Suldal sogelag

 

Av Olav Veka

Mennesket har utnytta naturen i uminnelege tider til livsopphald og rekreasjon, og til den utnyttinga trong dei referansepunkt slik at dei kunne orientera seg på best mogleg måte. Stadnamna er slike referansepunkt. Dess meir intens utnyttinga var, dess fleire stadnamn trongst. Bruken av naturen var på sitt mest intense fram mot byrjinga av 1900-talet med stølsdrift, skogsdrift, beite, jakt og fiske. Mange av stadnamna vil dermed ha bakgrunn i jordbrukssamfunnet på 1700- og 1800-talet, og etter kvart som jordbruket som næringsveg stadig vert redusert, vil ei mengd stadnamn gradvis verta borte. Gjennom denne vesle artikkelen skal me prøva å sjå nærare på i alle fall nokre av dei stadnamna som finst og har funnest i utmarka til Helland og Eide på Sand.

                Men stadnamna er ikkje berre referansepunkt, dei er òg vindauga inn i fortida med innsyn i gamle driftsmåtar, hendingar, truer og førestillingar av mange slag. Me skal opna nokre slike vindauga når me går ein vanleg turstig frå Eide på Sand innover mot Hellandsstølen, over Hellandsnuten og nedatt på framsida til utgangspunktet. Det meste av denne ruta er merkt blå og raud løype på det lokale kartet Turstiar Sand.

stadnamn helland til nettny

                Turen tek til på garden Haugen ved Joagarden på Eide der barnehagen ligg i dag. Gardsnamnet Eide /²eie/ er sjølvsagt langt eldre enn namna lenger inne i utmarka. Fyrste gongen det er nemnt i skrift, er på 1500-talet, men det er nok eldre enn det. Eide het på gammalnorsk Eiði, dativ av Eið, etter eidet mellom sjøen og den vika i Lågen som ber namnet Eidsvika /¹essvikja/. Til vanleg er det slik at ei kasusform av eit namn gjerne er noko yngre enn namnet i ubunden form, altså eit namn ’Eid’ kan vera eldre enn dativforma Eide. Dette eidet spela ei mykje større rolle før Litlehagabruna kom i 1894 og Tjelmabruna i 1871. Ferdsla frå gardane på nordsida av Sandsbygda gjekk det meste av året langs Lågen ned til Eidsvika, over Eide og ned til fjorden i Eidssjøen /¹essjøen/, som var hamna for desse bøndene og viktigaste vegen ut i den store verda like frå vikingtida av. Garden Helland skal i eldre tider ha hatt nausta sine i Eidssjøen.

                Ovanom barnehagen ligg åsryggen Kammen i nord, same ordet kam om ein kvass åsrygg som me finn i gardsnamnet Hanakam direkte samanlikna med kammen på hanen.

                Alt ved den fyrste grinda møter me eit mykje yngre namn, Smidjeskorane /²smidjeskåradn/ i vestenden av Stegåsen etter ei smidje som stod her passeleg langt unna gardshusa pga. brannfaren. Ei skor er ei hylle eller ein liten avsats i ei fjellside, naturleg nok eit svært vanleg terrengord i Suldal, skorar er det jammen flust av! Den kjende Bergarkjelda til Joagarden bortunder fjellet ved Kastet /¹kaste/ er vekke i dag, men den språklege forma er interessant med ein ’falsk’ genitiv Bergar- som me berre finn i stadnamn, i staden for den regelrette forma Bergs- som i Bergsflota /¹bersflåta/ på Berge. På stader med namn som Kastet ’kasta’ dei tømmer eller ved utføre ei ups eller ein berghammar.

Me går opp kleiva til Smalaberget der sauene eller smalen har hatt ein kvilestad på det slette berget. På vegen opp Lundarhaugen og Lundabrakane gjennom granskogen ser me Øksmyr til høgre som i dag slett ikkje ser ut som ei myr etter all grøftinga og skogplantinga på 60-talet. Ferdsla frå gardane på Helland til Eide har nok også gått over Øksmyr sidan Stegane /²stegadn/, som er namnet på stigen langs Eidsvika, er meir ufør og vanskelegare å ta seg fram i for hestar og naut i alle fall på vinterstid. Namnet er utan tvil svært gammalt, kanskje frå før 1500. Det ser me m.a. på den ubundne forma. Eit namn ’Øksmyra’ ville vera ei yngre form. Fyrste leddet i namnet er øks, men kva bakgrunnen kan vera, er ikkje så lett å seia i dag. Kanskje det har vorte funne ei steinalderøks her? Eller kanskje noko med forma kan minna om ei øks? Ordet øyk i fyrste leddet er lite rimeleg av språklege grunnar.

                Når me rundar haugen ned mot skogsvegen, ligg det avlange søkket Grova /²grova/ned mot Øksmyr, av grove ’søkk, dokk’ . Gardsnamnet Grov /gråv/ tyder det same, men ordet har ei anna og eldre form, og det er brukt om ein langt større formasjon.

                Der me kjem inn på skogsvegen, ligg ein nyare opplagsplass for tømmer, i dag kalla Jonsokplassen /¹jønsåkplass’n/ etter det eldre Jonsokbakkjen /¹jønsåkbakkjen/ like ved i aust. Om namnet har bakgrunn i planta jonsokblom (solblom) eller ei hending knytt til jonsok 24. juni, er i dag ikkje så lett å seia.

                Me kryssar skogsvegen, går ovanom Hatlekjerrteigen langs Hatlekjerrbekkjen forbi vegdelet med stigen frå Veltedn og i høgre kanten av Hatlekjerrmyrane på veg inn i Eidsmarkja /¹essmarkja/ eller berre Markjene /²markjedn/ som folk sa, forbi Kvilet der stølsfolka tok ein pust i bakken ved ein stor stein, og over dei flate og turre berga kalla Litlhei /²litlei/, altså den ’litle heia’. Som me ser, vert hei her brukt om eit lite, nake og trelaust parti, altså ikkje berre om område over skoggrensa. Kvilet må me tru ligg om lag halvvegs på vegen til Eidsstølen, ein naturleg stad å kvila.

Som turgåar i skog og mark lurte eg i barneåra på namnet Markjene, det er jo lite mark eller grassletter inni skogen, men me må kunna litt gammalnorsk for å vita at mark her tyder ’skog’, på same måten som Nordmarka ved Oslo tyder ’nordskogen’. I Nordmork i Bleskestad finn me same tydinga ’nordskogen’ av same ordet som i gardsnamnet Mork ’skog’, i eldre tider skrive ”Mørk” på dansk vis.

                Før me kjem til Stølsbekkjen /¹stølsbekkjen/ eller Eidsstølsbekkjen med den fulle forma, tek me til høgre og møter skogsvegen frå Liaskog som kryssar bekken. Bekken har namn etter den nedlagde Eidsstølen /¹esstødl/ som høyrde til garden Haugen på Eide. Litt ovanfor der skogsvegen kryssar bekken, ser me restar etter ein gammal stem frå den tida dei løypte ved i bekken ned til fjorden. Litt av eit prosjekt, men veden må ha komme ned på eit vis, elles hadde dei ikkje drive med slik løyping. I bekkeosen hadde dei dessutan kvernhus, som rotna ned for ikkje så mange år sidan. Andre bekker til energi for kvern (og sag for den del) fanst ikkje på grunnen til Eide.

                Du kan gå på skogsvegen til du møter skiltet med Hellandsstølen, tek skarpt til venstre ned bakken, kryssar Stølsbekkjen, går opp ei lita kleiv til ein skråbakke smekkfull av brakje og bregner. I den frodige bakken frå sletta og oppover mot Lyhaug låg Eidsstølen /¹esstødl/, der tradisjonen vil ha det til at det skal ha stått stølshus, men etter det Olav Valskår seier (betre kjend under namnet Ola Træ, fødd 1916), har det aldri funnest hus her, og det er ikkje mogleg i dag å finna rester etter hus eller vister etter tradisjonell stølsdrift, så han har nok rett i det. Stølen ligg ikkje lenger unna garden enn at folka kunne gå opp og ned morgon og kveld for å mjølka og sjå til buskapen.

                På Lyhaug /¹lyhau/ ovanom Eidsstølen var det moglege å lya (lytta) etter kyrne når dei skulle inn til mjølking.

                Me går vidare langs Stølsbekkjen på vestsida, kryssar han igjen, og går opp ein bakke til Klatra /²klatra/, som er ein flat stein som ligg slik til at når du trør på han, gir han frå seg ein klaprande eller ’klatrande’ lyd. Den flate hella har lege slik like sidan stølsdrifta på 1800-talet som eit merkepunkt for slitne ungar på veg til fjells. Klatra skal vera halvvegs på stølsvegen frå Helland til Hellandsstølen. Kanskje det er best å ikkje lokalisera denne hella nærare for å unngå slitasje, men finst gjer han og lyd lagar han den dag i dag.

                Frå Klatra opp ein ny bakke gjennom det vesle Møssmørskardet /²møssmørskare/ til me møter Stølsbekkjen for tredje gong, men denne gongen under namnet Koldalsbekkjen sidan han kjem frå Koldalen! Har du tid og krefter, bør du ta deg ein avstikkar inn i den idylliske og avstengde Koldalen, som har namn etter kol, anten av kolsvart farge på fjellet (helst det) eller gammal kolbrenning. Sidan det er sjeldan folk ferdast her, greidde den kjende tjuven frå Eide, Lars O. Eide, å gøyma seg i ein hidler i Koldalsurene i åra etter 1800.

                Det vesle skardet har namn etter mysesmør, ein slags prim: innkokt saup eller mysa, mjukt som graut. Gudane veit korleis hedlingane tenkte då dette namnet oppstod.

                Frå bekken og vidare oppover kjem du etter snautt 100 m til ei grå og innturka fure der stigen deler seg og går på begge sider av treet. Dette er Trettefura /²trettefåra/ med namn etter ei trette eller usemje mellom gardane Helland og Eide om kven som var rette eigar til treet. Så seint som i 1960-åra skulle ein helst ikkje nemna denne striden for i alle fall den eine bonden! Rett ovanom denne Trettefura køyrde bøndene tømmer ut frå Koldalen og løypte det ned i Hellandsløypet dei 250 høgdemeterane til fjorden i eit såkalla ’løype’, som det var ganske mange av. I dag er det vanskeleg å fatta det slitet og strevet som måtte liggja bak arbeidet med å dra og køyra tømmeret der det var mogleg, ned desse hengjebratte liane til fjords. Det seier litt om kor stor pengeverdi kvar enkelt tømmerstokk representerte.

                Bekkene var viktige landemerke og orienteringspunkt. Den neste bekken me kryssar, er den vesle Skarvabekk /²skarvabekk/med namn etter skarv ’nake berg’ som passar godt. Legg merke til at også dette namnet er i ubunden form og såleis ganske gammalt, altså ikkje ’Skarvabekkjen’. Me kjem snart til nokre nakne og avlange bergrygger, Låvane /²låvadn/, ei samanlikning med låve ’låvegolv’ fordi dei er så jamne og fine. Ein avlang høl til høgre der ungane kan ta seg eit bad når det ein sjeldan gong er opphaldsver og sol, heiter Badekaret - naturleg nok.

                Frå Lovane tek me etter kvart skarpt til høgre mot Gardlagsheia. Mange har gått rett fram her og kome på vidåtta og fått lange gjerdefjell på høgre sida som ikkje let seg klyva. Fyrst møter du eit smalt parti med restar etter steinmur eller steingard. Denne steinmuren er eit gardlag, altså eit lag av stein som gjerde eller gard. Dette gardlaget var eit stengsle som skulle hindra naut og hestar å ta seg ned or heia. I begge retningar her går det lange gjerdefjell som elles lagar naturlege gjerde.

                Når du kjem opp på Gardlagsheia, ser du til venstre den litle tjørna Hundatjørna /²hondatjødna/. Her sumde det i mange år fyrst to og etter kvart berre ein einsam aure som i 1950-åra vart fanga i Stegabekkjen i lag med mange venner og boren opp til fjells. Dei andre vennene i vassbytta vart sleppte i Ersdalstjørna, men døydde ut der etter mange år, uvisst kvifor. Somme såg det som ein sport å fiska opp einebuaren, men dei sleppte han alltid ut att etter eit friskt dykk i friluft.

                Vidare går stigen over Gardlagsheia med Kattatjørna på venstre sida, utan tvil med namn etter uttrykket ’hund og katt’, men underlege namn er det her på den nakne heia. Ordet katt vert òg ofte brukt om noko lite og putlete, som i ’ei lita kattapøyla’. Den svarte og avlange Koldalstjørna under dei bratte fjellsidene til høgre under Rosshei ser du ikkje før du er like ved. I utlaupet mot Koldalen kan du sjå tydelege restar etter ein demning bygd for å skaffa nok vatn til løyping av ved i Koldalsbekkjen (Stølsbekkjen), altså same bekken me har nemnt før. Igjen trong dei truleg godt med vatn til løyping av vedbuttar den lange vegen til sjøs.

Før du øygnar Hellandsstølen (520 m.o.h.), ligg det til venstre ein pytt eller ei pøyla som heiter Morliktjørna /¹molikktjødna/ etter ei ku med namnet Morlik, altså lik mora, som gjekk seg fast her i gjørma. Stigen til Hellandsnuten går ikkje gjennom Husaskard slik stølsvegen gjer, men tek av til høgre oppover lyngrabbane mot Bjørkedalane mens du ser ned på Hellandsstølen. Til venstre for Husaskard ligg Husaskardhumpen. Du kan godt ta turen nedom stølen og drikka kaffien din i hytteveggen, men fyrst kryssar du Kinnebekkjen og deretter Stølsbekkjen som kjem frå Ersdalen. Kinnebekkjen skal ha hatt spesielt godt vatn. Ned mot fjorden skiftar bekken namn til det meir imponerande Teigåna, som renn gjennom Teigane, altså teigar som høyrer til gardane på nordsida av Hylsfjorden.

Hytta vart sett opp rett etter krigen etter at stølshusa hadde forfalle og rotna ned. Frå hytteveggen ser du rett i vest mot fjorden Havås /²havås/, som slett ikkje har noko med havet å gjera, men derimot bøyen på ein sledemei, eit hav. Det er ingen tvil om likskapen med denne bøyen!

Heldigvis har me eit eldre bilde av stølshusa som er teke av Lauritz Bekker Larsen i 1903. Dette bildet kan du sjå m.a. i boka om utvandringa frå Helland side 12. Ingen i dag veit sikkert når stølinga på Hellandsstølen tok slutt, truleg seinast i 1890-åra. Lengst stod stølshusa til to av gardane på Helland, det finst ikkje vister i dag av stølshus til dei andre bruka på Helland.

Etter Bjørkedalane når du toppen og tek til høgre eller vestover Rosshei mot Rossheinibba eller Hellandsnuten avhengig av kvar du ser fjellet frå. Frå Sand ser fjellet ut som ein klassisk rundforma nut, frå Brommeland som ei nibbe, eit meir framstikkande fjell.

Hest kunne på gammalnorsk også heita ross, altså ’hesteheia’. Bakgrunnen for namnet kan vera likskapen med ein hesterygg eller om eit beiteområde for hest, mest rimeleg er det fyrste sidan det finst lite gras mellom dei nakne berga. På andre sida av dalen i utmarka til Berge ligg Hestafjellet /²hestafjedle/ med det yngre ordet hest. På vegen opp til Hestafjellet vil du passera Hors om ein stor stein, endå eit eldre ord for merr, som er skrive ned frå Ryfylke så seint som ca. 1900. Det er ikkje vanskeleg å sjå likskapen mellom dette ordet hors og engelsk horse som vart lånt frå norsk i vikingtida.

Dermed er me på toppen av Hellandsnuten 747 m over havet med ei fantastisk utsikt i fleire retningar. Det er bein linje til Stavanger, men sidan byen ligg så lågt, er han til vanleg berre synleg i mørkret som eit lyshav i det fjerne. Vidare innover heia i nordaust ligg fyrst Litlhei /²litlei/ og deretter Storhei /²storei/ (790 m.o.h.) begge namna forklarer seg sjølve. I ein stor bergsprekk litt aust for varden ligg Rossheitjørna, dei to mindre tjørnane litt lenger inn på ryggen er namnlause. Rett i aust ligg Grovanuten eller Søthei /²søthei/ heile 860 m.o.h. med fyrsteleddet søt i eit rosande namn om noko positivt, truleg om godt fjellbeite, mogleg òg etter planta søterot, eit ironisk namn fordi ho er så sur!

Etter kaffipausen på Hellandsstølen kunne du godt ha følgt bekken inn i Ersdalen /¹ersda’l/ som går over i Gjøvradalen med namn etter Gjøvra /¹jøvra/. Merkeleg nok finn me to andre Ersdalen i Ryfylke, Ersdalen sør for Vela og og ved Vindafjorden. Kva Ers- her kan visa til, er ikkje så lett å seia. Det har vore nemnt mannsnamnet Eirik, men kvifor akkurat dette namnet skulle gå att tre stader i same området, er slett ikkje lett å forklara. Truleg ligg det eit ord her som i dag har vorte borte or folks minne.

Ein merkeleg formasjon med tre steinar oppå kvarandre heiter Gjøvra /¹jøvra/ av gyger ’trollkjerring, kvinneleg jotun’ knytt til ei segn som du kan lesa meir om i Bygdasoga side 233. Utan kunnskap om istider greidde ikkje folk finna ei fornuftig forklaring på fenomen som dette, men måtte ty til segner.

Tilbake til varden på Hellandsnuten. Når denne varden vart reist, veit ingen sikkert i dag, kanskje i samband med geografiske oppmålingar på 1800-talet sidan det ligg eit trigonometrisk punkt her ∆. For den del kan han vera endå eldre. Det går bratt ned på framsida, så bratt at mange har fælt seg av og returnert vegen dei kom! Men farleg er det ikkje, i alle fall ikkje dersom du ikkje sullar! Den største tjørna på dei flate fjellpartia til høgre er Longtjørn /²långtjødn/. Her låg det utruleg nok slåtteland for hundre år sidan med nøye avgrensa og oppmerkte slåtter. Høyet lagra bøndene i høyløer til dei pakka det i rodder ’høynett’ og trilla det heim til Helland på skareføret frampå vinteren! Ikkje mykje gras å sjå her i dag, nei. Frå dette flate fjellpartiet går det ein stig tilbake til Hellandsstølen der du berre har ein stad å passera på den brattaste delen. Før du kjem hit, går du forbi ein hidler med ei gammal stakkstong og andre ting etter høystakk.

Tuftene etter ei høyløe er så vidt synlege like til høgre for den merkte hovudstigen før den stupbratte kleiva ned Longtjørnskardet. Etter at ein kampestein seig ut i kleiva her for nokre år sidan, har ho vorte verre å ta seg fram i.

Søraust for Hellandsnuten ligg den vesle nuten Grøntå /¹grøntå/. Namnet har utan tvil noko med grøn å gjera, det siste leddet er nokså sikkert det vanlege ordet to ’lita graskledd fjellhylle’, altså ’den grøna tonå’. Dette ordet to er vanleg mange stader i landet, og milliardæren Olav Thon og Thon-hotella har namn etter dette vesle ordet om ei graskledd hylle som er mindre enn ein hotellresepsjon! Nye tider, ja. Mellom Grøntå og Rossheinibba ligg Grønteskardet /¹grønteskaret/.

Når du omsider har komme deg ned frå Longtjørnskardet kan du, dersom du står på rett stad, sjå Napen like ved Napaskard i fjellet oppe til høgre eller vest for Longtjørnskardet, ein liten framstikkande fjellknaus med same forma som den meir kjende og ruvande Napen i Suldal. Napaskardet kan du også sjå godt frå Sand. Same ordet finn me i Knaben i Kvinesdal, av knabe ’bergknatt’, rett nok med k her.

Nedover mot Veltene /²veltedn/ er det ganske uført med stygge kleivar og flatare parti innimellom. I siste kleiva mot Veltene ligg det ved fjellfoten ein høyhidler under upsene til høgre som folka på Træ brukte i alle år, derfor namnet Træhidleren. Namnet Veltene må ha noko med ei velta eller å velta å gjera, men det er ikkje lett i dag å gjennomskoda bakgrunnen. Midt ute på Veltene ligg det ei kjempestor flyttblokk kalla Risabøra /²risabøra/, lett å finna om du leitar. Det var jammen ikkje lett for folk å skjøna korleis denne fleire tonn tunge steinen hadde hamna der ute på dei det flate Veltene, og då var det greitt å ty til ei segn som løyste heile mysteriet: Ein rise eller eit trodl hadde kasta steinen dit! Frå Vanvik kjenner me eit liknande namna Risabørane om ”nokre børar som risane hev sett frå seg”, og på Fatland finn me og same namnet Risabøra. Når det gjeld ’forklaringar’ på slike naturfenomen, må me hugsa på at teorien om istidene som årsaksforklaring ikkje dukka opp blant fagfolk før tidleg på 1800-talet.

Frå Veltene følgjer me stigen mot Eide over Eidsleitet /¹essleite/. Eit leite er ein stad eller kant du rundar slik at du kan sjå heimover, her mot Eide, av gammalnorsk lita som rett og slett tyder å sjå. Ei myr du passerer, er Manglamyra der ei jente Mangla eller Magnhilda skal ha vorte drepen av ein bjørn, etter det segna seier, så får ein tru det den som vil!

Like etter Manglamyra går det bratt ned ei kleiv i Blålusdalen, ein liten og mørk dal på tvers av stigen, kanskje av blålus, eit utøy på husdyr. Somme eg snakka med, var usikre på om namnet eigentleg var Blådosdalen, av blå + dos om’ kratt og småskog på våt og myrete grunn’. Ordet dos er kjent frå andre stadnamn i området.

På Veltene har du sjølvsagt valet å gå skogsvegen ned Hellandslia til Øksmyr eller Kløv. Namnet Kløv har noko med klyva å gjera, altså ei kleiv, eller ”en brat Bergside, ad hvilken der gaar en Vei” (professor Magnus Olsen), som i dette tilfelle kan vera Kløvskard der den eldgamle vegen frå Helland til Kløv i si tid gjekk. På Kløv renn Kløvabekkjen i Kløvmyr. Også i Hjelmeland finst det eit Kløv.

Trøytt og sliten etter fjellturen kan du leggja returen over Træ (Trædet, av træde ’innhegning’), passera den ørekledde Likholmen til høgre (ikkje vanskeleg å tenkja seg bakgrunnen for det namnet...) og kryssa Eidsvika på den eldgamle vadestaden med det enkle namnet Vad /va/, men berre dersom Lågen er liten nok – og det er han oftast i våre dagar! Dersom du ikkje vil subba gjennom søla i Eidsvika, kan du kryssa Kløvabekken eller Stegabekkjen og følgja Stegane nedanfor Tona og gjennom Hagane tilbake til utgangspunktet. Ei meir typisk to enn den du finn i Tona, kan du knapt sjå, og hage tyder her ’hamnehage, inngjerda stykke for feet i utmark’. Ordet finst i mange germanske språk, m.a. Hagen i tysk og engelsk.

Om lag halvvegs i Stegane ved gjerdet og grinda mot Eide på eit sleineberg kan du ta ein liten avstikkar nokre titals meter opp langs den bratte fjellsida til Bjønnsmog /²bjønnsmåg/, ei så smal glovre i fjellet at bjørnen pressa seg gjennom her når han kom ut or hiet tidleg på våren for å tøma magesekken sidan ein propp stengde for dei naturlege funksjonane. Ja, slik var folketrua i gamledagar! Dersom du har med ungar på turen, kan du laga ei god historie her!

Om du ikkje visste det, så er ordet slein i sleineberg berre kjent frå Indre Ryfylke om ’sleipt, vått fjell’ (Norsk Ordbok band X), altså ganske eksklusivt! Men spør du nokon café-au-lait-gjester på Fargeriet på Sand om dei kjenner ordet, kan ein godt tenkja seg svaret.

Ein dryg tur, ja visst, men tenk på dei som gjekk han på 1800-talet med tung bør på låge lærskor i beste fall med ryggjaskinn når regnbøyene låg i kø i Hola /¹håla/ utmed Nevøyna. Og den køen gjekk like til Island.

Som ho seier det, Brønla Andersdotter Helland (1853-1923) då ho i 1883 gjekk i lag med sonen Nils (Hanakam) på 8 år den lange turen frå jernbanestasjonen i Browntown i Wisconsin til farmen til systera Anna: ”Jeg var saa tret da jeg kom frem jeg har veret mindre tret at gaa paa Hellandsstølen med tung bør, men det var temeligt varmt...”. Slitet var ho vane med, men ikkje varmen.

***

Om skrivemåten av stadnamna:

Det er i praksis ikkje så lett å vera konsekvent i skrivemåten av stadnamn når ein skal følgja den lokale uttalen. Derfor har eg valt å skriva dei i normalisert form med uttalen etterpå mellom skråstrek. Dei små tala ¹ og ² før ein del namn signaliserer einstavingstonelag (tonem 1) og tostavingstonelag (tonem 2) med den forskjellen me kan høyra mellom berget /¹berje/ og Berge /²berje/.

Tilbakemeldingar:

Eg har spurt meg føre blant lokalkjende folk for å unngå feil, men dersom du skulle finna noko som ikkje stemmer heilt, eller dersom du har tilleggsopplysningar eller spørsmål, send gjerne ein e-post til olav.veka (alfa) gmail.com

Revidert

etter stadnamntur arrangert av Suldal sogelag søndag 25. mai 2014.

 

Kjelder og litteratur

  • Coleman og Veka: ”Du skulde og været her, kom til vaaren!” Utvandringa til Amerika frå Helland i Sand med tilhøyrande slekter 1861-1912. (2011). Sitatet frå brevet side 96.
  • Drange: SAND. Gardar og folk II (1998). Her vil du finna mange fleire opplysningar om Eide og Helland og namn i utmarka ikkje minst etter rettssaker og alle jordskifta gjennom hundreåra. Om tjuven Lars O. Eide side 43, og segna om Gjøvra side 301.
  • Salveson: Bygdasoga for Sand i Ryfylke (1927). Det meste av stoffet her vil du også finna i Drange sine tre bøker.

Olav Veka

olav.veka(alfa)gmail.com