Suldal sogelag

Av Odd Bråtveit

 

I 1959 gav Norges Blindeforbund ut boka "blindesaken i Norge", skriven av Geburg Aasland, som sjølv var blind. I boka har han eit kapittel om blinde banebrytarar. Ein av dei var Erik Bråtveit. Han var den første blinde her i landet som tok eksamen artium og teologisk embetseksamen. Eg har hug å fortelja litt om dei vanskar og det arbeidet som låg bak ein slik prestasjon.

 

Erik var fødd på Bråtveit i 1896, og foreldra var Inga Bråtveit frå Vetrhus og Erik A. Bråtveit som kom frå Stålevik, den gongen husmannsplass under Gautun. Dei kjøpte gard på Bråtveit, og som vanleg den gongen, tok dei etternamn etter garden. Dei fekk sju born, og Erik var den yngste av dei. Sju år gamal vart han sjuk, truleg var det hjernehinnebetennelse, med ein fæl hovudverk. Grannane kunne høyra kor han skreik og ynka seg i smerte. Om det vart henta doktor veit eg ikkje, men det skulle mykje til før det vart gjort den gongen. Bråtveit var langt unna lækjar, og kommunikasjonen var dårleg.  Då sjukdomen gav seg, spurde han om dei ikkje kunne kveikja lampa.  Det hadde dei alt gjort, og det vart eit kraftig sjokk for familien då dei skjøna at han var vorten blind. Blinde hadde ikkje stor sjanse den gongen. Dei fleste vart gåande heime på garden og hjelpte til så langt dei kunne. Etter at han var byrja å koma seg, låg han og høyrde på fuglesong og ungar som leika utanfor. Han hadde så lyst til å vera ute i lag med dei, og han seier sjølv at "det gjekk som eit sting gjennom hjarta mitt då eg skjøna at eg vart gåande blind resten av livet".

 

Seinare i livet var han svært takksam for at han hadde hatt synet i sju år.  Han gløymde aldri synet av eit fint pynta juletre, ein rosebusk med ei einsleg rose og ein hegg full av kvite blomar. Han hadde sett naturen, dyr og menneske. Han byrja på skulen og høyrde på dei andre, og la tidleg for dagen at han fylgde godt med, og hadde eit uvanleg godt minne.

 

Ein doktor, eller naturlege som gjekk i heiane, kom til Bråtveit. Faren gjekk til denne doktoren og spurde om han kunne hjelpa. Det kunne han ikkje, men han visste at det fanst ein blindeskule i Trøndelag. Spørsmålet vart då om dei skulle prøva å få han inn der. Det var ikkje lett å vita kva dei skulle gjera. Sjølv var han svært heimkjær og hadde liten hug til å reisa. Då det vart avgjort at dei skulle søkja om opptak, var ingen i familien i mot det, og det var han seinare mykje glad for. Men å senda ein blind niåring åleine så langt var tungt. Han hugsa mora tok farvel med han på brygga i Bråtveit med orda "Gud velsigne deg guten min". Det var heller ikkje lett for faren som fylgde han til Stavanger og såg han vel ombord i båten. Det var 18. august 1905. Det lette litt då han såg ei snill dame som tok imot om bord. Det var fleire born med, og båtturen til Trondheim tok vel ei veke.

 

Blindeskulen låg i Klæbu, og styraren Sydnes tok imot dei. Alt andre dagen tok dei fatt på skulen. Det var mange ulike dialektar å høyra, og dei oppdga etterkvart at det var gilde lærarar som lærde dei å lesa, skriva og rekna. Skulen tok først og fremst sikte på å læra dei eit handverk, til dømes snekring, skomakararbeid eller korgfletting. Det låg ikkje godt til rette for Erik. Ei prøve på å laga ein krakk fall ikkje heldig ut. Skomakarfaget hadde han heller ikkje hug på, og såg ikkje noko framtid i det. I tredje og fjerde klasse måtte dei avgjera kva  dei ville ta fatt på.

 

I dei teoretiske faga gjekk det godt, og han vann ei stiltevling der oppgåva lydde "Hvorfor regner man overgangen fra middelalderen rundt 1500?"  Han fekk ei historisk bok i premie.

 

Andre året vart han sjuk, og på nytt var det hjernehinnebetennelse. Så dårleg var han at ingen trudde han ville overleva. Familien tenkte på korleis dei skulle få heim liket, noko som høyrdest vanskeleg ut. Ein dag kom det brev frå blindeskulen, og han som opna brevet, tok til å gråta. Dei andre trudde det var bod om at Erik var død, men det var gledestårer for bod om at Erik hadde vunne over sjukdomen og hadde vore frisk i ti dagar. Denne gongen miste han høyrsla på det eine øyra.

 

Etter to år fekk dei reisa heim på sumarsferie, og det var ei stor oppleving. Bøndene møtte opp med hestar og kjerrer og køyrde dei til Trondheim, og på båten hadde dei fribillett. I Bråtveit møtte slekt og vener fram på brygga for å ta mot han, og det var både smil og gledestårer. Han måtte rundt i heimane og fortelja om det han hadde opplevd. Etter eit par dagar heime kom to av syskena, som var på stølen, og tok han med dit. Det var ei stor oppleving for han, og seinare, etter han vart vaksen, måtte han til støls i feriane, gjerne på hesteryggen. Det såg helst livsfarleg ut i dei verste kleivane, men han greidde å halda seg fast.

I 1912 vart han saman med dei andre elevane flytta frå Klæbu til blindeskulen på Dalen. I sjette klasse kom presten og førebudde til korfirmasjon.  Han slutta på Dalen sumaren 1916, og no var det store spørsmålet kva han skulle gjera vidare.  Styraren meinte han skulle gå inn på lærarskulen, men det vart til at han søkte seg inn på Ryfylke middelskule på Sand. Då var han 20 år, og var redd for at det kunne venta han litt av kvart saman med yngre elevar. Men han vart godt motteken, og mellom elevane frå Sand var Erling Eide og Sverre Underbakke. Han budde hjå ei enkje for ei krone veka, og fekk vaska klærne sine mot at han hogg ved for henne.

 

Skulen hadde ikkje eksamensrett, og elevane måtte til Stavanger for å ta eksamen, og dei måtte gå opp i alle fag. Erik søkte om å få sleppa konstruksjonsoppgåver i matematikk. Det fekk han, men måtte som vederlag løysa eit par oppgåver som skulle visa framgangsmåten. Lærebøker i blindeskrift fanst ikkje, og han måtte ha folk til å lesa høgt for seg. Andre året på middelskulen såg det vonlaust ut. Det var ingen å få til å diktera, før engelsklærarinna tilbaud han å lesa i fritimane sine. Ved eksamen i matematikk var det to militære som var eksaminator og sensor. Erik hadde med seg nokre remedier han skulle hjelpa seg med. Eksaminator spurde kva det var for noko. "Forsvarsvåpen herr kaptein", svara Erik, og kapteinen repliserte: "De er som de fleste blinde i godt humør."

 

Etter middelskuleeksamen melde spørsmålet seg på nytt.  Kva no? Spørsmålet om lærarskule dukka opp att, men ei lærarinne frå Volda meinte han skulle koma til Volda på gymnaset der. Han skulle få bu heime hjå dei. Frå slekta og blindeforbundet greidde dei å skaffa dei pengane som trongst. Lærebøker i blindeskrift fanst enno ikkje. Under gymnastida skreiv gartnar Lysholm av tyskpensumet, pensumet i gamalnorsk og den latinske grammatikken. Ei dame i Oslo skreiv av engelskpensumet for han. Sjøl måtte han skriva av ein god del engelsk og latin. Skulestyraren tilbaud elevane å lesa for Erik kvar si veke, så skulle dei sleppe gymnastikken den veka dei las for han . Eirik Vandvik var visstnok ein av dei. Det måtte mange hjelparar til for at den første norske blinde studenten kunne få sin eksamen.  Men resultatet vart ein god artium.

 

I 1922 tok han fatt på teologistudier ved Universitetet i Oslo. Han var nok sterkt i tvil om kva det ville føra til, men frå  barndomstida hugsa han kor fint det var å ro til kyrkja, og kor høgtidssamt han tykte det var i kyrkja. Då han kom til Oslo, budde han på Studentheimen. Universitetet låg ikkje langt unna, og han ville straks prøva å finna fram på eiga han. Det gjekk for det meste bra, men ein dag han skulle kryssa ei gate, kom politiet og hjelpte han. Dette var det nokon medstudentar som såg, og dei kunne ikkje dy seg og spurde om han hadde vore i klørne på politiet. Alle var snille og hjelpsame. Han vart rørd då ein medisinstudent kom og spurde om han ville vera med ein tur i Nordmarka. Det trudde han ikkje kunne gå, men studenten meinte han skulle få hjelp, og seint på dag i silande regn drog dei av garde og kom gjennomvåte fram til hytta. Det vart eit minne for livet.

 

Problemet var å skaffa lærebøker. Frå Tyskland fekk han låna det gamle testamentet på hebraisk og frå England Det nye på gresk i blindeskrift. Han måtte møta fram til alle førelesingar. "Tidens Tegn", som hadde ein omtale, skreiv at "sikkert er det at en mer oppmerksom tilhører har neppe de teologiske professorer hatt til sine foredrag".

På same måten som ved middelskulen og gymnasiet las kameratane høgt for han. I 1927 tok han embetseksamen som den første blinde i Norge. Ordinasjonen vart det vanskar med grunna ein lovheimel frå Kristian V's tid. Der heiter det at ein prest kroppsleg må vera lytefri. Erik, som var blind, var ikkje det. Det måtte ein kongeleg resolusjon til som gav dispensasjon frå lova før han kunne ordinerast. Det gjekk i orden. 10. februar 1929 vart det ordinasjon i Vår frelsers kyrkje.

Då den residerande kapellan i Berg kommune i Østfold fekk eit anna embete, fekk Erik i oppdrag å styra det ledige kallet til ny prest vart tilsett. Han reiste til Berg og vart så godt motteken at då stillinga seinare vart oppslått ledig, vart han bedd om å søkja den. Det gjorde han, og vart ikkje berre innstilt som nr. 1 av soknerådet, men det vart og sett i gong ein aksjon i kyrkjelyden for å behalda han, og det resulterte i over 1600 underskrifter.

 

Mange lurer nok på korleis ein blind prest kan utføra dei ulike kyrkjelege handlingar. I ein artikkel i "Norges Blinde" i 1928 fortel Erik sjølv om det:

 

"Eg hev fem kyrkjor å preika i: Asak, Tistedalen, Berg, Rokke og Sponviken. Det er ei mengd kvinneforeiningar her. Desse foreiningar har sine faste møte ein eller to gonger i månaden, og når ein skal vera med på alle dei, og dessutan mange andre møte og tilstellingar både her og i Halden, så skynar dere at det vert nok å gjera. Så skal ein sjå til sjuke og gamle, og så er eg prest på Halden Tuberkuloseheim som ligg nær prestegarden. Der er eg fast ein gong i vika, og så hender det sjøvlsagt at ein lyt gå både dit og andre stader utanom det regelbundne. På kontoret er det også noko å gjera. Så høgg og sagar eg veden min sjølv. Det gjer so utifrå godt.

 

So spør du kann henda: Ja, greier du no alt det som vert kravd av deg? Eg har jordfesting, brudevigsling, soknebod og altergang i kyrkja, og alt har gått so mykje betre enn ventande var. Barnedåp er no ein bagatell. Eg har døypt mange barn og eg har aldri høyrt anna enn at både barna og dei vaksne var vel nøgde. Jordfestinga greier eg på den måten at kyrkjesongaren står attmed meg ved grava og fylder jord på skuffa. Det går svært fint.

 

Det eg var mest redd for, var altergangen. 30. september var det altergang i Tistedalen. Kyrkja var overfylt, for nattverden var avertert. Eg sa frå på preikestolen at dei som gjekk til alters, måtte vera gilde å taka mot brødet og stikka det i munnen sjølve. Samleis med kalken. Eg har kjøpt meg alterkalkar sjølv etter Strømmes system. Dei er soleis at det står ein krans nedpå felleskalken. I den kransen står det so to ringar med småkalkar og i midten står ein kross. Småkalkane vert ifylte fyreåt. Presten gjev so nattverdsgjestene kvar sin kalk som dei tømmer og setter frå seg på ei list på innsida av alterringen. Ordføraren i Halden og ordføraren i Berg var der båe. Den eine uttalte seg til meg, og den andre hadde sagt si meining til kyrkjesongaren. Båe meinte at det ikkje kunne gå betre.

 

Alle menneskje er gode og snille mot meg og takksame for det vesle eg kann gjera. Det er sers godt samarbeid der burte millom kristenfolket. Slik har det vore i lang tid. Eg har tala både i Frelsesarmeen og hjå metodistane."

 

Fem år seinare står det i same bladet: "I førstningen var sikkert både Braatveit selv og vi andre nokså spent på hvordan det ville komme til å gå. Dette var jo noe ganske nytt for en blind i Norge. Alt er imidlertid gått utmerket. Braatveit har i denne tid utført sin prestegjerning til alles tilfredshet og har i ganske særlig grad vunnet sin menighets hengivenhet. Pastoren er like avholdt av eldre som yngre, ikke minst av sine konfirmanter, som har gitt ham mange bevis på hvor glade de er i ham. Bygda har eit rikt kvinnelig foreningsliv, og pastor Braatveit er meget benyttet ved møter og tilstellinger. Det har hendt at han har talt opptil fem ganger på en dag, og tre ganger er slett ikke ualminnelig. At vi har en blind i aktiv prestetjeneste har mer å bety for vår sak enn de fleste kanskje er helt klar over.

 

Erik Braatveit har alltid hatt et varmt hjerte både for den enkelte blinde og for blindesaker, og han forsømmer ingen anledning til å vise sin interesse i handling."

 

Då han tok over som kapellan i Berg, fekk han hjelp av ei moster si som heitte Kari Vetrhus. Ho var utdanna lærarinne og hadde hatt lærarpost i Sandsvær. Ho stelte huset for han, stod for kontorarbeidet og fylgde han rundt i distriktet. Ho vart verande hjå han i seks år.

 

I 1930 døydde yngste søstera til Erik og mannen med kort mellomrom. Fire born vart foreldrelause. Erik tok til seg dei to eldste som då var 11 og 12 år, og gav dei ein god oppvekst. I 1935 vart han gift med Nora Øberg, som og var lærarinne. Ho tok alt kontorarbeidet og var med i kyrkjelydsarbeidet. Dei fekk døtrene Kari og Inger Nora, og det livslaupet som starta så trist, enda opp i stor lukke og glede. Erik snakka ofte om kor vel alt hadde laga seg for han. Han hadde møtt så mange gilde og hjelpsame menneske, og han gløymde ikkje å takka Gud for at han hadde ordna alt så vel.

 

Han tok gjerne fram salma "Takk min Gud for alt som hende" til deklamasjon eller song. Sjølv var han utrusta med eit lyst og godt humør. Han hadde evna til konsentrasjon, stor arbeidsvilje og eit uvanleg godt minne. Han vart 76 år gamal, og 16. februar 1972 vart han gravlagt på Os kirkegård i Halden.