Ulukka i Borgånå 1930

Av Karl Gudvin Ohm

 

Sildafiske i Ryfylke gav inntekter og arbeid til mange. På garden Østebø på Vormestrand var dette attåtnæring både for tømmermann og bonde. Bonden var Ordin Johan Østebø 1882 – 1969, og eigde skog. Broren Jacob Østebø 1885 -1930, som og budde på garden, arbeidde som tømmermann.

 

Jacob Østebø hadde bygd seg sag der Borgånå renn ut i Vindafjorden. Ned ved fjorden nær tunet på garden Østebø hadde han reist eit sjøhus som skulle brukast til kassefabrikk. Tømmer frå Ordin sin skog skulle skjerast til fjøler på saga ved Borgånå, fraktast til Østebø og spikrast saman til sildakassar i sjøhuset. Kassane skulle seljast til fiskarane.

 

Elva Borgånå ligg i skiftet mellom grendene Vormestrand og Askvik. Borgånå renn frå Stemvatnet som ligg i Grønli og ned Stemliå, fer så utfor eit stup og fossar vidare i eitt bratt og svært ulent terreng mot Vindafjorden. I tørre somrar er det mest ikkje vatn i elva og ho minner meir om ein liten sildrebekk. I flaumperiodar derimot brusar ho vill og farleg. Kommunevegen som no er bygd over Borgåna er blitt vaska bort to gonger dei siste 12 åra slik at heile Vormestrandsgrenda vart utan veg til omverda..

 

Det var når Borgåna flauma det var best å flota kassabutt frå Grønli. Men det var ikkje så enkelt at ein berrre kunne hiva buttane ut i elva og plukka dei opp att nede ved fjorden. Når buttane var komne i Borgåna kom dei etter ei stund inn i ein kile. Her måtte ein ha folk til å riva buttane laus med ei lang stang, Stanga hadde ein hake i enden, når buttane vart rivne laust rann dei utfor stupet og inn i ein foss som stupte 100 meter nedover berget.. Nedanfor fossen måtte buttane plukkast opp og hengast på ein løypestreng som sende dei ned til fjorden og saga.

 

Den 19. august 1930 skulle Jacob og broren Ordin flota kassabutt. Til å hjelpa seg med floting og løyping hadde dei fått med seg nokre unge gutar frå Askvik. Brørne Hadle og Tormod Askvik og Johannes Askvik. Tormod og Ordin sto nedanfor fossen og hang buttar på løypestrengen.

 

Jacob Østebø tok med seg Hadle og Johannes opp lia til den staden som Borgånå fer utforbi stupet. Hadle Askvik, den einaste som overlevde av desse tre fortalde att Jacob Østebø, Johannes Askvik og han stod nedanfor den staden der buttane kilte seg fast. » Her gjekk elva i ein vinkel,» fortalde Hadle. «Jacob og Johannes stod i nordre sida i vinkelen, eg stod på andre sida av Borgånå. Berghylla eg stod på låg litt høgare over vassflata enn den Jacob og Johannes var på. Brått losna heile kilen med buttar. Buttane og vatnet som buttane hadde demma opp skaut slik fart at Jacob og Johannes vart tekne med. Sjølv fekk eg den eine skoen riven av foten, men til all lukke fekk eg tak i ei furu med den eine handa slik at eg klarte å halda meg fast. Det kom så mykje butt at eg såg ikkje når Jacob forsvann. Johannes såg eg bli ført utfor stupet. Han flaug i lause lufta. Like etterpå såg eg han låg på på berget 100 meter nedanfor. Der låg han på berget og såg heilt levande ut, » sa Hadle. » -det må ha vore kolossale krefter, for alle klærne var rivne av han.»

 

Så stod Hadle der åleine på berghylla. «Ikkje kunne eg komma over elva og gå opp på andre sida. Til det var ho for stor, og på den sida eg stod var berget for bratt til å koma opp. Haken vart redninga. Eg klarte å setja haken fast i ei furu som stod lenger oppe på berget. Såleis klarte eg å komma meg trygt opp. Men då var kreftene over. Eg klarte ikkje å flytta eitt bein. Men etter ei stund kom eg meg såpass at eg greidde å springa ned til Ordin og dei andre som var nede og fortelja kva som hadde hendt. Først trudde dei ikkje på meg. » sa Hadle

 

Men hendinga gjorde djupt inntrykk på folka i grendene Vormestrand og Askvik. Det vert fortalt at Tormod heiv treskoa og sprang berføtt til Østabø og fortalde om ulukka. «Eg stod ute og lauva,» fortel Olav Askvik, då Hadle kom og gav beskjed om ulukka. Ein minnest at Jacob Wormestrand var mellom dei som henta ned dei omkome. Buttane kjøpte Bjørn Askvik og Magnus Hebnes i Framigard. Bjørn og Magnus fløyta ned buttane og rydda opp i elva.

 

Det er sagt at Johannes Askvik var ualminneleg kraftig og sterk. Det vart fortalt at han sprang på buttane, men klarte ikkje å koma på land. Johannes vart berre kring 25 år og hadde tre søstre. Magda vart gift og busette seg på Randaberg. Gudrun vart gift med Hans Stong Askvik. Dei budde ei stund på Stong i Askvik og seinare på Nedstrand. Magrethe vart gift Langvik og budde på Ombo . For foreldra og søstrene til Johannes Askvig var denne ulukka tragisk. Dei orka ikkje å leva vidare i bygda og flytta til Jelsa. Alt same hausten selde faren Jørgen Askvik, garden til Johan Rosseid. Johan Rosseid og kona busette seg i Askvik hausten 1930.

 

I 1931 fekk Tony og Ordin Østebø ein son. Han fekk namnet Jacob etter onkelen som omkom i Borgånå hausten før.

 

Kjelder:

Hadle Askvik. 1905 – 2001

Jacob Østebø 1931-

Olav Askvik 1915-

Knut Rosseid 1933-

pal