Suldal sogelag

Internett har gjort det lett å finna røtene sine i Suldal. Me har laga eit oversyn over dei viktigaste nettressursane.

Digitalarkivet er den viktigaste ressursen til personopplysningar frå Suldal. Mellom anna ligg dei skanna kyrkjebøkene her, som ein kan bla i (ikkje søkbare). Etter kvart er ein del av desse også gjort søkbare, pr januar 2013 gjeld dette Suldal 1800-1816, Jelsa 1695-1732, 1796-1816, 1867-83). Her ligg også folketeljingane og mykje anna. Det kjem stadig nye databasar, så det lønner seg å kikka innom desse sidene jamnleg. Her finn ein også skanna bøker. 1910-folketeljinga kan nå lastast ned som hefte i pdf-format.

Registreringssentral for historiske data ved Universitetet i Tromsø har også søkefunksjon for folketeljingar, som i visse tilfelle er meir brukarvennleg. Her er også andre databasar som ikkje finst andre stader

DIS Norge har samla linkar til digitalt tilgjengeleg stoff til slektsforsking. For oss er dei viktigaste:

Samlinga av kjelder om Suldal. Her finn du m.a. direkte linker til Digitalarkivet samla for heile kommunen. Svært nyttig!!

Søkefunksjon for gravminne som er registrerte frå kyrkjegardar i heile landet, m.a. dei fleste i Suldal.

Nasjonalbiblioteket har gjort digitalt tilgjengeleg enorme mengder trykt stoff (bøker, aviser m.v.), bilder og anna. Ved generelt søk vil ein m.a. finna linkar til oppslag i Stavanger Aftenblad. På biblioteket på Sand vil du kunna lesa i avissidene. Svært nyttig til å finna dødsannonser, omtalar m.v. frå nyare tid.

Merk deg også artikkelen av Ernst Berge Drange med kjeldestoff frå 1700-talet, ein periode det ikkje finst kyrkjebøker att for gamle Suldal.

 

Av utanlandske nettstader bør ein merka seg følgjande:

Ancestry http://www.ancestry.com/ Innehedl mange millionar opplysningar, ikkje minst om utvandra nordmenn. Diverre er dette ei betalingsteneste, men det er vanlegvis mulig å prøva ut gratis i ei kort periode (hugs å melda deg av etterpå!)

Mormonarane sine sider https://familysearch.org/ (gratisteneste) Her vil ein finna mange opplysningar frå norske kyrkjebøker, også ting som ikkje ligg på Digitalarkivet. Dessutan stoff frå utanlandke kjelder.