Suldal sogelag

Av Odd Bråtveit

 

Støling har lange tradisjonar i Suldal, ikkje minst i grendene rundt Suldalsvatnet. Dei fleste bruk har ein eller fleire stølar som har vore i bruk frå langt attende i tida, og som var i bruk i min barndom og oppvekst. Stølen og heia gav ikkje berre sumarbeite til husdyra, men der vart og ein god del av vinterforet henta. Bruka hadde ofte lite dyrka jord, og ein god del av den måtte nyttast til korn og poteter så lenge sjølbergingsjordbruket varde.

 

Driftsformene har nok veksla gjennom tidene og sjølv kan eg hugsa så langt attende som til midten av 1920 åra. Det var inngangen til den perioden då ysting av ekte geitost nådde sitt høgdepunkt i Suldal. Det vart utvikla litt av ein heimeindustri som eg trur letta økonomien for mange i dei vanskelege tretti åra.

 

Heime hadde me geiter så lenge eg kan hugsa, og første tida på stølen opplevde eg saman med mor og syskin. Sju år gamal hamna eg som høring på Stålevikstølen. På den tida var det nok mange gutungar, kanskje gjenter med, som starta i det yrket. Snautt mange i så ung alder , og     eg har berre eit vagt minne om at Eldri Stålevik kom og henta meg. Eldri fekk etternamnet Litlehamar og døydde i fjor 101 år gamal. Om eg grudde eller gledde meg hugsar eg ikkje, men ser for meg at det eg skulle ha med meg var ikkje mykje. Truleg var det samla i det me kalla ein fatlasekk. Noko så fint som ein ransel eller ryggsekk hadde me nok ikkje, heller ikkje ei skreppe eller rypesekk som nok fanst på den tida. Ein fatlasekk kunne fort lagast av ein tom kveitemjølsekk som var av kvitt tøy. Ein togende gjorde nytte som fatlar. I kvart hyrna i botnen på sekken vart det stukke inn til dømes ei lita potet, og så vart togenden knytt innanfor der. Bukta av toget vart så knytt rundt sekkjekjeften ,og sekken kunne gjerast så stor eller liten som han trongst. I ein slik sekk trur eg det mest turvande av klesplagg og eit par treskor var samla, første gongen eg skulle ut i den vide verda. Kveitemjølsekkene vart og sydde om til ulike klesplagg. Regntøy var det smått stell med, men noko som vart kalla ryggjaskinn fanst. Det var nytta for å skjerma aksler og rygg mot væta. Namnet tyder vel på at skinn var nytta til det bruk. Eg hugsar at kveitemjølsekker vart omsydde til det bruk og innsette med linolje. Serleg når ein gjekk bøygd og slo med stuttorv, og det gjorde mannfolka det meste av sumaren, var eit slikt regnplagg nyttig. Det heldt rygg og aksler så nokolunde turre, og det var luftig og lett å arbeida under.

 

Stålevik er ein einbølt gard mellom Bråtveit og Nes (Nesflaten), 3-4 km ovanom Bråtveit. Bestefar,eller beste som me sa, kom frå Stålevik, i daglegtale Stålavikjo. Då han voks opp der var det husmannsplass under Gautun. Beste kjøpte gard på Bråtveit, og som vanleg på den tida, tok han Bråtveitnamnet. Bror hans, Aslak, kjøpte Sandvik og tok det namnet. Yngste broren Mikkel vart verande i Stålevik, og i 1889 løyste han inn plasset, så etter den tid har det vore sjøleigande gard. Innmarka var små teigar mellom bergknausar, og alt måtte arbeidast med handemakt. Hest var det ikkje på bruket, så alt måtte fraktast på ryggen eller slepast på bakken. Tunet låg ikkje langt frå vatnet, så robåten var nyttig i mange høve.

 

Den tida eg var på Stålevikstølen, var det Mikkel og kona Brita som åtte bruket. Brita kom frå Hagen i Bleskestadkrinsen og dei var gifte i 1889, same året som plasset vart innløyst. Dei hadde då tri søner og fem døtre som alle var vaksne. Ikkje alle var heime til same tid , og nokre av gjentene byttest om å vera på stølen. Første sumaren var det Mallin, ein sumar Eldri og lengste tida Anna. I mitt minne står dei alle tri som modne kvinner, men eg har funne ut at Mallin var berre 22 år den gongen. Det var ikkje lite for ei så ung gjente å ha eineansvar for stølinga, og eg trur nok ho kjende på det. Kvar kveld las ho or ei andaktsbok, og med eigne enkle ord bad ho for oss på stølen og dei næraste. Eg skulle og lesa kveldsbøna som eg hadde lært heime, og som eg enno hugsar lydde slik:

                                                

Eg auga mitt no lukkar, til Gud i himlen sukkar

Å vak no over meg.

Lat inkje vondt meg henda, lat synd i frå meg venda,

Eg trur og litar trygt på deg

Amen.

 

Stølen låg heilt for seg sjølv og heile sumaren var det lite kontakt med andre folk. Med visse mellomrom kom det nokon heimanfrå for å henta mjølk og smør eller ost. Oftast var det ein av sønene og dei overnatta sjeldan eller aldri.

Stølshuset var svært enkelt Det var to rom der det eine var tømra, lågt og utan glas. På veggene var det hyller, eller kjedlar, som me kalla det. Der stod mjølkekollene, smørbuttar og ferdig pussa ostar. I eine kråa stod eit stort kjer der surmjølka vart lagra. Den skuma kumjølka stod i koller til det vart skjør, så vart ho godt opprørd og slått i kjeret. Der kunne ho verta ståande lenge, og fekk gjerne ei dagleg omrøring.

 

Ved eine langveggen var det ei seng med golvet som botn, det var senga til budeia. Det andre romet kalla me svola. Det var reisverk med kledning av øksa bord, ikkje skorne på sag. Golva i båe roma var av upløgde bord, så trekkfritt var det nok ikkje. Mellom roma var det opning utan dør. Ytterdøra i svola var hengsla med vidjer, og over døra var det open gauk. I eine kråa ved sida av døra stod kjelaringen der ystinga gjekk føre seg. På motsett vegg hadde eg senga mi. Den var smal og så høgt på veggen at det vart plass for eit vedlad innunder. Der kunne eg ligga og sjå opp i fjella gjennom den opne gauken som det og kunne trekkja friskt gjennom.

 

Men eg vart godt pakka inn med sengklæde, så fraus gjorde eg ikkje. Innbuet var eit lite bord som kunne flyttast på, og eit par krakkar.

 

Eine enden av huset var tufta på ein fjellknaus og den andre på ein gråsteinsmur, Det var høgt nok under til at ein kunne gå lut der, og i ruskever tydde geitene inn der så mange det var plass til . Det vart helst dei største og sterkaste, for i geiteflokken er det streng rangorden. Alle såg ut til å vita kven dei kunne jaga, og kven dei måtte vika plassen for. Kyrne hadde fjos av nyare dato.

 

Det første som måtte gjerast då me kom til støls, var å gjera reint i huset og gjera klar koller og kjer. Det var trekar som hadde gisna og måtte i vatn for å trutna og tetna. Dei vart sandskura og sett i brakalog, og når den prosessen var ferdig lukta kjeralda friskt og reint. Seinare måtte kollene sandskurast kvar gong dei var tømde for skjør.

 

Første sumaren var det visst ikkje venta at eg skulle gjera så mykje nytte for meg. Det var vel helst det at eit menneske skulle ikkje vera heilt åleine. Gjæting var det ikkje tale om, så høringtittelen var snautt dekkande. Det vart meir tale om stølslag eller stølsfjagg. Etter å ha vorte kjend med stølsvegen, kunne eg sendast åleine heim og seia frå om noko stod på. Litt nytte kunne eg likevel gjera. Det var min jobb kvar dag å sopa berget utanfor stølsbua reint for geitelort. På ein sumar gjekk det fleire sopelimar med til det bruk, og eg lærde etter kvart å laga nye sopelimar sjølv. Fjoset skulle og mokast, og det var eit dagleg gjeremål å styra kyrne til beites. Gjerne i ulike retningar frå dag til dag for å nytta beitet på beste måte. Veret var og med og avgjorde kva lei kyrne skulle styrast i. Geitene brukte å koma av seg sjølv både morgon og kveld, men kyrne måtte ofte hentast om kvelden. Då gjekk me båe på leiting. Var veret fint, var det noko eg gledde meg til. Det opna gjerne for nye utsyn, og det kunne dukka opp forvitnelege ting av ymse slag. Det kunne vera ei rypemor med ungar, ein liten hare i lyngen eller ei ørn som svinga seg høgt i det blå. Ut på sumaren kunne me og koma over molter som smakte godt. 

                                                 

Ikkje alle stader var like spanande å gå, så det hende nok at eg medvite styrde kyrne dit eg helst ville leita etter dei. Var veret dårleg var det mindre tillokkande å gå i heia. Korkje skor eller klede var skikka for regnver. Me vart fort våte og i skodde og regn vart det ofte hustre og kaldt. Ein kveld fann me ikkje att kyrne, og dagen etter vart ein minnerik dag for meg. Før eg fortel om det, bør eg gjerne fortelja om korleis ystinga gjekk føre seg. Etter at mjølka var separert vart skuma mjølka slått opp i ystekjelen og varma opp til om lag kroppstemperatur og tilsett osteløpe. Første tida eg hugsar vart det nytta kjese. Det var løpemage frå kalvar. Dei vart lagra turre men den tida dei var i bruk, hang dei i ei krukke med vatn. Dette vatnet vart slått opp i mjølka når ho var høveleg varm. Seinare vart det osteløpe å få kjøpt på flasker. Etter ei stund vart kaseinet, eller ostestoffet felt ut og kunne samlast opp i eit kjerald me kalla tåga. Tåga var fletta av bjørketeger og kunne sleppa mysa gjennom når ostestoffet vart pressa oppi. Mysa vart silt og så slått attende i kjelen. Over kjelen vart det lagt ei bjørkekluft som me kalla tjuge eller tjuve og oppå den vart tåga sett for at restar av myse skulle drypa ned i kjelen. Når ein var komen så langt, var det å fyra for fullt for å få mysa på kok. Då kom det til syne noko me kalla mjor, det var vel fine restar av ostestoff. Dette måtte vispast godt for at det ikkje skulle syna prikkar i brunosten. Når det var gjort, vart fløyten slått i , og så var det å fyra godt for å få rask inndamping. Fram til det vart brunt trongst lite tilsyn , men frå då av måtte det flittig røring til med ostespaden om det ikkje skulle svi i botnen. I såfall ville osten langt på veg vera øydelagd.

 

Så attende til kyrne som var borte. Opplegget dagen etter var at budeia skulle av og leita etter kyrne, og eg skulle passa ystekjelen. Før ho drog gjorde ho ystinga klar fram til at fløyten var slått i, og ho rekna med å vera attende før det var aktuelt med røring. Ho gjorde og klar kinna, så eg kunne kinna smør medan eg passa ystekjelen. Kinninga gjekk greitt og smør vart det. I ystekjelen minka det snarare enn eg likte. Og budeia og kyrne var ingenstad å sjå , så eg vart meir og meir ottefull. Røring måtte til, og i aukande tempo etterkvart som det tjukna i kjelen. Gråten var ikkje langt unna, og letten eg kjende då Mallin dukka opp i døra kan eg mest kjenna enno. Skrytet eg fekk for å ha berga osten, vart teke godt vare på. Likeeins minnet om ein dugeleg kinnebete. Ein kinnebete er flatbrød smurd med nykinna smør og duppa i saup. Det smakte utruleg godt, og er sjeldan kost i dag.

 

Nokon vil kanskje spørja om ikkje tida fall lang for ein gutunge åleine på stølen med ei budeie og utan leikekameratar. Fakta gjekk det betre enn ein skulle tru, for det var mange gjeremål, og fristundene kunne nyttast til så mangt. Der var bekker og ei lita tjørn som høvde for ymse aktivitetar, og eg mura vardar og små steinhus. Mykje tid brukte eg til å skriva namn med kniv der det var plass til det.I fjoset var veggene tømra av halvklovningar, og flekkevis var dei så slette at dei var gode å skjera i. Der vart det mange OB, eller meir fullstendig, OASB med årstal etter. Mange geitenamn fekk og plass der. Alle geitene hadde namn, og me visste kven mora var. Faren var det meir uvisst med, men farskapet vart gjerne tillagt den bukken me tykte best om. Det uroa litt når det vart sagt at den som skreiv namnet sitt overalt, den vart ikkje gamal. For meg var det vanskeleg å lata det vera, for eg fekk slik ein fin og kvass tolekniv av eldste sonen Aslak , som og var gudfar min. Knutsen stod det stempla på bladet og den kniven vart mykje nytta og teken vare på. Aslak var og framifrå god til å fortelja, og når han attåt var ein ivrig jeger, så vart det mange spanande jaktsoger. Det gildaste eg visste var når han fortalde, og eg såg gjerne at det var han som kom på stølen for å henta bør. Han var og tingar av bladet Den 17 Mai, og i det bladet var det kvar laurdag ei dyresoge av Torgeir Bjørnarå. Det var lesnad eg slukte , og laurdagsnummeret av bladet vart ved høve teke med til stølen. Det hende ei helg eller to at eg fekk vitjing av brør og kameratar. Då gledde eg meg veldig til laurdagen dei var ventande, men grudde meg kanskje like mykje til søndagen då dei reiste heimatt. Det kunne verta gråt og tunge stunder, men budeia var flink til å trøysta og finna på eit eller anna som avleia dei tunge tankane.

 

På den tida slo dei mykje i utslåtter, og fleire av dei låg ikkje lenger frå stølen enn at eg midt på dagen kunne vera saman med slåttefolket. Det var etterlengta avveksling, og ofte var det noko nytt å høyra og oppleva. Når me var på Nedre stølen, fekk eg gjerne høyra at før i tida samla dei sauene i grindar om kveldane og tok lamma frå, slik at dei kunne mjølka sauene eit mål.

 

Ei natt som oldefar min, som og heitte Aslak, låg der vart det uro i saueflokken. Då han kikka ut gjennom døra såg han det lyste i bjørneaugo ikkje mange meterane unna. Frå gruva tok han ei brennande vedskie og veifta mot bjørnen med. Det heitte seg at bjørnen var redd varmen. Slike forteljingar, og andre om folk som hadde sett og vore ute for bjørn, var spanande men let og etter seg ein viss otte for å råka på bjørnen. Det var ikkje så lenge sidan det hadde vore slagbjørn som gjorde stygge innhogg i saueflokkane.

 

Frå Stålevikstølen såg me godt neover til Nes, så me kunne fylgja med på kva tid dei tok til med slåtten, når det kom såter og når dei køyrde høyet inn. Kan snautt hugsa hesjar, så det var kanskje ikkje så vanleg den gongen. Bilar kunne me sjå etter vegen, men det var ikkje mange, Bratlandsdal hotel på Nes og Breifonn hotel på Håra hadde bilar og privatsjåførar, så det var vel oftast dei me såg. Syklistar var det meir av.

 

Elles var det ikkje så mykje me kunne fylgja med på. Radioen var ikkje komen og slett ikkje mobiltelefonen eller sikringsradioen. Bråtveitgrenda fekk rikstelefonstasjon i 1912, men privattelefonar vart det ikkje før etter 1930. Dei son ville ringja, måtte gå til stasjonen. For dei i Stålevik var det lang veg, så det var nok ikkje ofte telefonen vart nytta. I dag tenkjer eg ofte på kor god nytte me kunne hatt av sikringsradio på stølen. Det kunne spart oss og andre for mykje bry, og eg kan nemna eit døme på det. I den tida eg fortel om var det geiter på dei fleste gardar på Nes og i Roalkvam. Dei som hadde geiter måtte og ha bukkar, og dei vart gjerne sett på beite i Baksmett,i alle høve på den sida av vatnet. Der gjekk dei roleg for seg sjølv til det leid utpå sumaren og tanken på geiter melde seg. Då hamna dei gjerne på stølen hjå oss. Der vart dei arresterte i fjoset, og eg vart send heim for å melda frå. Der var ikkje telefon og så langt til stasjonen at i staden vart det for nokon å ro til Nes og varsla eigarane. Dagen etter kom dei gjerne for å henta bukkane. Eg hugsar Hallvard Baksmett, han skreiv Gautun, Mikkel Haugen, Jørgen Overskeid, Gabriel Kilen og Knut Moe. Alle borte for lenge sidan.

 

Trur ikkje me hadde lampe på stølen. Minnest heller ikkje at me brukte talgaljos. Det må vel tyda at me både la oss og stod opp i dagsljos. Det var tidleg opp, så det kunne vera greitt å køya tidleg. Det var vel heller ikkje så mykje å trøyta tida med om kveldane. Me flytta tidlegare heim enn dei fleste, truleg i første halvdel av september. Buføredagen såg me fram til med glede ,og for oss var det ei stor endring. Stova i Stålevik trur eg ikkje var stor, men i høve til stølsbua vart ho svær. Med ljos i parafinlampa vart det for ein gutunge som å koma til ei ny verd.

Mekeli (Mikkelsmess) var tenesta slutt og eg kunne stolt reisa heim med noko meir i fatlasekken enn då eg kom. Nye sokkar eller lubbar var gjerne kome til , og eg trur det var første hausten eg fekk eit buksety og ein heil femkronesetel. Pengar såg me lite av den tida, og for ein sjuåring var fem kroner ei heil formue som det måtte takst vel vare på. I Bråtveit var det ingen butikk med snop eller anna som freista. Femkroningen kunne haldast inntakt i lenger tid, og kunne mellom anna brukast til å gjera syskin og kameratar avindsjuke.