ho var paa tinget og sa um seg sjølv at ho var synsk. Ei tid fyre jol eller langt fram paa hausten det aaret som gjekk, hadde ho vore paa Vik og vore inne hjaa Josep, vilde sjaa um ho kunde vera til nokor hjelp. Daa fekk ho sjaa denne Sigrid, eller det var Fanden i hennar liknelse, koma inn med nokre knutar og vilde hjelpa den sjuke. Nokre av knutarne saag ho vart lagde attmed hovudet hans, nokre ned-med føterne, og elles all stad kringum honom.

 Johans Tednes hadde vore med fiskalen inne hjaa Josep den gongen han skulde sverja paa henne sjukdomen og hjelpeløysa som han laut dragast med. Daa lagde ban handi paa hovudet hennar og sa: "So sannt Gud vil hjelpa meg fraa denne sjukdomen, so er du banemannen min, og du hev gjort det med trolldoms-kunst." Ei tid etter hadde han tala med Josep; daa hadde han sagt at sjukdomen hadde letna sidan han hadde lagt handi paa hovudet hennar. Han saag friskare ut og en han hadde gjort paa lengje.

Olav Tveit prova det same um kva Josep hadde sagt og gjort daa fiskalen var der. At han hadde besna etter den tid, det vitna baade Olav Haaland og fiskalen Kristen Nilsson sjølv.

- Johans Tednes og Olav Tveit gjorde eiden paa at Josep hadde lagt handi paa hovudet hennar og lagt all skuldi paa henne.

Dei talde trutt fyre Sigrid og bad henne segja sanningi. So spurde dei um ho ikkje kunde med anna en lesa fyr flòg. Sa ho daa at ho kunde lesa fyr smott [kreft]. Imot Klomber-Kari sa ho at ho visste ingen ting um alt det som ho hadde skulda henne fyre.

Endaa ein gong laut dei skjota ut saki, sidan det ikkje var meir en 9 lagrettesmenner.

2dre juni var det rett atter paa Hemnes. Daa var det og ein ting i vegen: korkje futen eller fiskalen vilde leggja sak paa henne og setja i rette korleis det skulde dømast; baade den eine og den andre skaut det fraa seg og av paa den andre. Den sjuke Josep Johansson var so god at han kom fyr retten. Der lagde han handi paa hovudet hennar Sigrid so alt tingfolket saag paa det, og svor paa at ho var hans bane. Han tvigla ikkje i minste maaten, men gjorde sin dyraste eid paa det same. Dei bad honom tenkja vel yver kva han sa; han svara at det kunde han vitna. fyr Gud at han ikkje hadde sagt anna en sanningi. Sidan han fyrste gongen hadde svore paa det, at ho var skade-kvinna, hans, hadde han besna alt fort, so no var han med det likaste han hadde vore sidan han fekk sjukdomen. Endaa vilde korkje futen eller skrivaren leggja retten fyre korleis ho skulde lida, men dei kravde dom yver henne etter alt det som daa var prova.

 Mikkel Skreddar og Olav Haaland vitna kva mannen hennar hadde sagt: Sidan ho yart sett, hadde det vorte so utrutt i huset at han torde ikkje liggja heime. Det var ei rumstering som ikkje vart ende paa; han tykte ho fór og skramla og ramla i huset stødt. Dette gjorde dei eiden paa.

 Retten tok daa til aa grunda paa saki, og so dømde dei at sidan ho hadde forgjort baade kriste folk og stakars umælande beist, so hadde ho baade etter Guds og kongens log forbrote livet. Dei var samrøystes med paa dette baade skrivaren og alle domsmennerne: Stein Jelsa, Gjert Tysseland, Aasmund Kilane, Andres Hanakamb, Jo Fuglastein, Svein Skeie, Truls Vatland, Hans Hemnes, Øystein i Bygdi, Tore Vatland, Knut Vaaga og Andres i Bygdi, og dei dømde etter raadføring med lagmannen.

Ho vart retta attmed eit naust i Haalands-osen ei tid etter. I rekneskapen ser det ut som det var 26de juni. Det var ikkje so lite dyrt. Meistermann laut dei henta fraa Bergen; han fekk 16 dalar til løn og ferdapengar att og fram. Ein kar som henta meistermannen, fekk 3 dalar. 8 skilling gav dei fyr eit ark papir til aa skriva stemningi paa. 1 ort kosta det aa faa stemningi skrivi med innsigle paa. 1/2 dalar kosta stempla papir til domen, og 2 dalar fekk skrivaren fyr di at han skreiv domen. Ho sat fast 12 vikor, og fyr kosten gav dei 1/2 dalar vika. Innkomor var det ikkje, anten det var so at ho ingen ting aatte, eller dei hadde gløymt aa setja det inn i domen, at kongen skulde hava midelen; det er ikkje ulikt til dess.

 

***

Same år som Sigrid vart dømd og avretta, var det to andre trolldomssaker i Erfjord, m.a. mot Kari Klomber, som vitna mot Sigrid. Desse kjem me tilbake til i neste bolk av denne serien.

 

Barndomsminne frå Erfjord

 

Trygve Sandvik

 

Det var sommar, sol og søndag. Ein dag då me kunne ha lege lenger frampå enn ein vanleg

vyrkedag, og me kunne ha snudd oss over på andre sida og sove ei god stund lenger. Ingen

lekser med skule, ikkje arbeid på åkrane eller skrapeslått med stuttljå, ikkje arbeid i skogen, i

vedskjulet eller på sagbruket.

 

Ikkje fiske heller. Og inga reising til kyrkje slik at me måtte tidleg opp for å nå gudstenesta i

tide. Men eit fort kikk ut av vindauga på skråkammerset viste ein blankstill fjord som låg der

og lokka på oss med alt det spennande den eigde i sin djupe og mystiske famn.

Lars og eg var samde som vanleg før det vart sagt eit einaste ord. I dag vil me til sjøen og

padla langs med strendene og sjå på fisken som solar seg i morgonsola, ei form for sport som

svært sjeldan kunne utøvast.

 

Men idag er dagen! Ikkje eingong tolv ville hestar skulle kunna hindra oss! Ikkje måtte det vera kvardag, ikkje måtte det vera vind, ikkje måtte det vera kyrkjesøndag. Ja, for heime i Erfjord var det berre preik kvar tredje søndag. I tillegg måtte det vera sommar. Denne morgonen stemde alt. Du store tid!

 

Etter ein morgonsmat som gjekk ned på høgkant og fars andakt som alltid var kort, bar det i

full fart ned mot naustet og bryggja ved Nausthammaren. Sola stod alt høgt over Svea, og

langt inne på Jøsenfjordheiane sveitta minkande snøfenner i solsteiken, medan Geita, ei fonn i

den mykje nærare Gundlanuten, hadde alt byrja få eit stort hol i magen. «Då bler hu ryre»,

pleide mor og far seia. Ho hadde fått namn etter slik ho tok seg ut på avstand og likna

granngiveleg ei geit i fullt sprang. Det kunne alle sjå nedafrå Sandvik og fjorden inn etter.

 

Men no var det korkje fennene i Jøsenfjordheiane eller geita i Gundlanuten som interesserte

gutane i kortbukser, berrføtte og snauklipte på hovudet for sommarvarmen. Etter å ha aust

Litlebåten til siste drope, bar det ut av støa så stilt og varleg at me våga ikkje leggja årane i

keipane eingong, men fekk båten til å «andøva» ved at Lars låg på kne i framskuten og padla

varleg med ei av årane. Eg stod rett bakom for å sjå på sjøbotnen som halla bratt nedover mot

fysnande djupner.

 

Rett utafor Nausthammaren var det så brådjupt at det kjendest på same måten som då eg ein

gong stod frampå toppen av det stupbratte Herefjellet rett over fjorden heime. Det var som

usynlege armar ville gripa meg og draga meg utfor og lukst i fortapinga, samstundes som eg

kjende ei lokkande kjensle av eventyr- og oppdagarlyst som bergtok meg og gjorde at dette

måtte og ville eg ha meir av.

 

Ikkje det at eg trur eg ville ha blitt nokon kandidat til fallskjermhopping frå Kjerag eller

liknande hasardiøse plasser akkurat, om eg hadde blitt fødd ein 60 år seinare. Men eg ville nok ha likt mykje som vippar på grensa mot det uoppnåelege og kanskje dumdristige, f. eks.

fjellklatring. I så måte var Lars og eg totalt ulike. Han var tvillaust motigare og mykje meir

dumdristig enn eg, men av alle ting hadde han høgdeskrekk. Ved nordvestre hjørna av

heimehuset stod der eit stort morelltre med kraftig, høg stamme kor eit virvar av lange, seige

greiner stakk vidt utover i alle retningar. Når dei saftige og søte blodmørkraude morellene mognast, vart dette treet eit eldorado for klatresjuke og morellelskande ongar kvar

ettersommar.

 

Og medan Lars så vidt våga å pressa seg trass i sin klatrefobi opp til nedste greinfeste, der han

sjølvsagt knapt kunne nå eit einaste av desse fantastiske bæra, hang eg mellom andre klatreaper i dei høgaste og morelltunge greinene og kunne stappa i meg av hjartans lyst.

 

Så urettferdig kan livet vera. Men no vonar eg at eg hugsar rett når eg føyer til at eg gløymde

ikkje heilt min kjære høgdeskrekklidande arme bror som klamra seg skjelvande til dei tjukke

greinfesta langt der nede. Ikkje alt gjekk i «longeholken», som me kalla magen i slike og

liknande omstende, men nokre av morellene vart stappa i lommane og ofra til bror min som

skjelvande men vonfull venta der nede.

 

Men i båtronga, derimot, var Lars minst like trygg som eg og skalv ikkje for dei nifse djupnene langt nedover i fjordsjøen. Det var forresten fisk me var på jakt etter. Ikkje for å fanga. Det var utenkjeleg på ein heilag søndagsmorgon i vår kristne kulturtradisjon! Lars og eg trur eg ikkje eingong kjende ein ørliten lyst til å kasta ut ei dorgfille. Det ville vera synd mot Guds tredje bodord om å halda kviledagen heilag, eit bodord som me visste kom rett etter bodet om så fæle ting som avgudsdyrking og banning og faktisk før bodordet om å æra far og mor, om det å drepa, driva hor, stela og lyga.

 

Me hadde høyrt av Magnus, ein av våre høgt respekterte eldre brør, at han ein fin

søndagsmorgon då han for moro var ute og rodde, tykte det var då alt for gale ikkje å forsyne

ho mor med ei sårt tiltrengt fiskekoke då han såg det formeleg koka av nydeleg sei, lyr og

torsk utafor ein lås med brisling på Stampavika rett over fjorden heime. Han tenkte kanskje på

forteljinga om Jesus som gav grønt lys for læresveinane til å sanka kornaks på sjølvaste

sabbaten. Dermed slengde han like godt ut ein snørestump med ei beit på, og snart så spratla

og hoppa det med storfisk i bakskuten. Fisken beit som galen på denne heila søndags

morgonen! Det var som det ingen ende ville ta. Men etter kvart kjende han at han måtte slutta

medan leiken var god. Det kom for han litt etter litt at dette var visst synd likevel.

 

I tillegg kom han til å tenkja på alle brisling- og makrellfiskarane som lovlydige måtte venta til søndag gjekk over til måndag før dei kunne kasta nøtene i sjøen. Denne uvissa vart sterkare

under roinga over fjorden heim til støa ved Nausthammaren. Korleis det heile enda, er eg i

skrivande stund uviss om så mange år etter. Om han fyrst gjekk heim til ho mor og spurde om

ho ville ha fisken sjølv om den var fiska på søndag, eller om han ikkje våga å spørja ein gong;

Eitt er iallfall sikkert, Magnus dumpa heile den herlege koka i sjøen, og det vart ingen nydeleg fersk fiskemiddag i Sandvik den søndagen.

 

Galskap og overtru, vil mange seia i dag kor ein stor prosent av folket ikkje lenger har peiling

eingong på kva det tredje bodordet går ut på. Misforstaden pietistisk mørkemannstrelldom vil

nok dagens breidkyrkjelege meiningsgallup koma ut med. Underleg er det likevel å tenkja på at same meir eller mindre manetliknande gallupmasse sitt fleirtal sannsynlegvis går og sukkar over meiningsløysa i at helgedagsfreden stadig vert meir og meir brutalt broten av aukande

kommersialisme med griske, opne butikkar, brakande idrettsarrangement og trafikk-kork på

eksosplaga trafikkårer.

 

Kvifor er kristenfolket så anonyme og tafatte i ei så sentral sak som denne, der me har eit

ubrigdeleg Guds bod som me veit at frå ende til ende er godt og gagnleg fordi det er skapt og gjeve av ein allvis og elskande Gud som veit kva som er best for mennesket? I sanning er det

på høg tid å blankpusse desse Guds 10 bodord, også det tredje av dei!

 

Men attende til hin solmorgon ved Nausthammaren. Det var ymse slags fisk Lars og eg var ute for å sjå og studere på nært hald. Me visste at torsken likte seg særleg godt oppe på grunt vatn når fjorden låg blankstill og sola skein frå skyfri himmel. For 70 år sidan var det til vanleg rikeleg med ulike fiskeslag langs strendene i landet vårt. Også denne morgonen yrte det med stinte, raudnebbe, blåskår, mort, småsild, marulk, bersugge og hedleskit. Men det var ikkje alt dette smågrapset me var ute for å sjå. Det var fyrst og fremst stortorsken, når den søkte heilt opp til taren som flaut i flomålet, me vona å treffa på. Slik ville me også få greie på kor han heldt til slik at me alt kanskje måndag kveld kunne dorga nettopp her med nyinnkjøpt torskesluk på slep.

 

Lars andøvde stilt og varleg innover Neglausholet som enno så tidleg på morgonen delvis låg i skuggen av Nausthammaren. Der gjekk tarebotnen stupbratt nedover kor stinte og anna

småfisk heldt til, men der landet svingde utover mot venstre, var der eit par hyller med grunt

vatn. Og der, der låg ein diger brand av ein diger torsk og bakte seg i morgonsola! Hovudet

var stort som på eit spedbarn med auger, kalde og uttrykkslause som tinntallerkar, med digre

sidefinnar som ørlite rørde på seg for å halda seg i balanse og ein lang og høg ryggfinne som

strekte seg heilt frå hovudet og bak til der han gjekk saman med halefinnen som også rørde seg litegrann. Dei fullkomne brune og lysbrune fargane med den karakteristiske mørkare stripa på kvar side skein og glitra i solstrålene. Den kvite bukfargen kom bort og vart skjult av taren. Så gleid båten forbi utan at stortorsken vart skræmd men kunne halda fram med den gylne morgonstunda sitt solbad.

 

Straks etter gleid Litlebåten forbi bergreva kor me vinterstid på stille dagar velte stein frå ei lita ur rett ovafor og kunne høyra på den underlege knistrande lyden av rullande stein under

sjøflata nedover mot djupet der den bykste frå berghylle til berghylle inntil den stoppa ein eller annan stad. Særleg godt kunne me høyra denne elles uhøyrde trolske lyden frå robåten.

 

Vidare gleid me over Lyragrunnen der me ofte sette garn, både for å fanga lyr som namnet

seier, eller sei, torsk og allslags fisk som likte seg her på ein grunne som når ein hundre meter

ut mot eit undersjøisk stup som går ned til det djupaste av heile denne fjorden som er den

midtarste av alle dei store fjordane som utgjer Boknafjorden. Underleg nok kallast

nabofjordane, Jøsenfjorden i sør og Økstrafjorden og Sandsfjorden på nordsida, medan denne

kallast berre Erfjord- eller Arrfjord på dialekten- og ikkje Erfjorden som ofte aviser og andre

publikasjonar skriv.

 

Her på Lyragrunnen møtte me brått ein liten flokk med niser som prustande og pæsande kom

rullande rett i mot oss. Dei svarte ryggene med den velkjende boga ryggfinnen glinsa blank i

sol og spegelstill fjord. Men like brått som niseflokken dukka opp, like brått vart den borte.

Det hjelpte ikkje kor me enn speida i alle retningar. Ikkje spor å sjå. Og me undra oss. Dei

måtte vel snart koma opp for å pusta? Me såg innover, me såg utover. Langt der ute i

synsranda augna me Bokn, Toftøynå og Foldøynå i staden. Dei spegla seg i havet på ein måte

slik at dei og andre mindre øyar me ikkje kjende namna på, liksom sveva som avlange ballongar eller perler over havflata mot vesthimmelen. Som eit ”fata morgana” prøvde Lars seg med.

Han var lenger komen enn meg i Landkunna, som læraren kalla Geografien i vår tid. Men då augene mine som snarast vende seg innover igjen, såg eg sanneleg nokre blanke rygger som rulla over sjøflata langt der inne. Det var nok dei same nisene, slo me fast. Sanneleg vandrar dei fort desse snilde, små kvalane. Lars tok fatt på padlinga igjen, og litt utafor Hommaholet på eit par grunne undersjøiske berghyller låg nye torskar og koste seg i solsteiken.

 

Men før me nådde Ormannsvika der garden Sandvik grensa til Landsnes, kom havgola som ei

mild og kjærleg himmelhelsing til smågutane som brått fann attende til seg sjølve i ein liten

robåt midt på ein fjord krusa av titusenvis av småbylgjer som ved eit trylleslag omskapte den

blankstille forden til den vakraste av alle blåmyrar med millionar av småkrusa gullglitter på. Då sette Lars seg i bakskuten, bad meg også å koma akter, og med baugen lyfta høgt opp på

grunn av forandra tyngdepunkt, segla me heimover mot naustet med padleåra som ror.

Før me visste ordet av det, var me brått og uventa midt oppi ein makrellstim som omringa oss

på alle kantar. Tusenvis på tusenvis av travle makrellkroppar i ein fantastisk koordinert og

utruleg samstemt troppeformasjon formeleg lyfta han oss oppover mot eit botnlaust djup av

berre evig blått over oss. Slik kjendest det iallfall eit hildrande sekund av ein overjordisk

lukkerus inni oss. Men like fort som ho kom, sokk makrellmyra under oss og var sporlaust

vekke.

 

Så var smågutane og Litlebåten åleine med havgola og ein og annan måken som veiva og

vogga seg over ei ein fjord like blå og sval som himmelen over. Snart dukka Nausthammaren

opp med støa og naustet rett inn og nothuset på austsida. Stilt som ei ånd seig me inn mot

bryggja inntil båten skura mot sand og stoppa heilt. Underleg glade og rike på opplevingar

festa me båten og sprang i land, rusla berrføtte og lette opp naustbakken, drakk nokre herlege

supar av oppkomevatnet frå kjelda nedafor den gamle skuten og skunda oss bakkane heim til

mors gode søndagsmiddag. Til vår store glede såg me at ho hadde fått hjelp til å dekka det

store slagbordet ute under det store kirsebærtreet. Det hende at ho gjorde det på varme og fine

sommardagar under det lyse og lette lauverket rett utafor kjøkken. Og det lukta utruleg godt

av steikt fisk som var fiska på dorg laurdagskvelden, altså kvelden før og på ei tid som

Skaparen ynskte.

 

Utpå ettermiddagen var det tid for å reisa på samling på Bogsund skulehus.»Eg trur me ror i

dag sidan veret er så fint», sa far og rusla i førevegen til sjøen. Mor hadde fått hjelp til både å

rydda kjørl og bord med stolar på plass samt vaska opp. Mor var ein flink og rettferdig

administrator og kunne det som på fint heiter å delegere, slik at både ho sjølv og me borna var

ferdige til å dra samstundes. Båtane var auste og gjort ferdige då me kom ned til naustet og

bryggja der me delte oss i to båtlag. Så rodde me i søndagstempo innover mot Bogsundet. Det

var ikkje bryet verd å fyra opp motorbåten for ein såpass kort distanse. I tillegg var det liksom

meir søndagsstemning over det å ro der ingen ilter Pedersen oppfyringsmotor bråka og spydde

eksos. Berre taktfaste åredrag med mjuke dypp og drag av to par årar på kvar båt song i lag

med havgoleollene som kjærleg vaska gultare og skjelldekka små nes inn over langs fjorden.

 

Høgtidleg med ein undertone av helgedagsfest seig båtane inn i støa til han gamle Andres i

Gullsmedvika, fortøyde båtane og dempa snakket vårt opp den vesle brekka til det vesle

skulehuset og fann sitjeplasser på pultar og forsete mellom dei andre helgekledde

samlingsfolket. Der såg me Syvert og Barita frå Bog, Flåtaknutgutane med ei lunt smilande og blid mor Valborg, der var Gautelars og Lisa med vesle Gudrun mellom seg, Smedavikfolket ogHanne og Johan frå Hagen. Pluss andre som eg i farten ikkje kan minnast. Samlinga hadde kome i gong som erstatning for gudstenestene som berre vart haldne kvar tredje søndag i bygda vår.

 

I Bogsund hadde det blitt slik at Syvert og far var dei to som styrde samlinga i lag. Denne

dagen var det Syvert sin tur til å lesa frå ein eller annan postille og far sin tur til å leia songen

og vitnemøtet om det laga seg slik at nokon ynskte å vitna. Men fyrst vart det sunge og bedt ei

fri bøn. Så var det Syvert sin tur til å etablere seg bak kateteret, og som etter høveleg kremting

og blading i den store huspostillen som han hadde med og med dei gamles vane å stryka to

fingertuppar opp mot tunga for lettare å skilja knitrande, gulna blad, vidare leiting etter brillene i ein lomme eller to, heldt dei opp mot lyset, fram med nyvaska og fint samanlagt, stroke lommeduk til pussefille, derpå pussing både ein og to gonger før dei kom på plass på nasen og lesinga kunne starta.

 

Eg må tilstå no at eg skjøna nok ikkje eit kvekk reint intellektuelt av det forfattaren av postillen hadde på, hjarta, anten det no var salige Johan Arndt eller andre av våre djuptpløyande kyrkjefedre. Heller ville det ikkje veta rett a påstå at gode og gudfryktige Syvert var slik ein forrykande flink og inspirerande opplesar akkurat, men kjensla og minnet om ei djuptgripande andaktsstund vil for alltid liggja som ei perle med ein mild og heilt i gjennom ekte og edel glans mellom alt av det finaste eg kan hugsa frå gutedagane.

 

Salmesongen som fylgde på opplesinga var tvillaust samanlikna med dagens proffe kvalitet

reint artistisk, både treg og med tydelege element av dissonansar og mangel på rett

stemmebruk og pusteteknikk. Mangel på musikkinstrument til akkompagnement var sjølvsagt

total, og dei to- tre vitnemåla som fylgde på, gjekk vel også i det store og heile vesleguten

forbi. Men 70 år seinare kjennest det så godt, ja inspirerande og hjartevermande å hugsa at eg

fekk det store privilegium å oppleva ein eineståande tradisjon i funksjon til uvurderleg

velsigning for ein liten skulekrins som min og eit heilt folk.

 

Far som leia denne ikkje- preikesøndags samling på Bogsund skule, var ikkje av den typen som likte å dra det heile ut, noko som me minste lærde å setja stor pris på. Det var godt å få koma ut av den tronge skulestova etter møtet og trekkja frisk luft og strekkja beina. Og sanneleg fekk nokre av oss gutongane tid til ein liten dukkert nede i Gullsmedvika før me kom oss i båtane og rodde heimover. Dei eldre hadde god tid på helgedagane. Det var så triveleg med ein prat på skuleplassen og på vegen ned til båtplassen.

 

Heile søndagen og kvelden var vår Herres dag, ei av dei fine gåvene som alle Guds bom er

bedne om å ta vare på, takka for og bruka etter hans vilje. Kor priviligert eg er som vart fødd

inn i ein tradisjon som kjende til og fekk nyta fruktene av dette å halda kviledagen heilag!

Av Odd Bråtveit

 

Støling har lange tradisjonar i Suldal, ikkje minst i grendene rundt Suldalsvatnet. Dei fleste bruk har ein eller fleire stølar som har vore i bruk frå langt attende i tida, og som var i bruk i min barndom og oppvekst. Stølen og heia gav ikkje berre sumarbeite til husdyra, men der vart og ein god del av vinterforet henta. Bruka hadde ofte lite dyrka jord, og ein god del av den måtte nyttast til korn og poteter så lenge sjølbergingsjordbruket varde.

 

Driftsformene har nok veksla gjennom tidene og sjølv kan eg hugsa så langt attende som til midten av 1920 åra. Det var inngangen til den perioden då ysting av ekte geitost nådde sitt høgdepunkt i Suldal. Det vart utvikla litt av ein heimeindustri som eg trur letta økonomien for mange i dei vanskelege tretti åra.

 

Heime hadde me geiter så lenge eg kan hugsa, og første tida på stølen opplevde eg saman med mor og syskin. Sju år gamal hamna eg som høring på Stålevikstølen. På den tida var det nok mange gutungar, kanskje gjenter med, som starta i det yrket. Snautt mange i så ung alder , og     eg har berre eit vagt minne om at Eldri Stålevik kom og henta meg. Eldri fekk etternamnet Litlehamar og døydde i fjor 101 år gamal. Om eg grudde eller gledde meg hugsar eg ikkje, men ser for meg at det eg skulle ha med meg var ikkje mykje. Truleg var det samla i det me kalla ein fatlasekk. Noko så fint som ein ransel eller ryggsekk hadde me nok ikkje, heller ikkje ei skreppe eller rypesekk som nok fanst på den tida. Ein fatlasekk kunne fort lagast av ein tom kveitemjølsekk som var av kvitt tøy. Ein togende gjorde nytte som fatlar. I kvart hyrna i botnen på sekken vart det stukke inn til dømes ei lita potet, og så vart togenden knytt innanfor der. Bukta av toget vart så knytt rundt sekkjekjeften ,og sekken kunne gjerast så stor eller liten som han trongst. I ein slik sekk trur eg det mest turvande av klesplagg og eit par treskor var samla, første gongen eg skulle ut i den vide verda. Kveitemjølsekkene vart og sydde om til ulike klesplagg. Regntøy var det smått stell med, men noko som vart kalla ryggjaskinn fanst. Det var nytta for å skjerma aksler og rygg mot væta. Namnet tyder vel på at skinn var nytta til det bruk. Eg hugsar at kveitemjølsekker vart omsydde til det bruk og innsette med linolje. Serleg når ein gjekk bøygd og slo med stuttorv, og det gjorde mannfolka det meste av sumaren, var eit slikt regnplagg nyttig. Det heldt rygg og aksler så nokolunde turre, og det var luftig og lett å arbeida under.

 

Stålevik er ein einbølt gard mellom Bråtveit og Nes (Nesflaten), 3-4 km ovanom Bråtveit. Bestefar,eller beste som me sa, kom frå Stålevik, i daglegtale Stålavikjo. Då han voks opp der var det husmannsplass under Gautun. Beste kjøpte gard på Bråtveit, og som vanleg på den tida, tok han Bråtveitnamnet. Bror hans, Aslak, kjøpte Sandvik og tok det namnet. Yngste broren Mikkel vart verande i Stålevik, og i 1889 løyste han inn plasset, så etter den tid har det vore sjøleigande gard. Innmarka var små teigar mellom bergknausar, og alt måtte arbeidast med handemakt. Hest var det ikkje på bruket, så alt måtte fraktast på ryggen eller slepast på bakken. Tunet låg ikkje langt frå vatnet, så robåten var nyttig i mange høve.

 

Den tida eg var på Stålevikstølen, var det Mikkel og kona Brita som åtte bruket. Brita kom frå Hagen i Bleskestadkrinsen og dei var gifte i 1889, same året som plasset vart innløyst. Dei hadde då tri søner og fem døtre som alle var vaksne. Ikkje alle var heime til same tid , og nokre av gjentene byttest om å vera på stølen. Første sumaren var det Mallin, ein sumar Eldri og lengste tida Anna. I mitt minne står dei alle tri som modne kvinner, men eg har funne ut at Mallin var berre 22 år den gongen. Det var ikkje lite for ei så ung gjente å ha eineansvar for stølinga, og eg trur nok ho kjende på det. Kvar kveld las ho or ei andaktsbok, og med eigne enkle ord bad ho for oss på stølen og dei næraste. Eg skulle og lesa kveldsbøna som eg hadde lært heime, og som eg enno hugsar lydde slik:

                                                

Eg auga mitt no lukkar, til Gud i himlen sukkar

Å vak no over meg.

Lat inkje vondt meg henda, lat synd i frå meg venda,

Eg trur og litar trygt på deg

Amen.

 

Stølen låg heilt for seg sjølv og heile sumaren var det lite kontakt med andre folk. Med visse mellomrom kom det nokon heimanfrå for å henta mjølk og smør eller ost. Oftast var det ein av sønene og dei overnatta sjeldan eller aldri.

Stølshuset var svært enkelt Det var to rom der det eine var tømra, lågt og utan glas. På veggene var det hyller, eller kjedlar, som me kalla det. Der stod mjølkekollene, smørbuttar og ferdig pussa ostar. I eine kråa stod eit stort kjer der surmjølka vart lagra. Den skuma kumjølka stod i koller til det vart skjør, så vart ho godt opprørd og slått i kjeret. Der kunne ho verta ståande lenge, og fekk gjerne ei dagleg omrøring.

 

Ved eine langveggen var det ei seng med golvet som botn, det var senga til budeia. Det andre romet kalla me svola. Det var reisverk med kledning av øksa bord, ikkje skorne på sag. Golva i båe roma var av upløgde bord, så trekkfritt var det nok ikkje. Mellom roma var det opning utan dør. Ytterdøra i svola var hengsla med vidjer, og over døra var det open gauk. I eine kråa ved sida av døra stod kjelaringen der ystinga gjekk føre seg. På motsett vegg hadde eg senga mi. Den var smal og så høgt på veggen at det vart plass for eit vedlad innunder. Der kunne eg ligga og sjå opp i fjella gjennom den opne gauken som det og kunne trekkja friskt gjennom.

 

Men eg vart godt pakka inn med sengklæde, så fraus gjorde eg ikkje. Innbuet var eit lite bord som kunne flyttast på, og eit par krakkar.

 

Eine enden av huset var tufta på ein fjellknaus og den andre på ein gråsteinsmur, Det var høgt nok under til at ein kunne gå lut der, og i ruskever tydde geitene inn der så mange det var plass til . Det vart helst dei største og sterkaste, for i geiteflokken er det streng rangorden. Alle såg ut til å vita kven dei kunne jaga, og kven dei måtte vika plassen for. Kyrne hadde fjos av nyare dato.

 

Det første som måtte gjerast då me kom til støls, var å gjera reint i huset og gjera klar koller og kjer. Det var trekar som hadde gisna og måtte i vatn for å trutna og tetna. Dei vart sandskura og sett i brakalog, og når den prosessen var ferdig lukta kjeralda friskt og reint. Seinare måtte kollene sandskurast kvar gong dei var tømde for skjør.

 

Første sumaren var det visst ikkje venta at eg skulle gjera så mykje nytte for meg. Det var vel helst det at eit menneske skulle ikkje vera heilt åleine. Gjæting var det ikkje tale om, så høringtittelen var snautt dekkande. Det vart meir tale om stølslag eller stølsfjagg. Etter å ha vorte kjend med stølsvegen, kunne eg sendast åleine heim og seia frå om noko stod på. Litt nytte kunne eg likevel gjera. Det var min jobb kvar dag å sopa berget utanfor stølsbua reint for geitelort. På ein sumar gjekk det fleire sopelimar med til det bruk, og eg lærde etter kvart å laga nye sopelimar sjølv. Fjoset skulle og mokast, og det var eit dagleg gjeremål å styra kyrne til beites. Gjerne i ulike retningar frå dag til dag for å nytta beitet på beste måte. Veret var og med og avgjorde kva lei kyrne skulle styrast i. Geitene brukte å koma av seg sjølv både morgon og kveld, men kyrne måtte ofte hentast om kvelden. Då gjekk me båe på leiting. Var veret fint, var det noko eg gledde meg til. Det opna gjerne for nye utsyn, og det kunne dukka opp forvitnelege ting av ymse slag. Det kunne vera ei rypemor med ungar, ein liten hare i lyngen eller ei ørn som svinga seg høgt i det blå. Ut på sumaren kunne me og koma over molter som smakte godt. 

                                                 

Ikkje alle stader var like spanande å gå, så det hende nok at eg medvite styrde kyrne dit eg helst ville leita etter dei. Var veret dårleg var det mindre tillokkande å gå i heia. Korkje skor eller klede var skikka for regnver. Me vart fort våte og i skodde og regn vart det ofte hustre og kaldt. Ein kveld fann me ikkje att kyrne, og dagen etter vart ein minnerik dag for meg. Før eg fortel om det, bør eg gjerne fortelja om korleis ystinga gjekk føre seg. Etter at mjølka var separert vart skuma mjølka slått opp i ystekjelen og varma opp til om lag kroppstemperatur og tilsett osteløpe. Første tida eg hugsar vart det nytta kjese. Det var løpemage frå kalvar. Dei vart lagra turre men den tida dei var i bruk, hang dei i ei krukke med vatn. Dette vatnet vart slått opp i mjølka når ho var høveleg varm. Seinare vart det osteløpe å få kjøpt på flasker. Etter ei stund vart kaseinet, eller ostestoffet felt ut og kunne samlast opp i eit kjerald me kalla tåga. Tåga var fletta av bjørketeger og kunne sleppa mysa gjennom når ostestoffet vart pressa oppi. Mysa vart silt og så slått attende i kjelen. Over kjelen vart det lagt ei bjørkekluft som me kalla tjuge eller tjuve og oppå den vart tåga sett for at restar av myse skulle drypa ned i kjelen. Når ein var komen så langt, var det å fyra for fullt for å få mysa på kok. Då kom det til syne noko me kalla mjor, det var vel fine restar av ostestoff. Dette måtte vispast godt for at det ikkje skulle syna prikkar i brunosten. Når det var gjort, vart fløyten slått i , og så var det å fyra godt for å få rask inndamping. Fram til det vart brunt trongst lite tilsyn , men frå då av måtte det flittig røring til med ostespaden om det ikkje skulle svi i botnen. I såfall ville osten langt på veg vera øydelagd.

 

Så attende til kyrne som var borte. Opplegget dagen etter var at budeia skulle av og leita etter kyrne, og eg skulle passa ystekjelen. Før ho drog gjorde ho ystinga klar fram til at fløyten var slått i, og ho rekna med å vera attende før det var aktuelt med røring. Ho gjorde og klar kinna, så eg kunne kinna smør medan eg passa ystekjelen. Kinninga gjekk greitt og smør vart det. I ystekjelen minka det snarare enn eg likte. Og budeia og kyrne var ingenstad å sjå , så eg vart meir og meir ottefull. Røring måtte til, og i aukande tempo etterkvart som det tjukna i kjelen. Gråten var ikkje langt unna, og letten eg kjende då Mallin dukka opp i døra kan eg mest kjenna enno. Skrytet eg fekk for å ha berga osten, vart teke godt vare på. Likeeins minnet om ein dugeleg kinnebete. Ein kinnebete er flatbrød smurd med nykinna smør og duppa i saup. Det smakte utruleg godt, og er sjeldan kost i dag.

 

Nokon vil kanskje spørja om ikkje tida fall lang for ein gutunge åleine på stølen med ei budeie og utan leikekameratar. Fakta gjekk det betre enn ein skulle tru, for det var mange gjeremål, og fristundene kunne nyttast til så mangt. Der var bekker og ei lita tjørn som høvde for ymse aktivitetar, og eg mura vardar og små steinhus. Mykje tid brukte eg til å skriva namn med kniv der det var plass til det.I fjoset var veggene tømra av halvklovningar, og flekkevis var dei så slette at dei var gode å skjera i. Der vart det mange OB, eller meir fullstendig, OASB med årstal etter. Mange geitenamn fekk og plass der. Alle geitene hadde namn, og me visste kven mora var. Faren var det meir uvisst med, men farskapet vart gjerne tillagt den bukken me tykte best om. Det uroa litt når det vart sagt at den som skreiv namnet sitt overalt, den vart ikkje gamal. For meg var det vanskeleg å lata det vera, for eg fekk slik ein fin og kvass tolekniv av eldste sonen Aslak , som og var gudfar min. Knutsen stod det stempla på bladet og den kniven vart mykje nytta og teken vare på. Aslak var og framifrå god til å fortelja, og når han attåt var ein ivrig jeger, så vart det mange spanande jaktsoger. Det gildaste eg visste var når han fortalde, og eg såg gjerne at det var han som kom på stølen for å henta bør. Han var og tingar av bladet Den 17 Mai, og i det bladet var det kvar laurdag ei dyresoge av Torgeir Bjørnarå. Det var lesnad eg slukte , og laurdagsnummeret av bladet vart ved høve teke med til stølen. Det hende ei helg eller to at eg fekk vitjing av brør og kameratar. Då gledde eg meg veldig til laurdagen dei var ventande, men grudde meg kanskje like mykje til søndagen då dei reiste heimatt. Det kunne verta gråt og tunge stunder, men budeia var flink til å trøysta og finna på eit eller anna som avleia dei tunge tankane.

 

På den tida slo dei mykje i utslåtter, og fleire av dei låg ikkje lenger frå stølen enn at eg midt på dagen kunne vera saman med slåttefolket. Det var etterlengta avveksling, og ofte var det noko nytt å høyra og oppleva. Når me var på Nedre stølen, fekk eg gjerne høyra at før i tida samla dei sauene i grindar om kveldane og tok lamma frå, slik at dei kunne mjølka sauene eit mål.

 

Ei natt som oldefar min, som og heitte Aslak, låg der vart det uro i saueflokken. Då han kikka ut gjennom døra såg han det lyste i bjørneaugo ikkje mange meterane unna. Frå gruva tok han ei brennande vedskie og veifta mot bjørnen med. Det heitte seg at bjørnen var redd varmen. Slike forteljingar, og andre om folk som hadde sett og vore ute for bjørn, var spanande men let og etter seg ein viss otte for å råka på bjørnen. Det var ikkje så lenge sidan det hadde vore slagbjørn som gjorde stygge innhogg i saueflokkane.

 

Frå Stålevikstølen såg me godt neover til Nes, så me kunne fylgja med på kva tid dei tok til med slåtten, når det kom såter og når dei køyrde høyet inn. Kan snautt hugsa hesjar, så det var kanskje ikkje så vanleg den gongen. Bilar kunne me sjå etter vegen, men det var ikkje mange, Bratlandsdal hotel på Nes og Breifonn hotel på Håra hadde bilar og privatsjåførar, så det var vel oftast dei me såg. Syklistar var det meir av.

 

Elles var det ikkje så mykje me kunne fylgja med på. Radioen var ikkje komen og slett ikkje mobiltelefonen eller sikringsradioen. Bråtveitgrenda fekk rikstelefonstasjon i 1912, men privattelefonar vart det ikkje før etter 1930. Dei son ville ringja, måtte gå til stasjonen. For dei i Stålevik var det lang veg, så det var nok ikkje ofte telefonen vart nytta. I dag tenkjer eg ofte på kor god nytte me kunne hatt av sikringsradio på stølen. Det kunne spart oss og andre for mykje bry, og eg kan nemna eit døme på det. I den tida eg fortel om var det geiter på dei fleste gardar på Nes og i Roalkvam. Dei som hadde geiter måtte og ha bukkar, og dei vart gjerne sett på beite i Baksmett,i alle høve på den sida av vatnet. Der gjekk dei roleg for seg sjølv til det leid utpå sumaren og tanken på geiter melde seg. Då hamna dei gjerne på stølen hjå oss. Der vart dei arresterte i fjoset, og eg vart send heim for å melda frå. Der var ikkje telefon og så langt til stasjonen at i staden vart det for nokon å ro til Nes og varsla eigarane. Dagen etter kom dei gjerne for å henta bukkane. Eg hugsar Hallvard Baksmett, han skreiv Gautun, Mikkel Haugen, Jørgen Overskeid, Gabriel Kilen og Knut Moe. Alle borte for lenge sidan.

 

Trur ikkje me hadde lampe på stølen. Minnest heller ikkje at me brukte talgaljos. Det må vel tyda at me både la oss og stod opp i dagsljos. Det var tidleg opp, så det kunne vera greitt å køya tidleg. Det var vel heller ikkje så mykje å trøyta tida med om kveldane. Me flytta tidlegare heim enn dei fleste, truleg i første halvdel av september. Buføredagen såg me fram til med glede ,og for oss var det ei stor endring. Stova i Stålevik trur eg ikkje var stor, men i høve til stølsbua vart ho svær. Med ljos i parafinlampa vart det for ein gutunge som å koma til ei ny verd.

Mekeli (Mikkelsmess) var tenesta slutt og eg kunne stolt reisa heim med noko meir i fatlasekken enn då eg kom. Nye sokkar eller lubbar var gjerne kome til , og eg trur det var første hausten eg fekk eit buksety og ein heil femkronesetel. Pengar såg me lite av den tida, og for ein sjuåring var fem kroner ei heil formue som det måtte takst vel vare på. I Bråtveit var det ingen butikk med snop eller anna som freista. Femkroningen kunne haldast inntakt i lenger tid, og kunne mellom anna brukast til å gjera syskin og kameratar avindsjuke.

Ein Etnebu i Ryfylke eller ein ryfylking i Etne?

 

Av Eldar Myhre

 

Eg har tidlegare i artiklar i Gamle Suldal skrive om sambandet mellom Suldal og naboane i Hardanger; Setesdal og Telemark på 15 og 1600 talet. Dette kjem også til uttrykk i eiga i gardar og giftemål. Tettast ser det likevel ut til at sambandet var til Sunnhordland og då serleg Etne og Skånevik. Eg har vore innom Ingemund Nilsson som levde eit langt liv på Bokko i Odda og Våge, Vetrhus og Bråtveit. Eg vil nå ta utgangspunkt i namnen hans, Ingemund Nilsson på Grov i Sandsbygda. Saman med broren Jon kjem han til Grov kring 1660. I 1661 eig brørne mest heile Grov.

 

I bygdeboka for Sand, gjer Ernst Berge Drange utfyllande opplysningar om folka på Grov i eldste tider.[1] Likevel kan det leggast til meir. Ingemund og Jon Nilsson vaks opp i Etne på Ytre Skjeldal. Dei var søner av Nils T Skjeldal. I 1661 eig Ingemund og Jon like mykje i Grov, nesten halvedelen kvar. Etter kort tid ser det ut til at Jon reiser bort, og Ingemund er brukar på heile Grov. Ingemund var fødd kring 1625 og blei gift med ei dotter av Jon Osmundson Nes i Vikadal. Dette giftet førde han i svogerskap med ei av dei største jordeigarslektene i Ryfylke. Men som me skal sjå kom Ingemund også av slik ætt. Etterkomarane til Ingemund Grov er sidan vida spreidd.

 

Ingemund er eit gammalt namn i Ryfylke og kjent frå mange middelalderbrev, men var nokså sjeldan brukt nå på 1600-talet. Mange har freista å trekke linene frå dei kjente Ingemund-ar – ikkje minst fordi namnet var i bruk i lokale adelsslekter i middelalderen.[2] Kring Sand finn me på 1600 talet Ingemund Osmundson på Tysseland og Orm Ingemundson på Molla med sonen Ingemund på Teig i Sauda. Og på Vetrhus og Bråtveit bur Grovmannen sin namne Ingemund.

 

Grov var ein stor gard og fullt ut odel. I 1617 får me for første gong vita skatteskylda på garden. Skylda ser ut til å veksle frå år til år i ei blanding av smør og korn, men vert seinare fast med 2 laup smør og 1 vett korn. I 1519 finn me Anders og drengen Levard på Grov. Anders må dette året legga ut ein stor straffeskatt. 1521 skattar Levard aleine. Neste kjente mann er Ola som i 1573 skattar saman med ei enke. Ola skattar då som nest største jordeigar i Jelsa skipreie. Så frå 1585 til 1592 er nemnt 2 Sjur-ar på garden. Sjur Sveinson er nemnt i ei tingsak frå 1587, Sjur Osmundson aksjonerar i 1592 saman med andre bønder mot dei geistlige og verdslege autoritetane si rovdrift på laksefiske i Suldalslågen. I 1628 blir det på tinget vist til Sjur (utan farsnamn) som budde i Grov i 1585. Først frå 1603 har me årlege skattelister og då er Paul kommen til Grov. I jordelista for 1617 skattar Paul for 1 ½ laup smør og 3 vett korn i Grov. Det er skatten av heile garden dette året. Men i neste jordelista 7 år seinare får vi greie på at Nils Skjeldal i Etne skattar for 2 laup smør på ”sin kones vegne”[3]. Då vantar berre 1 vett korn, som er om lag 1/8 av garden. Likevel legg Paul Grov same året ut skatt for 1 laup smør i Grov og 1 vett korn i Tysse.[4] Me kan trygt seia at futane fekk bra skatt for Grov dette året, for summen blir nærare 50% over takst.

 

Det har altså i 1624 vore ugreie om skatten av Grov. Dersom dette var ein strid, har utfallet så desidert gått i Skjeldal sin favør, for i 1661 skattar brørne Ingemund og Jon for 15/16 av heile Grov, berre 2 ½ spann korn manglar.[5] Me kjenner barna til Ingemund. Namna på sønene er nærast ei markering av namna på Grov frå 1500-tallet: Svein, Levard, Ola. Det er som ein demonstrasjon tilbake til ”haugkallen” for å visa kven som er rette odelsmannen til Grov. Denne retten har altså gått gjennom mor til Ingemund. Men kven var hu?

 

I skattelista for 1665 kjem det fram at utanom Jon og Ingemund er ”Marta, Anna og Barbra” førde med ½ vett korn i saman. Drange gissar at dei er umyndige barn. Det er dei nok ikkje.          

 

I 1664 kjøper Ingemund Nilsson Grov ½ vett korn i Grov av Bjørn Fidja, Ivar Tørissen, Ola Osmundson og Ola Torkjellson. Dette må ha vore det same godset som dei 3 damene er ført med. Desse personane er:

  • Bjørn Larsson Øvre Fitja i Etne. Han er fødd der og både far og farfar hans dreiv garden. Bjørn sit med odel i Skjeldal og Tendal i 60-åra. Inga etterslekt er kjent i bygdeboka.
  • Ivar Tørrisson Indre Skjeldal i Etne, fødd 1633 på Silda i Etne. Han sit også med gods i Skjeldal. Inga etterslekt er kjent i bygdeboka.
  • Ola Osmundson Topnes på Nedstrand, fødd 1620. I 1665 sel han 18 mark i Skjeldal til Ivar Tørresson Skjeldal.[6] Bygdeboka kjenner berre sonen Osmund.
  • Ola Torkjellson Tendal i Skånevik.

Ola Tendal sin far og Ivar Skjeldal si mor var søsken. 1677 eig Ola 1 laup 9 mark smør i Silda som han er rette odelsmann til.

 

Ola Torkjellson er gift med Barbro Nilsdatter. Dette kan ikkje vera nokon annan enn den Barbro som i 1665 er ført med gods i Grov, Sand. Dei 3 – Marta, Anna og Barbro – som er nemnt i skattelista er venteleg systre. Nå er det 4 personer som sel godset i Grov og som også sit med eigedom i Tendal og/eller Skjeldal. Mest truleg er desse 4 mennene då gifte med 4 døtrer, eller at ein av dei kan vera gift med enkja etter Nils Skjeldal. Bygdebøkene kjenner ikkje namnet på nokon av konene utanom Barbro. Kven Marta og Anna var gift med av dei 4 seljarane blir rein gissing.

 

Barbro hadde først vore gift med ein Tolleiv og hadde borna Sjur fødd 1658 og Mattias fødd 1661 med han (kanskje også døtre). Med Ola hadde hu Torkjell født ca 1665, Britta og Inger. 3.gong var Barbro gift med Mons Sandvik i Skånevik og flytta dit. I 1709 er det skifte etter Barbro. Før Barbro kjem til Tendal, bur Ingemund Nilsson her. Om han heiter det i 1651 at hans fader Sakarias Norheim eigde 3 spann smør i Tendal. Men året etter er Nils Skjeldal nemnd far hans. I 1646 eigde Sakarias Norheim ¾ av Tendal og brukte garden under sin gard.[7] Det er vanleg å kalle Nils Skjeldal bror til Sakarias og at han sidan flytter til Milja i Skånevik. Men Nils skattar for Skjeldal frå 1615 til 60 og kan slett ikkje vera Nils Milja som er fødd i 1624.

 

I 1645 heiter Nils Skjeldal si kone Inger. Dette heiter også ei av døtrene til Barbro og Ola Tendal. Drange fører i Sand II opp to døtre etter Ingemund Grov. Eldst er Ingrid gift til Indre Molla, yngst er Eli gift til Rørvik. Nå veit me at mormor til Eli Ingemundsdotter heitte Eli Knutsdotter og kom frå Stokka i Vats. Ingrid skulle då etter namnereglane vera oppkalla etter farmor. Inger Skjeldal må vera mor til Ingemund Grov.  

 

Nils Skjeldal er i skattelista for 1624 ført med:

Skjeldal 1 laup smør 1 vett korn

Øffre Nes ½ laup smør.

Kvammen ½ pund smør 4spann korn.

De to siste gardane er Øvernes og Kvamen på kvar si side av Stordalsvatnet i Etne. Den andre parten av Kvamen eig i 1624 Orm Mikkelson Sønnanå i Sauda. Nils er ført med alt odelsgods i Øvernes. Men i alle 3 gardane står han saman med ”sine medarvinger”. Det er altså ikkje hans aleine, og det er arva odel – ikkje kjøpegods. Øvernes er etter 1624 ført på folk i Bjoa og Skånevik. I 1646 er Nils åleine ført med same gods i Skjeldal, men no berre med gods i Tendal i Skånevik. Sonen Ingemund bur der frå 1651 til han kjem til Sand.

 

Øvernes i Etne låg øyde i 1519. I 1563 bur Torkjell her. Men frå 1590 til 98 er nemnt Ingemund og 1600-03 står enka Barbra som brukar. Dette er midt i blinken som foreldra til Inger Skjeldal, hu har jo både Ingemund og Barbro blant borna sine. Frå 1595 finst eit brev frå ein annan gard ved Stordalsvatnet; Vinja. Då står ein annen ryfylking fram, ”småkravde mann” Hallvard Saksbjørnson frå Bakka i Suldal, men nå bonde på Eikeland i Vikadal. Han krev odelsretten til Vinja etter morbroren Svein Hallvardson Vinja. Mellom dei 6 lagrettemennene frå Etne som er tilstades er Ingemund Sjurson. Som dei andre lagrettemennene er han nemnd utan gardsnamn. Dette er truleg vår mann. Ingemund Sjurson på Øvernes vitnar i ei anna sak i 1599 at han hadde budd i 30 år på Espevoll i Vikadal. Med dette har me ført Ingemund Grov tilbake til stroka kring Vindafjorden – nett der me finn Ingemund-namnet hos lågadelen i middelalderen.

 

Kven var Nils Skjeldal?

Nils Milja var son til Tolleiv Bjørnson frå stormannsgarden Norheim i Etne nemnt 1605-37, son til Bjørn Oddson Norheim nemnt 1563-1603, son til Odd Tolleivson Norheim nemnt i 1558, son til Tolleiv på Norheim i 1519. Steinar Marvik legg i ein artikkel fram indisiar på at også Nils Skjeldal er son til Tolleiv. Det er likskap i jordegodset med Norheimsfolket og det at Nils Skjeldal sitt bumerke er omtrent identisk med Bjørn Oddson Norheim sitt.

 

Fleire ting kan leggast til som styrker hypotesen. Sakarias Tolleivson Norheim eig i 1646 odelsgodset i Tendal. Då Ingemund Nilsson flyttar inn her i 1651, kallast Sakarias far hans. Sjøl om dette rettast i skattelista året etter, peikar formuleringa på nært slektskap. Det ser vidare ut til at Nils Skjeldal sine born tek over odelen i Tendal. I Nils Skjeldal sitt segl står ein T for fars namn. Tolleiv Bjørnson Norheim var gift med prestedottera Bergitte Nilsdatter Bugge. Dei kjende borna til Tolleiv Norheim er:

*Sakarias Norheim fødd 1595, død rundt 1676. Gift med Anna Jonsdotter av Foss-Tøtlandsætta på Hjelmeland. Han er bonde på Eikrheim frå 1624 og seinare på Sande, nabogardar ved Stordalsvatnet før han kjem til Norheim.

*Lisbet Hauga i Jøsenfjorden fødd kring 1600 gift 1622 med Odd Jonson frå Foss-Tøtland.

*Anna Ve fødd kring 1605 gift med Tørres Sjurson frå Ve i Etne

*Anna Høyland i Etne, gift med Tjerand Toreson frå Fossa i Etne.

*NN gift med Bernt Nilsson Frønsdal i Ølen

*Bjørn Helgeland (Fjellet) i Sandeid fødd 1620. ( I manntallet for Vikedal i 1664 er han sett til 53 år i 1664 og skulle då vera fødd i 1611). Gift til garden.

*Nils Milja i Skånevik fødd 1624

*Johannes Erøy i Erfjord fødd 1624-26. Han blei gift inn i Bjørheim- og Blank-ætta.

*Jon først på Norheim, sidan Skjold i Etne. Død 1666. I 1646 er Jon Norheim ført som eigar av halve Norheim. Den andre halvparten eigde broren Sakarias. Jon må dermed vera eldre enn broren Nils Milja, kan henda også eldre enn broren Bjørn sidan han får part i hovudbølet Norheim.

 

Nils er på Skjeldal alt i 1615. Han må då seinast vera fødd i 1595, helst noko før. Dyrvik meiner at Bergitte Nilsdatter er fødd kring 1580. Om dette er rett kan hu ikkje vera mor til Nils Skjeldal, også knappest mor til Sakarias. Spennvidda i alder frå Sakarias til Johannes Erøy er om lag 30 år. Dersom Bergitta var 20 år då Sakarias blei fødd, vil hu vera 50 når Johannes kjem. Det er ein svært lang fertilitetsperiode og reiser spørsmålet: er Bergitta mor til alle borna? Hu er utvilsamt mor til dei yngre borna. Nils Milja sit for eksempel med jordegods i Milja som var gods som kom frå Bugge-familien. Var Tolleiv Bjørnson enkemann då han gifta seg med Bergitte? Bergitte blir i folkemålet til Britta og Sakarias har ei dotter med dette namnet. Men Britta var også eitt av dei vanlegaste kvinnenamna på den tida. Tolleiv Bjørnson blir i ei tingsak omtalt av Tore Nernes som ein svært gammal mann. Han dør i 1637. Faren Bjørn er bonde på garden alt i 1563 og Dyrvik trur at Tolleiv er fødd kring 1565. Kanskje er han eldre. Det er svært lite truleg at sonen i ein så rik jordeigarfamilie ikkje gifter seg før i om lag 40 års alder. Heitte ei første kone Anna, sidan han har to døtre med dette namnet?

 

Eg kan ikkje sjå at noko jordegods som Nils Skjeldal er ført med er blant dei mange eigedomane som presten Hans Nilsson Bugge skattar for i 1624. Men han og borna hans får etter 1624 hand om gods i Tendal der Karen Bjørnsdotter frå Norheim, søster til Tolleiv, er ført med 1 spann smør i 1624 og der Sakarias Norheim i 1646 skattar for alt odelsgodset på ¾ laup smør.

 

Eit anna indisium på at Nils Skjeldal kan vera son til Tolleiv Norheim finn me hos Nils Tolleivson Milja. Nils Milja eig og i Skjeldal og dei 2 Nils-ane må ha hatt ein god del med kvarandre å gjera. Nils Milja sin eldste son heiter Tolleiv etter farfar, men den nesteldste heiter Nils. Nils Milja var gift med Marita Johannesdatter, så hennar far er ikkje oppkalla her. Denne Nils Nilsson er fødd kring 1661 like etter at Nils Skjeldal er død. Nils Milja kan ha oppkalla den døde bror sin.

 

Endå eit indisium er at ein av Nils Skjeldal sine svigersøner (eller gift med enka hans) slår seg ned på Topnes på Nedstrand. Sakarias Norheim eigde i Topnes, gods som han fekk med kona si og som han seinere sel tilbake til Tøtlands-folket. Sakarias og Anna hadde 4 born ved skiftet i 1670. 2 av desse gifta seg til Sand-soknet. Slik langvegs kontakt vil vera naturleg dersom det alt var tilknyting til nabolaget.    

 

Eit problem står igjen. Nils Skjeldal er i 1624 ført med eit betydeleg jordegods, dels heiter det at dette er med medarvingar, dels heiter det at det er konegods. Berre 2 av dei 4 gardane som er nemnt i 1624 har Nils sidan og minst 2 av dei er plasserte som kona sin odel. Nå er Tolleiv Bjørnson fullt oppegåande i 1624 og sit framleis med sin eigen odel, så kven kan desse medarvingane i 1624 vera? Me må tru at også Tolleiv Norheims mulege første kone kom frå jordeigarslekt. Nils Skjeldal vil då alt i 1624 ha krav på arv etter mor si og hennar slekt.

 

                                  

Orm Ingemundson Molla og Paul Grov

 

Er det muleg å trekka band frå Ingemund Grov til andre Ingemund-ar i sokna? Den store jordeigaren Orm Ingemundson på Molla frå 1600 er nett nemnd i samband med Molla i gammal tid. I 1628 stemner Sjur Fløgstad Orm Molla for arvepart etter morfar sin. Denne morfaren som ikkje er nemnt med namn er også Orm Molla sin farfar. I denne striden mellom syskenborn legg Orm Molla fram ein ordskurd – juridisk betenkning - frå lagmannen i Stavanger frå 1585. Sjur i Grov ba den gongen om denne ordskurden som sa at ektefødd og samfedre soneson skulle arva før dotterson. Om denne Sjur er Sjur Osmundson eller Sjur Sveinson seier teksten ikkje noko om.

 

Kvifor skulle Orm Molla sitja med denne ordskurden frå Grov 40 år seinare? Kan Sjur i Grov nett vera denne farfaren dei stridest om arv etter? I så fall kan dette tyda på at Orm Ingemundson Molla er morbror til Ingemund Nilsson Grov. Men 2 av borna til Ingemund Grov, Inger og Levard, gifter seg med 2 av barneborna til Orm Molla. Slike 3.menningsgifte var forbode. Ein måtte søkja kongen om lov. Og nett slikt brev hadde paret som gifta seg like etter Inger Ingermundsdotter i Sand-sokn. Men korkje for Levard eller Inger har eg funne noko slikt brev. Like vel er ikkje dette eit avgjerande bevis. Kongebreva syner at det er særs ujamt kva som finst i dei kongelege arkiva på denne tida. Faktisk har Stavanger bispedøme ein sers høg prosent av desse kongebreva, men då serleg lenger sør – i Hjelmeland og Ryfylke-øyane og Sokndal i Dalane. Frå Indre Ryfylke er det lite og grannelaget i nord i Etne og Skånevik er nærast kjemisk fritt for slike gifte skal me tru arkiva. Her finst nok langt fleire nære gifte. Likevel gjer desse giftemåla at me må setta eit stort spørsmålsteikn med denne hypotesen. Slektskap er det nok. Orm Molla eigde garden Indraland i Vats slik at også han har band til Vindafjord.          

 

Kva så med Paul Grov som sit med nær heile Grov i 1617 og som skattar for halve Grov i 1624? Eldste son til Paul heitte Svein og me minnest at Sjur Sveinson var på Grov før 1600. Ernst Berge Drange peiker på at denne Svein ser ut til å spela ei viktig rolle som medhjelpar til presten. Andre kjende sonen var Paul. Paul Paulson giftast til nabogarden Foss. Han vert drepen av Ola Hiim. Paul har blant anna sonen Ola på Foss. Ola Paulson gifter seg med ei Hallvardsdotter frå Ritland. Ola har ei rekke born, mellom dei er Levard og Ingemund som er typiske Grov-navn. Desse namna kan vanskeleg forklarast ut frå namn i koneslekta til Paul Paulson og Ola Paulson Foss. Korleis dette enn er, så fell både Paul og sønene hans bort frå Grov. Paul Grov eigde som kjent 1 vett korn i Tysse i 1624. Dette er knappast Tysse i Erfjord. Tysse – som gardane elles i den delen av Erfjord – vart ikkje rekna som korngard og skatta derfor i smør. Dessutan kan alle eigepartane i Tysse i 1617 finnast igjen i skattelistene for 1624. 2 personar la ikkje inn skatten på det lokale tinget i 1624, men drog til Hesby fjerdingsting som var seinare på året. Det var Paul Grov og Karen Lauritsdotter. Karen var frå den store lågadelsætta på Valo i Kvinnherad og hadde vore gift med Jakob Jørstad. Han var no død og då valde Karen å bu på hovdingesetet på Aukland på Ombo hos Ola Jonson og Margareta Bjørnsdotter. Margareta var frå Norheim i Etne og faster til Nils Skjeldal og Sakarias Norheim. Hos Margareta og ingen andre ville den gamle Karen bu, sa hu. Karen skattar i 1624 for garden Tysse i Sunnhordland len. Paul Grov skattar altså i ein gard med same namn. Det er difor mye muleg at også Paul Grov eller kona hans har røter i Sunnhordland.          

 

På Helland kjem Tørris Ivarson i 1670-åra. Namnet i seg sjøl er framandsleg. Det gamle namnet Torgils vart i Indre Ryfylke til Torjus, men lenger vest og i Sunnhordland vart det gjerne til Tørres. Drange undrast om han kan vera son til Ivar Tørreson frå Skjeldal. Og det må vera godt gissa. Han må vera systerson til Ingemund Grov. Han gifter seg med enka etter Bjørn Helland som sit med gods i Åsarøy og må då sjøl eller gjennom kona vera av Tøtlandsætt sidan dei eigde Åsarøy. Og me har sett at farbror til kona til Ivar var Sakarias Norheim som var gift inn i Tøtlandsætt. Me må tru at det var slikt kjennskap som fekk Ivar til Helland.

 

Men Ingemund Grov møtte og andre nærskyldingar på kyrkjebakken. Han kunne nikka familiært til lensmann Daniel Vanvik som var gift med syskenbarnet hans – Anna Sakariasdotter frå Norheim. Og han kunne helsa på folket på Hauga der kona frå Fatland før hadde vore gift til Norheim med bror til Anna Vanvik. Hauga-kona var lensmannsdotter etter syskenbarn til Daniel Vanvik. Seinare kom Lars Gunnarson flyttande til Hauga frå Høyland i Etne då han gifte seg med enka Mari Torkjellsdotter.        

 

                                   Gammalt samband mellom bygdene.

Sambandet til Sand sokn og Sunnhordland ser ut til å vera omfattande. Går me litt lenger tilbake i tid har me få personalopplysningar frå kjeldene. Men i 1624 kom Jens Skeie til å drepa mannen på Hauga – Svein Aslakson. Den drepne var frå Milja i Skånevik og hadde gifta seg til Hauga. Faren var til stades under rettssaka som fylgde. Fleire ting tyder på at Svein Hauga og faren Aslak høyrde til den same ættekrinsen som andre sunnhordlendingar nemnt i denne artikkelen. Men frå tingbøkene for Sunnhordland kjem det fram ei særs interessant sak. I ein strid mellom nabogardane Norheim og Nernes i Etne kjem det fram at Nernes fram til 1566 var eigd av Norheim. Men dette året bytta dei bort Nernes og gardane Nes og Vinja i Ryfylke len til domkapitlet i Bergen mot å få Eikrheim på andre sida av Storvatnet. Eikrheim var ein mindre gard som låg øyde på denne tida så Norheimsfolket må hatt mindre partar i Nes og Vinja – eller i øydegardar som blei brukt under desse gardane. Det er fleire Nes og nokre Vinja-gardar i Ryfylke, men dei som peikar seg ut er Nes i Saudasjøen og Vinja i Suldal som både seinare låg til presten i Suldal. Halsnøy Kloster eigde frå middelalderen ein part i Sand laksefiske på den gamle garden Faksstad. Det vert rekna at Erling Skakke frå Støle og Sævareid (Kyrping) i Skånevik skipa Halsnøy kloster og la mykje av sitt eige gods til klosteret. Me veit og at son til Erling Skakke og halvbror til kong Magnus Erlingson, Sigurd jarlson låg i Stavanger då det store slaget sto i Florvåg ved Bergen der birkebeinane vann ein stor siger. Sigurd (seinare vart dette til nemnet Sjur) flykta då frå kong Sverre over Vinje i Telemark. Den flukta må ha gått om Sand sokn. Dette peiker på eit tilhøve mellom Etne og Sauda/Suldal som går så langt tilbake i tid som me kjenner til og som vart halde i hevd av blant anna ætta på Norheim.          

                                              

Eldar Myhre

Norvald Frafjordsgt. 7 D

4041 Hafrsfjord



[1] Ernst Berge Drange, Sand II fra side 322

[2] Særlig Einar Balle i ÆH 1989, Ingemund-ætta side 155-174

[3] Odelsskattelista for Sunnhordland 1624

[4] Odelsskattelista for Ryfylke 1624, siste fold

[5] Odelsskattelista for Ryfylke 1661

[6] Sunnhordland Tingbok 1666 s38b. Takk til Inge-Johan Aursland som ga meg denne opplysningen

[7] Anders Haugland Skånevik IV, Tendal side 96-98