Suldal sogelag

Suldal Sogelag gjennomførte ei rekke vellukka turar i 2012, berre den til Hålandsdalen i juni vart avlyst. 10-30 personar har vore med.

 

Kulturminnevandring på Jelsa den 22. april 2012

33 deltakarar var med, trass i gråver. Øystein Haga var kjentmann. Me møtte på Jelsa skule. Øystein fortalde om og viste skisser av gamle ulvagraver. Like ovanfor skulen finst det ei slik grav, og den blei studert. Turen gjekk deretter til Flåtene og Jelsavågen, til jernaldergraver og til merke etter kolbrenning. Etter initiativ av Øystein Haga er det sett opp skilt med illustrasjonar av begge desse kulturminna. I Steingjerdet står det ein vakker, 200 år gammal steinbenk, som Lars Jelsa, f.1777, fekk murt opp. Den går under namnet "Svermebenken". Lars var forlibt i Else, dotter til prost Knudsen, men han kunne ikkje få henne. Då prestedottera måtte reisa, skreiv Lars song: "Jomfruen Else skal reise fra Jelse." Forsamlinga sat på benken og hadde matøkt, fekk utlevert kopierte ark og avsong dei sørgmodige versa om Else. Den nålevande Lars Jelsa fortalde om tippoldefar sin, om benken og om jomfrua. Jelsabuen feira 17.mai i Steingjerdet fram til 1960, og Lars fortalde om korleis feiringa gjekk for seg. Siste stopp på turen var Klunghaugbakken. Der studerte me skålgroper - urgamle ristingar i stein. Formålet med slike groper er visstnok ikkje heilt klarlagt. Både jelsafolk og tilreisande gav uttrykk for at dei dei hadde lært mykje nytt på denne turen.

Tore Thorsen

 

 

Frå Tjordal 18/7 (foto Sigurd Fisketjøn):

 

tjordal tur 2012 1

 

tjordal tur 2012 2

 

tjordal tur 2012 4

 

tjordal tur 2012 5

 

tjordal tur 2012 7

 

tjordal tur 2012 8