Suldal sogelag

Av Tore Thorsen

 

Verket

Då me begynte på skulen, lærte me at Gud sa: "Bli lys!" Og så vart det lys. Men eg for min del var ikkje så imponert. For alt som fireåring hadde eg vore vitne til eit minst like stort under og mirakel, hos faster mi på Jæren: Dei vreid på ein skrue på veggen attmed dørkarmen, og så blei det brått lyst i rommet. Ennå, over seksti år seinare, hugsar eg den vantru  overrumplinga: Dette kunne då ikkje vera sant?

 Heime på Jelsa var me ikkje vane med slikt trylleri. Dei tende flaggermuslykta når dei skulle i fjoset om vinterkveldane og hengde den på ein spiker i taket når dei molka og fôrte krettura. I stova sat dei rundt parafinlampen med avisa, og skrudde på batteriradioen. Når ungane skulle leggja seg, blei dei fylgde av ein foreldre med eit talgalys i handa, og når folk skulle ut, måtte dei ha med seg lommalykt.

 Men skruen på veggen og den kvite glaskuppelen i taket skulle komma til Jelsa også. Miraklet kom i skikkelse av eit dieselaggregat. Lars Jelsa meiner det må ha vore i 1947 eller - 48. Det  trongst nytt drivverk til ei sag i Jelsavågen, og dei tri sagbrukseigarane, Bjørn Jelsa, Ole Nygård og Einar Thorsen, fekk kjøpa ein dieselmotor på Jæren, det var ein etterlatenskap etter tyskarane.                           

 Det blei ikkje så mykje meir med sagbruksdrifta i Jelsavågen, dei tri gjekk saman med Leiv Oppedal om å byggja ny sag i Barkelandsvågen. Dermed fekk folk på Jelsa tilbod om å bli straumabonnentar. Det blei forhandla med grunneigarar om plass til å setja opp lysstolpar. Ein utanbygds elektrikar, Peter Molaug - Moluf, som han kalla seg sjølv - gjekk rundt og la inn straumledningar, kontaktar og glaskuplar i husa. Med seg hadde han m.a. Ola Gjerde og Lars Jelsa.  Det var Ola som var hos oss og installerte det elektriske anlegget. Me hadde dreng og tenestejenta. Soveromma deira låg i austre enden av huset og hadde ein felles vegg.  Kanskje ville elektrikaren gjera ei velgjerning og stimulera romantikken i den delen av huset, eller kanskje gjorde han det det for garp. Han bora hol i veggen og plasserte lysbrytaren over senga til jenta, så drengen måtte inn til henne når han skulle sløkkja lyset på rommet sitt. Me ungane var små og såg berre det praktiske med dette arrangementet, me registrerte ikkje korvidt ordninga var populær blant dei to brukarane eller ikkje. 

 Det blei nå stor aktivitet ei tid utover, til på Jelsa å vera. Arbeidslag for rundt og reiste stolpar, skrudde i isolatorar og strekte kablar. Ungane fylgde godt med. Mest fascinerte var me over klatreskoa til linjemontørane. Spesialskoa hadde to gripeklør, den eine mykje lenger enn den andre. Dei spente dei på føtene med reimar, på same måten som skeiser, og så klauv dei lett oppover med den eine handa rundt stolpen og utstyret i den andre. Sikkerhetsbelte var det ikkje snakk om.

 På Jelsa vekte det svære dieselverket rettmessig oppsikt då den blei manøvrert inn på dampskipskaien. Kolossen vart forsynt med tremaiar og dregen oppover vegen. Leiv Oppedal møtte opp med lastebilen sin, det var det einaste motorkjøretøyet på Jelsa. Men bilen greidde ikkje dra det svære kolliet, det måtte levande hestekrefter til. Og sjølvsagt samla det seg det meste av det som fanst av sterke og hjelpsomme mannfolk, i tillegg til eit stort publikum av ungar og andre interesserte. Lange stykke drog dei maskinkroppen på rullestokkar, hugsar Laurits Jonassen.               

   I den vestre snippen av Pilekra, bøen til Bjørn Jelsa, klemt mellom bygdavegen og bekken, var det sett opp eit hus, og der installerte dei aggregatet. Det stod i rommet nærmast bekken, på den måten var det kort veg å pumpa opp kjølevatn. Trygve Tveitarå hadde vore maskinist i utanriksfart under krigen og fekk ansvaret for å montera maskinen. Det samla seg mange interesserte då vedunderet skulle startast opp. Lars Jelsa: Aksellerasjonen blei regulert med eit lite hjul. Men maskinisten var overmodig og gav for brå omdreining på hjulet, slik at hettene over sylindrane spratt av og trilla til mange kantar. Men hettene kom på plass igjen. Maskinen starta og produserte elektrisk straum.

 Kvar husstand fekk nå nok straum til lys, og dels til koking. Det blei nye tider. Folk reiste til Stavanger og kom heim med "plata" -  kokeplate med eit mindre og eit litt større varmeelement. Det kom utepærer på hushjørnene og lys i fleire fjos. Men folk måtte passa på: Hos dei som ikkje hadde abonnert på meir enn 100 watt, blinka ofte lyset illevarslande. Overforbruk galdt det for all ting å unngå.

 Det var nå kommen ein ny institusjon på Jelsa: Verket. Verket var alt - både sjølve straumaggregatet og huset det sto i. Verket hadde sjølvsagt også utepære, og det kom vel med, for like i nærleiken  kryssa vegen bekken, så dermed blei det tryggare for folk å gå forbi der om vinterkveldane. Utepæra lyste når motoren brakte. Når det var stilt på verket, var utepæra sløkt. Det blei etterkvart ein velkjend dur, som kunne høyrast over heile Jelsalandet. For folk sin del kunne det gjerne ha dura både dag og natt, men så vel var det ikkje. Verket var i gong ein time kvar morgon og frå klokka seks til elleve kvar kveld. Så det var ingen grunn for folk verken til å kassera flaggermuslykta eller å kasta ut vedakomfyren. Fem minutt på elleve kvar kveld blei stovelyset  merkbart svakare. Det var signalet til at nå gjekk straumen snart. Dei som ikkje hadde lagt seg då, dei måtte sjå til å finna fram lampe og fyrstikker i ein fart.

 Samuel Jonassen, far til Laurits, var maskinist på verket ei tid. Laurits: Dei hadde så mykje blåplomma den hausten. Så under taket rett over aggregatet strekte dei eit kyllingnett og turka plommer der. Det blei gode svisker. Han er meir i tvil om kor bra det var for helsa å eta dei, galvaniserte med dieseldamp som dei var. Men så blei Samuel sjuk - me får håpa det ikkje var sviskene som hadde skulda for det -  og Ola Gjerde overtok ansvaret for verket. Ola budde i Markusvik og hadde ein liten kilometer å gå. Dei sa at han hadde skaffa seg eit par ekstra lette sko med tanke på all springinga fram og tilbake. Men så fann dei på ei lure ordning for å stoppa maskinen, slik at maskinisten slapp å ta turen utover nattes tider. Ei vekkeklokke blei godt festa på ei hylle, innstilt på det fastsette tidspunktet - kl. 23 - og trekt opp. Mellom fjøra på ringeklokka og av-hendelen på verket gjekk det eit snøre. Når klokkeslettet var der, kimde uret. Den opptrekte fjøra sprang tilbake, hyssingen blei snurra inn og drog spaken til rett side. Verket stansa og straumen gjekk. Dette må bestemt ha vore det første eksemplet på avansert automasjon som er sett på Jelsa.

 Men det viste seg at det svære aggregatet blei dyrt i drift i lengda, og førte med seg for store straumutgifter. Så dei private eigarane såg seg om etter ein mindre maskin. Den kom også frå Stavanger-kanten og var på same måten som den første ein etterlatenskap etter tyskarane, og rimeleg i innkjøp. Det nye aggregatet gjekk på hjul og var lettare å transportera. Det blei plassert i rommet nærmast vegen. Ola Gjerde slutta som verksstyrar, og Ragnvald Hadland overtok ansvaret. Men det nye aggregatet hadde mindre kapasitet enn det gamle. Nå var det ikkje snakk om å bruka straum til koking lenger, så folk måtte fram med primusen igjen. Situasjonen var med andre ord ikkje tilfredsstillande.

 

Då den skikkelege straumen kom

   Aggregatstraumen var frå fyrste stund meint berre som ei førebels ordning. Alt før verket kom, hadde det vore arbeidd med å få høgspentlinje og "skikkeleg" straum til heile Jelsa kommune. Men  måtte det eit  puff til frå høgare hald før prosessen kom i gang?  Det første initiativet ser nemleg ut til å ha komme frå fylkesingeniør A Tveiten, og det så tidleg som i det første fredsåret. Det går fram av møtereferatet i den nystifta Jelsa elektrisitetsnemnd at fylkesingeniøren ber om oversyn over energibehovet i heradet. Dette sette fart i nemnda, for møtet påla Ludvig Fjetland "straks" å reisa rundt i krinsane og teikna straumabonnement. Han skulle også prøva å få abonnentane til å lova fri stolpegrunn og gratis transportera og reisa stolpane i sitt transformatorområde. Men dersom nemnda hadde hastverk på møtet sitt i november 1945, så måtte ho smørja seg med tålmod i tida som kom. To år seinare var det samla abonnenttalet for Jelsa kommune berre komme opp i 215 (folketalet i heradet var 1400 innb.) Så det ser ut til å ha gått litt tregt med abonnementteikninga. Endå tregare gjekk innkasseringa av påmeldingsgebyret frå dei framtidige straummotakarane. I mai 1949 set nemnda fristen for eingongsbetalinga til den 1.desember. Riset bak spegelen var at dei abonnentane som ikkje heldt betalingsfristen, eller som seinare ville teikna seg som straumkunder, sjølve måtte kosta linja frå nærmaste transformator eller tilknytningsstad. Innbetaling frå abonnentane var nemleg ein føresetnad for statsstøtte. Men også etter denne alvorlege formaninga dryer det med oppgjeret. Ved nyttårstider sit nemnda på møterommet i banklokalet på Jelsa og diskuterer korleis dei skal få inn pengane. Dei set ny frist, og trugar: 1. mars 1950!  Dei som ikkje har betalt innan den tid, vil bli ilagd fem prosent rente. Nå må det smått om senn ha komme inn ein del pengar, for halvtanna år seinare blir det opplyst at lovnad om statsstønad er gitt. Men  etternølarane må ha endå ein ny frist: 1.september 1951. Kom med pengane - eller betal alt sjøl! Avgifta kom vel inn til slutt. Men fri grunnavståing og gratisarbeid med å reisa stolpar høyrer me ikkje noko meir om.

 Tyder denne seindrektigheten på at folk ikkje var så overivrige etter å få kommunal straum når det kom til stykket?  Parafinlampe og flaggermuslykt hadde folk vokse opp med, og greidd seg med. På Jelsa hadde dei dessutan alt det private verket sitt, og fleire grunneigarar rundt i sokna hadde bygd seg sitt eige kraftverk. På Hebnes og i Vatlandsvåg var det alt utbygt vasskraftsverk og straumnett.  Kommunal straum var fine greier, men det kosta pengar, og pengar var det ikkje altfor flust med blant folk. 

 Men nå, innpå femtitalet, begynnar det å bli fortgang i elektrifiseringsarbeidet. I november 1951 kallar fylkesingeniør Tveiten nemnda inn til kontoret sitt i Stavanger. Der blir det bestemt at kommunane Jelsa og Erfjord skal byggja ut høgspentnett i fellesskap. Utgiftene skal fordelast på kommunane etter folketalet: Ein tredel på Erfjord og to tredelar på Jelsa. Det medførte ein kostnad på 64.000 kroner for Jelsa og 32.000 for Erfjord. Jelsa og Erfjord kommunale el-lag blir ein realitet, med eit råd og eit styre. Rådsleiar er erfjordbuen Hans Vik, i styret er Leiv Oppedal frå Jelsa fremste mann. Det er forhandla med Haugesund E-verk om straum frå vasskraftsutbygginga i Etne. Offentlege midlar er sikra og banklån ordna med. Hans Abotnes frå Sauda blir tilsett som byggjeleiar med ei månadslønn på 900 kroner. Han stikk traseane for høgspentlinje. Så blir det utlyst lokalt anbod på arbeidet med å transportera og setja opp stolpar. Olav Landsnes er blant dei som får slikt oppdrag, det same får brørne Anbjørn, Torkel og Trygve Høyvik. Dei sistnemnde hadde m.a. akkord på strekninga Jårvik - Jelsa. Trygve Høyvik fortel om dette arbeidet: Ein lastebåt lossa dei impregnerte stolpane i Saltkjelen på Ottøy. Brørne henta deretter pålar med "Havsulå", skjøttå si, og gjekk med baugen inn til land under dei plassane der stolpane skulle stå. Dei festa talje og tau ved den avmerkte plassen og vinsja stokken oppover med spelet på båten. Til å reisa stolpane hadde dei hjelp av Karstein Gryte. Eit ameras var det å baksa alt arbeidsutstyret på plass. Ein 40 kg  tung boremaskin, dynamitt, spett og spadar, tauverk og reisebukk med stålbein måtte halast med kvar gong ei ny mast skulle opp. Pålen skulle halvannan meter ned i berget og kilast fast med stein, det  var billigare enn å støtta han opp med jernstag. Dei greidde å reisa fire stolpar til dagen, ein stolpe til manns. Men då var det ikkje snakk om åttetimarsdag. Dei fire støypte også fundamenta til fjordspennet Åsarød - Jårvik. Her måtte dei rigga seg til med taubane for å frakta sand, sement og anna tungt utstyr opp frå fjorden. Til strekking og montering av linjene, og transformatormontering, trongst det folk utanfrå. Peder Helle, Bjørheimsbygd, fekk dette oppdraget. Han hadde med seg sitt eige mannskap, og dei budde ombord i båten sin så lenge arbeidet pågjekk, minnest Trygve Høyvik. Fridtjov Thorsen Norland, som var gutunge då, hugsar at det var lokalt mannskap som var med på å hala ut linjekablane. Kveilane med aluminiumtråd blei transporterte fram på hestaslede. Der tredde dei snella på ein aksling, og drog kabelen ut med handamakt. Det var ein masse folk med  - ei lang rekkje med mannfolk med nokre meters mellomrom heldt i kabelen og sleit han fram i  terrenget, i oppoverbakke og nedoverbakke. Tråden måtte helst ikkje slepast langs bakken, for det kunne skada aluminiumen. Enkelte av trekkdyra klaga høglydt over kor tungt og fælt det var, hugsar Fridtjov. Og dei blei nok ikkje rike på slitet. Dette var dugnadsarbeid.

 Det nye kommunale el-laget kjøpte nå Verket av dei private eigarane for tre tusen kroner. Dieselaggregatet trongst ikkje lenger, men det var bruk for huset til verkstad og lager. Bjørn Jelsa leigde ut tomta: 25 kr. pr. år. El-laget betalte også 25.000 kr. for lågspentnettet på Jelsa, slik det stod. Men det måtte innstallerast nytt elektrisk opplegg og nye branntavler i dei fleste hus. Ein tranformatorbygning blei støypt tett inntil det gamle Verket, og like før jul i 1954 blei den nye straumen sett på. 

 El-lagsformann Leiv Oppedal uttalar seg til Aftenbladet  i den samanheng. Prøvekjøringa av linjenettet ville komma til å foregå i etappar, fortel han, slik at det ville ta to til tri dagar før heile nettet blei sett under spenning. Gjekk alt som ein vona, skulle over 300 abonnentar i Jelsa og Erfjord  få straum til jul. Dessverre hadde det synt seg at kapasiteten ved transformatoren i Ølen var for liten, slik at det måtte bli rasjonering for Jelsa og Erfjord i første omgang. Den tildelte kvoten var på berre 300 kilowatt. Men med velvilje frå dei andre fire el-laga som var tilslutta Haugesund E-verk - Ølen, Sandeid, Vikedal og Imsland - ville Jelsa og Erfjord kunna få tildelt så mykje kraft at det blei straum til lys, og kanskje  litt til små kokeplater. Oppedal ville sjølvsagt vore glad om dei to herada kunne fått det dei hadde behov for med ein gong. Men slik stoda var, fann han det rimeleg at det i første omgang måtte rasjonerast.  Han kunne berre vona at Haugesund E-verk snart fekk på plass ein større transformator, slik at det til neste vinter vart straum nok.

 Innslaget i Stavanger Aftenblad stammar frå den 18. desember 1954. Eit par dagar seinare finn me ein ny notis: "Omlag halvparten av Jelsa-gardane fekk straum i går, og i dag og i morgon reknar ein med at resten skal vera knytt til linjenettet." Men om Erfjord kunne få straum til jul, var ennå uvisst. Elektrikarane dreiv på for fullt, forsikra el-lagsformannen. Men veret var svært surt og blåsande, så ein fekk berre vona det beste.

 Elektrikarane ser ut til å ha klart det. Iallfall skreiv Olga Oppedal på Barkeland dikt om den nye straumen: "Det kom til oss ei julafta."

(Dei) la kablar og trådar på havsens botn

dei klatra og klauv til høgaste topp

for Jelsa og Erfjord sku lysast opp.

Dei snakka trasear og watt og volt,

det var ikkje råd å forstå for folk.

Eg var ein gutunge då og hugsar først og fremst dette frå den gongen: Det lyste i utepæra på Verket, men me høyrde ikkje noko brak frå motoren! Det var merkeleg å vera vitne til - nærmast litt uhyggjeleg.

I første omgang blei det ikkje så stor omveltning for jelsabuen. Straum til lys og litt til koking, det hadde dei alt hatt i fleire år. Men etterkvart auka kapasiteten. I 1963 var det straum nok til å forsyna Vormestrand i Imsland og Eidane i Hjelmeland også frå det same nettet. På det tidspunktet hadde folk på Jelsa for lenge sidan skaffa seg nye elektriske remedier: Varmeomn, kjøkkenkomfyr, til og med vaskemaskin og støvsugar.  Men framleis gjorde dei svært klokt i ikkje å hiva ut verken den gamle stoveomnen eller vedakomfyren, og ikkje parafinlampen heller, skulle det visa seg. 

 Det var tilsett driftsstyrar. Han heitte Ådne Askeland og var ein ung familiemann, og etter framlegg frå fylkesingeniøren skulle han stasjonerast på Jelsa. Han leigde seg inn i "Smidt-huset" på Nordesjøen. Seinare bygde han sitt eige hus på Sandane. (Huset blei seinare overtatt av Suldal E-verk). Driftstyraren blei ikkje arbeidslaus. Dei som hadde montert linjene, hadde hatt tidspress, og dei hadde eit stramt budsjett dei måtte halda. Ein del av arbeidet var dessutan  visstnok utført av ufaglærte. El-tilsynet hadde mange merknader då dei kom på synfaring. Det galdt særleg isolatorane, hugsar Trygve Eskedal. Dei var av porselen i lågaste prisklasse og utvida seg og sprakk når sola vermde. Når så regnet kom, trengde det vatn inn i sprikkene, øydela isolasjonen og forårsaka kontakt til jord. Konsekvensen var mange og lange straumbrot. Etter nokre år kom det brot på sjøkabelen mellom Kvaløynå og Finnvik, og det mørkla distriktet i ein lengre periode. Kabelen hadde gnikka mot ei nibba på fjordbotnen og var knekt. Far min snakka med Ådne Askeland ein kveld han steig i land frå e-verksbåten. Då kom han frå Vindafjorden, der dei arbeidde med kabelbrotet. Det hadde vore ein lang dag. For det første hadde det vore så tjukk skodde at  dei hadde måtta føla seg fram langs land den lange vegen rundt Hebnes og Dragneset, og for det andre hadde dei måtta venta i det lange og breide før kabelbåten viste seg.                                                 

   Sjøkabelen blei  aldri heilt patent, og e-verksfolka hadde mykje plunder med den framover. I 1964 forsterka dei linja mellom Kvaløy og Skipavåg. Dei erstatta aluminiumstråden  med kopartråd på denne strekninga, for han førte også straum via sjøkabel til Sand. Meininga var å føra straumen til Jelsa og Erfjord rundt fjorden om Ropeid, slik at ein kunne sleppa plaga med problemkabelen. Men denne tilkoplinga skjedde først i syttiåra. Då var kommunesamanslåinga gjennomført, Jelsa og Erfjord el-lag var oppløyt og erstatta av Suldal E-lag med Anker Karlsen som driftsleiar.

 Ikkje alle såg på samanslåing av fire kommunar og nedlegging av lokale institusjonar som ein fordel. Året er 1964, vedtaket om kommunesamanslåinga er gjort, og Olga Oppedal ser svart på framtida til jelsabuen:

Hugs, før så var du odelsgut.

No er du 4. siste mann,

På veg til Sand.

 

Kjelder:

Munnlege:

Lars Jelsa, Trygve Eskedal, Trygve Høyvik, Laurits Jonassen, Kjell Hagen, Fridtjov Thorsen Norland

Skriftlege:

Møteboka til Jelsa el-lag

Møteboka til rådet for Jelsa og Erfjord el-lag

"Suldal E-verk 75 år" - jubileumshefte

Stavanger Aftenblad

Olga Oppedal: "Det kom til oss ei julafta"

og "Farvel til Jelsa."

Desse har levert bilde:

Terje Bråtveit

Trygve Eskedal

Bjørn Furre

Tore og Kaija Thorsen

4234 Jelsa