Suldal sogelag

Les årsmeldinga her:

Styret dette året var:

Leiar Annfrid Halsne

Skrivar Tor Olav Følgesvold

Styremedlem Sigurd Fisketjøn

Styremedlem Tore Thorsen

Styremedlem Rune Roalkvam

Varamedlem Ragnhild Sukka

Kasserar Nils Torsteinbø

Skriftstyrar for Årboka Bjarte Skipevåg

Medlemstalet nå er 135

Me tok i bruk det nye lokalet vårt i Gata 20 den 23. januar då me hadde det første styremøtet der.

Namn på lokalet blei "Mimreståvå."

Ein del arbeid måtte gjerast før me kunne flytta inn boklageret og møblera, m.a. nytt golv og ein ny vegg, samt lys og varme. Ein liten kjøkkenbenk med vask og plass til kaffitraktaren blei det også plass til på bakrommet. Me vona å kunna halda ope for "stikk innom" m.a. enkelte laurdagar.

Årsmøtet vart halde 28/2 – 12- Emne for møta dette året har vore

- Om Ropeidhalvøya v/Ernst Berge Drange,

- Bygdaborger, kva blei dei brukte til v/T. O Følgesvold.

- Revahistoriar og andre soger v/Reidar Sandal

- Folkeliv på Sand på 50/60-talet v/Njål Kolbeinstveit.

Det har vore godt oppmøte,

Turar: Til Jelsa.Ulvafella og kolmiler, Tore T og Øystein Haga loste.

Til Tjordal, Eli Roaldkvam var los

Gatevandring i Gamle Osen, los Kolbein Bakka.

Ottøy, Annfrid sto for og.Leif Andreas Øvrabø var los.

Stor takk til alle losar.

Me har hatt 5 styremøte.

Kulturminnedagen arrangert saman med Ryfylkemuseet, til "Gamlekaien," Skulehuset og Kyrkja på Jelsa. Tittel; Møteplasser.

Under Ryfylkedagane hadde me ope i Mimreståvå med  fotoutstillinga frå Sand i gamle dagar. Godt besøkt. Terje Bråtveit har gjort eit kjempearbeid med innsamling og utstilling av bileta.

Skulebesøk i Erfjord og Jelsa med quis om gamle gjenstandar.

På Møgedalsmarken hadde me som vanleg stand med sal av bøker og hefter.

På Årsmøtet i Rogaland Historielag var utsendingane Sigurd F, Rune R og Tor Olav F. Elles har sogelagsmedlemmer bidrege ved registrering av båtbygging langs Suldalsvatnet som Langvik på Sjøfartsmuseet held på med.

Nye heimesider både for Suldal Sogelag og for fylkeslaget er nå oppe på internett. Dei gamle som gjekk via RHÆ er vekke.

5/2 2013 TOF