Suldal sogelag

Av Rune Roalkvam

 

På gardsmuseet til Trygve Høyvik på Israelsneset er det samla mykje rart og gammalt. For oss som er interesserte i folk og slekter, er kanskje ein gammal protokoll frå landhandelen som bestefaren Anbjørn dreiv på slutten av 1800-talet, av interesse. Her vert folk som me elles berre kjenner med namn og tørre faktaopplysningar frå bygdebøkene gjort levande ved at me får eit innblikk i korleis dei levde. Dei kjøpte salt, sukker og mjøl, men innimellom også vin og andre meir luksuriøse artiklar.

Utanom Ottøy, også ein kjend handelsplass i Sandsfjorden, er truleg Israelsneset det eldste husmannsplasset under Høyvik. Namnet kjem truleg av Israel Johannson f. ca 1610, som budde her. Husmannstida er slutt i 1851, då sonen i Høyvik, Anbjørn Anbjørnson (1842-96) får staden som eige bruk av faren, medan broren Knut overtek hovudbruket.

 

Anbjørn gifte seg i 1871 med Gundla Osmundsdatter frå Erøy og bygte stovehuset som ligg der i dag, og dreiv landhandleri i kjellaren. Dessutan dreiv han med krettur- og tømmerhandel, bøkkerverkstad og salting av fisk. Krettura tok han med rorskarar til Stavanger der han selde dei. Tømmeret henta han på Toftøy i Nedstrand og førte det til Vatlandsvåg, der det vart skore på saga. Protokollane etter denne verksemda er gått tapt.

 

Handelsverksemda førte til at Anbjørn vart ein halden mann, og enka Gundla vart i folketeljinga i 1900 innført som ”Gaardeiersenke og Kapitalist”. Anbjørn kjøpte Hebnes Framigard i 1892 og flutte dit. Sidan han sat godt i det, beheldt han Israelsneset. Gundla treivst ikkje på Hebnes. ”Det var den lukkelegaste dagen i livet mitt då eg fekk koma tilbake til Israelsneset”, skal ho ha uttalt. Anbjørn døydde i 1896, og sonen, også han kalla Anbjørn, tok over bruket.

 

Handelsprotokollen er ført med sirleg penn, kanskje oftast av Martine, dottera til Anbjørn og Gundla, som var butikkdame på Israelsneset. Ho reiste seinare til Kanada, der ho vart gift. Men ho kom fleire gonger på vitjing.

 

Totalt er protokollen på 339 sider, og tel om lag 180 ulike kundar i perioden 1874-90, mange innførte med fleire sider. Det er bønder og husmannsfolk i nærområdet som dominerer. På denne tida, på 1870-80-talet, bur det folk på kvar gard og husmannsplass på begge sider av Sandsfjorden, og innførslane i protokollen vil kunna gi eit godt bilete av dei økonomiske vilkåra dei einskilde levde under. Tilsvarande protokollar frå handelshus på Sand har gitt verdfull informasjon om sosiale og økonomiske tilhøve, noko Lars Olav Fatland har synt i si hovudoppgåve.

 

Det har ikkje vore høve til å gå detaljert gjennom protokollen i denne omgang, men mange vil truleg ha interesse av å vita kva personar som har vore kundar på Israelsneset. Difor har eg utarbeidd tabellen over alle innførte personar, med merknader over kor ein kan finna dei i Ola Foldøy si bygdebok for Jelsa. Ein kopi av protokollen er å finna på Ryfylkemuseet. Her kan ein sjå kva bestefar og oldefar tok med seg heim i båten etter ein handletur hjå Anbjørn Anbjørnsen i kjellaren på Israelsneset.