Suldal sogelag

Av Rune Roalkvam

 

skinnbrevsh

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Dette skinnbrevet frå Suldal er truleg eit av dei eldste dokumenta frå kommunen som framleis er i privat eige.
Brevet er frå 1426, seinmiddelalderen i Norge. Det er hundre år sidan Svartedauden og hundre år att til reformasjonen. Folketalet ligg lågt og er ikkje i vekst. Mange gardar i Suldal ligg aude.
   Erik av Pommern er konge i Norge, noko han vart alt som seksåring i 1389. Det var dronning Margrete som sat med den reelle makta i Norge og Norden.
Erik låg i strid på mange kantar. Det året brevet er skrive, erkærte han krig mot hanseatane. Han vart avsett som konge i 1442 og levde som sjørøvar til han døydde i 1459.
   Skinnbrevet omhandlar ein handel med ein del av Tveit, truleg Kolbeinstveit, i Suldal. Det er Åsmund Åsmundson som kjøper denne delen for 10 mark av svogeren sin, Sigmund Saksbjørnson. Kven desse personane er, veit me ingenting om.
   Skinnbrevet har vore i Kolbeinstveit-folka si eige fram til 1779, då Odd Gabrielsen bytte Kolbeinstveit mot Roalkvam, truleg avdi han trong pengar. Skinnbrevet tok han med seg, og har sidan vore i Roalkvam-folka si eige.

 

Frå Diplomatarium Norvegicum:
Sammendrag: To Mænd kundgjöre, at Aasmund Aasmundssön kjöbte 2 Maanedmatsbol stint i Thveit i Vinje Kirkesogn og Suledals Skibrede af Sigmund Sax-
björnssön for 10 forngilde Mark og erlagde Betalingen.
Dato: 28 April 1426.
Sted: Suledal.
Brevtekst (fra den trykte utgaven):
Ollum monnum þæim sem þetta bref sea ædr h/oe/yra sender Halvardr Stæinarsz son Audun Þiaranda son q. g. ok sina kunnikht gerande at þar vorom mer j hia saghum ok høyrdom aa at Ossmunder Ossmundar son køypti tuæghia mamata boll stint j Þuæit sem ligur j Viniar kirkiu sokn ok j Sulladalsz skipræidu firir tiiu merkor fongildar af Sighmundi Saxbiarnar syni verbr/oe/dur sinum frialsa ok hæimolla firir huærium manne mædr ollum þæim lunnendom sem til lighur ok lægit hefir fra forno ok nyiu kennist ek ok fyr nemdr Sigmundr at ek hefir [fysta penningh ok sæinsta ok alla þar j mellium ettir þui sem j kaup okrt kom
Ok til sanenda her vm setom mer okkor jncigle firir þetta bref
en (skrevit var aa) sunnud(a)ghin nestan ettir Marci evangilista a siotiande are ok xxta [Rikis herra herra vyrdvlighs herra herra Eiriks mædr guds nad Noreghs konongs.

 

Norsk omsetting:
Til alle de menn som ser eller hører dette brev sender Halvard Steinarsson og Audun Hjarrandsson Guds og sin hilsen og kunngjør, at vi var tilstede, så og hørte på at Åsmund Åsmundsson kjøpte 2 månedsmatsbol stint (d.e. noe mindre enn 2 M) i Tveit, som ligger i Vinje kirkesogn i Suldals skibrede for 10 gamle mark af sin svoger Sigmund Saxbjørnsson fritt og hjemlet for hver mann, med alle de lunder, som ligger og ligget har fra gammel og ny tid. Erkjenner jeg også fornevnte Sigmund, at jeg har (oppebåret) første og siste penger og alle der imellom, etter som det kom i vårt kjøp. Og til forsikring herom setter vi våre segl for dette brev, som (var skrevet) søndagen nest etter Marcus Evangelists (dag) i vår verdige Herre, Herre Eriks, med Guds nåde Norges konges 17de og 20de (37de) regjeringsår.

 

Dersom nokre av lesarane kjenner til skinnbrev i privat eige i Suldal, er Suldal Sogelag interessert i å få kjennskap til det.