Suldal sogelag

Om Odde Byen og litt om den kjøtetande hesten frå Hamrabø

 

Av Rune Roalkvam

 

 Under studietida i Bergen på 1970-talet slappa eg av med kriminalforteljingar innimellom slaga. Ein kveld eg sat med Alistair MacLean si bok «Bear Island» (Bjørnøya), dukka eit kart av denne øya mellom Spitsbergen og Finnmark opp på ei side. Som geografistudent var eg glad i kart, men stor var overraskinga då eg oppdaga stadnamnet Kapp Roalkvam på søraustsida av øya, på sørspissen av Måkeholmen. Roalkvam på Bjørnøya! Kven hadde sett det namnet? Ein fjern slektning som hadde drive i land på denne gudsforlatte utposten i ishavet?

 Boka fekk eg aldri lese ferdig, og det gjekk 30 år før eg fekk det føre meg å nøsta opp i dette. Med dagens teknologiske hjelpemiddel måtte det vera råd å finna ut korleis eit nes på Bjørnøya fekk det flotte namnet. Eg såg for meg eit møysommeleg detektivarbeid for å løysa gåta, men det var gjort på to dagar.

 Ved å googla på *Roalkvam* og *Bjørnøya* dukka det opp ein referanse til eit brev frå «Mr. Roalkvam, Tromsø» til det norske geofysiske institutt om dei vanskelege seglingstilhøva ved Bjørnøya. Dette måtte vel vera den Roalkvam som hadde sett namnet sitt på Bjørnøya-kartet. Søk i folketeljingane ga ikkje noko funn av Roalkvam i Tromsø, så då var det berre å senda ein mail til Polarinstituttet i Tromsø.

 Dagen etter kom svaret:

 "Norsk Polarinstitutt har en navnedatabase der opprinnelsen til navnene er beskrevet. Denne basen kan du finne ved å gå til http://miljo.npolar.no/placenames/pages/searchN.asp Her vil du finne at navnet kommer fra Odd Roalkvam, opprinnelig fra Suldal. Jeg fant en avisartikkel og et par nekrologer som jeg skal ta kopi av og sende til deg.

 Med hilsen

Fred Inge Presteng"

 Og i databasen kom det meir detaljar og stadnamnet på 74 grader nord:

Opprinnelse:

After Odd Roalkvam, 1883-1934, business man, Stavanger, Norway, managing director 1918-34 of Bjørnøen A.S which worked the coalmines in Bjørnøya. See also Kapp Hanna and Kapp Ågot.

Då var ikkje vegen lang til «Gamle Suldal», der me finn han under Roalkvam, 44b. Han er ikkje snauare enn han har kalla opp to andre kapp på Bjørnøya etter kona Johanne (Hanna) Mathilde Aarstad, f. 1890, som Odd gifte seg med i 1913; og dottera Ågot, f. 1921.

 

Kampen om Bjørnøya

På slutten av 1800-talet og byrjinga av 1900-talet var fleire nasjonar ute om seg for å sikra seg ubefolka landområde i nordområda. Bjørnøya var ikkje eit unnatak, den første annekteringa skjedde alt i 1609 av engelskmannen John Poole, som var den første som fant kol på Bjørnøya. Rundt hundreårsskiftet annekterte tyske og russiske ekspedisjonar område på Bjørnøya. Fiske og fangst av kval, sel og andre dyr var ei viktig verksemd i dette havområdet. Norske fangstfolk overvintrer regelmessig på øya, og i 1915 blir Bjørnøya annektert av Stavangerselskapet I/S Bjørnøens Kullkompani.Staten oppretter i 1917 postkontor på øya, på stasjonen Tunheim, og året etter begynner grundige geologiske kartleggingar. Først ved Svalbard-traktaten i 1925 overtek Norge suvereniteten over Svalbard og Bjørnøya.

 

Odde-Byen

Odd Roalkvam er eit kjend namn i Suldal, gjerne under nemninga Odde-Byen sidan han flytte til Stavanger. I nekrologane eg fekk tilsendt, kjem livshistoria hans fram i grove trekk.

 Han vart fødd i Roalkvam i Suldal 24. mai 1883, som son av bonde, ordførar og fanejunker Jakob Roalkvam. Han kom til Stavanger som ung mann i 1898, og vart tilsett som "løpergutt" på sakførar Vik sitt kontor. Frå nekrologen i "Stavangeren": "– Jeg husker godt første gang eg så ham der inne – han satt ved et bord nede ved døren, iført sine solide hjemmegjorte vadmelsklær og med sin veldige, lyse hårlugg strittende ende til værs. Det er søn av Jacob Roalkvam, sier sakføreren, og det blir nok noe av den gutten." Og det vart det.

 Han arbeidde hos sakførar Vik til 1911. Det året vart Ullavassdraget seld til staten, og Roalkvam tok aktivt del i det kjøpet. –Senere hadde han alltid øiet åpent for vannkraftens betydning for landet og blev i årenes løp medeier i fleire vassdragsrettigheter, også i sin fødebygd, hvor han dessutan var interessert i skog- og jordeiendommer", heiter det i Aftenbladet sin nekrolog. Dette kunne vore tema for ein heil artikkel i seg sjølv.

 I 1908 kjøpte han m.a. Midtvika, Jensafeta og Bakkaleger i Kvanndalen av O. Tufteskog. Han ønskte å oppretta eit større ysteri på Jensafeta etter møsnter frå Røldal, for å utnytta fjelldalen økonomisk. Han leigte rundt 1000 geiter frå Ryfylkebygdene og hadde lokale stølsjenter. Store bygningar vart sette opp. Transport og tilgong på ved vart eit problem for verksemda. Talet på geiter var også for høgt i høve til beitekapasiteten. Etterkvart vart verksemda flytt til Svultanuten og talet redusert til ca 200 geiter. Drifta opphøyrte kring 1940.

 Pengene han tjente på Ulla-salet vart sett inn i ny verksemd, Skandinavisk Foil-fabrikk vart oppretta ved Bjergsted i 1912 med Roalkvam som leiar. Det lova godt, men første verdskrigen førte til problem med innførsel av råstoff og bedrifta måtte stansa.

 

Bjørnøen A/S

Det er då Bjørnøya kjem inn i bildet. I/S Bjørnøens Kulkompani vart oppretta i 1915 med folk frå Jæren og Stavanger som drivkreftene, særleg Kristoffer Sandve frå Time. I 1918 hadde selskapet brukt to millioanar kroner på verksemda på Bjørnøya, og same vår vart det teke initiativ til å danna eit aksjeselskap for å skaffa ny kapital. Bjørnøen A/S vart stifta under eit møte i Stavanger Børs 3. juni 1918, under leiing av konsul Sigval Bergesen. Føremålet med selskapet var "å utnytte Bjørnøens kullforekomster og andre herligheter." Aksjekapitalen var på 4 millionar kroner. Til medlemmer av direksjonen valde ein Sigval Bergesen, disp. Odd Roalkvam, skipsreiar Trygve Olsen, ingeniør Olav Haabet, alle frå Stavanger, og o.r.sakførar Cornelius Holmboe, Tromsø. Hovudkontoret var i Stavanger, men det vart kontor også i Tromsø. Første sesong 1918/19 overvintra 87 mann og tok ut 9125 tonn kol.

 Kapitalen vart snart spist opp, og i april 1919 søkte ein statsminister Gunnar Knudsen om lån eller støtte på anna vis. Det førte til at staten skulle kjøpa inntil 15000 tonn kol. Men også året etter måtte selskapet venda seg til staten for støtte, øknonomien i prosjektet var ikkje god nok. Staten var oppteken av norske arbeidsplassar og at ein ikkje ønska at verksemda kom på utanlandske hender. På denne tida arbeidde Norge for å få suverenitet over Spitsbergen og Bjørnøya (noko som skjedde ved Svalbard-traktaten i 1925), og det var også viktig å skaffa nok kol til dampskipstrafikken i Nord-Norge. Staten gjekk difor inn med yttarlegare kjøp og støtte, noko som vart eit mønster i åra som kom. I 1921 førte brann, streik og særleg prisfall på kol at driftsunderskotet det året kom på over ein million kroner.

 I 1921 dukka ein russisk ekspedisjon opp på Bjørnøya for å gjera geologiske undersøkingar og søkte om løyve til dette. Leiinga telegraferte til direktør Odd Roalkvam i Tromsø, der han då oppheldt seg, og ba om at dette vart nekta. Ein frykta at føremålet var å krevja øya for Russland. Ekspedisjonen forlot øya noko seinare, men ein artikkel i sovjetregjeringa sitt partiorgan reiste same tid krav om forsvar av Sovjet si nordgrense og kontroll med Spitsbergen og Bjørnøya. Frykta var nok ikkje heilt ugrunna.

 Pengeproblema i selskapet heldt fram, og i 1925 vedtok ein å leggja ned selskapet. Odd Roalkvam vart denne tida også involvert i å løysa ut tyske okkupasjonskrav på Bjørnøya for den norske staten. Slik okkupasjon hadde blitt sedvane i området, ved at dei som ville beslaglegga eit stykke land måtte gjera dette kjend og utføra arbeider på same område.

 Med dette var Bjørnøya-eventyret over for Odd Roalkvam. Som det heitte i nekrologen i "Stavangeren": "Men all grubedrfit er mer eller mindre hasardiøs, og kullfeltene på Bjørnøya var der, men de blev ikkje den rikdoms kilde mange hadde drømt om. Her nedla Odd Roalkvam ikke bare et stort personlig arbeide, men det blev ham en kostbar fornøielse. Nu... Bjørnøya ligger der med sine kolossale kullfelter, og når Odd Roalkvams navn holder på å glemmes, vil kanskje disse rikdommer komme Norge til gode – ingen vet det."

 

Hesten frå Hamrabø

Under Odd Roalkvam si tid på Bjørnøya hadde dei ein hest som dei nytte i drifta. Hesten skal ha vore fødd på Olasmoen på Suldalsosen, kom så til Hamrabø før han vart kalla til teneste på Bjørnøya. I Dag Hagenæs Kjelldahl si bok «Bjørnøya. På utpost i ishavet» (1973) kan me lesa:

«En liten, kummerlig brakke lignet en sauestall, men hadde nok vært hjemmet til «Bjørnøy-Blakka», verdens eneste kjøttetende hest. Blakka kom til Bjørnøya under anleggstiden på Tunheim, og efter at kull-eventyret var slutt, ble hesten igjen på Tunheim som maskot for telegrafisene på radiostasjonen.

Fangstmannen og telegrafisten Ewald Øien forteller:

En gang kom en mann løpende og sa at en isbjørn holdt på å ta Blakka. Øien trodde først det var en spøk, men mannen ga seg ikke. Øien tok riflen og gikk ut for å se, og ganske riktig. En stor hvit bamse lurte på Blakka, stakkar, som skalv som et aspeløv. Et skudd, og isbjørnen falt om. Øien gikk bort og sparket den bak for å se om den reagerte. Da kom mannen som først hadde sett bjørnen, og satte et nytt skudd i skrotten! Ewald tente på alle pluggene og sa at skulle den uvettige skytingen fortsette, ville det minsanten bli skutt tilbake!

Inngangen til Blakkas stall var trang og lav, ikke å undre seg over at hesten måtte sultefores for å kunne passere døren. Inne hadde det hopet seg opp sne, bakom stallen var en gjødselhaug.

Blakka hadde med tiden utviklet et tett ragg til vern mot den sure vinden. Yndlingsplassen var ved kjøkenvinduet. Der ble hesten ekspert i å stjele kaker som sto til avkjøling. Men efter at driften var nedlagt og gruvearbeiderne reist hjem, ble det magre år for Blakka. Ingen sendte høy oppover lenger. Gamle halmmadrasser ble skåret opp, men snart rakk ikke det heller. Så måtte Blakka forandre sine spisevaner og gå over til rettene som sto på Bjørnøyas eget menykort. Hesten spiste døde måker, med fjær og alt. Når en polarrev ble skutt og flådd, sto Blakka og siklet, for den visste den ville få skrotten. Isbjørnskinke gikk også ned. Julaften ble Blakka invitert inn til et glass øl og en real dram.

«Bjørnøya-Blakka» er blitt en legende. Den ble brukt til å trekke isbjørnskrottene hjem for å bli flådd. Blakka var selskap for den som skulle fiske røye på isen. Den første røyen var Blakkas, den gled ned på null komma fem. Ellers måtte Blakka alltid lures med når det var noe å gjøre. En godbit først, og en godbit efterpå. Det var fast takst.

Den 3. september 1941 ankom fire engelske krigsskip. (...) «Nigeria» sendte iland et bevæpnet landgangsparti, som fant at værstasjonen var bemannet med nordmenn. Disse ble så evakuert, og bygningene sprengt av en viss Captain Dundas. «Bjørnøya-Blakka» kunne ikke reddes, den «passet ikke inn i moderne krigføring». 28 år gammel stupte Blakka for en alliert kule.»

 

 Etterpå vart Odd Roalkvam representant for A/S Norsk Aluminiums Company for Stavanger og Sørlandet, og la ned eit betydeleg arbeide for å få innpass for dette nye stoffet i marknaden.

 Odd Roalkvam gløymde ikkje heimbygda Suldal. Han åtte store skog- og utmarksområde i Øvre Suldal og var på besøk kvar haust. Han kosta telefonledning frå Nesflaten til Roalkvam i 1918, og "ved juletider sendte han hjembygdens fattige ikkje bare kjærlige tanker, men også midler til å lysne deres kår", som det heiter i nekrologen i Aftenbladet. Han var bare 51 år då han døydde etter fleire vekers sjukeleie med lungebetennelse i januar 1934. Han etterlot seg kona Johanne (Hanna) Mathilde f. Aarstad i 1890, og to døtrer.

 

-----------

Suldøler på Bjørnøya

Fleire suldøler arbeidde i kolgruvene på Bjørnøya, venteleg var det Odd Roalkvam som hadde skaffa dei arbeid. Ein av dei var Tolleiv Olsen f. 1890 på Ospehaugen, Overskeid.  Det er mange slåser etter Tolleiv:

Etter å ha gått over Førlandsbrua, kommenterte han: -Eg va' om å sko' naua! (Det var styggeleg kaldt.)

Han trefte på nokre turistar ved Roalkvam, de spurte etter stien til Bleskestad. –Augun har ein stige, men eg veit ikkje om han rekke så langt, repliserte han.

Nokre turistar kom ned frå fjellet med syklar på ryggen. Dei spurte han kor langt det er til Roalkvam. Han svarte dei kor lenge det tok. –Men de som har syklar treng nok mykje kortare tid.

Han var med og arbeidde på veg til Bleskestad. –Vegen skulle gått inn på vestre side av ånå, sa Tolleiv. –Kor sku han då koma ut, spurte ingeniøren. –I Hillevåg, svarte Tolleiv.

--------

 

Kjelder:

Hoel, Adolf 1967: Svalbard, band 3. Oslo.

Hoftun, Hallvard 1972. Gamle Suldal. Suldal kommune.

Kjelldal, Dag H. 1973: Bjørnøya. På utpost i havet. Grøndahl & Søns forlag, Oslo.

MacLean, Alistair 1971: Bear Island. Fontana.

Nesflaten Ungdomslag 1999: Kvervaminne frå Øvre Suldal.

Norsk Polarinstitutt: web-sider, tilsendt arkivmateriale, m.a. nekrologar frå Stavanger Aftenblad, Stavangeren og Rogaland.

NRK: TV-serie om norske polarstrok, 2009. Bilete henta frå nrk.no.

Stavanger Turistforening 1988: Velkommen til fjells. Stavanger.

Takk til Odd Kjos-Hanssen for lån av foto, arbeidskontrakt og seddel. Takk til Johan Peder Moe og Norsk Polarinstitutt for opplysningar

 

bjørnøen 19200218utsnitt

 

 

Frå Stavanger Aftenblad 18/2 1920