Suldal sogelag

sogelag lølandHadde dei fleire sølvkanner i Hylsfjorden enn i andre bygder, og korleis såg dei ut? Kunne dei brukast til noko eller var dei berre status? Finst dei enno? Motane skifter, det var ikkje minimalismen som rådde då stasbua på Løland blei rosemalt.

 

Kven var det som «sønderrev løven»? Etter å ha vore i Målarbua og sett dramaet om Samson

framstilt på veggen hugsar ein det. Både tak og vegger er dekorerte, og rommet står klar til å ta i mot fut eller prest eller kva slag storkar det nå var som var ventande.

 

Rasmus Løland som budde i stovehuset vegg i vegg var nok innom her av og til. Kanskje sat han der i benken og skreiv innlegg i avisa. Det er ikkje langt opp til steinane i buhagen der nokre gutar fann ein pakke samanbunta manuskript for ca 20 år sidan. Historikaren Lars

Olav Fatland veit meir og blir med og fortel.

 

Bjerga ligg høgt og fritt med utsyn både innover og utover fjorden. Her har Harald Løland bygd eit eige hus der han har samla både utereiskaper og innbu til eit heilt gardsmuseum.

Her er litt av kvart alt frå skavekrakk til hakkmaskin og treskeverk, sledar og kjelkar, og…. Dessutan veit han korleis det verkar og er villig til å læra andre det og til og med prøva det.

Innedelen er delt i stove, kjøkken og kammers og inneheld kister, skap, benker og innbu frå våre beste- og oldeforeldres tid, alt fylt av gjenstandar me vil hugsa frå barndommen vår,

skulebøker, symaskin, kjøkkenreiskaper, vev og pynt. Ingen datamaskin, berre ein rar skrivemaskin. Men der var andre ting å moroa seg med.

 

Dei som blir med Suldal Sogelag på søndagstur får sjå og oppleva dette og meir til.

 

Tor Olav Følgesvold