Suldal sogelag

Suldal kommune er sett saman av dei fire tidlegare kommunane Suldal, Sand, Erfjord og Jelsa. Samanslåinga skjedde i 1965. Det er to generasjonar av gards- og ættesoger som dekkar dette området, den nyaste generasjonen er under arbeid.

 

1. generasjon:

 

Suldal:

Hallvard Hoftun 1972: Gamle Suldal - gards- og ættesoge (ny utgåve med rettingar i 19xx)

 

Sand:

Aamund Salveson 1927: Bygdesoga for Sand i Ryfylke

 

Erfjord:

Magnus Våge 1959: Erffjord bygdebok - frå ætte- og kultursoga i Erfjord

 

Jelsa:

Ola Foldøy 1967: Jelsa I - gards- og ættesoga

Denne ligg på nettet: www.slektsdata.com. Her ligg også anna Jelsa-stoff.

 

2. generasjon

 

Suldal: ikkje påbegynt


Sand:

Ernst Berge Drange 1997-2000: Sand - gardar og folk I-III

Band II ligg digitalt lesbar på Nasjonalbiblioteket sine sider www.nb.no, søk på tittelen.

I motsetnad til bøkene om Erfjord og Jelsa, er det ikkje kart i Sands-bøkene. Me har difor utarbeidd eit kart som syner grensene til dei ulike gardane i Sand.

 

Erfjord:

Ernst Berge Drange 2004: Erfjord - gardar og folk I-II

 

Jelsa:

Ernst Berge Drange 2010: Jelsa - gardar og folk I

Ernst Berge Drange 2013: Jelsa - gardar og folk II

Ernst Berge Drange 2014: Jelsa - gardar og folk III  (kjem våren 2014)

 

Andre generasjons bygdebøker kan kjøpast frå Suldal kommune, Ryfylkemuseet, Rogaland Historie- og Ættesogelag eller lokale bokhandlarar. Me har dei også til sals i "Mimreståvå" i Gata på Sand.