Suldal sogelag

trolldom lite

 

For hundre år sidan, i 1911, ga folkeminnesamlaren Torkell Mauland ut boka Trolldom. Boka tek føre seg alle dei trolldomssakene som vart førde for retten i Rogaland på 1600-talet. Ikkje få av dei gjeld folk frå Suldal, eller som oppheldt seg i Suldal. I Gamalt frå Suldal vil me framover gi att dei kapitla som gjeld Suldal, i same kronologiske rekkefølge som i Mauland si bok, og med uendra målform.

 

Trolldomsakene gir eit underhaldande, men skremmande innblikk i ein del av Suldalssamfunnet i ei ikkje altfor fjern fortid. Rykter, bakvasking og nabokrangel vart blåste opp til svære dimensjonar. Bygdedyret gjorde seg gjeldande den gong som nå, med bål og brann som ytterste konsekvens.

 

Torkell Mauland (1848 – 1923) var odelsgut i Time, men valde læraryrket. Alt som 14-åring gjekk han på lærarskule i heimbygda og vart etter det lærar i Time. Han hadde m.a. Arne Garborg som elev. I perioden 1875-91 var han rektor ved den "flyttende amtsskolen i Ryfylke", og samla då m.a. inn folkeminne i Suldal. Han gav ut ei bok om Jelsa-prestane i 1910-11, og etter at han var død, vart folkeminna hans frå Rogaland gjeve ut i tre band (1928-35), også desse med mykje godt Suldals-stoff.

 

Rune Roalkvam

 

 

 

 

 

 

 

Birgit Berge

var fødd og ali i Sætisdalen, men budde paa Berge i Suldal. Der hadde ho fenge det ordet paa seg at ho fór med trolldom, og mange var rædde henne. Til hausttinget 1625 hadde Rasmus Herabakka stemnt henne til aa høyra paa prov og vitnemaal um nokre ord som hadde falle fraa henne i eit gjestabod paa Vinje, prestagarden.

   Tore Vidvei vitna at han sundag fyre jol aaret fyrr var innbeden til presten; han heldt barsøl paa Vinje. Daa um natti kom Rasmus og Birgit til aa røda saman, og han høyrde at ho sa: „Eg vil klæda av deg klædi og faa dei paa deg att."

   Jens Olavsson spelemann var det andre vitnet. Han hadde ikkje høyrt stort av det som Rasmus Herabakka og Birgit tala seg imillom; for han laut agta spelet. So mykje hadde han daa høyrt, at Rasmus kalla henne ei trollkjetta, og daa ynskte ho at hennar klæde hadde vore skorne soleis som hans.

   Torgeir Helganes var stemnd til vitne; men 2 mann, Knut Straapa og Siver Foss, kom fram og vitna at han hadde vorte sjuk paa vegen til tinget, so han ikkje kunde koma. Til deim hadde han sagt at han og Birgit maatte vel hava sak i hop; for ho hadde lova'n vondt, og som ho hadde lova, hadde han fenge det.

   Knut Tjørdal vitna at Steinar, son hennar Birgit, hadde leigt Saltveit‑stølen av honom fyr tvo aar sidan, og daa hadde det falle nokre ord millom honom og Birgit. Ho hadde m. a. sagt: „Du skal fara ei Fandens ferd". Den fyrste dagen etter miste han ein bukk, og den andre dagen ein kalv; den tridje dagen var det ei geit som reiv kidet undan seg, og den fjorde dagen for øksi hans av skaftet, so han skamhogde den eine foten.

   Orm Vik var grannen hennar Birgit; men han hadde ikkje yore i nokor trætta med henne anna en um beitet.

   Birgit Berge skaut til maals paa tinget og bad aalmugen segja korleis dei hadde kjent henne, og um dei visste av noko ustykke ho hadde gjort.

   Tingfolket svara at ho ei lang tid hadde vore namngjeti fyr ei ymte-kvinna, og i drykksmaal var ho fælt uttalande; men gjerningar fekk dei vitna um som kjende til deim.

   Futen sa Birgit fyre at ho skulde taka skotsmaal fraa Sætisdalen, og sameleis paa Vinje (= Suldals) kyrkjegard. So fekk dei spyrja upp fleire vitne og taka saki upp atter naar det høvde betre.

   Paa hausttinget aaret etter greidde ho ut at ho og Rasmus Herabakka laag i trætta um ein støl. So meinte ho at tapte han saki og miste stølen, so miste han ei kufta, og let ho han faa hava stølen, so var han i klædi atter. Anna hadde ho ikkje meint med det ho tala i prestagarden um klædi. Det gjorde ho eiden paa, og ho lova at ho skulde fara sømeleg aat. Dermed fall saki burt.

 

Njell Drageson

Han var visst komen fraa Røldal fraa fyrste tid; men han hadde butt mange aar paa ein gard i Saud(ar) skipreida (i Hylsfjorden?). 1627 vart han dømd paa Saudar-tinget til aa bøta 10 dalar til kongen, av di han hadde krasa den eine armen hans Olav Grov i Røldal.

I 1640 budde han paa Sørstad i Suldal, hadde bytt seg til gards fyr ikkje mange aar sidan. Han var ein velstands-mann og aatte gods i ymse gardar.

Det aaret klaga suldalspresten Rasmus Mikkelsson paa honom at han var trollmann. Han hadde vorte usamd med presten og lova at han skulde faa lika fyr aatferdi si. Prestkona skulde hava barn, og det gjekk so hardt til at ho var mest inne i dauden. Barnet var daudfødt, og sidan hadde ho fenge minst eitt daudfødt barn til. Dette skulda presten Njell Drageson fyr. Han var stemnt til lagmanns-tinget 16/6 1640.

Der kom Aasmund Nordmork fram og vitna at Njell Drageson hadde vore hjaa deim fyr 4 elder 5 aar sidan, og daa kom dei til aa tala um ein hatt som presten hadde fenge fraa honom, men ikkje gjeve noko fyre. Det skulde verta presten ein dyr hatt, sa Njell; det høyrde kona hans og.

Lars Njærheim fortalde um Njell Drageson at han hadde vore paa Nordmork ein gong, og daa kom dei til aa tala um prestkona, at ho hadde fare so illa daa ho laag paa sengi. „Det fór vel det; Fanden kreistar mor si," hadde Njell sagt. Men hadde presten havt vit til aa gjeva honom noko, so skulde ho sloppe lettare, sa han; for han hadde ein løysnings-linde. Dette hadde kona hans Aasmund Nordmork sagt til presten og medhjelparane i kyrkja. Han hadde sjølv høyrt paa det.

Haakon skreddar var fødd i Gottenborg, men han hadde butt i Suldal daa eit tjug aar. Fyr 6 aar sidan hadde Njell Drageson vore heime hjaa honom, og daa kom dei til aa røda um den hatten som presten berre hadde gjeve ein ringe ting fyr; men kona skulde faa lida fyr det naar ho kom i barnseng, hadde han sagt. Skreddaren hadde kome i trætta med Njell um ein skogteig, og sidan han kom uppi den trætta, hadde det gjenge gale fyr han paa alle vis. Han høyrde paa Njell og Aasmund Nordmork daa dei var i hop. Daa sa Aasmund til Njell: „Du veit du hev fenge ord for ei trolldoms sak som du ikkje hev fenge fraa deg enno; du kann taka vitne paa det eg segjer, um du vil." Til dette tagde Njell. „Ja daa skyt eg til vitnes, " sa Aasmund; „Haakon skreddar og Kjetell Jordebrekk som sit her, skal vera mine vitne." Fyr eit aar sidan hadde skreddaren yore paa Braatveit, og daa høyrde han at Tormod Braatveit sa til Njell: „Du vert visst spurd um den boki du hev. " Ho er longe brend, ho," svara Njell.

Margit Askellsdotter vitna at mannen hennar hadde kome uppi ei trætta med Njell Drageson. So var det ein gong fyr ikring 6 aar sidan at ho sat i utdøri i Hylen (det var der dei budde), og fekk sjaa at Njell kom gangande. Med same ho saag honom, fekk ho vondt. Ho laut til sengs og fór illa sidan. Ikring eit aar etter kom Njell til deim atter. Daa sa han til henne: „Du skulde ikkje site i døri den gongen. Det var ikkje etla deg, det vonde som du fekk; det var mannen din som skulde havt det. Det var synd um deg; ein annan gong skal det ganga betre." Og det hadde gjenge betre, naar ho sidan fekk barn. Men Njell hadde sagt til henne at det skulde ganga illa med alle folk som vilde trættast med honom; for han var ein speleg kar.

Aasmund Nordmork kom fram og vitna ein gong til. Han laag og hadde vondt fyr 12 aar sidan. Daa bad han Njell Drageson gjeva honom raad fyr ryggverk. Han skulde faa ei tunna tjøra og ein sele, dertil ein dalar og ei langskjeft øks fyr umaken. Njell tok ei klypa med salt og lagde paa ein borddisk; so sat han og hakka i det med ein kniv. Daa han hadde fenge det smaatt, tok han noko av det og gav honom og sa han skulde halda det i munnen til det braana; daa skulde han strjuka seg yver ryggen med det. Han gjorde so, men vart ikkje god av det. - Njell Drageson vedgjekk at han hadde gjenge til Aasmund, og at han ikkje kunde hjelpa honom. Kva han gav honom, vilde han ikkje ut med. Tjøretunna og selen fekk han; men øksi og dalaren hadde han ikkje fenge endaa.

Haakon skreddar fortalde um Leiv Straapa at han skulde gjeva Njell Drageson ein kjel, for han skulde gjera versyster hans god fyr ein andvekst (eit oksl) som ho hadde paa kroppen, og som ho døydde av sidan. Dette skal finnast i tingboki. - Njell sjølv vedgjekk at dette kvinnfolket hadde vore hjaa honom 8 dagar; men han kunde ikkje gjera henne betre. Fyrst sa han at han bruka ingen ting paa henne, men sidan kom han i hug at han hadde bruka orma-ister og bjørna-ister.

Tore Sørstad hadde kome i trætta med Njell Drageson fyr eit aar sidan, fyr skuld jordabyte; han hadde ingen hug paa aa faa honom til granne, sidan han hadde slikt eit trolldomsord paa seg. Natti etter dei hadde trættast, fekk han so vondt at han gjekk reint fraa vitet. Han fór ut i marki i berre skjurta, og visste ikkje kvar han gjekk. Daa visste kona hans ikkje onnor raad en aa ganga til Njell midt paa natti. „Mannen min hev fenge so vondt sidan de kom i hop og trættast, og no veit eg ikkje onnor raad en at du lyt av stad og leita han upp atter", sa ho. Daa svara Njell: „Gakk pokker i vald, di sladre-taska, eller so slær eg deg so du skal liggja paa marki. " Daa gjekk ho sjølv og leita etter mannen; men ho fann han ikkje. Drengen deira fann honom. Etter den tid hadde mannen aldri havt helse-dag ; men fyrr var han sterk som ein annan mann. - Elles kom det skrymt paa garden med same Njell kom dit. Tri vendor hadde det yore i ferde med eit av borni deira som var 8 aar. Det barnet hadde endaa ikkje helsa. Joletider fekk barnet sjaa tvo svarte spøkjelse, som kom ut or forstova hans Njell; dei saag ut som hundar eller kattar, og fór og søkte etter barnet. Det sette i aa skrika med ein gong, og daa kom foreldri ut og berga det. Kona hans Njell hadde sagt til kona hans Tore at ho laut koma i hug aa halda seg paa den minste enden. Dei hadde ikkje havt heppa med nokon ting, so lengje Njell hadde butt paa garden. Vantrivnad og møda hadde det yore med alt.

Eivind Haugen hadde ein gong vore i gjestabod hjaa Njell Drageson. Daa var det mange som vart fulle, og dei hadde ei bok millom seg. Eivind spurde Njell um han ikkje vilde lesa eit stykke. Daa svara han : „Um eg vilde lesa so kunde ikkje du skyna det. Det er ei underleg bok; ein kann maalbinda ein mann naar ein les i ho.

Aamund Lunde og Jakob skreddar hadde tala med Olav Selland og kunde segja kva han hadde fortalt. Njell Drageson kom ein gong til Selland og sa til Olav : „Vilde du gjeva meg eitkvart, so skulde du rett hava heppa paa den jordi mi som du brukar." (Dette sa Njell Drageson at han hadde sagt berre fyr moro.) Olav Selland hadde fortalt at Njell sa det til honom: „Kjetel Jordebrekk er og leiglending under meg ; han gjev meg noko, og so hev han noko. Men Ingeborg Haugen i Røldal ho hev ingen ting, so gjev ho meg ingen ting, og fær ingen ting.. No hev du Olav 2 eller 3 bukkar ; vilde du gjeva meg ein av deim, so skulde du faa heppa ; elles fær du vanheppa. " Sidan miste han bukkaine sine. Dette gjorde dei eiden paa.

Njell Drageson sa at alle desse provi var ovunds-prov ; dei sa ikkje det som sant var. Og denne ovund kom seg ikkje av anna en trætta um aaker og eng, sa han.

Saki vart utskoti til krossmesse-lagtinget. Til den tid skulde futen senda inn alt det som fanst i tingbøkerne um dei frie kunsterne hans Njell. Og so skulde Olav Selland og Leiv Straapa greida ut paa heimetinget um det som her var vitna um deim.

Krossmesse-dagen (14. september) heldt dei lagmanns-ting paa raadstova i Stavang. Presten Rasmus Mikkelsson i Suldal hadde ikkje møtt fram ; han hadde fenge ein annan i staden. Njell Drageson var heller ikkje komen ; han sende Drage Njellsson, sonen, i sin stad.

Kva dei daa fekk høyra or tingboki fraa Suldal, kann me ikkje segja ; tingbøkerne fyr dei aari er burte. Men til lagmanns-tinget sende Njell det bodet at vitnemaali mot honom ikkje var „rukkelause" ; dei var komne av ovund og hat. Lagmannen og retten fann det daa klaart at han hadde truga prestkona i Suldal paa livet ; han hadde beint fram lova henne at det skulde ganga betre um ho vilde gjeva honom eitkvart. Presten kunde fortelja at ho gong paa gong hadde fenge daudfødde born.

Elles visste lagmannen mange ting som tala imot Njell, umframt det som hadde kome fram i vitnemaali. Til tvo ting hadde han ikkje vaaga seg fram og svara til si eigi sak, men heldt seg i skugg og skjol og bar paa den maaten saki med seg, som det stod i logi

So fall domen.

Njell Drageson skulde fyr dei løynlege kunsterne sine og fyr onnor skjemdar-aatferd hava forbrote fe og fred. Sjølv skulde han ryma kongens land og rike og baae fyrstedømi. Fyrr 8 dagar var lidne etter domen hadde vorte lesen paa Sørstad so einkvar av husfolki hans høyrde paa det, skulde han vera ute or fylket.

Aasmund Nordmork som sjølv visste at Njell Drageson var trollmann, og endaa hadde søkt hjelp hjaa honom, skulde lida fyr det etter loglegt søksmaal.

- Den 24de november det same aaret var det ting fyr Suldals skipreida paa Sand. Daa hadde futen stemnt Kristi Olavsdotter, kona hans Njell Drageson, og vilde høyra kva odels- og pantegods ho aatte daa dei vart gifte. Det var Haugen i Røldal det, 1/2 laup smør, sa ho. So sa futen baade henne og dei som kunde hava eitkvart aa krevja i buet, til at dei fekk møta paa Sørstad den 12te april til vaars, daa skulde det vera skifte.

Daa dagen kom var skrivaren paa Sørstad, og futen møtte upp og skulde „annamma og taka" det som fall paa mannen. Naar dei so hadde drege ifraa all skuld og rest paa skattar, vart det paa hans part av pantegodset og lausøyra 23 rd. ½ 2 ort og 10 skill. ; attaat dette var det odelsgods 2 pund smør i Sørstad. Den gongen fall det ein klatt paa kongen. Elles var det jamnast fatigfolk som vart dømde fyr trolldom ; men i Sørstad-buet fekk dei i alt 73 rd ½ 2 ort 10 skill.

6 aar etter kom denne saki inn fyr herredag i Oslo. Njell Drageson hadde stemnt inn lagmannen Andres Matsson fyr domen, og han klaga paa at presten hadde stemnt saki fyr lagmannen og ikkje til hans eige verneting. Herredagsdomen gjekk ut paa at lagmannsdomen skulde gjelda, sidan det ikkje var klaga paa den same innan 3 aar var lidne.

Kvar det sidan vart av mannen, kann ikkje eg segja.

 

Rasmits Mikkelsson var sokneprest i Suldal 1616-1650. Med 2dre kona si, Elen Jonasdotter, skal han ha havt 9 born.

 

***

 

I Gamle Suldal er Nils Drageson omtala under Sørestad 17, s. 299-300. Det er liten tvil om at han var son til Drage Nilsson som var fut i Telemark 1592-1608 (Asgaut Steinnes i Ætt og Heim 1969 s. 17). Han var gift med Kirsten Olsdatter, og ein son Drage er nemnd 1640.