Suldal sogelag

Av Trygve Halvorsen

 

Sands upolitiske arbeidarforening blei stifta 5. februar 1911 og nedlagt 11. januar 1913.
Den første formannen var Sven J. Eide, og laget hadde på årsmøtet 1. januar 1912 11 medlemmer. Årsmøtet, der det var 6 frammøtte medlemmer, valde då følgjande styre: Th. Halvorsen (formann), Ola Tjøstem (nestformann), Henrik Baardsen (kasserar), Knut og Jørgen Jørgensen. Årsmøtet slutta med von om å freista å halda laget oppe endå ei tid, og dei klarte det til 1913. Kassen blei då delt slik: Sand Venstreforening kr. 5,00, Sand Sanitetsforening kr. 5,00 og kasserar Henrik Baardsen 44 øre. Han fekk også lampa som foreninga hadde kjøpt. «Han tala um aa byta soleis at han tok vor lampa og gav ei gammal si istaden til aa hengja der paa kommunelemen.» Th. Halvorsen fekk møteboka og foreningsbladet «Arbeidaren». «Hermed trur me paa beste maaten aa hava skildt oss av med Sands upolitiske arbeidarforening.»

 

Møtet søndag 28. januar 1912:

Frå foreningsbladet «Arbeidaren»:

«KOSS BØR ARBEIDARANE STILLA SEG TIL KYRKJESPURSMAALET?
Som ein veit er det no ei sterk rørsla innan det kyrkjelege. Kyrkjefolket hev skift seg i tvo store partier.
Det eine held på at kyrkja bør skiljast ifraa staten, med det andre vil halda paa den gamle ordning. Kyrkja samanbunni med staten.
Venteleg kjem dette spursmaal til aa ikkje hava so lite aa segja i det komande stortingsval. Kva vil no størsteparten av dei norske arbeidarar svara? Det kann nok vera mykje som talar for at kyrkja no bør løysa seg ifraa riksherredøme. Men dei norske arbeidarar bør ikkje velja for snøgt her. Statskyrkja er so fri, og so vent styra hjaa oss no, at det etter mi meining beintfram er narreskap aa brota bandet. Paa stiftsmøte i Stavanger var sant nok fleirtalet for løysing. Dei som møtte der var berre prestar og lækfolk.
Kva vil no arbeidarane segja? Skal me vaaga aa røysta for aa faa kyrkja laus ifraa staten, og saa skipa ei fri folkekyrkja som t.d. i Amerika og Skottland. Skal me vaaga at vaare folkeskular kann verta utan religion. Vaagar me aa kunna halda serskilde religionsskular for borna, sorn berre maatte flota paa gaaver fraa kyrkjefolket. Eg meinar nei.
Løyser kyrkja seg ifraa riksstyret so ligg det nær aa tru at den norske stat ikkje vil kosta nokon religion paa folkeskulen. Det vert ei sak som kyrkja fær taka seg av.
Og trur so nokon at serlydarne daa vil døy burt. Nei, daa kann ein med større rett tenkja at det vert eit endaa verre Babel enn det er. Derfor vil eg segja som ein avliden biskop sa eingong: «Er du god nok for statskyrkja, so er daa sanneleg kyrkja god nok for deg.» Lat oss faa eit sokneraad, kyrkjeraad, som hev røysterett i vonde spursmaal som presteval osv. Fær me det er vaar statskyrkja eit mynster.
Arbeidarar gjev dei stortingskandidatar røysti som held paa vaar kyrkja i samband med rikstyret. Det skal syna seg at ogsaa arbeidarane er best tent med det.
Religionsmann.

 

Det nye medlem
som paa siste møte vart innskrivi vil eg helsa velkomen i laget. Det er eit godt tidsteikn aa sjaa at søner av store menn kjem inn i vaart arbeidarlag. Det syner at standsskilet i samfundet held paa aa jamna seg.
Embætsmenn, borgar og arbeidar benkjast no sida um sida kring i salarne. Menneskjeretten hev vunne eit hovudslag som vil vera til gleda og nytta for heile verdi.
Dei store i samfundet som er med aa setja dette samfundsgode i verk skal vyrdast blant deibeste kulturberarar paa jordi. Fridom for Loke sovel som for Tor!
Eg fyreslaar at me ropar tri gonger hurra for Johannes Rasmussen.
Hurra, hurra, hurra ! !!»

Bladstyraren.

 

Frå styreprotokollen:
Formannen gav det nye medlem av laget ei helsing, og velkommen i Sands upolitiske arbeidarforening. Dernest fyreorda han um dette emne: Koss bør arbeidarane stilla seg til kyrkjespursmaalet? Bra ordskifte.
Det nye medlem, Johannes Rasmussen, heldt sin jomfrutale med aa lesa eitpar stykkje skrivi av Garborg, og etterpå las han ein god stubbe or eit blad.
Tilslutt litt samrøda um ditt og datt.
Det vart samrøystes vedteke at formannen skulle innleda neste møte og. Emne:»Husfliden.»
5 medlemmer frammøtt. Neste møte um 14 dagar.»

 

Love for Sands upolitiske arbeidarforening.
§1.Sands upolitiske arbeidarforenings formaal er at virke for oplysning om egne og samfunds gavnlige ting. Utredning av sporgsmaal, som er oppe i tiden; serlig de som angaar arbeiderklassen.

§2.Ret til at bli medlem har enhver arbeider, der har fyldt 15 aar.

§3.Kontingenten er kr. 1,00 pr aar og betales forskudsvis.

§4.Styret, der vælges paa aarsmøte, som holdes i januar maaned, skal bestaa av 5 medlemmer.Formand, nestformand, kasserer og 2 andre medlemmer.Dessuten vælges 2 supleanter til styret.

§5.Styret har at sørge for at skaffe forsjellig slags underhaldning.

§6. Medlemsmøte holdes minst en gang maanedlig. Ekstra-møter holdes naar formanden, eller naar minst 10 medlemmer forlanger det.

§7.Ønskes en eller flere paragrafer strøgne eller forandrede, kræves minst 2/3 av medlemmerne.

§8.Oppløses foreningen, skal dens midler hensettes i en bank. Stiftes der en ny arbeiderforening, tilfalder midlerne den.