Suldal sogelag

Kulturhuset tysdag 25/10 kl 1900 
Professor Inge Særheim tek for seg stadnamn som kulturhistoriske kjelder basert på døme frå Rogaland og spesielt om gardsnamn i Suldal. 

Les meir…

13. september kjem John Skien og fortel om sine radio/TV program i Suldal
25. oktober kjem Inge Særheim og snakkar om stadnamn og kvifor det heiter slik det heiter. 
Desse møta blir på Kulturhuset. 
15. november fortel Kjell Solheim om ei viktig verksemd som nå er mest utgløymd: Taubanane som fanst i alle bygder før i tida. NB: Møtet er på Jelsa grendahus kl 1900.
Sjå annonse i Suldalsposten 
Alle møta begynnar klokka 1900.

sogelag lølandHadde dei fleire sølvkanner i Hylsfjorden enn i andre bygder, og korleis såg dei ut? Kunne dei brukast til noko eller var dei berre status? Finst dei enno? Motane skifter, det var ikkje minimalismen som rådde då stasbua på Løland blei rosemalt.

 

Kven var det som «sønderrev løven»? Etter å ha vore i Målarbua og sett dramaet om Samson

framstilt på veggen hugsar ein det. Både tak og vegger er dekorerte, og rommet står klar til å ta i mot fut eller prest eller kva slag storkar det nå var som var ventande.

 

Rasmus Løland som budde i stovehuset vegg i vegg var nok innom her av og til. Kanskje sat han der i benken og skreiv innlegg i avisa. Det er ikkje langt opp til steinane i buhagen der nokre gutar fann ein pakke samanbunta manuskript for ca 20 år sidan. Historikaren Lars

Olav Fatland veit meir og blir med og fortel.

 

Bjerga ligg høgt og fritt med utsyn både innover og utover fjorden. Her har Harald Løland bygd eit eige hus der han har samla både utereiskaper og innbu til eit heilt gardsmuseum.

Her er litt av kvart alt frå skavekrakk til hakkmaskin og treskeverk, sledar og kjelkar, og…. Dessutan veit han korleis det verkar og er villig til å læra andre det og til og med prøva det.

Innedelen er delt i stove, kjøkken og kammers og inneheld kister, skap, benker og innbu frå våre beste- og oldeforeldres tid, alt fylt av gjenstandar me vil hugsa frå barndommen vår,

skulebøker, symaskin, kjøkkenreiskaper, vev og pynt. Ingen datamaskin, berre ein rar skrivemaskin. Men der var andre ting å moroa seg med.

 

Dei som blir med Suldal Sogelag på søndagstur får sjå og oppleva dette og meir til.

 

Tor Olav Følgesvold

Perutur2007 310DETTE FØREDRAGET ER AVLYST GRUNNA GRAVFERD.

 

Bryllaup i 3 dagar med 600 gjester, 80 griser og 200 kassar øl – liknar det litt på ei soge frå Noreg i gamle dagar, me manglar vel berre kniven?


Peru er ikkje berre Machu Picchu og Inkariket. Varme kjelder og eit varmt folk som delte ut skikkelege klemmar var mi oppleving.


Med ein kultur ulik vår, men lettare å forstå vår eigen kultur når ein har lært ein annan å kjenna.
Landet stig frå havet opp til mest 7000 m i Andesfjella – ørkenland i vest og jungel i aust, og eg kan skrøyta om at eg har bada i Amasonas – ei av kjeldene. Nesten 3 veker brukte me for å bli litt kjend med dette landet der sola går «galne vegen» dvs me var sør for ekvator. Me fekk smaka 7 år gamle poteter, lamasteik og marsvin- ragu. Var på fjelltur og ofra cocablader til Moder jord i ein haug på toppen av ruta. Møtte ein flokk med flotte skuleungar og kjende meg liten då condoren kvilte på vengene rett over meg.


På Sogelagsmøtet 15. mars fortel eg meir og viser bilete frå turen.
Tor Olav Følgesvold

 

Perutur2007 305

Årsmøte i Suldal Sogelag tys. 23. februar 2016 kl. 19 på Kulturhuset

 

Les meir…

Tys. 19. januar:  Øystein Haga fortel om krusifikset i Jelsa-kyrkja.

           

Tys. 23. februar: Arnvid Lillehammer: Taterfolk. Etter kåseriet: Årsmøte.

           

Tys. 15. mars:  Tor Olav Fylgjesvoll: Bryllup i Peru

           

Tys. 19.  april:  Anne Elisabeth Skogen:  Om Alfred Hauge

Les meir…

I vedlagte fil finn du framlegg til budsjett for 2015.

Budsjett 2015.docx 

I vedlagte fil finn du rekneskapet for 2014

Rekneskap 2014.docx

Les meir…