Suldal sogelag

Årsmøte i Suldal Sogelag tys. 23. februar 2016 kl. 19 på Kulturhuset

 

Før årsmøtet tok til, spela Øystein Haga, på sjølvlaga okarin, tre melodiar frå

Ryfylke, til stor fagnad. Deretter heldt lokalhistorikar Arnvid Lillehammer

foredrag. Han snakka om reisande folk i Ryfylke. Kanskje rikka

dokumentasjonen hans på ein del nedervde forestillinga om dei menneska det

her var tale om.

Over 60 hadde møtt fram for å høyra Lillehammer, så det var tydeleg at emnet

interesserte.

 

På årsmøtet møtte det 42 medlemmer.

 

1 Konstituering Innkalling og sakliste godkjende. Til møteleiar vart

vald Tor Olav Fylgjesvoll, til referent Tore Thorsen

 

2. Leiaren la fram årsmeldinga (sjå vedlegg).

Kommentarar: - Slektsdatabasen ancestry.com er eit flott høve til å

fullt medlemskap her, og dei som vil nytta seg av

tilbodet, kan ta kontakt med Rune Roalkvam.

finna fram til slekt i Amerika og i Sverige. Sogelaget har

- Trygve Høivik oppmuntra sogelaget til å engasjera seg i

arbeidet med å ta vare på gamle skulehus i grendene.

Årsmeldlinga godkjend

 

3. Kasseraren la fram rekneskapen (sjå vedlegg). Konklusjonen er at den

økonomiske stillinga i laget er god.

Rekneskapen godkjend

 

4. Budsjett: Styresak

 

5. Medlemskontingent

På grunn av auka utgifter, m.a. med trykking av sogeheftet "Gammalt

frå Suldal", som medlemmene får gratis, vedtok årsmøtet å heva

kontingenten slik: frå kr. 250,- til kr.300,- for enkeltmedlem,

frå kr. 200,- til kr. 250,- for folk som er medlemmer også i andre sogelag i

Rogaland, og frå kr. 300,- til kr. 350,- for familiemedlemskap.

 

6. Endring av vedtekt

Årsmøtet vedtok endringsframlegget frå styret ved.r. valnemnda:

Medlemmene i valnemnda blir valde for to år, på den måten at minst eitt

medlem "står over" til neste årsmøte.

 

7. Val

Hadle Eide Bakka la fram innstillinga frå valnemnda.

Styremedlem Rune Roalkvam og varamedlem Ragnhild Sukka hadde

fråsagt seg attval. Leiaren Tor Olav Fylgjesvoll vart i fjor vald for eitt år, i

samband med at styret konstituerte seg. Lovene for laget seier at

leiaren skal veljast for to år. Valnemnda fann ikkje fram til folk som var

villige til å stilla som leiarkandidat, så Tor Olav gjekk med på halda fram

eit år til.

 

Det nye styret ser dermed slik ut:

Leiar: Tor Olav Fylgjesvoll. Vald for eitt år.

Styremedlemmer: Dag Ingebriktsen (ny, vald for to år)

Kari Liv Sandvik (ikkje på val)

Sigurd Fisketjønn (ikkje på val)

Tore Thorsen, skrivar (ikkje på val)

Varamedlem: Else Selvåg Moen (ny, vald for eitt år)

Kasserar: Nils Torsteinbø ("vald på livstid")

Revisor: Erling Rognskog (attvald for to år)

Valnemnd: Hadle Eide Bakka (vald for eitt år)

Rune Roalkvam (ny, vald for to år)

Tore Moe (ny, vald for to år)

 

Desse fekk overrekt gåvekort: Torleif Helland for å vera vert i

mimreståvå kvar laurdag, Bjarte Skipevåg, Rune Roalkvam, Terje Bråtveit

og Tore Thorsen for arbeidet med sogeheftet "Gamalt frå Suldal".

I pausen mellom foredraget og årsmøtet blei det servert kaffi og kake.

Tor Olav, Kari Liv og Annfrid stod for dette.

 

Årsmøtet slutt.

 

Ref: Tore Thorsen. Underskrift: Hallvard Bakka, Rune Roalkvam