Suldal sogelag

Av Aksel Birkeland

 

Eg blei spurd om eg ikkje kunne skriva noko til sogelagsskriftet for Suldal. - Kva skal eg skriva om då? - Du har så mange hermer, småsoger og anna, ta litt om det, var svaret. Her kjem då litt.

 

Sand og Suldal, før kommunesamanslåinga, har i årtider hatt mykje samkvem med Sausokn. Sauda var vel meir avstengd og aneks i lange tider. ”Når sauabuen kom til Sand trudde han at han kom til eit anna land”. Der var lege, prest og dyrlege og langt frå dei framkomstmiddel som er i dag. Presten Mohr hadde ikkje mykje godt å sei om saudabuen. ”Dei var eit ugudelig, gjenstridig og vanskeleg folk.” Nå var vel ikkje alle prestar like i synet på saudabuen. Steffen Maldal var med presten Sydnes og bar for han over fjellet til Tengesdal. Betalinga var: ”Ja nå får De ha mange takk Steffen, for jeg vet det nytter ikke å by Dem betaling!”

 

Elles var nok ymse tenester gjort mot ei eller anna godtgjerdsle. Ein nokså godt stilt bonde her, etter tilhøva, mangla kone og drogst på åra. Kvifor han mangla kone er vel ikkje så godt å sei. Ein er sjeldan profet i eiga grend. Det hende då at ei anna kone tilbaud seg å skaffa han kone; men ho ville ha ein kvetedl (eit ullteppe) i godtgjersle for det. Det har vel gjerne alle dagar vore slik at alle har ikkje same dametekke og gubben slo til og gjorde avtale. Det vart til at dei skulle møtast i og ved kyrkja i Sauda ein såkalla preikesøndag. Kona var kjend på Hylsstranda etter teneste og slekt. Ho knytte stakkane opp i livet og la i veg til Hylsstranda, kom att med koneemne til avtalt preikesundag. Etter gudstenesta presenterte ho den eine for den andre og gjorde klart at nå har de sjansen. Det vart ja frå begge sider og ekteskap nokså snart. Kona fekk nyvoven kvetedl og var vel nøgd. Den nye kona vart ei dugande gardskone på mange måtar, og det vart helst til at ho styrde både stakkjen og brokja. Gemytt mangla det ikkje hjå nokon av dei, og det førde nok til at det til tider vart det me i dag kallar krangel mellom dei. Stor og sterk var ho både fysisk og psykisk, og fekk nok oftast viljen sin, fekk ho han ikkje så tok ho han. Når mannen då kom i nederlag kunne han slenga i henne: ”Pinede, du va ’kje vonde å få!”

 

Det er skreve nokså utførleg om Lindvang i sogeheftet frå 2000. Eg var på auksjonen på Lindvang i 1939. Eg kjøpte ei blå kidle (kje), meiner eg gav 15 kr for den. Eg hadde høyrt mykje om garden, Nikolai Havrevoll f.1912 var dreng hjå oss i 1936 og 37, han hadde og vore dreng på Lindvang. Så var det nokre som skulle med motorbåt inn der og eg fekk vera med. For Lindvang ville eg sjå.

 

Så ei sann soge om Lindvang frå kring 1860-åra. Min oldefar Bjedne Gunnarson Birkeland (f. Søndenå) 1835-1929 hadde 17 geiter som gjekk nokså roleg rundt Svortetjørnstølen vår utover hausten. Dei var oppe og gav litt salt og såg om dei nå og då. Brått var alle geitene vekke og dei gjekk i dagevis og leitte det me kallar "daueleit" etter geitene, utan å finna noko. Dei visste då at lindvangmannen hadde stølsdrift på ein støl som høyrde til Hellandsbygd og at han gjekk att og fram ein del mellom Lindvang og der han hadde stølsdrift. Vegen han gjekk var nokså nær vår støl på Breikvam. Om oldefar kjende eller hadde snakka med lindvangmannen veit eg ikkje, eg har soga frå min far Bjarne (1882-1958). Ein dag gjekk oldefar Bjedne til husmannen sin og spurde: - Om du vil vera med meg til Lindvang i morgon? Husmannen Lars var f.1820 – d.ukj. Det vart ikkje sagt noko om ærendet og Lars spurde heller ikkje, men han skyna og svara ja. Tidleg andre dagen tok dei ut, prata lite og gjekk dess meir. Då dei kom fram til Lindvang kom Grådua imot dei og mekra. Dei såg ikkje folk og banka på døra, ingen kom ut, døra var ulåst og Bjedne gjekk inn i det han sa til Lars, som sat att på trappa: ”- Du får nå høyra etter koss det går!”

 

Lars vart sittjande på trappa og lytta ein liten time, alt var stille. Omsider kjem Bjedne og lindvangmannen ut, og dei fekk alle 17 geitene med seg over fjellet att. Bjedne var tagal, sa lite og inkje. Alt Lars fekk veta av Bjedne på vegen heim var at lindvangmannen hadde gått frå geitene to gonger, men tredje gongen vart freistinga for stor og han tok dei med seg. Bjedne ville aldri fortelja eller snakka om kva dei hadde avgjort eller snakka om og Lars freista han heller ikkje. Det vart inga anmelding eller avisskriving heller om det. Då son eller soneson spurde Bjedne etter om hendinga så ville han ikkje ha noko snakk om det.

 

Då eg kom opp i pensjonistalderen tok eg til å interessera meg litt om slekta og slekter. Ærleg talt så vart eg både ”såra og vonbråten” over kor lite foreldra mine hadde fortalt om våre røter. Ein granskar som eg nemnde dette med sa følgjande: ”Det er ikkje berre å granska slekt, dei aller fleste vil finna ein trave i slekta så som: Tjuv, mordar, bedragar eller koneplagar, ja til og med ei og anna trollkjerring.” Altså finst det vel meir og mindre i alle slekter. Jon Moe seie vel og noko om det i boka Ryfylkiana side 198 og 238. Johan Veka fortel og om ein kramkar som gjekk over fjellet, overnatta på Svandalsflona og for vidare til Vågslid. Denne kramkaren vart aldri spurd meir, men mannen på Svandalsflona meinte han kjende att vadmålsbuksa som kramkaren hadde, på vågslidmannen.

 

Ja livet er ”så monge lessen” og styggedommen har nok fylgt oss frå opphavet. Den som er rein kasta den første steinen. Eit visst tjuveri har vel alle dagar funnest. Ofte var det nauda som dreiv. Tom taske og lite mat til både folk og dyr. Då kunne det freista å ta natta til hjelp til å få tak i ein sekk eller to med høy, frå ein stor høystad hjå bonden. Bjedne hadde eit fjoskammers med trapp opp til løa. Det var vel noko uvanleg å ha fjoskammers, men han var gjerne noko før si tid på ymse måtar, han hadde til dømes den første landbrunnen som me veit av her ikring. Den var sua og tømra, golv og tri vegger kan eg hugsa. Bjedne vart gift med dotter til lensmannen Steffen Steffensen Fatnes, som sat med Hingarden her på Birkeland, og Karina som vart kona hans var einebarn. Bjedne gjekk på amtskulen ein vinter i Stavanger etter han var gift; han var forresten berre 16 år då han gifte seg. Truleg vart skulegongen kosta av svigerfaren. Dei tider var det ein danske som reiste rundt på Jæren og agiterte for landbrunnar, og det vert hermt etter han: ”Hjemme i Danmark har vi en kopp stående ved vejen, og vi gir med gledje 5-10 øre for en manns vand”. Det er nær å tru at dette har påverka oldefar til å byggja landbrunnen.

 

Ein morgo dei kom ut låg trekvelene (hjulgong laga av tre) nede på golvet i fjoskammerset, dei hadde stade på kanten av trappa oppe, og dei såg at det hadde vore folk i høyet. Ingen sa eller gjorde noko med det. Seinare fekk dei høyra at ein husmann var sengeliggjande og dei hermde etter kona: ”Det va om nåttå han fekk det”. Ein husmann bryggja og selde øl til ”gruveslusken” i 1880-åra og tente sjølvsagt nokre kroner på det. Nokon lika ikkje dette og varsla lensmannen. Lensmannen tok ein med seg og drog på befaring. Dei prata litt med husmannen men fann ingen ting. Då dei snudde og var på veg heimatt seie husmannen: ”- Eg tenkte meg ikkje om, de va vel tørste og de?” Segna seie at han hadde rett.

 

 

Aksel Birkeland, f.1923, er pensjonert gardbrukar på Hingarden, Indre Birkeland.