Suldal sogelag

Av Ingvar Olimstad


Det er i år hundre år sidan diktaren Per Sivle døydde. Hausten 1895 og vinteren
1896 heldt han til på Sand og spela ei aktiv rolle i kulturlivet der. 

 Den 16. oktober 1895 gjekk dette brevet frå Sand i Ryfylke til Hr. Kjorbru-Horn,
Egertorget, Kristiania:
Vær af den Godhed pr. Omg. at tilsende mig 2 – to Æsker Papirkraver Nr. 18 – atten. 
Betalingen, Kr. 1,40 samt 30 øre til Porto og 10 øre Rest fra før følger hoslagt i Frimærker.
 Min Adresse ovenfor.

          Ærb.
                         P. Sivle 

 

 Det var diktaren Per Sivle som hadde kome til Sand og slått seg til her for vinteren. Og
då laut han ha papirkragar. Noko anna hadde han knapt råd til.

 
 Året før hadde han budd hos diktarpresten Anders Hovden på Lista. Det var ein sjuk
og forkomen Per Sivle som Anders Hovden berga ut or Kristiania. Kampen mot sjukdom,
svolt og fattigdom hadde merka han. Denne mest heilstøypte norske diktaren sidan Henrik
Wergeland var blitt så ille skamfaren av samfunnet. Håna av politiske uvenner, ofte sviken av
dei som venner skulle vera, og utstøytt av det ”gode selskap”. I all fornedringa greidde han
ikkje å finna ro i kroppen til å setja bu nokon stad. Medan kona, Wenche, fødd Nilsen, og
veslejenta deira, Sussi, budde i Bergen, var han sjølv på stadig flyttefot.


 Den forferdelege hovudverken som hadde plaga han frå tidlege ungdomsår, gjekk mest
på vitet laus. Når det var på det verste, prøvde han å døyva verken med alkohol. Det måtte han
ty til oftare og oftare.


 Hos Andres Hovden på Lista fekk han ro på seg. Dei to vennene kappdikta, dei
kritiserte og inspirerte kvarandre. Endå han her òg fekk rier med hovudverk av verste slag og
stundom prøvde å gøyma seg bort  i drykk, blei dei gode stundene lengre og lengre. Medan
han tidlegare mest ikkje tolde å vera edru, var han nå mest som fråhaldsmann å rekna. Dikta
hans vitnar om optimisme og lys framtidstru. Den vakre songen ”Og vesle lerka” vart til i
denne tida.


 Så vart kona til Anders Hovden sjuk – ho fekk tuberkulose og døydde 4. juli 1895 hos
foreldra sine i Ålesund. Hovden var borte frå Lista eit halvt år – og Per Sivle kom på vidvanke
att. Han skriv om seg sjølv i diktet ”Ferdamann”:

 

Eg vanka på foten so vida ikring
over stokk, over stein;
eg fekk støyt, eg fekk mein,
- og stundom so fekk eg no slett  ingen ting.
- ”Å hå, å ja,
det er so mangt du i verdi fær trøyta!”
sa ho gamle Gro Brøyta.

 

Eg bygde meg skuta, eg styrde ho sjølv.
Men so siglde eg på,
miste ror, miste rå
og fekk vera glad at eg flaut på ei fjøl.
- ”Å hå, å ja,
det er so mangt du i verdi fær trøyta!”
sa ho gamle Gro Brøyta.

 

Eg smidde meg vengjer, flaug til og ifrå.
Men som kvassast eg flaug,
jau, so sa dei eg laug,
og sume dei kalla meg diktar attpå.
- ”Å hå, å ja,
det er so mangt du i verdi fær trøyta!”
sa ho gamle Gro Brøyta.

 

 

Han kom til Rogaland. Første opphaldsstaden hans var på Hana ved Sandnes. Her
hadde han halde til ei kort stund i ungdommen, i gartnarlære. Han var imponert over den
nye industrien som voks fram i distriktet, ikkje minst ullvarefabrikkane ved Figgjo-elva,
og skreiv hyllingsdiktet ”Norsk industri”.


 Det blei ikkje så lange stoppen på Hana. Med vadsekken som einaste bagasje, gjekk
turen vidare til Nedstrand. Her fekk han husly hos lensmannen og stortingsmannen, den
radikale Hans Øverland. Dei var kjende frå før. Sivle kom der som raka fant, frakkelaus
og nesten skolaus, skriv Bjarte Birkeland i biografien om Sivle. Men Øverland tok seg
godt av han, ikkje berre materielt. Han var rett ein kar etter Sivle sitt hjarta, og diktaren
har då og reist eit fint og morosamt minne om han i diktet ”Øverlandsguten”.


 Men det var på Sand Sivle kom til å bu lengste tida han oppheldt seg her i fylket. Hit
kom han litt utpå hausten 1895. Johan Veka fortalde ein gong at han trudde det var den
unge læraren og kulturbyggjaren Asseus Steinnes som hadde kome i kontakt med Sivle og
fått han med seg hit. Han fekk bu i huset til Bertha Nielsen, enka etter den kjende
skipsbyggjaren Knud Nielsen. Det er det huset som i dag har adressa Gata 28. Bertha, f.
Tengesdal, var sjukleg på den tida, men ho og Per må ha hatt gilde samtalestunder, og han
hjelpte henne med skriving. Såleis skal det vera han som skreiv dette diktet til Bertha si
yngstesøster, Ingeborg Andersen, som då budde i Amerika.

 

Nu er det lenge siden jeg kan si jeg var over senge,
men tankene de vanke så vide, så vide.
Jeg glemmer det mørke og gjemmer det blide.

 

Men mellem de blide, dog blidest jeg finner
de lyse, de hellige barndommens minner.
Så meget med tiden kan bleges og glemmes,
men barndommen klarnes jo lenger den gjemmes.
Og du var vår yndling, den yngste i flokken.
Jeg mindes dig nok som du sprang der på sokken.
Og hermed du kjære, en søsterlig hilsen
og søsterlig tak ifra din Bertha Nielsen.

 

Og så skal du hilses fra en med det samme
som døptes for Joren og var Lensmandsmadamme.
Hun tidligere bodde inne i Hylsfjord på landet,
nu bor hun på søhus langt ude i vandet.

 

(Joren var ei anna søster av Bertha og Ingeborg. Ho var enka etter lensmann og ordførar
Ola Steffensen Fattnes. På den tida diktet vart skrive, budde ho i eit sjøhus som stod om
lag der Ryfylke Turisthotell står i dag.)
 
 Kulturlivet blømde på Sand på denne tida, og ikkje minst var 1895 eit merkeår i så
måte. Sand Ungdomslag, Sand Songarlag og Losje Glommen blei alle til i dette året. Sivle
var aktivt med i kulturlivet. Ungdomslaget blei skipa 8. oktober. Alt på tredje møtet, 27.
oktober, finn me Sivle på plass, og han les opp. På møta seinare på hausten hender det
fleire gonger at lagsmedlemer  les opp dikt og soger av Sivle. 22. desember er det
lagsformannen, Asseus Steinnes, som les ”Ein triskilling”. I møtereferatet står det vidare:
”Sivle kom til og las opp to dikt: ”Hellig tone” og ”Eirik Jarl”. Det siste var nyss ferdig.
”Det er ’kje turt endå,” sa Sivle.”  Dette var typisk Sivle, blei det fortalt. Han kom stilt og
spurde smilande om nokon ville høyra eit dikt han nett hadde skrive. Og ville dei det, blei
han glad.


 Anders Hovden skriv i si bok om Per Sivle at dei fleste dikta han skreiv på Lista vart
til ute på landevegen medan han gjekk den halve mila mellom Vanse og Farsund. Også på
Sand skreiv han fleire av dikta sine medan han var ute og gjekk. Helga Bårdsen kunne
fortelja at far hennar mintest då Sivle ein dag framføre jul, ved solkvervtider, stod på
kaien og såg utover fjorden. Solnedgangen var så vakker som han berre kan vera på Sand
ved desse tider. Det var ”jul i holet”, som sandbuen seier. Sivle vart gripen av ei jublande
glede, og den gav seg utslag i diktet ”På solsida”:

 

Det var solkverv i går,
det var solkverv i går,
- hei hopp, hipp, hipp, hurra!
Og sjå dermed so snur
det seg atter til vår
Hei hopp, hipp, hipp, hurra!
Herregud kor den soli ho gyller på sjo!
Og ho tykst meg å blenkja so nytvegi no,
og ho smiler mot joli so levande glad.
- Hei, hopp, hipp, hipp, hurra!

 

Her skal grønkast og gro,
her skal grønkast og gro,
- hei hopp, hipp, hipp, hurra!
Jau for soli kjem atter
med bote-von no.
Hei hopp, hipp, hipp, hurra!
Borti bakken skal blomen få sola seg enn,
medan lerka og  sysvort skal tralla igjen,
og fortelja at verdi i grunnen er bra,
- Hei hopp, hipp, hipp, hurra!.


 Han var ikkje avhengig av scene og sal. Viktigare var det å ha eit godt publikum. Det
fann han på krambua til Rasmussen. Her var det urpremiere på det lange diktet ”Satanas
Overdjævel”. Det er eit dikt om erkeengelen Lucifer som blei jaga frå himmelriket, og Sivle
lagar ein herleg harselas over alle som vil vera større enn dei er:

Forresten må du vide, Lucifer:


Jeg mindes ikke bare hvad du er.
- Du var ei fuldt så tertefin og kræsen
den gang du som en snottet engle-unge
fløi omkring og gjorde skøi og rakte tunge
og var ei engang altid tør om næsen.

Hør, Lucifer. Og merk dig nu mit ord:
i lidenhed du bleven er så stor
at du ei passer her før engang siden
du blir så stor at du igjen er liden.

 

 Men bak harselasen ligg det ei djupare meining. Det er eit dikt om ”Personlighedens
vekst igjennom prøvelse.” Bak skjemten og det vørdlause språket låg det noko personleg 
gjennomlevd og ekte.

 

 Det var ikkje bare Sivle som førte ordet på krambua. Han lytta til kva folk hadde å
fortelja, og så kunne han blanda seg inn i samtalen med sine råd og med sine røynsler. Ein dag
sat han på disken, dingla med beina og høyrde på suldølen Erik K. Birkenes når han la ut om
den store jerveplaga i Hamrabøheia. Mellom Skaulen og Slettedalen hadde jerven drepe
mykje sau. Geiter var drepne, og dyret reiste med snare-ryper òg. Ingen fekk lenger vera i
fred.


 ”Høyr no på meg litevetta,” sa Per. Og så fortalde han korleis dei pla fanga jerven i
Vossefjella:  ”Rett og slett med ”spraute-feller” av same slaget som ein til vanleg set opp etter
røyskatten. Tre pinnar av større format under ei diger helle, eller ei låvedør full av
gjennomslegen stor spiker med kampestein på. Bruk reinshorn eller roten katt til lokkemat,
det er noko som dreg!”


 Hamrabøbuen følgde rådet, og på denne måten fanga dei to jervar den vinteren. Det er
Jon Moe som fortel dette i boka ”Tater i pels”.

 

 Sivle var ein framifrå talar. Med Sand som utgangspunkt drog han ut på lange
opplesings- og foredragsturnear på Sør-Vestlandet. Ikkje minst ungdomane blei rivne med når
Per Sivle var på talarstolen. Erfjordbuen Magnus Vaage var elev på den ambulerande
amtskulen som denne vinteren heldt til på Fister. Sivle vitja skulen, og Vaage gav att
inntrykka sine på denne måten: ”Sivle tala slik ingen hadde høyrt før. Det var skalden og
folkevekkjaren som kom fram. Det skifte i alvor og skjemt, stille og storm, noko storlagt som
sjølve storhavet, eller som den ville naturen kring Sivlegarden og Stalheimskleiva.”  Talen må
ha brent seg fast i minnet hjå Vaage, for det var mest femti år seinare han skreiv dette i
Dagbladet Rogaland.


 Lærar og forfattar Hans Hylen var 19 år då Sivle heldt til på Sand. Han kunne òg
minnast Sivle som den store talaren, og han såg opp til diktaren. ”Det brann ein loge i han
som alle kjende varmen frå.” Men han kunne òg minnast den ulukkelege Sivle, han som
kunne koma stomlande påsegla gjennom Gata heim til vertsfolket. Det var ikkje noko fint syn.
”Eg tykkjer enno eg ser han,” skreiv Hans Hylen, ”når han sabba gjennom gatone den
vinteren i snøslapset i den tjukke grå ulsteren og skinnhuva – ofte med lummene fulle av
ølflaskor.”


 Trass i alkoholproblema sine, var Sivle mykje oppteken av fråhaldssaka, og fleire
gonger var han med på møte i losje Glommen. Han kunne halda lange fråhaldstalar for
ungdomen. Kaspar Nilsen skreiv ein gong i Suldalsposten om ein gong Sivle var langt frå
edru då han møtte opp i losjen. Ein losjemedlem sa at den beste fråhaldstalen som var blitt
framført i salen der, blei den dagen halden av Sivle. ”Sjå på han Per, han har det dårlege
resultatet med seg i dag. Så tøysete vert me når me drikk,” var eit sitat som levde etter den
talen.


 Det var kanskje på det same losjemøtet han tala om den norske ”riks-lusa”?  Jon Moe
høyrde denne soga av Julius Bårdsen, sjølv ivrig losjemedlem og son av ein av pionerane frå
losje Glommen. Sivle kom noko for seint til møtet, så folket laut bia noko på talaren. Moe
fortel: ”Endeleg kom han Per, og litt på ein snurr, det var han – nett passeleg til å tala fritt.
Dette hadde han å seia om det norske riksvåpenet, løva med øks:
- Heraldikken er i orden, det er eit prydeleg våpenskjold. Det høver berre ikkje. Løva er eit
mannsleg, klokt og modig dyr og attåt sterkt. Nei, lusa passar betre i merket vårt!
Og så la han ut om norsk folke-psyke, som spegla seg av i politikken og på så mange sider
av samfunnslivet.
- La oss få lusa! ropa Per Sivle.
Og folket flirde.”

 

 6. januar 1896 hadde ungdomslaget fest i ”Pensjonatet” på Sand, og Sivle var igjen på
plass. Denne gongen las han dikta ”Ottar Birting” og ”Eirik Raude”, og han fortalde ei soge
frå Voss. Etterpå heldt han ein kort tale. Han let vel om at det var ”rein luft” i festen, at festen
var vel tillaga og at det synte seg at ungdomen mora seg best når dei ikkje hadde rusdrykk.
 Morfar min var 19 år i 1895. I desember kom han til Haugesund og skulle hjelpa den
seks år eldre fetteren sin, Bernt Seland, med oppstarten av Haugesunds Avis. Morfar fortalde
at kvar gong Sivle kom på reisene sine frå eller til Sand, gjekk han innom avisa. Då kunne han
bretta ut eit papir, lena seg mot typekassen og seia: ”No hev eg gjort eit godt dikt, karar. Høyr
no!” Og Per las, medan Bernt og morfar og resten av personalet lytta andektig. Slik kom han
t. d. sist i februar med det før siterte diktet ”På solsida”, og nå på skotårsdagen kom det for
første gong på trykk – på første sida i Haugesunds Avis.


 Andre gonger kunne Sivle ta inn i heimen hos Karen og Bernt Seland. Både dei og
morfar blei så umåteleg glad i denne mannen. Dei kjende til lidingssoga hans og dei store
alkoholproblema han måtte slåst med, men dei visste òg at eit meir varmhjarta menneske og
ein meir ekte nordmann fanst det knapt. Ein dag sat Sivle og leika med Bernt og Karen si
vesle dotter på fanget. Reint fengsla stirde han inn i dei opne truskuldige barneauga. Så byrja
skuldrene hans å rista, tårene braut fram, og den store, sterke mannen brast i gråt. Kanskje
tenkte han på si eiga veslejente, Sussi, som budde saman med mor si i Bergen, medan han
sjølv ”vanka på foten so vida ikring/ over stokk, over stein,/ eg fekk støyt, eg fekk mein/ - og
stundom so fekk eg no slett ingen ting.” Han var så barnekjær, men livet hans var så fattig på
lukke.


 Frampå våren reiste Sivle frå bygda for godt. Kan hende var det fordi han vart ståande
utan husvære. Bertha Nielsen døydde 1. mars. I alle fall drog han til Bergen og ville freista ta
opp att samlivet med familien. Med seg hadde han manuskriptet til diktsamlinga ”Skaldemål”.
Boka kom ut seinare på året, og her finn me mange av dei dikta som blei til på Sand og i dei
andre rogalandsbygdene han oppheldt seg i, forutan fleire som blei skrivne på Lista. Siste
diktet i samlinga er  ”Og vesle lerka”. Me ser føre oss ein diktar full av lys tru på framtida:

 

Gud signe deg! Du er fuglen min du!
Gud signe no deg med di glade tru!
Og møter eg kulde og snjo på min veg,
Gud gjev meg i soltru å kveda med deg:
”Å hei! å hi! å tiriliti!”

 

Men, som alle kjenner til, fekk han også i åra som kom meir enn nok av støyt og av
mein, og stundom so fekk han no slett ingen ting.