Litt historikk

Glimt frå verksemda i Suldal Sogelag frå oppstarten i 1997.   Suldal Sogelag vart stifta 5/12 1997. 31 interesserte møtte fram på Ryfylkemuseet, og eit interimstyre med Eva Songe Paulsen, Øyvind R. Sand, Tor Inge Havrevoll og Rune Roalkvam vart etablert   Bildet viser det første ordinære styret i Suldal Sogelag som vart vald på det konstituerande …
Fortsett å lese Litt historikk

På handletur til Israelsneset

Av Rune Roalkvam   På gardsmuseet til Trygve Høyvik på Israelsneset er det samla mykje rart og gammalt. For oss som er interesserte i folk og slekter, er kanskje ein gammal protokoll frå landhandelen som bestefaren Anbjørn dreiv på slutten av 1800-talet, av interesse. Her vert folk som me elles berre kjenner med namn og …
Fortsett å lese På handletur til Israelsneset

Kongens skatt på likkister av eik og avlidne i Suldal 1718-1720

Litt om kjeldestoda for persondata i Suldal på 1700-talet   Av Ernst Berge Drange   I Suldal sokn er ein i den stoda at ein ikkje har kyrkjebøker lenger tilbake enn til 1778. Dette er til dømes 80 år seinare enn kyrkjebøkene for Jelsa (med Sand annekssokn). Dei tek til midt på 1690-talet. Hjelmeland har …
Fortsett å lese Kongens skatt på likkister av eik og avlidne i Suldal 1718-1720

På lette barnefot

Barndomsminne frå Jelsa   Av Kristine Baustad   «Min barneheim under grøne lia, der glad eg levde den første tida Du var den flekken eg mest fekk kjær, om ut eg vanka, du var meg nær» (A. Vassbotn)   Eg fekk den gleda å veksa opp på Jelsa, nærare bestemt «nerme sjøen». Ærverdige Bjergsted, gamal …
Fortsett å lese På lette barnefot

Mellomkrigsåra

Av Trygve Halvorsen   Eit lite streiftog i tida til garvaren og bygdediktaren                                                Theodor Halvorsen på Sand   Ei etterkrigskrise sette inn i landet frå hausten 1920 med prisfall og avsetningsvanskar. Fabrikkar sa opp folk, og bøndene var ille ute. Kommunar kom i knipe med sviktande skatteinntekter, og bankar braut saman fordi kundene ikkje …
Fortsett å lese Mellomkrigsåra

Rørtveit’n

Av Jon Moe   Den lettlege Johannes L. Hjorteland vart kalla berre «Rørtveit’n» fordi faren, han Lars – som var fødd på Fjellberg – budde ei tid på Rørtveit i Erfjord før han i 1893 kjøpte to partar av garden Hjorteland. Beint nedi Lio sat det to Larsar, så det var greitt å nemna tilflyttaren …
Fortsett å lese Rørtveit’n

Stølssamlingane på fjellet mellom Ryfylke og Sunnhordland

Av Gunnar Aas og Karl Gudvin Ohm   » Man følte at man der oppe på Fjellet var liksom kommet Gud og saligheten nærmere enn der nede i dalen med sin uro og strid.   Det første møtestedet var opprinnelig Bjørndalen 1) Nordre Bjøndalen var «plass » under Etne Prestegård. Bebodd like til ca. 1860. …
Fortsett å lese Stølssamlingane på fjellet mellom Ryfylke og Sunnhordland

Bjørndalen i Vikedal

Denne forteljinga er skriven av frå eitt avisutklipp eg fann på loftet på Døsje. Tippar skrivet er laga ein gong i mellomkrigstida. Øyvind Jønsson som har arbeidd mykje med soga om Bjøndalen trur det er lærar og seinare skuleinspektør Torkel Grindheim 1905 – 1987 som er forfattar av desse sogene. Ein kan lesa meir om …
Fortsett å lese Bjørndalen i Vikedal