Suldal sogelag

På Nasjonalbiblioteket sine sider kan ein finna digitaliserte utgåver av mange av bygdebøkene våre. Under er ei førebels liste over dei som gjeld Rogalnd, dessutan nokre frå Suldal sine naboar i andre fylke; og nokre frå andre nettkjelder. Kopier nettadressa og lim inn i din nettlesar for å få tilgang til boka.

Se også desse oversyna:

http://www.genealogi.no/mediawiki/index.php/Liste_over_digitaliserte_bygdeb%C3%B8ker

http://www.jegersberg.com/bygdeboker-digitaliserte-nettutgave.html

http://slektinorge.no/litteratur/bygdeboker/#rogaland

Les meir…

Suldal har alltid vore eit viktig område for Stavanger Turistforening (STF), som nå har fått sitt eige lokallag, Suldal Turlag. I årbøkene frå foreninga finn me mykje godt Suldal-stoff, heilt frå det vesle Suldals-heftet i 1893 og fram til i dag. Svært mange av årbøkene er lett tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no. Under finn du eit oversyn over dei årbøkene som er tilgjengelege her, med hovudtema der det er slike.

Les meir…

Tina Tollaksvik har i 2013 skrive ei masteroppgåve i nordisk med tittelen:

"Kvinnenamn i tre fjellbygder - Ei undersøking av kvinnenamna i Røldal, Suldal og Vinje med grunnlag i 1801-­ og 1900-­folketeljingane og kyrkjebøker". Inetressant lesing. Du finn den som pdf-fil her.

 

 

Av Olav Veka

Mennesket har utnytta naturen i uminnelege tider til livsopphald og rekreasjon, og til den utnyttinga trong dei referansepunkt slik at dei kunne orientera seg på best mogleg måte. Stadnamna er slike referansepunkt. Dess meir intens utnyttinga var, dess fleire stadnamn trongst. Bruken av naturen var på sitt mest intense fram mot byrjinga av 1900-talet med stølsdrift, skogsdrift, beite, jakt og fiske. Mange av stadnamna vil dermed ha bakgrunn i jordbrukssamfunnet på 1700- og 1800-talet, og etter kvart som jordbruket som næringsveg stadig vert redusert, vil ei mengd stadnamn gradvis verta borte. Gjennom denne vesle artikkelen skal me prøva å sjå nærare på i alle fall nokre av dei stadnamna som finst og har funnest i utmarka til Helland og Eide på Sand.

Les meir…

Internett har gjort det lett å finna røtene sine i Suldal. Me har laga eit oversyn over dei viktigaste nettressursane.

Les meir…

Dokumenta om striden om øydegarden Øystad i Kvilldal.

 

Les meir…

Me har utarbeidd eit kart som syner gardsgrensene innan gamle Sand kommune.

Lawrence W. Onsager har utarbeidd ei "bygdebok" for etterkomarane til dei mange suldølene som emigrerte til Juneau county, Wisconsin. På desse sidene finn du heile bygdeboka i word-format, dessutan andre artiklar om området.

denne lenka finn du ein artikkel i Stavanger Aftenblad frå 2013, med video, frå området.

Les meir…

Suldal kommune er sett saman av dei fire tidlegare kommunane Suldal, Sand, Erfjord og Jelsa. Samanslåinga skjedde i 1965. Det er to generasjonar av gards- og ættesoger som dekkar dette området, den nyaste generasjonen er under arbeid.

 

Les meir…