Suldal sogelag

-ein Ryfylke-original for 125 år sidan

 

Jon Moe

 

Oftare enn nokon går Store-Jonn att. Dei kalar han Fure-Jonn òg, for han var så fæl til å finna på ”furder”, det vil seia skalkestykke – ofte kala ”fantefurder” – det reid så vakkert på bokstavrimet.

   Ordet furre brukte dei òg om ein lang, knoklet, mager, daskjen, gjerne arbeidssky kar. Men ei fura var eit mannhaftig kvinnfolk, ofte eit som ikkje sparde seg i arbeid. Ei furie er reine kvervelstormen i ei vidare tyding.

   Men Store-Jonn var altså ein lang slåp, og attpå dét ein fure-kopp, ein meister i spikk.

Han var ”en av disse mannspersoner der ikke var helt som folk flest – uten harmonisk oppdragelse, skakk-kjørt på verdens vei. Ikke tater eller av taterslekt, men lignet dem ved sitt omstreifende liv og sin ustadighet i arbeid.” Slik står det i ei opteikning om han som Norsk Folkeminnearkiv ved Universitetet i Oslo har etter Tor Skiftun.

   ”De fødde seg ved munnen, disse karer”, skreiv Tor Skiftun, ”-liksom hunden”, legg han til. ”De var gjerne i besittelse av en utviklet tungerapphet og slagferdighet det gikk gjetord om. Kvinnfolk var gjerne litt redd dem når de stakk hodet inn ad stuedøren. Men ofte var de velkomne, for de hadde meget å berette. De var vidfarne karer som hadde sett og opplevd meget, de kom med ferske nyheter i en tid da aviser var et ukjent begrep for folk flest i bygdene. Så la de til eller trakk fra eftersom det passet for anledningen. De ellers så lange kveldsseter blev oftest for korte når drøset med fremmedkaren kom riktig på glid. Man påskjønnet besøket…”

Med ein mannsalders mellomrom har historiar om Store-Jonn vore treskt oppatt i lokalavisene. Ei soge eller to har løyst ut fleire, alt sidan Ola Ryfylking (Johannes Arnesson) skreiv om han i Stavanger Avis i 1901. Kvar gong kom nye drag ved mannen fram. Ikkje før i 1927 vart det verkeleg tale om kva rette namnet hans var, og kor han kom ifrå. J.K. Hølland, Sauda, meinte:

   ”Jon Steen, det var namnet. Men Stein var namnet på eit husmannsplass under garden Flokatveit i Etne”.

   Tor Skiftun meinte å veta at ”Jon Steens foreldre bodde på et plass som hette Steinbrekka under gården Foss på Jøsenneset. Man sa at de var ”austmannsfolk” fra Setesdal eller Telemark. De hadde fem barn som alle tok navnet Sten, to gutter og tre jenter. Foruten Jonn var det Ole, som kjøpte gård på Stord og blev en velstående og meget aktet mann. Han virket også som emissær. Søsteren Sissela var gift med skomakaren Larsa-Marta-Hans i Hjelmelandsvågen. Anna var ugift og bodde sine siste år på Fosså på Jøsenneset, var veverske og meget flnk. Den tredje søsteren var bosatt i Bergen, godt gift. Disse søskenene likte ikke å snakke om broren Jonn. De mente han var kommet ut på et skråplan”.

   Han gjekk ikkje allmannavegen. Det var det.

   Seinare har Skiftun vedgått at han har teke feil, og i Norsk Folkeminnearkiv skriv han om Store-Jonn som sunnhordlending, etnebu.

   ”-Som den fødte skuespiller han var, kunde han legge ansiktet i de mest forskjellige folder og opptre efter omstendighetene alvorlig eller komisk, helst det siste. I årenes løp hadde han tilegnet seg en menneskekunnskap som var aldeles forbausende”, fortel Tor Skiftun.

Det er ikkje så merkeleg at folkeminne vart blanda saman, at ord om Store-Jonn vert gjort gjeldande for andre av Ryfylke-originalane som levde på same tida, for over 100 år sidan. Typisk er det at Store-Jonn er gjort til kvekar i blant, men dét høvde betre på Pilt-Ola. Store-Jonn går stundom inn i sogene om Finnåsen, til andre tider om Lam-Ola, han som fekk namnet sitt fordi han jamnt song ”Jeg ser dig søde lam at stå på Zions bjergetop”. Lam-Ola var noko sky av seg. Han stod ein gong på tropp-tilja på Foss i Suldal så ingen i kjøkenet skulle sjå hovudet hans – og song innover lemmen så huset skolv. Rasmus Løland skriv om han i ei av bøkene sine og vrid litt på namnet – kallar han Lamma-Lars.

Fure-Jonn eller Store-Jonn (det siste namnet var mest brukt) – hamna i Ryfylke, kom over fjellet til Sauda og der ifrå utover til Sand, Suldal, Jelsa, Erfjord, Hjelmeland og vidare til Årdal, Strand og heile Høgsfjord. Men best kjend var han kanskje i Hjelmeland.

   Han var ein uvanleg gåverik gut som greidde seg godt på skulen. Mora hadde elles lært han å lesa i femårs-alderen. Men ”Stidn” i Etne låg slik til at han ikkje kunne gå derfrå til skulen og heimatt kvar dag. Mora nista han ut for ei veke om gongen, og han låg hjå godtfolk. Lenge varde det ikkje før han var skuletrøytt, læraren kunne ikkje halda ekstraskule for Jonn. (I dag ville han vel blitt kalla ein overintelligent, ein pluss-variant).

   Så låg han i ei utmarksløe heile veka ein gong, sov i høyet og skeisa på Løkjølsvatnet sin stålis på Etnefjellet heile dagane, hadde det bra. Men det kom for ein dag, læraren hogg tak i Jonn og drog han til presten. Guten sa som det var, at han ikkje hadde meir å læra i skulen. Presten byrja å eksaminera han, og laut gi han rett. Denne karen stod ikkje fast i noko.

Jonn fór heimanfrå i 12-års alderen og vende aldri attende til Etne. Han vart gjetlegut og seinare dreng hjå Jehans Tveit i Erfjord, men konfirmert i Hjelmeland (somme vil ha det til at det var i Jelsa under prost Knudsen). Konfirmasjonssøndagen hans Jonn snakkar folk om enno. Dei var litt seint ute, og vart møtte ved stranda av folk som meinte at prosten var så sint at han dansa.

   -David dansa, Jonathan dansa, Salomo dansa. Så kan vel presten i Hjelmeland gjera det! Svar Jonn.

   Presten hadde ”dansa” av Jonn før, det va’ dét som var. Jonn hadde sett han fast med spørsmål som dette:

   -Kva var det som gjorde Guds vilje og hamna korkje i himmelen eller i helvet?

   -Hvalfisken som tog Jonas, svara prosten.

   -Ja, men det veit alle, meinte Jonn. -Har ikkje prosten Bibel, kanskje?

   -Jeg haver syv!

   -Får eg ein av dei, så har eg nok, sa Jonn.

   Då ville prosten kasta guten ut, men Jonn streta imot og let så at dette spørsmålet laut dei få greie på. Og det enda med at prosten henta Bibelen, der Jonn peika ut staden der det stod om ramnane som kom med kjøt til Elias.

   -Ka seie’ prosten nå?

   -Jeg siger at det kan være riktigt nok, men ikke skal du komme her og sætte briller på min nese, thi jeg har været prest i 35 år, hvorav 14 som provst!

   -Ja, til verre er det, sa Jonn.

   Prosten straffa guten ved å setja han nedst på kyrkjegolvet konfirmasjonssøndagen. Men bispen var der, og han kom med eit tilleggsspørsmål som ingen kunne svara på. Bispen fór over alle saman ovanfrå og nedetter.

   -Hva stod Gud på da han skabte verden?

   Berre Jonn hadde svaret:

   -Han stod på si allmakt.

   Då tok bispen han ved armen og leidde han til øvste plassen. Der fortente han å stå.

Sogene om Store-Jonn går opp i hundretal, og fleire vert attgjevne i meir eller mindre avvikande variantar. Her er nokre:

   Han såg eit fantefylgje som sat i kalbua under eit kverhus og luska seg. Då gjekk Jonn og sette på vatnet, og dei fekk vaska seg i staden. Men ein veldig fant sprang halvnaken etter Jonn med kniv i handa. Det var så vidt han berga seg.

Jonn var så glad i smør, og han åtte ikkje skjemme-vet. Så kom han ein stad dei baud han mat. Kona tenkte på smøret, og laga ferdig-smurde helekaker til han, og sa:

   -Eg har smurd på maten til deg, eg er ’kje som eit anna menneske.

   -Det er ikkje eg heller, så det går, sa Store-Jonn.

Dei var plaga av kattar ein stad, fjøset var fullt når dei mjølka, dei ville ha seg ein drope. Men Jonn hengde sekk under mokste-gluggen, der dei brukte å koma inn, og jaga dei nedi sekken, som han så tok og batt føre. Han gjekk av stad i næraste gardane og baud ut smågris for sal. Sette sekken på golvet og ba folk ta seg ut den grisen dei lika best. Dei fór då nedi med nevane sine og skulle kjenna seg til den største og feitaste, for prisen var eins. Men då vart dei åre-letne gratis.

Store-Jonn var dreng på Ramsfjell i Jøsenfjorden. Dei brukte så mykje kålsuppe, og han vart lei av det. Så opna han grinda til kålgarden, stappa høy i geitebjøllene så dei ikkje let, og sleppte heile flokken inn. Geitene gjorde ”reint bord” noko snart. Og folk trudde at det var ein framand ”styregeit-”flokk, altså unggeit på sjølvstyr, som hadde brote seg inn, for ingen hadde høyrt noko til ”tyraset”.

Ein gong Store-Jonn var i byen, kom han i lag med ein hjelmelandsbu som hadde øydd opp pengane sine – han hadde ikkje nok til heimreisebillett. Jonn gjekk om bord og spurde skipperen om han kunne føra fritt det han kunne bera på ryggen, som ferdagods.

   -Javisst!

   Jonn tok då mannen på ryggen, bar han om bord, sette han frå seg og sa:

   -Her må du sitja musande stilt heile vegen, for nå er du mitt ”tøy”.

   Då dei kom fram, bar han mannen i land.

   Om denne forteljinga vart det ein gong sagt: -Ja, det var meg ei god slåsa!

Jehans Tveit i Erfjord dreiv drengen sin godt, og Jonn var ikkje alltid like arbeidshuga. Dei hadde ein lauvstakk som skulle berast heim ein måndag, det hadde vorte omtala føreåt. Men medan folket på garden kvilde middag, gjekk Store-Jonn opp i lia og sette fyr på stakken så han brann opp. Slikt kunne han finna på – og fylgja innfallet sitt. Andre ville oftast hatt betre kontroll med handlingane sine.

   Då dei kom opp til stakkstaden dagen etter, frå ein litt annan kant, såg dei spor i snøen etter ein mann som var komen dit, men ikkje fare ifrå att, og dei ottest at mannen hadde brunne opp saman med lauvet. Men det var luringen som hadde gått baklenges i sine eigne fár då han gjekk nedatt. (Somme seier at han hadde så store støvlar at han kunne snu dei bak-fram og gå med dei såleis).

Ein utrygg høyvers-dag vart tenestefolka bedne om å halda på med å bera inn turrhøy medan ”sjølvefolket” gjekk inn og fekk seg ein mat-bit. Det var ikkje annleis med rettferda då.

   Det var hagleta dei åt, oppvermd søtmjølk sprengd med sur, og Jonn visste at berre myse og flatbrød ville vera att til tenestefolket.

   Det var røykstove med ljore i mønet på denne garden, og over ljoren var spent ein skjå. Jonn stiltra seg opp på taket, skvette vatn på skjåen og fekk husbonden og kona ut i ein fart. Det hadde tydeleg byrja å regna, dei måtte hjelpa til med å få høyet i hus.

   Men inne i stova sat Store-Jonn og forsynte seg av tjukkaste hagleta.

Dei slo i utmarka og bar høyet heim ein stad han var dreng. Husbonden var ein sterk børa-kar og let stødt om at han var betre enn Jonn. Ein kveld smaug Jonn inn i høybøra og let seg kneppa og bera heilt heim på låven. –Det var det at du var så sterk, så eg tenkte det kunne ikkje gjera stort frå eller til, lo han.

Ville nokon driva ap med Jonn og syna vanvørnad, fekk dei kam etter håret. Han svara kvasst og treffsikkert, det var det beste våpenet hans. Der var ein som ville ha det til at han var lat og arbeidssky. Men han braut ny jord, dreiv med gråsteinsmuring o.l. på denne tida. Mannen ville veta kor han heldt seg. –Eg held meg der eg får best’e tak, svara Jonn.

Han rusla stundom mellom grendene og selde urtemedisinar på små glas.

   -Dei kan vara lika så og’ så upsadropar, sa han. Han var så grov-mælt.

   Men folk kjøpte likevel, drakk ”upsedropar” og tykte ofte at jammen hjelpte dei ”ubetydelig”.

Jonn skreiv seg altså Steen, og dei sa han var i slekt med statsminister Johannes Steen! Han kunne ha sete i kongens råd, Store-Jonn, for sitt gode hovuds skuld. Men han var på skuggesida, og dreiv det ikkje lenger enn til å kjøpa seg ein liten båt som han ferdast rundt med.

   Ein gong kom han til Rennesøy, og rennesøybuen var i den tida omsnakka som ”komle-nasjonen”. Dei nista seg ofte ut med komla når dei var på fiske.

   Jonn låg ved bryggja i Vikevåg og matstelte seg, gnog på ein speke-knok. Ungdom kom og meinte han åt hestekjøt.

   -Kva var det han daua av, denne hesten? Ville dei veta.

   -Han sleit seg ihel på eit uhorveleg komlelass!

Jonn lika seg ikkje alltid i Hjelmeland. –Eg skulle heller ha vore på Ombo, sukka han. Der bortunder Bandåsen er der fred, fridom og sunn luft. Samt fornuft! La han til.

-Og’dag, helsa dei.

   -Her e’ ingen og’ dag under himmelen, sa Jonn modlaus.

   -Har du det vondt då?

   -Å nei, ikkje verre enn me alle har det.

Dei sa om Store-Jonn at han hadde lagt tunga i malt-lòg. Det var saft og kraft i replikkane hans. Det beste vil seint vera gløymt.

   Dei brukte bleng til tørstedrikke, det var surmjølk blanda med vatn og gjerne med litt sirup i – men det var sjeldsynt. Husbonden hadde fyrsteretten til å drikka av bleng-spannet på slåtteteigen, men Store-Jonn sa:

   -Det e’kje skade for drengen å drikka sist’e av blengen! (Tjukkaste mjølka låg på botnen når ein ikkje skok spannet).

Mange Store-Jonn-soger går om mat og drikke. Han var i stand til å få tak i det som ikkje var tiletla småkårs- og tenestefolk. –På stølen skulle dei ein gong få fløytekolle, og den langbeinte Jonn var først framme ved hella der kolla var servert. I den eine handa hadde han skeia og i andre handa ein vanleg svart skogsnigel. Den la han kvikt attmed kolla, auste litt surmjølk over han og rota i kolla.

   Då dei andre kom, sat han still og liksom fortenkt:

   -Det får vera grenser, for sjå, denne fann eg.

   Ingen andre ville smaka, og så fekk han ha fløytekolla åleine. Etterpå sa han:

   -Eg laug ikkje, eg sa berre at snigelen hadde eg funne, og det var då sant!

Han må ha hatt overnaturlege evner. Ein gong han var i byen rauk det opp med ein fæl storm, så han laut overnatta og bia på betre ver for seg og den litle farkosten sin. Han fortalde sjølv til Jone Mæland, som var frå Vormedalen, men budde på Skiftun i vaksen alder:

   -Eg kveikte eit talgaljos, ville lesa litt før eg la meg til. Då gjekk døra opp, og inn kom ei jente eg kjende, bevaremegvel, hu høyrde heime i det huset eg budde der inne i Hjelmeland. Øvegidde vart eg, for ho skulle ikkje vera her. Eg spurde:

   -E’ det du?

   Men eg fek ikkje svar, og best som det var, kvarv ho som i ei skodd. Alt var stilt i huset, men eg høyrde at klokka nede i stova slo ni slag.

   Dagen etter reiste eg heim, og der møtte eg jenta. Ho fortalde:

   -Eg låg og høyrde på stormen i går kveld, og tenkte på deg. I ni-tida fekk eg slik angest i meg, eg var redd du heldt på å forlisa.

   Store-Jonn la til, etter ei stund:

   -Eg undrast ikkje på at ho var uroleg, for det er fast umogeleg å vera i Hjelmeland og Stavanger i same minutten!

Ofte fekk han høyra dette:

   -Nå lyg’e du så det renn’e or deg!

Eller: -Det kan ikkje vera råd, veit eg!

   Til dette hadde han alltid same svaret:

   -Nei, eg lyg ikkje stort, men eg set det i gylte råmer!

Han levde og virka frå 1870-åra og ut igjennom. Men så sjukna han, smaug inn i seg sjølv, vart mutt og oftast tagal. Han var mild i augo, liksom så forsona og forankra. Ein ven fek det for seg at Store-Jonn hadde vorte arg på han av ein eller annan grunn. Han treffte Jonn, men fann ikkje ord, ville til å gå. Då tok Jonn begge hendene til den gamle venen sin, trykte dei og sa:

   -Farvel, til evige tider!

   Han døydde på ein einbølt gard nokre dagar seinare.