Suldal sogelag

Av Jon Moe

 

Den lettlege Johannes L. Hjorteland vart

kalla berre «Rørtveit’n» fordi faren, han

Lars - som var fødd på Fjellberg - budde ei

tid på Rørtveit i Erfjord før han i 1893

kjøpte to partar av garden Hjorteland. Beint

nedi Lio sat det to Larsar, så det var greitt

å nemna tilflyttaren som Rørtveit¹n. Og

som faren vart den 11 år gamle sonen,

Johannes, óg kalla Røttveit’n; han var nå

fødd’e der óg, han.

Unge Johannes var som eit kveikt ljos.

Det lyste godt heile hans lange tid på jorda.

Ja, det var slik eit liv i han og med han.

Eingong med’ det ennå låg heil fonn ved

Gullingen han kom dansande «øve fjedle»

saman med andre ungdomar og vart spurd

om koss det var. Svaret kom kvikt - som

alltid:

- Heio e’ gul av blom!

Det var ut i mars månad for 44 år sidan.

«Fisterfjord» la til ved siste kai i Jøsenfjorden.

Der var ein som sa det, at det vert’e

‘kje vår te’ våren! Snømengda var av den

fælaste. Ein laut mest’e tru at han ville aldri

fara utan ofse flaum. Johannes og resten

av fjellfolket sit innesnøa på Hjorteland,

ovanom Ulladalen.

- Det er ikkje snømengda, men veret det

kjem an på vårdagen, seier Johannes og

nikkar det fast med sitt glade hovud. Her

har vore snø i gamle dagar óg. Tidt og ofte

smetter Johannes tri ord inn i talen sin. -

«Det er sant», seier Rørtveit’n. Det er sant,

dette som Sveinung Ørekvam fortalde:

Eingong kom det tri alner nysnø på eit

einaste døger. Han hadde kjørt ut atten

sætelass som sokk i snøgrav. Då han hoppa

ned på denne skit-dungen vart han ståande

som på botnen av ein brunn, han såg forsynemeg

‘kje atti Hjortelandsnuten der nedan-ifrå.

Det gjeld om å ha mod, ja. Og noko å

prata om, så mykje ein kan avleia det som

tyngjer, anten det er snømengd eller

trugande fôrløyse. Det er altså så gale, atte!

På Fjellberg vil dei ha slakta grisen, men

grishuset er nedsnøa, der er berre eit lite

hol så mykje ein får smetta og skvetta

maten ned.

To meter og femogtjue på flat mark.

Det er sant, dét! slår Johannes fast.

Fjellberg-grisen får berre leggja på seg.

Men du skal sjå at dei må til og hogga vekk

kinnungane (dørkarmen) når dei eingong

finn trantabandet og dreg flesket opp. .

Noko å prata om, ja. Og eitkvart å tenkja

på. Nettopp nå er det Schei-komiteen si

innstilling om kommunegrensene. Styrmannsveldet

vil overføra desse

fjellgardane, «samt Ulladalen», til Hjelmeland.

Det har vore avrøysting og ingen

lokal og vetug person har vilja vera med

på dette.

Nei, dei vil høyra Suldal til - som dei

alltid har gjort. Og nå meiner dei at blir det

så sant ny avstemming, vil endå-til meir

enn 100 prosent vera imot overføring til

Hjelmeland, for det er verkeleg klappa og

klart at det skal byggjast veg over heia til

Suldal alt i år og neste år. Lars J. har gje’

rundt med lista og kvar einaste ein har

«skrive på». Og Statskraftverka har meir

enn alle andre bruk for denne vegen. Difor

har dette vesenet rådd seg til å forskottera

dei millionane som trengst.

Men alligavel og ja-ja, Jone! - (Jone

Vadla i Jøsenfjorden er «for sin personlege

del sikker på at denne vegen over Hedlebrekk

aldri i jordelivet kan haldast

open vinters dag».)

Å, det vil nok gå. Og dei skal snart kunna

trilla på hjul over Neiken til Suldal på tjue

minutt. Folket, dei velsigna hjelmelandsbuane

der nedmed Jøsenfjorden, skal

vera velkomne til å bruka same vegen. Det

er vel dette ein meiner når ein snakkar om

«meir enn 100 prosent». Ja, det finst fleire

nedi krinsen som meiner at dei - for deira

personlege del - heller vil skilja seg frå

Hjelmeland og gå over i Suldal kommune.

Knut Gjil, handelsmannen, meiner at alt på

nordsida av Jøsenfjorden , pluss Jøsneset,

godt kan gå i hop med Erfjord og Jelsa.

Men dette fører til ei ny tankerekkje, som

kanskje ikkje er så nauten. Jone Vadla trur

for fullt alvor at ein bør tenkja på å slå ihop

Erfjord, Jelsa, Sand og Suldal. Den store

tanken hans er eit framhald av ein viss

fjellveg ut attmed fjorden til knutepunkt på

Ryfylkevegen ved Indre Eiane.

- Jog! seier ein. - Du veit dét, veit du.

Nede ved fjorden ligg det berre halvannan

fot snø, men eit lite stykke inni dalen må

passasjerane ut og skubba bilen oppetter

dei brattaste kneikane. Ved Hjortelandsædne

er det slutt; lenger har ein ikkje vunne

på å halda vegen open. Men vidare skal

ein heller ikkje kjøra. Der ifrå fer ein

brødmjøl-sekk og «heile rapen» til vers

på taubanen. Lars O. Hjorteland og sonen

Odd byd seg til å bera skia mine opp lia, så

det står ikkje på.

Stigen svingar seg opp og åpp-igjøno.

Det er godt fotfeste, men trør ein uttanom

brauta, søkk ein nedi til livet. Har du sett

maken til laus-snø?

Og det snøar på ny, ber dualeg ned som

det har gjort. Tett og stor dett snøfillene

beint ned, og i dette stig ein som i blinde.

Heile lia er full av kydlestuv, ask for det

meste. Her er det makalaus morkaskog.

Askedl Bekkjedne i Ulladalen betalte

eingong ein heil dalar for å få kydla ein

almestuv. Ja, hit har mannen kome med øks

og godt mot så mang ein dag i mars og

henta «mork», unge skot med fin bork på

gamle stuvar. I kveldseta ligg den tynnslipte

ljåen med klutaskaftet mot stauren som står

midt på golvet med feste i bjelken. Kvar

«skjevedl» blir dregen åt og rundt så

«skavet» haugar seg i lange render på

stovegolvet. Det er som å skrella gulerot -

utan å flytta kniven. Skav er godt! Ennå

vetuge folk meiner ein burde skava meir

enn ein gjer. Skav er som grønsaker, det er

vitaminar i det!

- Eg for min del, eg skov i går kveld,

fortel Lars O. - Men sauene vart redde for

det ukjende fôret i første taket og heldt seg

varsamt ifrå det. Og kyrne, dei stod og berre

bles av det.

Ein slår det fast at det skal mykje til å ha

nøgda høy ein vinter som denne. Sau og

geit plar vera ute midt på dagen, så å seia

heile vinteren igjennom. Så sparer ein eit

måltid når dei berre får litt kraftfôr attåt.

Men dette året! Ein sette dei vågemeg inn

fire veker før jul, og seinare har dei ikkje

vore utføre dørene.

Johannes, Rørtveit’n, han står djupt på

dørstokken og tek imot.

- Du må komma ned! seier han, i staden

for «inn».

Ganske nyleg’e - i hi veko var det visst -

har han fylt 80 år og blitt helsa og heidra

med sigarar og cigarillos for over 500

kroner - blant mykje anna. Lenger enn hit

reiser ingen i dag. Kvelden går opp i prat

og røyk. - «Ta ein av dei store!» ler

Rørtveitn’n . Han har hundre forskjellige

gjevmilde byfolk som har kome og helsa

han til lukke med dagen. Byfolk, snakk

aldri om den slags mæneskje! Dei har kome

og kome i førti år. Og ein av dei har bede

han til seg når han er på «marten» i

Helevåg. Så står han i Paradis på «de

broderede tepper» og ler høgt. Høyr denna

kitlande låtten og rørsla mot bukta og

bringa med høgro. By-karen må beintfram

spørja kva det gjeld. Å, det gjeld partnaren

som aldri var med på skiferie, så han har

‘kje sett maken.

- Det e’ så spelande fine kjæring du har!

Ein fylgjer Johannes høgt og lågt og vidt

og breitt. Den ein ikkje får høyra av

hanbeinveges har ein alltid høyrt fortalt,

det er sant, det. Var han nokon gong i

Dyraheio med oppatt-ladd remingtonpatron

i børsa og brennande behov for å

løysa endå eit skot etter bukken som halta

ifrå. Du veit ein tura og ladde oppatt i

litegrann utvida patron som ikkje ville på

plass i denne annige stund. Med innsida

av tommeltotten vart sluttstykket med

tennstiften skubba hardt mot knallen.

Skotet kom galne vegen - og ka då? Der

avleita reinen - og her sat jegeren med

skotet i neven.

Det blødde, det gjorde vondt og blodet

rann. Han badla seg inn med eine votten

utanpå på den andre og gjekk heim. Det

var noko drygare «heim» enn «åv». Våt

og svolten og idla faren tumla han milene

ned og Udladalen til endesfør han krak

oppetter Fisketstigen mot Hjortelandheimen.

Lang dags ferd mot natt. Og natta

lang i svevnløysa - men ikkje motløyse.

Han laut til dokteren - over heia til Suldal

og så endå ei mil etter postvegen til

distriktslegen på Sand. Den karen kunne

sy i skinnsaum og fetla. Og så vetug var

han at han meinte det var best å dra vidare

til Amtsygehuset i Stavanger. Endå ei natt

før ei sju timars økt med dampen til byen.

Rørtveit’n beit seg feste atti livet og

framstelte seg for overlege Pedersen, som

reiv fetlet av og sprette opp saumen frå

Sand. Han sa kva det var, han forstod seg

på det han såg:

- Det er en knall inni her, sa han og pirka.

- Og midt inn i hånden sitter en hel

Remington-patron, blanke messingen, jo!

Rørtveit’n - Johannes L. Hjorteland,

mannen av stort kaliber femti år seinare er

heilt attgrodd og enno heilt levande. Han

triv lampa, løyser ho frå spikeren på

kjøkkenveggen og lyser oss opp trappa mot

gjesteseng på kvisten.

- Du kan få liggja kor du vil. Me har godt

om plass.

Rørtveit’n er komen på lemmen i livet. Han

legg til : - Så eg tenkjer me kan mest’e bejøna å

ala atte.

 

Denne artikkelen av Jon Moe sto på trykk

i Stavanger Aftenblad laurdag 24. mars 1962.