Suldal sogelag

Av Jon Moe

 

Det er silande regn og seine kvelden. Tyssefjorden er halve mila lang og dryg og ro. Det er mange åretak, men det er sterke tak. Rorkaren er seig. Og det lyser av morild under årane.

   Færingen skyt fram gjennom ein foss av sølv og legg eit blankt band etter seg langs ei strond der folk har gått seg utføre eller hengt seg i kydlestuvane. Men det sprett gneistar or sjøen for kvar regndropen. Det er liksom nye stjerner i ei vonlaus og endelaus natt, og denne båten ror seg inn i mørkret og kløyver det.

   Fjorden er ikkje full av trollskap eller fælsleg fordi om folk har gått gjennom isen her – eller honge i reip. Ingen ting er underleg når ein sit i båten hans Jonas Tysse. Han finn forklaring på alt, eller let det uskjønlege liggja. Han veit kva morelden kjem av, og han låner seg ikkje meiningar. Eit naturmenneske som han kjenner si eiga lei og sitt eige mål. Kva skulle han med flaggermuslykt når morelden lyser han heim?

Med ”Ombofjord” kom det ein grisunge i ein sekk til Johannes Maribu den kvelden, og grisungen vondla så hjelpelaus og datt inni den våte sekken sin mellom nokre piggtrådbuntar på bryggja i Hålandsosen – Ein kunne tru at slik måtte det vera å bu i Tyssebotn. Om natta tyktest jorda vera så veglaus og himmelen så trong.

***

Men om morgonen skein sola på ei uneleg grend med gul skog og gode gardar. Fjorden låg blank som ein rustfri kniv og spegla fjell med useieleg haustklåre leite. Og menneska var sterke og ljose i syn, skoddefri i tanke og tale og seg sjølv som stein i urda.

***

Det var heilt rimeleg at så folkelege folk kunne halda klåre liner og sjå skilnaden på rett og urett alt frå fyrste dagen tyskarane voldtok landet. Og dei tykte det var sjølvsagt å hjelpa dei som meinte det same og måtte røma for det.

   2. august i 1940 kom det to austerrikske rømlingar til Tysse. Hans Johan Laab og Reidmund Huber heitte dei. Her fekk dei vera i fred radt til 28. juli i 1942. Då kom staporapset – usedde og lesta utkropne – frå ”lensmannen” i Lovra. Jonas Tysse og rømlingane skulle fakkast, men dei let seg ikkje narra. Alt som hende då er ei soge for seg og vitnar om den vanlege nautaskapen hjå stapistane. Dei kom til gards med ein av grannane i handjern, tok Magnus Tysse, bror til Jonas, og sende ein smågut avstad etter Jonas, som gjekk og hesja nedfor husa. Men Jonas visste om laglege revehi borti urdene. Han kom ikkje godviljug, og dei fekk han aldri i livet.

***

No tok villmannslivet til i fredløysa. Jonas gjekk til støls og fann seg sengeklær, og så låg han ute i urd og skog så lenge stapistane herja i grenda.

   Ei natt hadde han vore nedpå Brekko og mjølka seg tostedrikke. Det var flaumver og svart og vondt å ta seg fram i urdene. Då velte han steinar over seg og vart sitjande fast lenge. Det var ’kje nett så gildt! Holger Tau & Co låg nedpå garden med ein sporhund, og folk utmed fjorden og i Suldal søkte ned radioapparata sine. – Tampen brann både her og der. Det var ’kje godt å veta koss alt ville enda.

   Men Jonas gav seg ikkje. 500 meter ovanom Rød bygte han seg ei lita jordhytte og flytte inn nett før snøen kom. Han var lei av å liggja ute.

   Magnus sat i fengselet i byen, og Ranveig Auestad, tenestgjenta, laut og same vegen. Ho kunne vera ein fåre for vernemakta -. Seinare kom Magnus til Opstad og sette halar i trehestar til han slapp ut etter 7 månader i fangenskap. Han fekk ikkje flytta heim til tysse, men laut bu på Lovernes i Sand i eut år. Ranveig sat inne to månader. Og garden blei kverrsett av ”staten”.

***

Men oppi hytta sat Jonas og tenkte. Han hadde tid til det. Dei 14 fyrste dagane kunne han ikkje koma ut. Men så fór snøen og han våga seg ned etter ein liten omn.

   No vart det straks likare. Han slapp frysa – på føtene. Og så fekk han tak i to børser og nøgda loty. Radio hadde han og. Men dagane var lange. Det var ein hard vinter.

   Den 20. mai fylte han 50 år. Det var nok dei som visste om han og kom han i hug. Magnus kom dragande med to blautkaker, og det var kje lite festleg. – Elles henta han den maten han trong nedpå garden. Det var berre tri kvarters gonge.

   Om sommaren slo han litt i Ersdalen, og på Lovernes, flakka i heia, skaut litt og fekk tida til å gå på ein måte. Det var tobakksnaud og onnor naud, men det gjekk fordi det måtte gå.

***

Andre vinteren arbeidde han litt med skovøling og smidde spaskaft og sledanaglar, putla med eitkvart støtt. Det vart lenge å venta, men ute på frontane gjekk det rette vegen. Av og til var Sven Rød oppe og lyddest om han. Elles var han lite saman med folk.

   Så vårast det enno ein gong. Då hyrde han seg som sauegjætar for finnøybuen i Kvandalen i Suldal og fekk seg nytt pass. Ola Wik kjende ingen. Dei to vendene han fór gjennom Suldal møtte han berre nokre få som kjende han, og dei heldt kjeft. Det var ein underleg kar som brukte nr. 47 i skor. Desse skorne skjemta dei andre gjætarane med og sa dei ville flytta dei inn til Kistenuten og bruka dei til å bu i! – Jonas Tysse var i Sverige, trudde folk. Ein nazist, som spurde etter han, fekk det svaret at Jonas stod på grensa og talde dei som gjekk over -.

   Siste vinteren fekk han lag med ein rømling frå Stavanger. Dei budde helst på stølen, dreiv med skogsarbeid og hadde det bra etter måten. Ein advokat frå Stavanger låg og i dekning her inne ei tid. Og det var endå fleire rømlingar i Tyssebotn.

***

Dette var små brotstykke av soga om Jonas Tysse. Mange bryr seg kan hende ikkje lenger om å høyra såvorne soger. Dei er trøytte av slikt. – Ja, det er vel og bra nok med den verkelege heimefronten og motstandsrørsla, - men la oss snakka om noko anna no – for alt i verda!

Jonas Tysse låg 18 månader i ei jordhytte. Og i mest 3 år var han fredlaus. Det er ingen ting å skryta av. Men så står ein ved denne hytta midt oppe i tjukke skoglia. Ho er låg under taket, mørk og trong, 2 meter i kvar kant og så fattigsleg utstyrt at snauare kunne det ikkje vera. Senga er nokre bjørkebrandar ved muren. Der ligg eit saueskinn og røytest og rotnar. Dagsljoset piner seg inn ein liten glugg i døra. Borken losnar på ospetømmeret i sørveggen. Det er rått på golvet, taket er lekt og dropane har øydelagt ei ringjeklokke som ligg nedtrødd i auren. Her har vore folk og krøter inne.

   Den tid Jonas budde her var nok alt i betre stand. Når det brann i omnen og siste meldingane frå london var gode, kunne det vel vera koseleg på ei vis. Men spør ein seg sjølv om ein ville bytt med Jonas då, så hadde vel ikkje kven som helst vore viljug til det. Dette måtte vera som å bu i ein våt sekk mellom piggtrådbuntar.

   Hatten av for fortida og for Jonas Tysse, som likevel aldri midte trua på framtida og fridomen.

 

Denne avisartikkelen sto på trykk i Stavanger Aftenblad laurdag 7. desember 1946 under vignetten ”Profilen i dag”.