Suldal sogelag

Denne forteljinga er skriven av frå eitt avisutklipp eg fann på loftet på Døsje. Tippar skrivet er laga ein gong i mellomkrigstida. Øyvind Jønsson som har arbeidd mykje med soga om Bjøndalen trur det er lærar og seinare skuleinspektør Torkel Grindheim 1905 - 1987 som er forfattar av desse sogene. Ein kan lesa meir om Torkel Grindheim i Etnesoga band III side 183.

Karl Gudvin Ohm,

Døsje

 

Bjørndalen i Vikedal er no stølsbeite. Frå gamalt var det gard med buande mann, endå det ligg langt opp i fjellet. I brev frå 1602 vert det nemnt som gard og skrive Biørndal. På folkemunne vart denne staden nemnd «Søre Bjønndalen» til skilje frå «Nore Bjønndalen som alltid har høyrt Etne til og er stølsbeite for prestegarden.

 

I Nordre Bjørndalen har ogso vore buande folk, plassfolk under prestegarden; ja gamle folk minnest siste husmannen, som budde der. Å bu så einstaka, det er å verta spart for grannaknog og leida på mange vis. Men ei synd låg å lurde på Bjørndals - folket, både dei der sør og der nord. Det var tjuvriet. Den velsigna smalen som kom i rekkje og gnog om sommaren, var det så freistande å sjå på. Dei henta ein sau no og ein då. Kjøtet smaka lika godt det , anten sauen høyrde heime på Trondshaug i Sandeid eller Kjerringtveit i Sauda, gjerne frå Stølsmark i Vikedal og for den del. Snaske og snake etter saulevande, ja det ordet hadde somme av Bjørndalsfolket på seg. Og med det gjekk dei i grava.

 

Det budde sjølvsagt ærlege folk både der sør og der nord. Men dei er fint gøymde og gløymde. Og så er det tjuvatravane, som lever på folketunga. Denne soga syner at dette er så.

 

Ein av dei buande menn i Søre - Bjørndalen hadde ein son som heitte Tormod. Han var så dryg til å stela. Og difor nemnde dei han « Tjua - Tormod «. Han for kring på stølane om nettene og molka kyrne, han Tormo. Og skillig fin bygg var der og.

 

Tormod - dalen, og ein hellar som nemnest: Tormodhidleren. Under denne helleren var det Tormod gøymde tjuvkosten sin. Og der hadde han sitt mjølketjorn. Han torde ikkje koma heim med fengdi, for faren tykte det var galnare enn gale, såleis som Tormod for åt. Han refsa sonen rett som det var. Men lika lite nytta det. Så var det ein gong far og son var ilag på fiske på vatnet. Der treiv faren Tormod og hadde han utom båten og sa, at no ville han søkkja han ned, om han ikkje lovde å slutta med stelinga. Då svara Tormod: « Er det noko hjartelag i deg no far , så slepper du taket og let meg søkkja,» Då skar faren i å gråta og tok sonen inn att i båten. Soga var ikkje lenger. Men sjå! Namnet på denne faren som refsa vondskapen, er gløymt, men Tormod namnet det vil leva så lenge folk ferdast i heidane.

 

Det var slik gripa korngard , Søre-Bjørndalen. På auksjonen etter siste buande mannen der, vart det seld fleire tønner bygg. Menn i Etne kjøpte Søre - Bjørndalen til beite. Det var Kristian Kambo, Erik Vad og Ola Fitja som kjøpte. Første åra så låg desse mennene der oppe kvar sommar med kyrne sine. Det var drifter på omlag 60 kyr og masse saulevande, dei kom opp med. Garden var hegna, og vart slegen kvar sommar. Ola Fitjar budde her oppe om vinteren, og han og fostra 8 kyr og ein stut. Han hadde taus med. Men det var ofte uffe om vinteren. Snøstormane var så harde. Kvar kveld laut dei klina fjøsdøra med snø, så ikkje fjøset skulle ryka fullt.

 

Ein kveld var det slik snørok, at tausa kom ikkje or fjøset. Ola gjekk og lydde og vakta. Men så høyrde han at ho song, og då visste han, ho inga naud hadde. Og gjekk og la seg. Det var ingen fare på ferde då, må vita, då jenta song.

 

At det var bjørngjengt i Bjørnadalen, seier seg sjølv. Der var ein mur, bygd som ei åre, nedanfor husa. Der gjorde dei så visst opp eld om kveldane for å skremma bjørnen. Ein sommar vart ei ku skadd av ein bjørn. Det var så ein halv fjordung veg frå Bjørndalshusa. Budeia bala best ho vann for å få kua heim. Men det klarde ho ikkje. Og så gjekk ho heim etter åklæde og la seg med kua for å vakta mot bjørnen. Om natta vakna ho av slik bræl og tråv, og ho ropa: « Ta hesten!». Ho trudde det var øyken, som kom. Men då det nerma seg meir, såg ho opp, og då var det bjørnen, som kom og ville ta kua. Ho opp og jagde bjørnen med hujing og skriking. Og kua vart berga.

 

Han måtte nok trivast der oppe han Ola Fitja. Han var ikkje heime meir enn ein gong kvar vinter. Og då henta han julekosten og noko av julebrygget.

 

Dei bygde så stort eit fjøs desse karane her ikkje var større i dalen. Erik Vad sa når fjøset var ferdig. -Dette fjøset står no vår tid ut. - Ja, så lenge verda står, står det, la Kristian Kambo til. Dei tykte det var solid og godt bygt karane.

 

Dei hadde lege seg på fjoslemmen heile laget, då dei låg der oppe i sommartida. Dei hadde ein stige som førte opp. Men merkeleg var det, at kvar kveld, etter dei var lagde, så kom der eit stort ryte opp stigen. Det braka og knaka og fjoslemen dissa og gav seg under stega. Det la seg i si visse krå dette ryte. Dei let det berre liggja i fred og ro, for det gjorde dei ikkje noko. Dei ottast det var ein, som det var best å halda fred med. Men det hadde nok ikkje noko godt på seg. Huset gjekk opp i eld det. Nokre hestehandlarar kom der og låg. Dei brukte varme og sette eld på fjoset. Muren står enno.

 

Så bygde Vad folket for seg og dei andre kvar for seg. Det vart slutt med stiinga til Ola Fitja. Kristian Kambo døydde i heller ung alder, og sønene brukte Bjørndalen berre som beite. Dette sambeitet held ved lag til 1890 åra. Sidan er det berre Kambo - folket, som har støla i Søre - Bjørndalen. Og gjer det kvar sommar.

 

Dette var ein bete gardssoga frå Søre - Bjørndalen i Vikedal herad.