Suldal sogelag

Av Nils K. Bakka

 

Det  det her vert fortalt om, er skrive ned 72 år etter at far og mor busette seg på garden Guggedal i Bråtveitgrenda i Suldal i 1903. 

   

gugg-familie

Bildet viser Kolbein og Gyri Bakka med borna Magne (framme), jakob (bak t.v.) og Sigrid. Tenestejenta Olina Vetrhus, gift Steine, er også med.

 

 

FØREORD

Då far min, Nils K. Bakka, døydde i 1988, etterlet han seg eit manuskript om heimegarden Guggedal. Det var ikkje eit nytt arbeid, heller ikkje var det ferdig. Han nemnde stundom at han skulle ha gjort ferdig noko skriverier, men det vart med tanken. Helsa svikta og åra la på seg.

Første delen, som vert trykt her, var etter mitt skjønn uferdig både i innhald og redigering, og det har eg våga meg litt borti. Lat det likevel undestrekast at det er hans verk det aller meste. Den andre delen tok for seg stadnamna på garden, og låg heilt ferdig.

Det supplementet eg har kunna gi, byggjer i hovudsak på kassettopptak frå 1983 og munnlege overleveringar som eg kan hugse. I tillegg har både Magne Bakka, Magnhild Bakka, Gerd Søndenå og Borghild Bakka vore hjelpsame med opplysningar.

Det er viktig å få fram at både fabro Jakob og Kolbein J. Bakka var "konsulentar" medan han arbeidde med stoffet. Fleire brev viser det.

Suldalsosen juni 1994, Kolbein Bakka.

 

OM  DEI TIDLEGARE EIGARANE:

Garden var komen på auksjon hausten 1902 då tidlegare eigar Erik Guggedal,  f. 1846 og kona

Kari Johs.dotter Bråtveit,  f. 1849   kjende seg tvinga til å selja gard og innbu etter påtrykk frå handelsmenn på Sand. Eldste sonen deira, Lars,  f. 1872 var som så mange unge på den tida alt reist til Amerika. Han hadde fått brev over til Amerika om at det var best han kom heim og ordna opp for foreldra. Han så gjorde, og rådde dei til å selja alt og bli med "over there", til Wisconsin.

Etter siste verdskrigen, i 1947 eller 48, var Lars E. Guggedal heimatt til Suldal på gjesting. Han uttrykte då fleire gonger kor tragisk den avgjerda foreldra tok i 1902 var. For det første viste det seg at når alt var oppgjort, var det pengar att, og for det andre hadde foreldra lengta mykje attende, heilt til sin døyande dag. Dei fekk ikkje noko godt liv i Amerika.

Ingen ting skulle vera att etter dei gamle Guggedølane heima. Det som ikkje vart selt på auksjon, skulle kastast. Mellom anna fanst det gamle dokument på garden, jamvel skinnbrev frå mellomalderen. Dette vart brent på Reinskvelven (heimre stølen), seiest det. Likeeins vart brukande ljår kasta på vatnet. Som unge heima kan eg enno minnast me såg ljår utafor Mjånes, og far fiska enda til opp nokre av dei og brukte.

Einaste synlege provet etter Erik er bokstavane E.L.G. 1885 i den store hagemuren. Det var Jakob Bøen som lova å hogga inn dette minnet, og ei tid etter at huslyden var reist, gjorde han det. Hans bokstavar er og med. ( Muren vart bygd i 1885).

Våren 1903 reiste heile huslyden til Amerika. Ingen vart att, og slekta etter dei her i landet er svært utvatna.

Det kan nemnast at då Lars E.Guggedal var heime på gjesting sommaren 1948, var det på Bakkjen han budde fast, truleg av gamalt kjennskap. Svært godt likte han å sjå att stølstraktene og utmarkja, og han kunne mange stadnamn som var gløymde berre på dei siste 50 åra.

Far var på Guggedal og gjorde vinna for første gong der då dei reiste. Gamlelæraren i kverven, Albert Bråtveit, Kvednaflota, stod for det sermonielle. Det vart sunge salmer, flagget vart firt for kvar av huslydsmedlemene som forlet garden, ja, det var mest på grensa til det uhyggjelege, minnest far, før Dampen tok dei med frå bryggja.

 

OM SLEKTA:

Far, Kolbein  Bakka, f. på Nistov i Kvilldal  i 1862  av foreldra Nils O. Bakka, f. 1826 og kona

Steinvor f. Tjøstheim, f. 1823.  Han var ikkje jordagut , det var Osmund, men far vart for det meste buande heima til han nærma seg 40 år, og på folkemunne vart han nemnt "folgeguten".

Far var tvillingfødd med søster si Kari, elles var det ikkje fleire søskjo.

(Det kan nemnast at nokre somrar gjekk han saman med fleire karar austover til øvre Telemark for å få slåttearbeid, men aldri noko fast arbeid .Han hadde vore både i Børte, Lårdal, Smørklepp og Sanddokk på slått. Vinterdagen dreiv han med litt snikkering). Far fortalde og fleire gonger at han hadde vore angripen av Amerikafeber som så mange andre i hans tid, og at han hadde vore på nippet til å fara.

                                                                                                                                                 Mor, Gyri Bleskestad, f. på Bleskjestad i 1872  av foreldra  Marta Åkesdotter Bleskestad, f.1830 og Jakob J. Bleskestad , f. Rossemyr i 1823, som yngst i ein søskjenflokk på 6, ei jente død som spebarn:

Moste Anna gift til Tufteskog, morbror Mikkel jordagut heima, morbror Åke vart gift med Herborg Kvamen og kjøpte sidan gard på Svinekleiv i Skjold, (Som enkje kom Herborg attende til Suldal og busette seg ved Osen. I ungdomen var eg eit par somrar i Skjold og hjelpte til i slåtten.), morbror Jakob utdanna seg til lærar og flytta austover til Tvedestrand, seinare Porsgrunn. Me 4 brørne fekk ein gong sitja på med Knut Oppistov, postkøyrar i Røldal, ein tur til Porsgrunn. Såleis fekk me finna morbror Jakob  og folket hans der.

Soga veit å fortelja at  Mikkel Bleskestad gjekk ein vinter på "dagskule" i Kvilldal, og der vart han kjend med og vel forlikte i Kari Bakka ,( Kari -faste).  Dei gifta seg i 1889, og sidan Mikkel var jordagut, busette dei seg på Bleskjestad. Kolbein, tvillingbroren, vart som nemnt gåande heima, men han vitja ofte søster si der inne, men etter kvart enda oftare yngstejenta på garden, Gyri som nærma seg dei 30. Ho hadde vore ute i verda, hjå bror sin austaføre, og ho var svært oppsett på å gå skulevegen og bli lærar som han. Etter mykje grubling fram og tilbake vart det likevel  giftarmål, og brudlaupet stod  sommaren (?) 1902. Morbror Jakob hadde endatil sagt

til søstera at ho måtte ikkje la sjansen gå frå seg i den alderen ho no var komen!

Det hadde stått i hovudet til far at han måtte sjå til å få tak i ein gard, eit levebrød. Dette hadde vore i tanken hans før, og han hadde sett på gardar både i Imsland og i Vikedal og andre stader, ikkje minst hadde Lofthusgarden i Kvilldal freista han, men enda meir aktuelt vart det no ved tanken på ekteskap og familie.

Guggedalsgarden kom for sal hausten 1902, og far fekk tilslaget for kr. 5800,-. Det stod mellom han og gamlelæraren i Bråtveit, Albert Bråtveit, Kvednaflota. Det seiest at han hadde planar om å" lokka" nyelæraren i kverven til å gifta seg med dotter hans, med garden som medgift.

Vinteren 1902/03 budde far og mor i ei lita stove på Bleskjestad, og far bruka tida til å laga nødvendige ting før drifta skulle starta opp våren etter. Guggedal var som kjent ribba for det meste etter auksjonen, møblar og alt måtte lagast på nytt etter kvart.

 

Frå sommaren 1903 av var far og mor bufaste på Guggedal, men så lenge dei levde , var dei sterkt knytta til skyldfolket sitt både i Kvilldal og på Bleskjestad og til dei som var utflytta. Kvart år medan me var ungar, kan eg med gleda hugsa turar til slektsgardane og kor gildt det var når skyldfolk kom til oss. Om søndagane om sommaren var det ei tid at "Dampen" gjekk både opp og ned, og då var det ikkje så sjeldan at fabro Osmund kom på dagstur. Han var direktør i dampskipsselskapet, må veta, og reiste gratis. Dertil var han folgemann blitt etter kvart.

Det vart fødde 6 born i søskjenflokken vår, men det var oss 4 gutane: Nils f. 06, Jakob f. 08,

Sigurd f. 12 og Magne f. 16 som fekk veksa opp. To døydde som spebarn: Nils f. 04 og Marta

f. 10.

 

LITT OM MOR OG FAR OG OSS UNGANE:

Som nemnt i annan samanheng, vart korkje mor eller far fullt ut "Bråtveitbuar".For dei vart alltid Bleskjestad og Bleskjestadmoen, Kvilldal og Kvilldalsdalen og Lauvastølen, ståande i ein eigen glans. Båe tykte det var greitt at også me vart kjende med deira heimetrakter, og dei tok oss med på turar dit. Sigurd, bror min, var og ein sommar som høring på Bleskjestadmoen, og

me var med far til Lauvastølen.

Men elles treivst dei i Bråtveit, og så vidt eg veit, hadde dei eit nært og godt tilhøve til dei andre i grenda. Særleg tilhøva til grannane var gode, spesielt til Århus, men og til Bøen, Bakkjen og Djuvik. Med Århus var det omgang stort sett kvar einaste dag, i alle fall med oss ungane då. Eg og litle-Leiv, Jakob og Einar (gjekk til ved ulukka som barn) var som verahodn, vart det sagt . Sigurd heldt mykje lag med Leiv Bråtveit og Magne hadde sine beste venner i Arnt Djuvik og Olaus Bråtveit. Men litt aldersskilnad gjorde ikkje så mykje for oss ,og me var ilag om det skilte både 5 og 10 år. Til dømes var me alle hjå oss ilag med Albert Aarhus, jordaguten på Århus som gjekk til under tømmerløyping seinare. Han var 8 år eldre enn meg. Det var jeger og heiakar! Sjølv eg som ikkje var så jaktinteressert og var helst meint i skjoting, hadde mange fine heiaturar med Albert. Og så spelte me kort, inne om vintrane, men ute på lagelege stader sommarsdagen. Skitgubbe gjekk det mykje i.

Eg har og lyst til å nemna at me årvisst var rundt til einannan til alle grannane og jula oss.

Med Djuvik var det og godt kameratskap, både med dei eldre og yngre, men vegen dit var lenger og farlegare, og besøkja vart ikkje så ofte, ialle fall ikkje før me kom i skulen.

Skulen ja. Etter at den "faste" læraren gjennom lang tid, Albert Bråtveit, Kvednaflåto, slutta av ved hundreårsskiftet omlag, vart det ei skiftande lærartid i Bråtveit fram til omlag 1922 då Johan Veka kom. Sjølv hadde eg ikkje mindre enn 7 forskjellige lærarar å gå for: Håvard Vetrhus, Lars Vidvei, Barsnes, Sikke Mæle, Kristian Harestad, Pål Bakka (Saubakkjen) og Anna Rud Guggedal (frå Sogn, gift til Bøen). Pål Bakka, seinare lærar i Fana ved Bergen, sa ein gong at det var året i Bråtveit som "ulært" som hadde fått han inn på lærarvegen.

Bråtveit-læraren hadde og ofte lærartur i Bleskjestadkrinsen i same posten slik at det vart 14 dags turar. I mi tid var det omlag 30 skuleborn i kverven. Skulehuset stod på Bråtveit då, men vart hive på åno i storm i 1932 og sidan vart det reist nytt skulehus på Bruflåto. (I same stormen for og løo på Århus og litla-Ståvo på Bråtveit. Vinden kan vera svært hardfør i kverven, men på Guggedal vart vel største skadeverket gjort då naustet for i 50-åra).

Dei to yngste brørne mine nådde bort i Johan Veka som lærar, Magne jamvel heile tida i skulen.

Både far og mor følgde nøye med i det som hende. Far var og svært interessert i politikk og ein trugen Venstremann. På 20-talet sat han og ein periode i heradsstyret, men han hadde sakka på då, så det vart med det. Det blei forresten diskutert ganske mykje politikk når ein møttest i kverven.

Mor var lenge postopnar i grenda, ja faktisk hadde ein posten på Guggedal til i dei tider mor døydde. Då overtok dei på Bråtveit, hjå Aslak. Det skulle visst vera ein føremun å ha det i lag med telefonstasjonen!

Som postopnar hadde ein rett til billege Oslo-aviser. Ein betalte berre for portoen. Såleis vart det lese mykje aviser hjå oss: Tidens Tegn (VG), Dagbladet, 17.mai (nynorskavisa) i tillegg til Rygja Tidende som me abonnerte på. Det var ei avis som klarla vanskelege ting på ein lettfatteleg måte! Gabriel Bakka, søskjabarn, diktar og lektor i Oslo, anbefalte Dagbladet. Mest i alle år seinare har eg tykt vel om den avisa. Dei har alltid hatt framifrå kulturredaktørar.

Tre gonger i veka kom posten, og far og einkvan av oss ungane var alltid nedom til Dampen. Sjølv julaftan, kan eg minnast, gjekk kvervabuen heima hjå oss og venta post, gjerne til langt ut på ettermiddagen. Først då kunne mor vaska ut til helga.

Jul. Det vesle ekstra var nok til at gleda truleg var minst like stor då som nå. Litt ekstra med maten, litt nye klede, julatre og julavitjingar til grannane var høgdepunkta. Anndag hende det og at det vart kyrkjereis til Nes. (Me brukte alltid julatre heima, men det gjekk lenge før dei tok den skikken på Århus til dømes).

17. mai vart høgtida i liten grad. For dei vaksne var det oftast vanleg arbeidsdag, for ungane skipa stundom lærarane til litegrann ved ungdomshuset eller skulen. Etter kvart vart det og litt toggåing og syngjing, ja, eitt år bar det heilt på Træno. Då var Veka'n komen.

Dei fleste minne frå barndomen har eg truleg om mor, og eg var sterkt knytta til henne. Stundom kjem det for meg at eg og har arva ein del av hennar vesen.

Både interessene for litteratur og det som veks og lever, for kulturarven, song og slekt, trur eg mykje skuldast hennar påverknad. Eg minnest enno mange songar  ho lærde oss.

Far hadde og stor omsut for oss, men han var nok meir oppteken med sitt arbeid i tillegg til at han var betydeleg eldre enn henne.  Mor var alltid tilstades.

Far plagdest noko av ryggjen turavis og av hovudverk. Meir enn ein gong minnest eg at mor måtte koka sterke kaffi som lækjebot. Det vart fortalt at eg som liten hermde etter far når han klaga på ryggjen. -Det e'  yggen! kunne eg svara når dei vaksne spurde kva som var gale.( i same farten kjem eg og på ei herming etter Magne: -Mol, mol, Sittur gål med den nya fina søndagsbokso si te paldags (kvardags)).

Dei eldste minna eg har, er alt frå 1910. Eg var då 4 år og minnest at Bjørnstjerne Bjørnson sin død vart snakka om. Eg blanda saman med ein "Bjønnson" me sa som budde i kverven. Halleys

komet frå same året kan eg og minnast. Det skal bli spanande om eg får sjå han att  i 1986 når han er ventande tilbake. ( Kometen kom att, men så svak at det var uråd å sjå han utan teleskop.

Litt skuffande var det for han som hadde "venta" i 76 år. Merknad av Kolbein.)

Far og mor vart ikkje gamle. Sommaren 1929 skulle far og Magne  vera "rakstejenter"medan me andre slo. Me merka alt då at han hadde kruskna mykje. Etter kvart vart det sagt at han hadde fått "noko i magen", og han levde til sommaren etter. Mor stelte han den siste tida. Magne vart konfirmert same året som far gjekk bort. 68 år år gamal var far då.                                   

Mor levde til 1934 og fekk oppleva at det kom ei "navna" i ny generasjon på garden. Sjølv om eg var jordagut, hadde eg valt ein annan veg og overlete retten til Jakob. Han fekk skøyte i 1930, gifta seg med Kari Guggedal, og dei fekk første barnet sitt, Gerd, medan mor enno levde. Det var stor stas for mor, sjølv om ho ikkje fekk sjå småjenta. Mor fekk ein sjukdom som ho vart blind av. Eg var med henne til Stavanger til spesialist, men dagane hennar var talde.Ho døydde våren 1934, 62 år gamal.

                                                                                                                              

OM GARDEN:

Guggedal er venteleg den eldste garden i Bråtveitkrinsen. Kva namnet kjem av, er uvisst, det er ymse meiningar om det. Det har vore sagt at det kan koma av skog eller skugge. I gamle dagar var det svært mykje skog på Guggedal. Segna seier at det var så mykje skog at ingen kunne tyna han med øks. Guggedalshagen, Buhagen, var full av kjempeforer, spirer, men eg trur knapt nokon namnegranskar har vore inne på tanken om at skog eller skugge ligg til grunn for namnet.

Professor Oluf Rygh skriv i Norske Gaardsnavne s. 373 dette:

Gugdal, uttales Guggdal,, Gubedahl i 1567, Guxdall 1602, Gugdall 1610, Gugedahl 1661,

Guggedahl i 1723.- Da gaarden ligger ved udløbet af en større elv på sydsiden af Suldalsvandet,

er navnet forklaret i O. Ryghs Norske Elvenavn s. 85 af et elvenavn, ligesom Kvildal ved udløbet av nærmeste større elv søndenfor. Om elvenavnets oprinnelige form og betydning opplyses intet i N.E. Rimeligvis foreligger her en stamme, GUGG - beslektet med  gygva = forskrekke, gjøre bange, og gugna = forskrækkes, blive forknyt.

Rektor Trygve Bakka skriv om namnet Guggedal i artikkelen sin på s. 23 i Gamle Suldal. Han har truleg visdomen sin frå ovafornemnde i Norske Gaardsnavne, og skriv slik: Guggedal kan og vera namn av høg alder, og då garden er oppkalla etter elva, er den nok ein av dei eldste i kverven. Vi kan rekonstruera elvenamnet Gugg som kan vera ei avleiing av verbet guggva eller gyggja,- skræma.

Meininga må då vera at Storåno i Bråtveit i gamal tid heitte eitt eller anna med Gugg i første leden. Noko anna elv kan ikkje koma på tale, då Eivindsåno ligg for langt unna.

I tilfelle åno har hatt med namnet Gugg, etter gyggva, må det ha grunnen sin i at ho renn i eit trongt, djupt, skræmeleg djuv frå Flatefossen i Vetrhusmarka og heilt fram til Suldalsvatnet.

Ein kan stussa litt på lekken - dal i Guggedal. Der garden ligg er det ingen dal, men ser ein på terrenget ved elva og vidare oppover mot Aarhus- og Vetrhusheia, er det ein tydeleg dal..

Guggedal er som tidlegare sagt venteleg den eldste garden i kverven. Namnet tyder på det, og dessutan dette:

Når det gjeld retningane frå Guggedal heiter det: Bort til Aarhus, inn til Kvednafloto, Natskår, Sandvik, Lågastein og Stålevik, opp til Bøen, Nybø, Svortebekk, Bråtveit og Vetrhus og ut til Djuvik. På Aarhus brukte dei same retningsnemningane, bortsett frå at dei sa heim til Guggedal. Eg hugsar Leif Aarhus f. 1865 spurde oss ungane t.d. - Har de byrja med veren der heima ? Eller i vårvinna:- Skal de snart kjerra der heima ? (=køyra seta på åkrane med kjerra).

Det skulle då tyda på Guggedal er eldre enn Aarhus med di retningane derfrå  til Guggedal er heim.

I samband med dette vil eg herma noko som professor M. Hægstad skriv i avhandlinga si : Vestlandske Målføre: Eg ska haim te Nes, segjer dei i Roalkvam og Bleskestad når dei skal ut til Nes, men er ein på Nes, heiter det inn te Roalkvam, ikkje haim te Roalkvam enda ein hev heimen sin der. Nes hev vore utgangsstaden.

Ved å samanlikna dette med tilhøva i Bråtveitkrinsen, må det altså vera Guggedal som er utgangsstaden. Ein må vidare gå ut frå at Aarhus er den nest eldste garden. Namnet kan koma av :- huset ved åno, omtrent som Vasshus:- huset ved vatnet, eller Vetrhus:- vinterhuset, men ein kan og tenkja seg at namnet kjem av elveosen:- Åar-os, som seinare har vorte forvanska til Aarhus. Professor Rygh seier han er tilbøyeleg til å tru at namnet kjem av :-huset ved elva.

Om Aarhus har hatt nokon tilknyting til Guggedal, fortel ikkje soga noko anna enn at ein Osmund, nemnd 1603 - 05 på Guggedal, bruka begge gardane.

Det finst ein gravhaug på nedste enden av Neset. Segna fortel at den første rudningsmannen på Guggedal vart gravlagd der. I 1904 eller 05 kom ein mann, så vidt eg hugsar å ha blitt fortalt heitte han Lange, frå museet i Stavanger for å kikka nærare på haugen. Far var med og grov, men dei fann berre nokre bein av sau og geit. Elles vart det funne nokre eldgamle restar av bein som ein ikkje kunne seie for visst kva var, men det var ikkje usannsynleg at det var svært forvitra menneskebein.

Grava er synleg den dag i dag. Det er nokre heller som er sette på kant kring eit firkanta lite rom.

Guggedal har nok vore ein tung gard å rydja, det tyder alle steinrøysane og murane på. Og tenk på kva dei hadde av hjelpemiddel då. Det har nok runne meir enn ein sveittedrope i den dyrka jorda der.

Garden har gardsnr. 54 og bruksnr. 1 og hadde i 1886 ei skyld på 3.26 mark. Etter den tid er 2 bruk fråskilde: Djuvik, br.nr. 3 i 1891 med skyld 0,46 mark og Nybø (Bakkjen) br.nr. 4 i 1917

med skyld 0,46 mark.

Men før den tid, i 1843, vart Bøen utskild som bruksnr.2 og fekk ei skyld på 1,63 mark. Bøen vart rekna som 1/3 av dåverande Guggedal. Før den tid var Bøen husmannsplass under G., men kva tid første husmannen busette seg der, veit eg ikkje. Heller ikkje kva tid pålag Bøen vart rudt, men det mindre plasset Bøen, eller Torabøen som det vart kalla, veit ein at det har budd folk kring 1814, dersom det er rett at Osmund Larsson frå Guggedal busette seg der. Men eg har og høyrt at det var mannen som budde i bakken ovafor Ravnaberget som flytte til plasset som no er Nybø og som vart heitande Bakkjen då. Tore Paulson frå G. fekk i alle fall festesetel på plasset Bøen i 1837 etter "Gamle Suldal" å døma. Om dette plasset høyrde til Guggedal etter at Bøen vart skilt ut, er vel tvilsamt. I alle fall høyrde det Bøen til den tid Jakob Vigleikson frå Kilen budde der.

Det var tre stader i Bråtveit som heitte Bøen i min barndom: Garden Bøen som me kalla Oddabøen, plasset Bøen, Torabøen som me kalla Jakobsbøen, og Bøen på Bråtveit, Tjerandsbøen.

Djuvik var plass under Guggedal fram til 1891. Det budde i alle fall folk der i 1758, for ein Mikkel Rasmussen f. 1676 er nemnd i Djuvik då.

Bakkjen/Nybø vart kjøpt av Vilhelm Guggedal i 1912-13 og fekk skøyte i 1917.

I Smeavikjo budde det venteleg folk frå kring 1845 og fram til hundreårsskiftet, men og nokre år utan busetnad.

I Spekjevikjo har det visseleg berre budd ein huslyd, frå kring 1875 og fram mot 1900. Eg minnest vel den gamle løa der . Det var fjos og sauhus og over det var det høyløa, låve og kornløa nett som heime. Eg minnest best fjoset. Det var så fine vegger i det, nett som høvla stovevegger, men eg minnest og at lødørene var så låge at ein måtte gå tvikrokut og velta høybørane ut eller inn.

 

STOVEHUSA

På G. var det eldgamle hus. Stovehusa var i vanleg Suldalsstil, to stover med kjøkken og gang i midten. Daglegstova var oppsett i 1814, årstalet var inngrøypt over døra. Den andre stova, bua, var nok mykje eldre og flytt inntil då dei bygde. Ho var rosemåla i taket, blå svingar, somme mest som 8- tal mellom bjelkane, og blå flekker imellom på kvit botn. På buadøra var det ein stor, kraftig, heimelaga lås med lykjel, og på døra var det måla ein soldat med uniform frå Karl Johan si tid.

I bua var det, før mi tid, vindaugo som tidlegare hadde vore i den gamle Suldalskyrkja. Det var bibelske motiv på glasrutene: Adam og Eva i Paradiset. Leiv Aarhus f. 1865 mintest vel desse rutene. -Epla på frukttrea var så raude og fine, sa han. Diverre vart dei selde til ein oppkjøpar frå Stavanger, Hellstrøm, og dei hamna på Nordiska Museet i Stockholm.

Elles var det måla ein soldat på gangdøra. Han var også i uniform frå Karl Johan-tida. I mi første barndomstid var utsida av denne døra innkledd med paneling. Grunnen til det var at mannen på G. i den tida, Pål Larsson, eller gamle Pådl Guggedal som dei sa, var så hatig på

skapelonen at han spente og slo i døra når han gjekk framom. Pål L. 1770-1850, var elles litt av ein raring. Det er fortalt om han at då han hadde laga seg til niste og skulle åt heia etter høy, sette han seg ofte på ein benk og åt opp nista si før han tok ut om morgonen. -Ho var lettast å bera slik, sa han. I Svortebekkleivane er det svært bratt og ofte om vinteren også klake. Her brukte dei firelina når dei køyrde lass, og det galdt om å vera stø når ein firde, elles kunne det gå gale. Ein dag Paul firde, drøymde han seg bort, og slepte heile greia. Dei spurde han kva han tenkte då, og fekk til svar:- Jeg tenkte på Israels børn da de vandrede i ørkenen.

Me hadde høyrt gjete at det skulle vera ein figur på gangdøra, og ein dag i 1917 tok far bort kledningen for å sjå. Og då kom soldaten fram og vart verande berr for ettertida, men ein kunne tydeleg sjå han var blitt mishandla.

I bua, andre stova, stod det ei gamal kruneseng med eit vers måla på kruna:

- O store Gud lad Egtestand Dig velsignet være,

 Jeg ingen bedre Gave kan for Brudefolk frambære,

 enn at jeg med andektighed, Dere ønske vil lykke

 Gid Herrens fred og kjærlighed, den sire må og smykke.

Elles kan eg nemna glasrutene i vindauga på stovelemen som hadde blyråmer. Kanskje arv etter den gamle kyrkja det og. Kyrkja høyrde til Aarhus og Guggedal.

 

LØA OG FJOS:

Løa med fjos, sauhus (skut), høyløa, låve og kornløa vart oppsett eller i alle fall fornya i 1838.

Det var ein dreng, tenestegut, som bygde løa. For dette fekk han 10 dalar meir løn det året. Drengen vart seinare bestefar til Samel Moen på Nes.

I 1910 bygde far ny låvatropp av stein. Den gamle var av tre og halvvegs roten. Vilhelm Guggedal var med far og mura. Jakob, far hans, var framom og såg korleis dei arbeidde. -Troppa dett nedatt om tre dar, sa han, men ho vart no ståande i 65 år omlag, til ho vert nedriven, som tanken er, i 1975.

 

STABUO:

Framfor stova stod Guggedalsloftet, eller stabuo, som me sa. Tidlegare har ho venteleg stade ein eller annan staden på Loftsåkeren. Ein kan undrast på kvifor dei flytte henne rett framom våningshuset, og nokså mykje i vegen for utsynet over bryggja og vatnet frå stoveglaset. Ho stod der som det nye våningshuset står no.

Loftet vart selt til Rogaland Folkemuseum i 1934 og flytta til Mostun ved Stavanger, men der "treivst" ho ikkje. På trass av god impregnering, var det fåre for rotning, og det vart flytting tilbake til Suldal og bygdetunet på Kolbeinstveit etter nokre år.

Guggedalsloftet er det eldste trehuset i Rogaland. Det er bygt i to høgder, og det eldste skal vera frå 1200-talet. Modellen er nok komen austafrå, anten øvre Telemark eller Setesdalen, og det er nok ein austmann som har vore byggmeister.

Loftet, eller stabuo, vart bruka som stabbur. Ho var i fulle to høgder, og over den andre høgda var det ein lem. I første høgda stod eit stort langbord. Eg kan ikkje minnast så nøye kor stort det var, men omlag 3 m langt, 1 m breitt og 10-15 cm. tjukt, vil eg tru, og alt i ein plank. Det var kanskje eit minne om dei store foretrea som stod i Guggedalshagen i gamal tid. Bordet var nok til bruk i gjestebod, men eg kan berre minnast at me hadde flatbrød på det.

Det var Åke Bleskestad, morbror min, som åtte bordet. Han kjøpte det på auksjonen på Guggedal i 1903, men hadde ikkje bruk for det då. Det vart ståande i stabuo til han kjøpte gard i Skjold. Då vart det kløyvd på saga i Roalkvam, og han fekk fleire gode bordplater av det, som han laga til vanlege bord og anna husbunad. Dette var i 1914, omlag.

Elles vil eg nemna eit stort skåp, framskåp, som også stod i første høgda. Dette skåpet måtte og vera umåteleg gamalt. Det gjekk med i handelen då stabuo vart seld.

I første høgda var det då lager av matvarer, først og fremst store ruer med flatbrød på langbordet. Men der var og ei stor "børa" med fleire rom i. I det eine var det "måronsbrø", flat-

brød med poteter i som ein bruka til morgonsmat. I dei andre roma var det mjøl, heimemale havre og bygg. Kjøpemjøl og salt hadde ein i tønner på golvet.

I andre høgda var kornbingane og rapabu. På øvste lemen hong kjøt og flesk i rotet, taket, dessutan røykt vårsild.

Stabuo stod på stolpar, og mellom stolpane var det plass til ymse gardsreiskapar, så som kjerrer og trillebåre

.

BADSTOVO:

Badstova var var før i tida eit mykje viktig hus på ein gard. Namnet badstove må ha sin grunn i at ein nytta huset til bad, lauging. Kanskje det var dampbad omtrent som det vert gjort i Finland den dag i dag. Der var steinomn i huset, murt opp av eskjestein, skiferstein som sikkert var kjørt heim or heio. Slik stein finst ikkje heime. Eskjesteinen spring ikkje sund i varmen slik vanleg gråstein gjer.

Men badstova vart og nytta til mykje anna. Først og fremst til å turka korn som ein ville mala, men og til å steikja "ognakaka" i. Ein fyrte opp på eit lag med fin strandsingel, henta nede ved vatnet. Når veden var oppbrend og omnen høveleg varm, raka ein ut kol og "snorter" d.v.s. vedrestar, og la så inn desse runde kakene med ein stor bakespa av tre. Kakene var i omfang som ein noko stor tallerk, og i omnen på G. kunne ein få inn oml. 20 på ein gong. Etter nokre timar tok ein dei utatt med spaden, steikte og fine, plukka så av kolrestar og singel før ein la dei på ei bordplate og bar dei heim. Når kakene var passeleg avkjølte, vart dei lagde ned i eit ilåt    som likna på ein halvmåne.(" Halvmånen" var eigentleg laga for å bera flatbrød åt heia i ). Du og du så gode desse kakene var! Andre stader bruka ein å leggja dei i kornbingen for at kakene skulle halda seg mjuke. Det var berre to-tre gonger i året det vart bakt ognakaker, til jul, påske og ein gong lenger frampå våren, eller kanskje på hausten. Skjevemat var ikkje så vanleg i gamal tid, men flatbrød var med til mest alle måltid.

Elles vart badstova bruka til å "døya" utøy, så som lus og loppa. Teknikken gjekk enkelt ut på å gi sengklede og anna klede ei kraftig oppvarming . Lus kan eg ikkje minnast, men så lenge ein bruka halm i sengebotnen, var loppa ein flittig gjest.

No er det ikkje badstove på G. lenger. I 1927 vart omnen riven ut, kornbenkene tekne bort og huset vart eldhus. Det hadde vore eldhus etter gamalt på G. og, utom bekken, men det vart flytta til Reinskvelven og oppsett til stølsstova der. Far mintest han hadde vore på G. i ungdomen, og då stod eldhuset der.

 

SMIDJO:

Smidja er oppsett av plank som sikkert vart skoren på den gamle oppgangssaga i Eivindsåna.

Ho er nå bygd saman med eldhuset under eitt tak, og med ei svål på sida til å husa hesjestaur i.

Smidja var og eit nødvendig hus i gamal tid på ein gard, særleg i den tida ein bruka "tynsleljår", før 1860-åra. Ljårne vart laga heime, og når dei var "bedle", måtte dei tynnast ut..

Til brenne i smidjeavlen vart det nytta trekol som sjølvsagt og vart laga heime. Eg var med ein gong og brende trekol. Det var i 1919 eller 20 far kom på at han ville prøva det. Året før hadde han selt noko tømmer på rot i Rinden. Det var toppskot og store greiner av dette som vart bruka til råstoff, kvista, kappa i lengder på omlag 2 meter og ført heim til Mjånes. Der vart det lødd saman i eit så tett la som mogleg og kledd inn med torv. Teknikken gjekk vidare ut på å la fore-

kvistene brenna utan at elden slo gjennom torva. Slik oppnådde ein det ein kallar ufullstendig forbrenning, og arbeidet utover heile dagen var å halda vakt og dekka til med reservetorv når det trongst. Om kvelden var brenninga komen så langt at ein tok sjansen på å gå ifrå, men fyrst la me eit ekstra lag med torv utapå. Slik låg det og mork-brann inne i haugen eit par døger før me grov av, raka vekk attverande glør og let trekola liggja til kjøling. Sidan vart kola samla saman i sekkjer, borne opp i smidja og far hadde smidjekol i fleire år frametter.

Dette var siste kolmila i Bråtveitgardane, truleg i heile Suldal.

 

NOKO OM "UTDØYDDE" HEIMEYRKJE

 

TJØREBRENNING:

Ein gong var eg og med og brende tjøra heima. Det var omlag 1920 det og.

Tjørebrenning var nokså vanleg på gardane i den tida, jamnt kvart år måtte ein til med det, og det var viktig å ha eit høveleg "tjøreberg" i nærleiken. Det måtte vera ei revne i berget, og berget måtte ikkje vera korkje for bratt eller slakt. I nedre enden av berget laga ein ei renne av tre som førde tjøra opp i holken. For at ingen ting skulle gå til spille, tetta ein rundt øvre enden av renna med mold eller leira.

Råstoffet til tjørebrenninga var "tøre". Det var gamle forerøter ein reiv oppe i liene. Røter som var brune og feite av tjøre når ein hogg i dei var brukande, andre kalla ein "vasstøre" og desse gjekk ein ifrå. Dei feite røtene vart kløyvde og lagde til turk. Ferdigturka vart dei kalla spik, og i gamal tid vart spika jamvel bruka til lys i stova.

Men det var tjøra me skulle brenna no. Dei turre flisene vart lagde, ei for ei, i revna i berget slik at nedre enden peika inn mot midten. Når flislaget var høvelegt tjukt, la me torv over så nær som i øvre enden. Der vart det sett i eld.

Nå tok arbeidet til for fullt. For å få elden til å gå nedover i renna, måtte ein heile tida jaga på han,"dansa" som ein sa. Og den ein dansa med, "brura", var ei klufta askegrein med eit skinn, seinare sekk, trekt over. "Dansa med brura" var alltid eit uttrykk i samband med tjørebrenning.

Me måtte passa på at det ikkje vart "ljosbrann" eller at elden braut gjennom torva. Som ved kol-

brenninga var det og her viktig å ha torvlager.

Gjekk det som ein ville, pressa varmen tjøra or rotflisene, og ho byrja å renna nedover renna og opp i holken. Likevel var det eit tidkrevande arbeid, og det var ofte i ljose vårnetter ein heldt på med det, sjansen for lite vind var best då. Var ein rektig heldig, bles det litt dalavind rett ned i  mila. Det letta arbeidet mykje for den som dansa. Milene kunne vera to-tre meter lange, og oftast gjekk heile natta med.

Produktet av prossessen var to ting, tjøra og tjørelåg. Etter ei stund flaut tjørelåget opp og ein kunne slå det ifrå.

Tjøra vart bruka til å tjørebre båtane og i "smolt", d.v.s. ei blanding av tjøra og dyrafeitt. Smoltet smurde ein skorne med. Tjørelågen vart tappa på flasker og sett på ein frostfri stad. Mellom anna vart  det nytta til" bada" skor i, særleg nye hudskor for at håret skulle sitja lenger på. Det same middelet kunne ein bruka på skor som begynte å røyta. Elles vert det sagt at tjørelåg også har blitt bruka som medisin.

 

ØLBRYGGJING:

Som tidlegare sagt vart Badsstova omgjort til eldhus i 1927. Det eldhuset som var på Guggedal frå gamalt av, var flytt til Reinskvelven som stølsstove lenge før far kom til garden. I mi barndomstid var det såleis ikkje eldhus heima. Difor vart arbeid som naturleg høyrde til der,

gjort på kjøkenet. Eg minnest at når ein bryggja øl til jul, var det alltid på kjøkenet ein heldt til.

Bryggja ein om sommaren, ved jonsoktider, var det alltid ved Bekkjen. Der var det ei oppmura grue av stein ved vaskeplassen. Her kokte ein kokeklær, og her kokte ein brakalåk til å reinska

holkar, mjølkekjer, koldler og anna i. Her var og godt å halda til med ølbryggjing sommarsdagen.

I gamal tid var det ølbryggjing på mest kvar garden, ein eller to gonger i året, alltid til jul, men og ofte til slåtten. Ein trong styrkjedrykk då.

Eg minnest vel då dei bryggja på Guggedal, men eg var så ung at eg tok ikkje del i arbeidet då.

Seinare, medan eg budde på Stråpa frå 1943 og fram til 47, fekk eg vera med Tor O. Stråpa.

Det var mann som kunne bryggjekunsten, og eg har lyst til å fortelja korleis det føregjekk:

Etter som eg har høyrt, var det for mange reine festdagen den dagen ein bryggja. Det var ein utgamal skikk som truleg har rota si i at øl i den tida vart rekna som ein gudedrikk, -slik einskilde kanskje tykkjer den dag i dag.

Det var mykje førebuande arbeid som måtte gjerast før ein kom fram til sjølve bryggjedagen. Ein måtte ha fint reinkodn (bygg). Havre kunne og nyttast, men det vart mindre øl etter måten av det slaget. Kornet måtte så meltast til malt. Regla sa det slik: -Tri dar i bekkjen, tri dar i sekkjen, tri dar i groinga og tri dar i moinga.

I praksis kunne ein ikkje alltid fylgja denne regla heilt, det kom an på lufttemperaturen.

Ein la reinkodnet i sekk, men sidan det vil koma til å æsa ut under bløytinga, måtte ein passa seg for å ha sekken for full, og det måtte heller ikkje knytast føre. Sekken vart så lagt i rennande vatn og let han liggja der i tri dar. Så tok ein sekken på land, vende han kvar dag og etter tri dagar viste røtene seg. Det måtte heller ikkje koma varmt i kornet..

Deretter la ein kornet utover eit golv på ein lun stad, gjerne oppå ein lem, spreidde det utover slik at det vart eit lag så tjukt som ei tverrhand, og sletta godt til.

Ein la våt halm rundt kanten og litt oppå, og over det heile breidde ein eit klede og let det liggja til kornet var varmt som nysila mjølk (mjølkefløa). Så tok ein kledet av.

Etter to-tre dagar var røtene ein tome eller meir, men kornet skulle ikkje spira. Heller måtte det ikkje koma sollys til.

På denne måten vart kornet samanfiltra til ei matte som ein måtte slita hardt i for å få frå kvarandre, men ein måtte gni maltet opp og leggja det i eit tynt lag utover golvet og lata det liggja slik eit par dagar. Dette vart kalla møinga.

Kornet var nå ferdigt til å turkast, og det var å bera det på badsstovebenken, spreia det utover og turka det. Somme turka det på vanleg kornturke, og då gjekk det raskare.

Når så kornet var høveleg turt, måtte ein mala det på kverna, grovmala det slik at ein berre kløyvde kvart korn. Det var ein kunst å mala godt. Nå var ein komen så langt at ein kunne tenkja på kva dag som var ein høveleg bryggjedag.

Til den dagen måtte ein ha alle kjerald og reiskap på plass, og i god og rein stand og helst vore bada i brakalåg.

Det fyrste som måtte gjerast om morgonen, og det var ekstra tidleg, var å koka låg av brakje, helst brakje med mykje bær på, i ei stor gryte eller koparkjel. Eit anna stort kjer eller tønne vart sett opp på krakkar, høveleg høgt frå golvet slik at ein kunne få plass til ei bytta under. I tønna eller kjeret var det nederst eit hol med tapp i.

I tønna la ein så ein trekanta kasse med mange små hol i, dravsugga vart han kalla. Kassen var laga berre for dette føremålet. Oppi kassen la ein eit lag med finhoggen brakje, og oppå det att eit lag med havrehalm gjerne iblanda litt turr karveris med karve på. Karven gav ein fin og frisk smak på vørteret.

I eit mindre kjer, meskakjeret, vart så maltet meska. Det vil seia at det vart rørt samam med varmt brakalåg. Deretter auste ein maltet over i kjeret.

Det var nå spørsmål om  maltet var godt, slik at vørteret vart søtt og friskt. Ein måtte gå i gang.

Ein auste så litt om senn varm brakalåg over maltet i kjeret, og vørteret byrja å samla seg i botnen. Tappen vart teken ut, og vørteret spruta fram og ned i bytta som stod under. Ein tok smaksprøver gong etter gong, samstundes som ein auste meir brakalåg over. Jau, vørteret var oftast søtt og mektig og godt i smaken.

Når det så om ei tid vart mindre søtsmak, tappa ein dette i eit kar for seg, og det vart handsama særskilt. Dette vart til såkalla "lettadrikka".

Det søte vørteret vart slege over i ein koparkjel eller stor gryta for å bli koka saman med humle. Humlen, ein plante, var som regel dyrka på garden. I eldre tider bruka dei og pors.

I humlen er det forutan olje også noko bittersyre som gjev ølet ei særmerkt lukt og smak.

Når vørteret så var kokt omlag ein time under stadig omrøring, vart det silt over i eit anna kjerald. Til sil bruka ein ei korg av pilekvister med to stavar til handtak, halvfylt med halm.

Det kokte vørteret måtte nå avkjølast til det var høveleg å setja ølgjær til. Ølgjær var frå gamalt "kveik" som ein hadde samla opp av grumset på botnen av karet ølet hadde gjærast i sist ein bryggja. Kveika samla ein opp på halmringar, turka det, og kunne såleis gøymast i årevis. Kveika vart og bruka til gjær når ein steikte ognakaka.

Når vørteret skulle gjærast, måtte det stå på ein lun stad slik at prossessen ikkje stoppa for tidleg. Over karet la ein eit klede som vern mot rusk og støv, men og for å halda på varmen.

Etter nokre dagar var gjæringa slutt, og ein kunne smaka, "oppskåka". Det var først no ein kjende kor "sterkt" det var. Så måtte ølet over på kagg, ein kagg som var godt reingjort og itrekt brakalåg. Kaggen vart sett i kjellaren, og ølet var ferdig. Ein del vart tappa over på flasker seinare. Somme gjorde seg så føre at dei grov flasker ned i frostfrie oppkomer, og då kunne ølet halda seg svært lenge.

Fylgde ein ikkje reglane, fekk ein dårlegt øl som forteneste. Slikt øl hadde fleire namn: "uheilt",

"søgång", og ein vart uvel av å drikka det.

 

BORKARIVING:

Eit årvisst arbeid om våren, jonsoktider, var borkariving. Det var god avsetning på bork og tak i gamle dagar. Borken vart bruka til å garva ler og til fiskereiskapar, og taket d.v.s. nevra, til taktekkjing. Det trongst det mykje av kvart år sidan alle hus hadde torvtak.

Men det var ikkje alltid lika lett å riva. For det første måtte borken "svana" godt frå bjørka, men ikkje berre det, nevra måtte og "svana" godt frå borken slik at ein fekk fine og heile nevrar. Det var ein kunst å kunna riva fine nevrar. Ein måtte passa på at kvisthol og andre hol ikkje kom midt i nevra. Dessutan måtte ein passa på og ferga nevra ned med stein slik at ho ikke krulla seg. Borken, derimot, kunne berre krulla seg, for den skulle knusast når den tid kom.

Når ein var ferdig i ein teig, låg det mange små takferg, små la med bork. Sidan, etter ei tid turking, bar ein saman og fekk i hus, anten i løer eller i eigne borkahus som var oppsette til slikt føremål. Eg veit me hadde eit slikt borkahus i Stegajuv, straks utafor Stegaflåto. Det var fire pålar som var slegne ned i jorda, med eit halvtak oppå. Ola Lien (Røynevarden) hadde og ei slik hytte noko lågare nede i Stegajuv. Han reiv bork og tak og tok fram ved hjå Erik Guggedal (tidl. eigar) i mange år.

Når det så leid fram på vinteren, var det å slå sundt borken, fylla i sekkjer, dra heim og levera

gjennom handelsmannen. Så vidt eg hugsar, var prisen ei tid kr 6,00 for 1 vett tak (54 kg) og

80 øre for 1 våg (18 kg) bork.

 

KORNMALING:

Frå utgamal tid var det kvedn i Kvednåno, og det vart male mykje korn på den fram gjennom tidene. Det var heimamale mjøl til både folk og fe, og lite kjøpemjøl. Det var havre og bygg, og rug som ein kjøpte som vart male.

I tidlegare tider vart kornet turka i badstova før maling. Det vart spreidd utover på benkjer der og so fyrde ein opp bakaromnen. Seinare fekk ein "turkemaskin" i eige hus, Torko, ved kverna i  åno. Det var ei rund malmhedla med trøsk av platejern kring. Dessutan var det ein ås som gjekk gjennom ei hylse i hedla med ein kniv eller rørar som stod i samband med ein kadl i elva under golvet i Torko. Likevel tok det mange timar å turka ei turka på denne måten og. Særleg det kornet ein mol om hausten var svært vassfylt, så det var viktig å få god varme under hedla.

Om hausten kunne det og ofte vera lite vatn i åno, ja, så lite at det ikkje nytta å mala. Difor hadde alle kverneigarane gått saman om å laga stem øvst i i Kvedndalen i Kvednavatnet. Når det så var tid for maling, opna ein stemmen, og var stemmen full, kunne ein mala i 14 dagar på det vatnet. Då gjekk kvernane både dag og natt. Det var ofte slik at den som åtte kverna, mol om dagen, og husmannen om natta.

Om våren var det aldri vanskeleg med "mellevatn". Det var det kornet som var att etter såinga som vart mole då.

Sjølve kverna, steinane, var laga av eit spesielt kornut steinslag, og dei var som regel komne frå Sælbu i Trøndelag. Det kunne vera ymse breidder og tjukkleikar, men ofte omlag meteren vide

10-15 cm tjukke i kanten. Inne ved auga var dei tjukkast, og øvresteinen tjukkare enn den underste. Avstanden mellom steinane var størst inne med auga og minst ute med kanten. Oversteinen låg på ein tverrås av stål som dei kalla "sigle", og den var festa til akslingen i kadlen. Oversteinen kunne og stillast opp eller ned etter som kornet skulle malast fint eller grovt.

Nedre akslingen stod mot ein trestokk, og der akslingen stod måtte det vera ei plate av stål, eller aller helst ei tjukk skive av "vergarstein", kvarts. Dette kalla ein "grimepadda" (?). Det er klart at dette måtte vera sterkt, for det skulle bera både kadlen og øvre kvernsteinen.

Over kvernsteinane hekk det ein kasse som var pyramideforma med spissen ned, "teino". Nedre delen av teino kalla ein "skoen", og den enda i ei renne som kornet rann ned i kvernauga gjennom.. På teino var det eit par kassar med hol gjennom. I desse stod det ein stav som i andre enden "dansa" mot den ru overflata av øvste steinen. Slik fekk ein til ei skjelving i teino og såleis jamn og fin kornrenning ned i auga.

Kring kvernsteinane var det ein "trøsk" av tre, tilbøygd slik at det berre var opning mot mjølkista. I kista var det ei "skåte", ei ause. Ho vart brukt til å ausa mjølet over i sekker, i gamle dagar i skinnsekker eller "hit" som dei sa. Skåta vart og bruka til å ta prøvar av mjølet med. Ein heldt ho bortunder mjølspruten, og trykte mjølet med fingrane for å sjå om det var mykje "feis" i det.

Det som ofte undra meg, var at mjølet kom støytvis, mest som blodet or ei pulsåre når ein slakta. Truleg hadde det å gjera med korleis kverna var hoggen, d.v.s. fasongen på steinflatene som sveiv mot kvarandre.

Frå tid til annan måtte ein hogga kverna. Ein tok då den øvre steinen opp, sette han på kant og hogg med ei lita øks som stod i kvernhuset til det bruk, anten radialt eller sirkulært. Finpussen gjorde ein med sandmaling. Sandmol gjorde ein og ofte mellom hoggingane for å få kverna i trev.

Leiv Aarhus d.e. som hadde kvedna si på Kvednaflåto, fortalde at "gamle Kvednaflåten", Albert Bråtveit av og til stakk hovudet inn kvednhuset og sa:  - Eg høyrer ho har eit band ein stad.    

Det var frå hans side eit uttrykk for at kvedna ikkje song slik ho skulle, at ho ikkje mol godt nok.

Var kornet for rått, ville det og lett klabba mellom steinane. Ikkje sjeldan måtte ein av med oversteinen og reinska vekk mjølputa for å koma i gong att.

I krigsåra 1940-45 var kvernane mykje i bruk, og det var ei lukka at dei var i stand då. Seinare vart mindre og mindre, og i 1947 var det heilt slutt med å mala på Guggedalskverna, og truleg vert det aldri male meir der. Vasskarmane er nedrotna, og inntaket for vatnet er øydelagt på grunn av ras. Men sjølve huset med kadl og kvedn og anna inventar er halde vedlike til minne om tida som var.

Fram til  den elektriske straumen kom til gards, vart enno vasskrafta i Kvednåno nytta til å dra slipesteinen.

 

LITT OM STØLING:

Når ein i dag tenkjer på støling på Guggedal, er det først og fremst Reinskvelven og Nyastølen.

Eg har sjølv "røynsle" frå begge desse stølane. Somrane 1915, 16 og 17,( 9, 10 og 11 år gamal)

var eg med som "stølslag" til stølsjenta. Første året var eg lag til Anna Guggedal, seinare Tufteskog og dei to andre åra til Inger Guggedal, seinare Veka. Gilde å vera med begge to. Me reiste ut til Nyastølen jonsoktider, flytte heim til Reinskvelven ut på sommaren og så for me or heio oml. 1. sept. Eg kan ikkje hugsa eg var heimom  heile sommaren, men me hadde besøk heimanfrå ialle fall kvar helg. Då kom dei opp med hest og kløv, litt nødvendig proviant opp og smør og  sur mjølk nedatt. Og så hende det at stølsjenta fekk besøk, men det skjønte eg ikkje så mykje av alltid.

Eg var ingen høring i vanleg tyding, til det var eg vel ung, men som sagt, stølslag. Eg måkte, tjorde og hjelpte til med innjaging og leiting etter kyr når dei ikkje kom til støls på rett tid. Spesielt Reinskvelveheio var ein fantaplass til å forsvinna i.

Stølsjenta hadde ansvaret for kyrne til alle Guggedalsgardane, og kvar mjølkeskvett måtte haldast greia på. Likeså når ein hadde kinna. Smør var pengar, i alle fall bytemiddel mot andre varer hjå handelsmannen.

Det var aldri geiter på stølen i mi tid, men etter at Jakob overtok, leigde dei inn geiter for sommaren og hyrte stølsjenta på det. Magnhild Berge, seinare gift med Sigurd, bror min, var

stølsjente i to somrar på 30-talet.( Ho var og tenestjente heima ei tid. Det var medan Gerd var spebadn og mor enno levde). Geiter hadde me aldri sjølve på Guggedal bortsett frå ei einsleg så far og mor kunne få seg kaffimjølk.

Men det er ikkje berre Reinskvelven og Nyastølen. Lengst heima ligg Nystølen, der det aldri vart stølt i mi tid, men slege gras. Tvers over ligg Bjønnstølen med Stølshaugen. Akkurat kor eventuelle stølshus har stått, veit ingen å fortelja, men langt frå Stølshaugen kan det vel ikkje vera. Bjønnplaga vart etter kvart for stor der, seier segna, og såleis for ein over åno til Nystølen.

Ute i dalen ligg og Gamlestølen, Djuvikstøl i dag, og Gamle Reinskvelven. Langt nede i Dalane nedom Dørlevatnet, ligg og rester etter Dalastølen. Sjå stadnamnoversikta.

 

NY TID PÅ GUGGEDAL.

Nå er det nye hus på Guggedal. Det vart bygt ny våning i 1951. Den gamle Buo vart til ny bu  medan tømmer til ny stove vart hogge på Rinden og skore på saga i Eivindsåna. (Ola Steine var byggmeister, og han hadde med seg Bjørn Sandvik, Erik Vetrhus og Magne. Det meste av arbeidet vart gjort om sommaren, og det var berre stoveenden av gamlahuset som kunne nyttast i byggjetida).  Løa er også nya oppatt. Fjosenden vart ferdig i 1971 med køyrebane og moderne silo. Andre enden skal takast våren 1975 er meininga. All tremateriala ligg ferdig tilskore.

Jakob,  bror min, som driv garden no (skøyte 193?) har og nya oppatt husa i heia, stølshus og løer. Det er nok ingen brukar på Guggedal som har hatt så mykje husbyggjing og vøling på garden som han. Kolbein, son hans, er også svært interessert i å halda husa i god stand, og har saman med faren lagt ned mykje arbeid med løa og stølshusa på Reinskvelven og Nyastølen. Kvernhuset, turkehuset og høyløene i heia og liene vert vel knapt nytta meir, men det er likevel stort verd at husa vert haldne vedlike.

Det vart i det heile eit tidarskifte i gardsdrifta i Jakob si tid , noko me skal koma innom etter kvart.

I far si tid, frå 1903 - oml. 1930, vart det med få unntak drive på gamlemåten. I 1910 laga han trøskjekadl i Bekkjen og kjøpte trøskjemaskin. Til då var det "tust" som var trøskjereiskapen, eit slagreiskap beståande av "handvall" og "slagvall" som ein dengde laus på det utoverlagde kornet med. Det var dagars arbeid å fri kornet frå agner og halm, og det var eit arbeid ein tok i t.d. ruskje ver. Med trøskjemaskin var det gjort på dagen.

I 1912 vart det kjøpt separator. Prisen var 60 kr. Same året vart det og lagt inn springvatn frå Bekkjen til fjoset.

Elles var det på gamlemåten. Husa var dei same, gamle, arbeidsmåtane likeså. Ein hadde den same åkeren og dei same ekrene som før. Berre i krigsåra 1914-18 vart det noko meir åker. Ein vart pålagd det, men så snart krigen var slutt, var det tilbake til det gamle. Heller ikkje vart det dyrka noko nytt i far si tid, men han snudde på nytt og arbeidde jorda djupare fleire stader. Han tok og i bruk kjøpefrø, timotei, kløver og hundagras.

Som sagt vart det nye brigde etter kvart. I kring 1948 var det slutt på heiaslåtten, og samstundes slutta ein med støling. Former for støling hadde det truleg vore så lenge Guggedal hadde vore driven som gard. No var det slutt, slutt på stølsromantikken, slutt på klang av kubjøller rundt stølen, inga geitamekring og ikkje lokk frå stølsjenter og høringar. Det vart stilt på stølen.

Men stølshusa vart haldne vedlike, for heia var like fin og gild, og det var godt for både sjel og skrott og ta seg nokre dagar på stølen. Ofte fann ein og kjenningar i dei andre stølshusa, og Dørlevatnet ligg der som før, og Kaldefjell og Reinskvelveheia og Stølsdalen, og me skyldfolkjet har alltid vore velkomne til å nytta heia. I påskehelgene har det og vore turistutleige i mange år.

Det vart og slutt på borkariving og takriving. Ingen hadde bruk for slikt lenger. Med lauvinga gjekk det likeeins. I mi barndoms- og ungdomstid vart det lauva kring 100 tju med lauvkjervar kvar sommar og haust..

Men det vart ikkje mindre gras innhausta fordi om ein sløyfte heiaslåtten. Ein tok til å gjødsla skrapeslåtten, og det synte monaleg att. Dessutan vart det gjødsla på Træno (Groven). Der er god, djup jord, oml. 15 mål, og når dei får ferdig den traktorvegen som er påbyrja i 1974,  vil det verta lett å dyrka meir, lett å få gjødsel opp og høyet heim.

Frå 1946 var det slutt på korndyrkinga i større stil, no vart det berre litt korn i attleggjet etter potetåkeren, 1/2 mål eller så. I 1960 vart det og trøkst for siste gong med vasskraft. Tohjulstraktoren som vart kjøpt i 1961 kunne nyttast til trøskjedrivkraft og. Tohjulstraktor, ja, det vart eit tidarskifte det og. Tidlegare vart all engslått slegen med langorv, og skrapet med den stutte. No vart det slåmaskinkniven på tohjularen som overtok tungarbeidet.

Så lenge alt graset vart slege med ljår, vart det og mykje sliping. Slipesteinen stod i Kvednåno, like ved kvedno og turko, og der hadde han vore sidan dei slutta med tynnsleljår i 1860-åra. I 1961 vart slipesteinen flytta heim or åno og sett inn i kjellaren, driven av en 1/3 HK elektromotor.

I 1974 vart det kjøpt ein 4-hjulstraktor i tillegg til to-hjularen, og hesten vart meir og meir gjerandslaus. Det har vore utvikling på det området og den siste generasjonen. I mi barndomstid vart alt høyet og kornet bore inn på ryggen. Til og med or Smeavikjo bar me høyet opp gjennom Holet. Seinare vart det køyring med hest og slede (med meiar) der ein kunne koma fram. No er det traktor med svans.

I 1958 vart det innlagt elektrisk straum rundt om i Bråtveitsgrenda, også på Guggedal. Det var Sauda-straum med linjer frå Nes i første omgang. No kunne dei gamle parafinlampene og lyktene få kvila, likeså vedakomfyrane. Det trongst ikkje så mykje ved lenger, og det minka med skogsarbeidet.

Alt i 1912, eg minnest det, vart det bygt telefonlinje frå Osen, om Kvilldal, gjennom Kvilldalsdalen og Guggedalsdalen, ned til Bråtveit og vidare til Nes. Stolpane kom i flåte hausten før, og så vart dei køyrde ut på snøføre om vinteren, heilt til Dyrskar. Ei tid budde det anleggsfolk heima hjå oss, men meste tida budde dei i telt i heia.

Det vart stasjon hjå Aslak Bråtveit, og dit gjekk me for å ringja dei få gongene det trongst. Slike ringjeturar kunne ta timar, for det var alltid mykje venting.

Rundt om på gardane vart det ikkje installert telefonapparat før 1945-50. På Guggedal i 1946.                                       

Heialinja var i bruk heilt til i 1966 då ho vart erstatta med sjøkabel. Gamlelinja er riven i hovudsak, men det er ikkje vanskeleg å finna rester etter ho den dag i dag. Topptråden og stolpane står att frå Reinskvelven og heim til Bakkjen. Såleis er det råd å ringja heim or heia.

I 1963 kom det påhengsmotor til robåten, i 1968 skogsmotorsag.

Landbrunn under fjoset vart graven i 1929. Tidlegare hadde ein ikkje kunna nytta landen. Det var svært hardt å grava, mest som å hakka i sement, sa dei. Leiv Aarhus, Litle-Leiv f. 04, var med og grov, og det vart visst sagt mangt eit "visdomsord" i "sakens anledning". Hedler til dekke på brunnen henta Jakob i Bråtveitshagane ved Øreflåto vinteren føre.

Det har vore drive jakt på reinsdyr i Dyraheio i alle tider. Etter kvart vart jakta organisert med jakttid og fellingsløyve på eit visst antal dyr. Guggedal har privathei, ved Kaldefjell og Kyrkjesteindalen, og vissast var det   på den heia  ein veida Stundom nådde ein og i "statskort" på heia rundt Steinkilen. I alle fall var det der jakthytta var, men det vart etter kvart upraktisk for guggedølane. Difor slo dei læger i Kyrkjesteinsdalen på eigen grunn. Først i telt, seinare under ein hedler som var bra i godt ver, men heldt ikkje i regn. I 1955 vart det jordhytta med tak, men også den var utriveleg i rusje ver. Difor vart det bygt hytte med vanleg reisverk i 1968, ei sameige av alle Guggedalsgardane.

Far var sjeldan på reinsdyrjakt, men han tok ein del rjupa i snåra i liane. Me brørne vart nok meir med, ofte i lag med Århusgutar eller seinare Bøagutar. Eg likte best turane og laget, eg var ofte fegnare når me ikkje hadde veida enn når me hadde.

Vegen til Dyraheio startar på ytre stølen og går over Kaldefjell til jakthytta. I seinare tider har ein ofte kunna veida under og i Kaldefjell. Såleis er det ikkje alltid nødvendig å ta seg heilt bort.

Dei siste åra er og flyet teke i bruk i transport av proviant, kjøt, ja, jamvel og jegrane sjølve.

Ja, sanneleg har tida forandra seg.

 

TENESTEGUTAR PÅ GUGGEDAL I MIN BARNDOM:

Torbjørn J. Guggedal f. 88, var på Guggedal i fleire år til han reiste til Amerika i 1907.

Jørgen Lien f. 92, frå Røynevardlio, var på G. frå 09 til 10. Seinare vegarbeidar og i arbeid på fabrikken i Sauda.

Busett på Sand. Gift med Tea Skibevåg frå Imsland.

Ola Lien (bror til Jørgen) f. 94, var på G. våren 10, 11 og 12 til hausten det året. Arbeidde sidan i Odda og på vegarbeid. Busette seg i Imsland. Gift Marta Skogen. Ola Lien var ualminneleg barnegod.

Lars Litlehamar f. 94, var på G. våren 11 - våren 12. Busette seg nokre år på Falkalio under

Hamrabø under første krigen. Truleg den siste som budde der. Seinare vegarbeid og oppsynsmann. Gift 3 gonger og busett i Sandeid. Dreiv og liten gard der.

Gunnar Hjorteland f.96, var på G. hausten 12 - hausten 13. Det var kommunen som hadde tilsyn med han sidan han var noko tilbakeståande. Han vart seinare nedleigd på ymse gardar, m.a. på Olasmoen, til han til slutt kom til Vinjarheim.

Ola Djuvik f. 98, var på G. frå hausten 1913 - hausten 1916. Seinare reiste han på vegarbeid i mange år, men i 1942 fekk han poliomylitt og vart mykje ufør. Han hadde gard på Helganes ei tid ved sida av vegarbeidet. Gift med Ingrid Bråtveit. Dei bygde hus på Osen. Ola er "gussfar" på Magne. Me har hatt mange gode pratestunder Ola og eg i alle år, ikkje minst  dei siste. Me              er ofta i  Bråtveitsgardane og på vegarbeid i pratet vårt. ( Ola er 8 år eldre enn meg, men eg er på alder med Gunnar, bror hans, så kontakten med Djuvik-gutane har alltid vore god).

Thor Djuvik, bror til Ola, f. 02, var på G. hausten 1916 - hausten 1918. Han og reiste på vegarbeid, men kjøpte etter ei tid gard på Hiksdal i Ølen. Gift med Inger Klungtveit.

 

TENESTEJENTENE PÅ GUGGEDAL:

Anna T. Sandvik (frå Helganes), f. 1856. Var på G. i 1903-07. Enkja etter Lars Sandvik frå Aarhus. Han mista livet i snørås på Mos-stråndo vinteren 88. Anna var gudmor mi.

Kari N. Bratland, f. 1873. Var på G. i 1908. Ugift. Seinare budeie på Havrevoll hjå systera. Gudmor til Jakob.

Steinvor Vaarvik, f. 87. Var på G. i 1909. Vart gift med Aslak Bråtveit i 10.

Valborg Vetrhus f. 89. Var på G. kring 1910. Ugift.

Kari Bakka ("Kari vår"), f 93. Var på G. i 1911. Syskjenbarnet vårt frå Kvilldal. Vart seinare gift med lektor Henrik Naustdal og busette seg på Voss. Gudmor til Sigurd.

Kari Kvamen, f. 79. Var på G. i tri år, 1911-14. Ugift.

Ingeborg Sandvik, f. 87. Var på G. 1915. Vart seinare gift med Paul Aarhus frå Svortebekk og busette seg i Vats.

Anna T. Vetrhus d.y., f. 97. På G. oml. 1915. Døydde ung.

Anna Bakka, f. 85, var på G. 1916. Ugift. Gudmor til Magne.

Marta Tufteskog, f. 89. På G. i 1917. Seinare gift med Nils Bleskestad, Træ, og flytta til Nærbø på Jæren.

Kari Guggedal, f. 1900. Var på Guggedal oml. 1917. Vart seinare gift med Jakob, og såleis buande på Guggedal.

Sofia Guggedal, f. 96, var på G. oml. 1918. Seinare gift med Tolleif Hegrenes. Busett i Vats.

Aagot Vetrhus, f. 91, var på G. i to år, 1919 og 20. Gift med Kolbein Vatnedalen frå Bykle. Busett i Vats.

Anna Guggedal f.90, var på G i 22. Seinare gift med Jakob Tufteskog.

Randi Hagen, f. 03. På G. i 1923. Gift med Hallvard Overskeid.

Olina Vetrhus, f. 97, var på G. i 1924. Seinare gift med Ola Steine og busett på Steine. ( Ola Steine var "sjef" for byggjinga av det nye bustadhuset på G i1951.

Olaug Aarhus f. 94, var på G. i 1925. Ugift. Flytta seinare til Stavanger.

Tora Vetrhus, f. 07, var på G. i 1926. Seinare gift med med Lars Sandvik og busett på Fundingsland.

Madli Sandvik, f. 97, var på G. i 27. Ugift. Flytta seinare til Osen.

Dorthea Djuvik f. 1911. På G. i 1930. Gift med Trygve Aaserød, Jelsa.

Randi Stålevik, f. 1906, var på G. oml. 1930. Vart gift med Erik H. Litlehamar.

Randi Bleskestad, f. 1862, var budeie på G. nokre vintrar: 1917-18-19. Ho hadde krøterstellet, og for det hadde ho fri kost og husvære. Var elles budeie på Vetrhus i oml. 50 år. Ho var frå plasset Hagen under Bleskestad, den garden mor kom ifrå.

    

SLEKTSOVERSYN.

 

NILS O. BAKKA (1826-90)                                           JAKOB J. BLESKESTAD (1823-1900)

bonde på Nistov i Kvilldal,                                                              fødd på Rossemyr,

son av Osmund og Brita f. Steinbru,                                             son av Jakob og Anna f. Gautun,

gift i 1857 med                                                                   gift til Bleskestad i 1857 med

STEINVOR K. TJØSTHEIM (1823- ?),                     MARTA Å. BLESKESTAD (1830-98)

dotter av Kolbein og Kari f. Bakka.                                              dotter av Åke f. Tornes og  Gyri fødd

(Merk: Nils og Steinvor var søskjenborn)                     Sørestad. (Merk: Garden vart kjøpt)

BORN:                                                                                 BORN:

                                                                                                              Anna f. 58, gift Tufteskog

                                                                                                              Gyri f. 60, død barn

                                                                                                              Mikkel f. 62, jordagut, gift Kari B.

Osmund f. 59, jordagut Kvilldal                                     Åke f. 66, gift Herborg Kvamen

Kari f. 62, gift Mikkel Bleskestad                                   Jakob f. 69, lærar Porsgrunn

KOLBEIN  f.20.11.1862                                                GYRI  f. 02.09.1872

( død sommaren 1930)                                                     (død våren 1934)

                                                               NILS f. 1904, død spebarn av kikehoste

                                                               NILS f. 15.03.1906, budde på Osen

                                                               JAKOB f. 18.05. 1908, overtok garden

                                                               MARTA f. 1910, fødd svært svakleg, døydde 14 dg. gamal

                                                               SIGURD f. 25.11. 1912, budde på Osen

                                                               MAGNE f. 14.03. 1916, budde på Sand

 

ETTERORD:

Guggedal har alltid vore noko meir for meg enn den staden eg kom frå. Kanskje meir enn for mange har tilknytinga til heimegarden hatt mykje å seia frametter livet. Det har alltid vore gildt å koma heim, gå på kjende og kjære stader, snakka med dei som no bur der, høyra susen frå Bekkjen eller finna dei som bur i grannelaget.

Me som reiste ut kan berre beundra Jakob og hans huslyd for den måten dei har fornya, pussa opp og på alle måtar halde Guggedal i framifrå hevd. Eg  kan heller aldri gløyma den hjelpa eg fekk då nauda var størst . I mest 10 år vart Guggedal heimen til Olaug og.

Jakob og eg snakkast i telefonen helst kvar veke, og han har vore god å ha som hjelp i arbeidet

med dette skrivet.

Det er den gode kjensla for Guggedal i alle år som har fått meg til å gjera dette arbeidet.