Suldal sogelag

Av Ola J. Vetrhus f 1895

 

(føreord av Steinar Madland i heftet)

 

Foreldre og besteforeldre

Far min, Jon Olsen Vetrhus, fødd 12/3 1853 døydde i februar 1932. Han var son til Ola Jonsen Vetrhus, fødd 1829, død hausten 1910. Far hans, Jon, døydde i 1841 ved eit ulukkeshende. Inga kona hans gifte seg att med Johannes Moe i 1842. Han kjøpte garden Oppistovo på Bråtveit i 1851.

Bestefar vart gift i 1849 med Kari E. Roalkvam f. 1834. Dei overtok garden i 1852 og var då heller unge då dei måtte stå for gardsstellet og stå på eigne bein. Bestefar måtte noko snart etter dette ut i militærtenest. Det bar til Nord-Noreg. Det hadde vakse fram eit trusamfunn der nord (lestadianarar). Denne sekta var i den tid forbode her til lands. Denne skulle dei ta knekken på med militærmakta. Nokon open krig vart det heldigvis ikkje. Helst vakthald, men det enda med at to, truleg førarane, vart dømte til døden og avretta. Bestefar vart likevel skånt for å vera til stades då dei vart halshogde. Men han hadde sett øksa dei brukte og den var blank som sølv, sa han.

Det måtte ha vore rikeleg mannskap, for fleire fekk lov å arbeida på gardane der nord. Mellom dei var bestefar. Der fekk han m. a. vera med på å leggja gras i silo. Dei grov ei grop i jorda. Køyrde gras i den. Leidde so hesten rundt i siloen for å pakka det godt. La so godt med press på. Om bestefar prøvde metoden her veit eg ikkje, men like frå eg hugsar la far ned hå i ei sval på øvre sida av løa, med bra resultat. Rart at det likevel gjekk so lang tid før silonedlegging kom i bruk her sør. I 1910-11 hadde far ei stor ombygging av løa. Det var då langveggene i fjøset og siloen på øvre sida vart bygde av gråstein. Etter den tid vart håa nedlagd der. Men då kalla me siloen for håbing og det nedlagde syltehå.

Me borna levde med som i eventyret når me fekk bestefar til å fortelja frå turen nordover. «Me vart sende til Nord-Noreg for å halda styr på pøbedl» sa han. Det ordet høyrde eg vart brukt av alle som nemnde den turen. Korleis det uttrykket er kome inn her veit eg ikkje. I grunnen var det då ei religiøs sekt dei skulde få bukt med. Men etter det eg har høyrt lukkast det ikkje (om dei tok avdage to av førarane).

Eg hugsar bestefar fortalde om reisa nordover. Båten som førde dei var seglbåt. Dei kom ut i ein svær storm. Bestefar hadde funne seg plass ved mastra. Der kunne han høyra skipper og rormann tala saman. Etter ein svær bratsjø over skuta sa skipperen til rormannen. «Får me fleire slike brot går me under». Det var harde ord å høyra for en landkrabbe. Dei kom likevel vel fram. Kor lenge dei var der nord og korleis det gjekk på heimreisa, hugsar eg ikkje han sa noko om.

Då bestefar overtok var her mange hus på garden. Det var stovehus og klæbu kvar for seg. Dei stod med gavlane vende nedover, kloss inntil kvarandre. Der var to løebygningar, den minste nær der folgestova står nå. Den andre der løa står nå. Badstova og smidja stod mellom dei to bekkjene i øvre enden av Kristiekro. Stabburet stod truleg då der det står nå. Det er nok det eldste huset på garden. Kvernhuset stod der kverna er nå. Men måtte fornyast kring 1920. Turkehuset litt nedanfor bygde far etter at det som stod der før vart teke av ei klakeras og hamna i storelva. Det einaste dei fann att var kornrøraren. Den stod på ende mellom to steinar.

Det var fra gamalt fem stølar til garden. Håvestøl, Moen, Gaukstøl, Jonstøl og Lynghau. I kring 1860 flytte bestefar husa frå Lynghau til Sandvatnet der det står nå. Moen vart nedlagd som støl noko seinare for eg hugsar far fortalde dei stølte der då han var gjetlegut.

I 1856 bygde bestefar stovehusa der dei står nå. Han bygde daglegstova av nytt tømmer. Elles var huset bygd av gamal material både nede og oppe. Den stova me bur i nå er nok svært gamal.

Bestefar vart heller tidleg enkjemann. Kona Kari døydde då sistebarnet deira vart født. Han heldt likevel fram med gardsdrifta til 1883, då far vart gift og overtok garden. Bestefar var då 54 år. Våren etter gifte han seg og bygde folgehus. Huset han bygde står enno.

Eg gløymer aldri det far og mor fortalde om tilhøva her då dei overtok garden med alle folgene dei var pålagde. Bestefar skulde ha full folga. Foring av to kyr og ein del sauer, 1/2 mål åker, eit jordstykke, ein liten frukthage + 6 tønner korn.

So var det oldemor Inga som var attgift og budde på Bråtveit som skulde ha foster for ei ku, 3/4 mål jordstykke + 6 tønner korn. Sauer fødde dei nok for henne og, for eg hugsar far sa, at fyrste året fødde dei 3 kyr og 18 sauer til andre. Men nokre av sauene var tenarane sine.

Far hadde ein vanfør bror Erik, som dei måtte ta full hand om. Han var heilt ufør og låg all sin dag og måtte stellast som eit barn. Han døydde i 30 års alderen, 3 år etter at far og mor overtok han. Mor sa at han var god å stella og ho vart glad i han og sakna han. Attåt dette hadde bestefar auksjon over alt innbu og kreatur, so dei så å seia måtte starta på kald gruva.

Dette er ikkje skreve for å lasta bestefar. Han sat vel ikkje so lett i det økonomisk, enkjemann som han var med mange born. Til dette kom at han ville gifta seg so snart han fekk levera garden, og då lagdest det til med utloger. Han måtte m. a. byggja seg hus.

Bestefar var alltid snill og rettvis med oss borna. Me hadde difor stor respekt for han, so han trong aldri bruka harde ord for å få oss til å lya. Det vart no born i båe hus, og dør i dør som me budde var me ofte saman i ei av stovene. Når bestefar vart trøytt av bråket sa han berre: «Ganje nå bodn». Me lydde med ein gogn, men ikkje av frykt. Dette berre eit enkelt døme.

Som det går fram ovanfor var det i heller tronge kår far og mor overtok garden. Men med trott og truskap kom dei seg gjenom so dei fekk leva i trygge, økonomiske kår.

Gardsdrifta i bestefar - og mykje godt i far og mor si tid og, var tufta på mest mogeleg sjølvberging. Den dyrka jorda vart helst brukt i open åker til havre, bygg og poteter. So vart det å sanka stråfor på udyrka mark heime og i heia. Stølsvollane, gav ikkje so lite godt vollhøy i den tida, so lenge dei gjætte smalen saman med ku og geit. Dei hadde sauene inngjerde med grindar om nettene. Lamma skjilde dei då frå. Om morgonen mjølka dei sauene. Når innhegna var tilskjitna flytte dei grindane til ein ny stad. Soleis vart stølsvollane godt oppgjødsla. Året etter fekk dei mykje og godt høy på desse vollane. Lauv vart og mykje brukt til fôr. Dette samla dei helst før og etter slåtten. All halmen vart og nytta til fôr. På denne måten greidde dei å fôra til eit heller stort krøterhald.

Alt vart i den tid hausta med handemakt, so der var bruk for mykje arbeidsfolk. Til vederlag fekk tenarane det dei trong av skor, klær, fritt opphald og litt pengar.

Vyrkje til skor og klær fekk dei stort sett av dyra. Av ulla laga dei klærne. Skinnklær av saueskinn var heller ikkje lite brukt i bestefar si tid. Skorne vart laga av ku- og stutehudar, som dei barka (garva) sjølve etter slaktinga om hausten. Etter at ulla hadde vorte vadmål og hudene lær, var det å få skreddar og skomaker til gards. Dette heldt fram til min barndom, men ikkje i so full mon.

 

Austmenn

Før Setesdalens navlestreng, som Ørjasæter kalla Setesdalsbanen, vart opna, hadde Øvre Setesdalen lettaste sjoarvegen over fjellet til Suldal og vidare til Hylen. Til Bråtveit kom dei over Brudele eller Skåraveien. Dei som kom her var helst frå Vatnedalen, men dei kom og frå Hoslemoen og andre stader i Bykle. Då Bykle er ei fjellbygd og dei øvste gardane ligg på kring 800 m.o.h. var det vanskeleg for dei å avla korn nok til eige bruk. Då måtte dei til Hylen og kjøpa inn korn og anna dei trong. På vegen fram og attende måtte dei overnatta på gardane her. Sette det so inn med uver kunne dei verta liggjande verfaste i dagevis, ja opptil 3 veker fortalde far. Dei hadde ofte med seg laga koppar og ymse anna dei selde til folk her. Endåtil vidjeknippe kom dei med for sal. Det vart oftast å byta i korn. For trekoppar var det som regel at karet dei selde vart fyllt med korn. Her er enno eit kjær som bestefar hadde kjøpt av ein austmann.

Det var eit heilt bal å skaffa legerom til alle. Dei måtte ofte bera inn halm og laga flatseng. Når dei so var farne vart det storreingjering. Om hausten kom dei med fedrifter som dei helst selde i Stavanger. Ein haust hadde dei kjøpt med seg kvar sin ver dei ville ta med seg attende. Men det vart ruske ver, so dei våga ikkje ta på fjellet med verene. Dei venta dag etter dag og stelte desse verene. Eg hugsar ein sa: «Han er so godsleg denne veren eg hadde gråte sille eg sel'e han». Men uveret heldt fram og det enda med at dei måtte gå frå verene her. Mange år seinare var eg i Vatnedalen. Då var der ei kona som sa: «Når ein for seg ein noramannvere og hertil desse gamle stuttrova, då fær ein den venaste smalerase av verden.» Dei hadde soleis ikkje gitt opp. Det var ikkje lite føre å halda huset i orden på dei tider austmennene for her, sa mor. Men dei gjorde det likevel med god vilje. Dei var so snille og lettliva og der fylgde mykje liv og moro med dei. Me borna tykte det var sværande gildt når dei var her, og me lærde fort talemålet deira.

Då samferdsle med Kristiansand betra seg for Setesdølene, minka ferdsla over fjellet her. Det vart soleis slutt på all varetransporten. Men litt ferdsle var her då, serleg so lenge det budde folk i Vatnedalen. Det var då likevel ein snarveg nar dei hadde ærend her vest eller dei ville ha seg arbeid eller vidare skule. Til dette kjem at me hadde slektningar der. Syster til bestefar, Eldri, gift med Kolbein K. Fisketjøn, hadde gard i Vatnedalen.

I slutten på første verdskrigen tok dei til med vassdragsregulering i Setesdalsvassdraget. Vatnedalsvatnet vart då oppdemt og dei som budde der måtte flytta. 3 av oppsetjarane flytte då til austre enden av vatnet og rudde seg gardar der. Eit eldre barnlaust ektepar kjøpte seg folga i Bykle og flytte dit. Eldri og son hennar, Jon med kona og barn kjøpte gard i Vats og flytte dit. Eg trur det var Jonsok-kveld 1917 dei flytte. Me var fem karar med kvar sin kløvhest som møtte dei på Odden i nordenden av Ormsavatnet. Der overnatta me. Andre morgen bar det nordover med heile fylgje. Eldri var då 78 år og sat i sal på hesteryggen ein del av vegen, men var likevel i god form då ho kom her. Veret var strålande på heile turen, so det vart ein tvers igjenom vellukka, ein ugløymande og gild tur.

 

Stølslivet

Den tilvande sjølhjelpsdrifta av garden heldt seg mykje godt lenge med mykje leigehjelp i far si tid som gardbrukar og med mykje open åker. Han var ein ivrig jorddyrkar og det han dyrka av nyom la han helst noko snart att til eng. Dei gamle åkrane måtte og reinskast for stein. Det var helst om hausten dette gjekk for seg. So var det å køyra steinen vekk på vinterføre. Eg såg aldri far so i godlag som under arbeid med nybrot. Kunsthevd var enno ikkje kome nemnande i bruk. Heislått og skrapeslått måtte difor halda fram skulde garden haldast nokonlunde i hevd.

Stølsdrifta heldt fram som før. Men ved hundreårsskifte selde dei geitene og sauene vart sette på frifot. Med dette vart det snart slutt på den faste gjætinga av buskapen. No var det berre kyrne, som måtte samlast til stølen kvar kveld. Dette gjorde at stølsdrifta slett ikkje vart lønsam. Men beite måtte kua ha og annan stad var ikkje ledig, då heieslått og skrapslått heldt fram som før, og buhagen strakk ikkje til beite for heile sumaren. Dette førde med seg ei enklare stølsdrift, so å seia utan ysting av noko slag. Når det vart altfor mykje mjølk å frakta heim laga dei gjerne noko fatost og mysa innkokt til mysesmør.

Frå gamalt var kyrne helst vinter- og vårbærte. Helst berre ei haustbært ku. Det var ikkje snakk om kraftforkjøp då, so det vart å nytta mest mogeleg beite som mjølkefor. Men etter kvart som vinterforinga betra seg, vart det helst å få kyrne haustbærte. Ja eg hugsar me var utan mjølk ei stund seine hausten av den grunn.

Det var i grunnen gamle Randi som heldt stølsdrifta oppe. Ho hadde vore her frå ho var ung, og stølsgjenta var ho mest kvar sumar. Det var ein tradisjon som både me og Randi sytte med å brota. Eg var med henne på stølen som lag den sumaren eg vart 9 år. Jonsoktider bar det i veg til Sandvatnet. Gaukstøl skulde brukast som slåttestøl det året.

Det var eit heilt bal med stølsflyttinga. Alt ein trong av mat og anna vart pakka i klyva. Klyvkaren måtte ta buhagskjelen med ein bundt koller og kjærsband i meis. Stølsgjenta, og ei gjente som alltid var med, måtte og helst ha ei liti meisbør om ein skulde få alt ein trong med seg. So snart kyrne kom ut og såg kløvhesten, skyna dei kva som stod føre, og dei vaksne kyrne fylgde viljugt etter klyvhesten. For oss drivarane var det å få ungdyra med. Komne til støls var det å få koller og kjær i vatn og buhagskjelen over gruva ved elva. Brake og ved måtte og hentast i ein fart, då mjølkekollene måtte vera brakelåga og skura til mjølketid. Husa måtte og få sin del av skuring og vask. Ved mjølketid var alt klappa og klart, so hjelparane kunne dra på heimveg.

Huset på Sandvatnet var delt i 3 rom, med inngang i midten. Stova eller eldhuset i heimeenden og mjølkebua i andre enden. I eldhuset var ikkje ovn då, men gruva der me kokte maten. Der var berre ein opning i taket over gruva for røyken. Men der var og open gauk ut til gangen. Bord og noka å sitja på var der ikkje. Ein stokk med to steinar framføre gjorde tenest som sengefjøl i ei krå. Fotenden rakk til gruva. Til bord hadde me eit stort kjærlåk. I godversbolker var huset godt nok, men når uver sette inn var det i kaldaste laget utan oppvarming. Eg hugsar det var so kaldt av og til at det var snøblanda. Eg kan likevel ikkje hugsa at eg fraus noko aktende. Me hadde tjukke gode vadmålsklær både under og utanpå, og når det vart for hustre inne breidde me oss ned i senga. Huset stod so høgt på mur, at me batt kyrne der for natta i surt ver.

Samanlikna med dei tidlegare gjætargutane som måtte fylgja buskapen i ver og uver hadde eg det fritt og godt. Randi var og så serlaga snill med meg. I godver hadde eg alltid nok å driva tida med. Eg laga seglbåtar av bordendar, sette mast med næversegl på og ror. So var det å setja båten utpå der vinden bles frå. Største kunsten var å stilla roret slik at båten landa der eg ynskte. Klaffa det kjende eg meg som røynd sjømann. Eg hadde og mykje moro med froskane som der var so rikeleg av då. Det var helst å få dei ut på vatnet og sjå kor flinke dei var til å symja. Fisk var der ikkje i tjørnene der då. Det var leidt, tykte eg, Likevel hadde eg mangt å driva med so tida fall ikkje lang. Gong og annan kom far eller drengen med klyvhesten. Det var mat til oss, og avdrått (surmjølk og smør) heimatt. Der var då gjerne ein godbit til oss frå mor, og det var kjærkome. Det hende me fann folk elles og. Serleg etter at slåttefolket tok til med heiaslåtten på Jonstøl. Då kom ei av jentene inn etter mjølk og smør som me hadde lagt i ein liten ambar. Mjølka vart fyllt i ein passeleg børaholk, bøtna med sjå (hinna av dyrevomb), eit klæde og utanpå det eit trangt låk. Seinare var me heim med mjølk til dei. Då var me gjerne med dei i slåtten ei stund før me for innatt.

Fyrste søndag i heieslåtten kom alt slåttefolket til oss. Det var vanleg kvart år. Då måtte me ha rikeleg med hagleta (sprengd innkokt mjølk) attil annor mat. Var veret fint tok me alle ein tur opp i nutane. Eg hugsar me for Søndreskår. So høgt hadde eg nok ikkje vore før. Det eg hugsar best frå dagen er at eg sovna på dørtrappa etter at slåttefolka var farne.

Ein dag såg me ein kar i heimeenden av stølen som gjorde opp eld der. Han skulde truleg matstelle seg. Randi lika ikkje beralage hans og sa me fekk gå bort i ein haug og lest som me såg etter kyrne,. Etter ei stund kom han ruggande innover stølen. Då han var mest innmed husa stansa han og vinka på oss. Det var greidt han ville finna oss, og me småsprang bort til han. Han presenterte seg som gamle dr. Arentz. «Jeg går i fjellene her for å undersøke bergartene.» Han vart gåande her i fleire sumrar. Men då og for å leita etter sin «tapte ransel» som han sa. Lang tid etter vart ranselen funnen i Kvildalsheia.

Då me flytte til Jonstøl vart det ofte å gå opp i Jonstølhaugen sjå etter kyrne, stundom og å gjæta dei nedanfor stølen. Det vart soleis mindre tid til eige tidsfordriv.

På haustparten var me på Håvestøl. Då var me ofte ein tur heim om dagane. Det eg hugsar best frå Håvestøl er at Kranselin til bestefar åt opp skinnhua mi. Det var fælande leit tykte eg. Den hadde eg fått av gudmor mi, Siri Brommeland.

 

Skulegong

Me var fire sysken som voks opp. Kari f. 1515 1885, Gjertrud f. 26/1 1891, Marie f. 6/4 1893 og Ola f. 30/7 1895. Ei Gjertrud f. kring 1887 døydde i 2 års alderen i skarlagenfeber. Eg vart soleis både oskefis og jordagut. Noko eg vart minnt om ofte i oppveksten. I folgestova kom det i same tida fem bom. Me vart då til sammen 9 born som vaks opp mest som ein syskenflokk. I Teigen vart der 13 born. Her var soleis rikeleg med born å leika saman med. Om leik og moro i barneåra har Marie, syster mi, skreve so livfullt at eg viser til det ho har skreve om det.

Skulehuset stod i dei dar på Bråtveit mellom løa og stovehuset, Oppistova. Vinteren 1937 vart skulehuset teke av ein sydaust storm og hivd på elva. Heldigvis hende dette ein sundag. Ei folgestova som stod like ved vart og velta av grunnen nedover. I huset var to eldre kvinner. Heldigvis kom dei seg ut av ruinene so å segja utan skade.

Alle sju åra eg gjekk i skulen var Bertrand Vandvik lærar. Då kom det vel med at me hadde lært å vera lydige heime. Han var en streng og drivande lærar. Her var mykje born i Bråtveit då, over 30 ei tid, so skulen var todelt. Me gjekk annakvar dag i 2 veker. Dei neste 2 vekene var læraren i Hamrabø der dei og hadde todelt skule. Soleis skifta han skuletida alle åra. Som nemnt var læraren streng, men eg har likevel mange gilde minne frå skuletida.

Hausten 1909 vart eg konfirmert i Suldal kyrkje. Der heldt me og til med førebuinga, gjekk og las som me sa. Me tok til tidleg om våren og møtte ein gong kvar veka for presten Hegge. Det var ein gild sumar. Hegge hadde ein eigen måte til å få oss med i religions-undervisninga. Og so vart me kjende med jamaldringar frå heile bygda. Me var over 40 konfirmanter det året. Det vart liksom slutten på barneåra. No vart det å gå i tungt arbeid vinter som sumar. Overgangen kom likevel ikkje så brått. Eg hadde i årevis vore med i alt gardsarbeid.

Eg var nok ikkje stor karen fyrste gongen eg vilde prøva meg som slåttekar. Eg hadde funne ein avbråten ljå. Slo so den inn i enden av ein liten stavapåk og so til å slå. Men der kom far, og då var leiken slutt. Ein stor dag var det, då eg i årevis seinare fekk eige ljåty. Heile avlinga vart boren i hus då. Å bera høy var fælande gildt for ein liten pjokk. Etter kvart gleid me bona inn i arbeidet utanom skuletida som var mykje kortare då.

 

Gardsdrifta

Gardsdrifta heldt fram nokenlunde som før til og med fyrste verdskrigen, med etter måten mykje åker. Likevel vart her noko meir eng då det nydyrka (helst noko til kvart år) vart attlagd til eng noko snart. I 1910-11 hadde far ein stor reparasjon av løa. Det vart då laga landkum under fjoset. Litt kunsthevd kom og etter kvart i bruk. Dette hjelpte alt til å auka høyavlinga på heimebøen. All åker vart vårpløyd og all hevda skulde køyrast og spreidast om våren. For å greia alt i rett tid, køyrde me ein god del av hevda ut og la den i dungar, ofte i moksle når snøen låg lenge om våren. Det var til den jorda som låg lengst vekke me køyrde då. Fôr snøen tidleg brukte me køyrehjulbåra. Den var laga som ein kasse med eit lite hjul midt bak. Denne la me på ei vanleg drog. Moksleden var laga som ei stor tunna kløyvd langsetter med meiar under. Denne vart kobla til ei dilla. Både droga og dilla var tilkobla slik at det var lettvint å kobla dei frå. Det var då å velta lasset av og kobla til att. So snart det let seg gjera for snø eller klake i jorda, vart sæta, som me, seier, køyrd ut over i myver (smådungar) i kjerra. Karane fyllte og køyrde, kvinnfolka breidde. Og so måtte åkeren ha same omgangen, men der måtte og pløyast, harvast og såast. Potetene sette me i plogfora i heil- eller nypløyd åker. Til sætekøyringa hadde me 2 moksledar, 2 køyrehjulbårer og 2 kjerrer. Stallkaren fyllte, hest og kar fekk det på plass.

Sauene beitte på heile bøen til dei vart drivne til fjells. Dersom åkeren spirte før beite i heia kom, måtte me borna gjæta sauene opp i teigane (skrapslåtten). Det var eit elte arbeid som me vart fort leie, av. No var det for kvinnfolka til å rydja bøen og for mann og hest å få rotet i hus so turt som råd. Dette vart brukt til å halda det turt hjå sauene. Me jevna kuhevda ut over i skuten då, og då trong ein mykje underbreidsla under sauene kvar gong. Alt lauvriset vart hakka og brukt der. Då me slutta med lauvinga og bruk av kraftfor auka, vart det uråd å halda det turt under sauene. Me måtte då laga remagolv i skuten. No då vinna var gjord var det å mala til sumars. Det var byggmjøl til grauten, havremjøl til flattbrød og so noko til grisen. So fekk kvinnfolka arbeid med å baka flattbrød. Det var inkje småtteri som skulde til då det skulde bakast for heile sumaren.

Mannfolka hadde og sitt å stå i med. Det kunne vera vedlikehald av hus. o. a. Alle husa hadde torvtak. Desse måtte fornyast når dei hadde lege 30-40 år. Dette var alltid gjort som dugnad og helst på denne tida som vart kalla håballen. Snart vart det borkriving og lauving. Bjørkebork var god salgsvare. Litt gjekk og med til barking av huder etter slaktinga. Nevra eller taket gjekk mykje med til hustekking på garden og noko til sal. Lauvet vart bunta saman til kjerr, hengt til turk og so gjort saman til lauvstakk. Av den nedfellte bjørka vart det jamnast rikeleg husved for heile året.

So lenge me beite sauene på heile heimebøen om våren, vart det ikkje so tidleg slått som no. Eg trur likevel me jamnast tok til før «Knut med ljåen» (10. juli). Her var godt om rimeleg arbeidshjelp då, so enga kom oftast i hus på ei fjorten dags tid. Alt vart slege med ljå fram til 1912. Enga vart turka på bakken. Me hadde gjerne ei hesja der me hesja det mest turkevande, grønfôr t.d. Alt høyet vart bore i hus. I slutten av juli flytte me til heis med slåtten. Oftast 3 karar og 2 rakstejenter. Far og mor arbeide helst heime. Me tok alltid til på Jonstøl. Dette for å verta ferdige der til buskapen skulde flyttast heim frå Sandvatnet. I lang tid gjerda me inn det næraste rundt husa. Då dette var gjødsla av dyra frå året før var her fin eng. Alt som var slåande utanfor hegna slo me og fra Grøne bakken og til enden på Brauto. Likeeins oppover Jonstølmyrane og Sauabakken, men berre halvparten av dette til kvart år. Dette kalla me omkast. Der dei hadde svært rikeleg med heieslått slo dei gjerne myr- og finnslått berre andrekvart år. Vidare flytte me med slåtten til Lølio og Finnøyno. Sist slo me Håvestøl, Moen og utslåttene der. På Gaukstøl og slåttene rundt der slo me annakvart år. Det året me ikkje slo der vart han nytta som vårstøl. Ferdige med heieslåtten var det skrapslåtten som stod for tur. Der samla me mykje fyrsteklasses sauefôr, men du og du for eit arbeid.

Skurdonna kom ofte før skrapslåtten var unnagjord. Håslåtten likeeins. Då vart det å gå frå det eine til det andre. Sauesamlinga kom og oftast på denne tida. Serleg tidleg måtte me samla sauene heim og selja lamma nokre år mellom 1905 og -10. Her var ein slagbjørn som herja stygt i saueflokkane. Far miste soleis 12 smålog til året to år på rad. Samanlagt for Bråtveit tok bjørnen 90 smålog. Her vart jakta ein god del etter denne bjørnen, men ingen fekk sjå han med gevær i hand. Eg trur han var sedd berre ein gong i det heila i Vetrhusheia. Jerven var og ute og ferdast i heia her rett som det var og slagta åt seg. Det vart so ille med rovdyr at kommunen leigde Helge Berge og Jo Stuv til å jakta etter desse rovdyra. Dei skaut slagbjørnen i Kringlenuten tidleg på våren. Dei fekk og med god hjelp av Anders Slagstad 3 jervar som heldt seg i ei urd i Kvildalsheia. Ein 0. T. Odland vart seinare leigd til å jakta etter rovdyra. Serleg jerven var lei i saueflokkane då. Det var sakser han brukte og han fanga fleire jervar. Leiv Århus tok seinare nokre jervar i saks i Kyrkjesteindalen. No hadde dei fått bra has på rovdyra og sauene fekk gå bra i fred. Men i 20-åra hadde mo besøk av ein bjørn eit par sumrar. Siste våren han var her vart han jagd austover av eit jaktlag som var etter han. Me fekk seinare høyra at han vart skoten der aust.

Etter innhaustinga var det so mangt som måtte gjerast før vinteren sette inn. Det var no serleg tresking og maling det hasta med. Før treskemaskina kom til gards brukte dei eit «handyvle» dei kalla tust med handvoll og slagvoll. Handvollen noko lenger og lettgjord. Slagvollen noko kortare men tjukkare. I eine enden av desse var der hol. Dei vart so samanbundne med ei sterk reim e.l. Kornbanda la dei ut over låven med kornet inn til midten frå båe sider. Dette kalla dei ei flo. Med handvollen i handa svinga dei so slagvollen rundt i lufta slik at han dalga til kornbanda. For å få alt kornet orbanka, måtte dei snu banda og slå dei på andre sida og. So til å rista kornet or halmen. Vart der mykje halmstubb, rakte dei med riva saman halmstubben. For å få vekk kornet som fylgde med hadde dei dette i eit grovt sold dei kalla heresoldet. Kornet dryfte dei i trog. Der skulde ein del tame (øvelse) til å verta flink med tust og dryftetrog. Då her ikkje var ållmølt (møllevatn støtt) trekste dei gjerne noko av kornet noko tidleg på hausten so dei hadde det klart til her vart møllevatn. Her var stem i Tverråvatnet, men den rakk ikkje langt utan regn. Var stemmen full kunne dei likevel mala eit par døger utan regn. I Lalid var ei kvern der det var ållmølt, og det hende dei måtte dit og mala i sers turre haustrar, fortalde far.

Ved hundre årsskifte kom her treskjemaskin og halmristar til gards. Dette vart drive med vasskraft med «kadl» i Kokebekken. Då trong ein ikkje so lang tid å skilja kornet frå halmen.

Her var likevel nok å gjera. Skogen som var nedfelt om våren måtte samlast i veakostar før han vart nedsnødd. Hausten var og einaste tida ein hadde tid til jorddyrking. I milde og fine haustar fekk ein gjerne gjort noko og. Då snøen kom vart det gjerne «steinaføre» til å køyra vekk steinen av opptaket. Om hausten vart det og slakta det ein trong for året. Minst eit naut, fleire småkreaturer og ein gris eller to.

 

Jul

Juleførebuinga gjekk grundig for seg i min barndom. Der skulde soleis gjerast reint i alle rom. I alle sengene skulle der skiftast halm og klæde vaskast. Eg hugsar enno frå eg var born so eg gledde meg då eg vakna av at dei sandskura veggene nede i stova. Då visste eg at det var ikkje mange dagane att til jul. Brødet eller kaka som me sa då, vart steikt i bakaromnen i eldhuset. Det var ikkje små knøar dei laga til. Mor laga alltid ei liti kaka til kvar av oss borna av den finaste deigen med fint krot oppå. Eg ser enno for meg desse kakene, og so gode dei var.

Julaften klina (smurde) dei klingen (lefsa) og steikte raffelkaka (vafler). Frå gamalt skulde alle betjern vera nyslipte til jul. Det var no mykje avlagt det eg minnest. Men dei slipte ofte jongane (heimesmidde bordknivar av avbrotne ljåar) til jul. Juleølet brygga dei i god tid før jul. Til malt brukte dei bygg.

I ei regla om malt heitte det: 3 dar i bekken, 3 dar i sekken, 3 dar i grøinga og 3 dar i møinga. For å få maltet til å gro breidde dei det ut over eit golv i eit varmt rom. Då det hadde grøtt passeleg, turka dei og grovmal det. Sjølve brygginga var eg aldri med på. Men eg veit dei hadde eit sers kjær til dette med ein tappekrane av tre i ned med botnen. Ved kranen la dei ein vridd halmbendel for å sila maltet frå. Eit trestykke laga i trekant med hol i la dei og i botnen på kjæret ved tappekranen. Dei tømde so det malte maltet i kjæret. Dei slo so kokande vatn i maltet. Om eit kvarters tid tappa dei dette av og tømde det i gjærkaret. Slik gjorde dei fleire gonger til maltet var utvaska. Det siste hadde dei gjerne for seg, og det kalla dei lettadrikka. Det som no var kome i gjærkaret kalla dei vørter. Då det hadde kolna passeleg til 30-40 grader sette dei til ølgjær. Den hadde dei på lager frå tidlegare brygging. Under gjæringa måtte det stå i varmt hus. Då det var passeleg gjært tømde dei det på kaggar og sette det i kjellaren der det var kjølig.

Men meir om julaften. Nett før det avdagast var mannfolka ute og skaut inn jula. Den som fyrst skaut kunne snart venta svar frå andre i krinsen. Slik gjekk det smell i smell frå heile Bråtveit-kverven. Fuglebandet måtte heller ikkje gløymast. Det sette me på ei stong. Helst framfor stoveglaset. Det var so gildt å sjå når fuglane kom og biska seg. I kveldinga bar det åt vaskestampen med oss borna etter tur og bestklæda kom på. Hadde me då noko nytt, som alltid mor ordna med for oss, var det stor stas. Utan noko nytt måtte ein bera verahodne, sa dei. Då me no var reine og oppkledde, kjende - og såg me, at no var det jul. Då alt stell ute og inne var gjort var det dei vaksne sin tur å bada og byta klær. Julebordet stod no dekka med julegraut og fisk. Og tida kom endeleg at me fekk bera inn julo. Fyrst oss mannfolka sin tur ut. So snart kvar av oss kom inn att, sa me gledeleg jul. Dei som inne var svarte takk og deg det same. Husmora skulde då skjenka øl eller ein dram til dei innkomne. So var det kvinnfolka rundt til dei med øl eller dram. Dette med øl og dram var helst avlagt i min barndom. Det hende del hadde øl det fyrste eg hugsar. Men dram såg eg aldri brukt her julaften. Me sessa oss alle til bords og let maten smaka. Etter maten las far juleevangeliet og me song julesongar.

Juletre hadde me ikkje før eg var fullvaksen, og heller ikkje gåver og lite juleknask, men gjerne litt eple og appelsiner og litt neter. Me hadde den fina kaka me hadde fått, og då det leid på kvelden måtte ho smakast. Spartansk vil ein seia no. Men julegleda kjende me, og ein god del julesongar kunne me.

Fyrste juletreet eg såg var i jula 1901. Det trur eg var den fyrste juletrefesten som vart halden i Bråtveit. Eg var då ikkje skulegut, men fekk lov å fylja far på festen. Bertrand Vandvik var nyleg tilsett som lærar og det var han som styrde festen. Eg gløymer ikkje synet av juletreet. Det stod der fint pynta med kveikte ljos. Noko so fint hadde eg aldri sett. Snart kom skuleborna i tog saman med læraren og song av full hals: «Her kommer dine arme små». Det var berre skuleboma og læraren som gjekk rundt juletreet og song julesongar. Eg fekk soleis ikkje vera med på det. Det var og berre skuleborna som skulle ha godter og gåver. Dette visste eg skulde so vera, og eg vart svært ovanddotten då Madli Guggedal stakk ein sukkermann i handa mi. Seinare har eg vore på juletrefest her mest kvar jul. Men det er likevel den fyrste eg hugsar best.

So lenge bestefar levde og borna deira ikkje var utflytte for godt, var me alltid om ein annan og jula oss som me sa. Dette var stor stas, serleg for oss borna. Då Kari og Leiv flytte til Hauane var me der og jula oss og dei til oss. Den tradisjonen held me oppe den dag i dag.

Framover etter-julsvinteren var det å køyra heim høyet or heia, veden or skogen og gjerne litt tømmer om det trongst noko til husvøling. Og so lagdest det til med vedhogging. Dette helst på ettervinteren. Her var soleis noko å arbeida med alle årstidene. Kvinnfolka hadde og sitt å stå i med på ettervinteren, spunning og væving attåt det daglege stellet i uthusa og inne.

 

 

Framhald i Gamalt frå Suldal nr 2 2000.