Suldal Sogelag vart skipa i 1997. Suldal kommune i Ryfylke omfattar dei tidligare kommunane Suldal, Sand, Erfjord og Jelsa. Laget gir kvart år ut "Gamalt frå Suldal".

Me har alvorlege problem med nettsida, noko som har gjort at det ikkje har blitt lagt ut nye ting her på lang tid. Me vonar at dette problemet vil bli løyst med det første.
For nytt om møte, turar m.v. viser me til vår Facebook-side. T.d. om møtet 20. mars 2018 på Kulturhuset:
Tysdag 20. mars kjem Ivar Nygaard til Kulturhuset med foredraget "Sild og Salighet". Velkommen til triveleg kveld med mykje god historie! Sjølvsagt vert det servert kaffi/ te og noko å bita i. Kanskje vert det også noko lokal historie om dette temaet. Dette er eit samarbeid mellom Suldal kyrkjeleg kulturutval, Distadforeninga og Suldal Sogelag.
På Nasjonalbiblioteket sine sider kan ein finna digitaliserte utgåver av mange av bygdebøkene våre. Under er ei førebels liste over dei som gjeld Rogalnd, dessutan nokre frå Suldal sine naboar i andre fylke; og nokre frå andre nettkjelder. Kopier nettadressa og lim inn i din nettlesar for å få tilgang til boka.
Se også desse oversyna:
http://www.genealogi.no/mediawiki/index.php/Liste_over_digitaliserte_bygdeb%C3%B8ker
http://www.jegersberg.com/bygdeboker-digitaliserte-nettutgave.html
Suldal har alltid vore eit viktig område for Stavanger Turistforening (STF), som nå har fått sitt eige lokallag, Suldal Turlag. I årbøkene frå foreninga finn me mykje godt Suldal-stoff, heilt frå det vesle Suldals-heftet i 1893 og fram til i dag. Svært mange av årbøkene er lett tilgjengelege på Nasjonalbiblioteket sine nettsider, nb.no. Under finn du eit oversyn over dei årbøkene som er tilgjengelege her, med hovudtema der det er slike.
Tina Tollaksvik har i 2013 skrive ei masteroppgåve i nordisk med tittelen:
"Kvinnenamn i tre fjellbygder - Ei undersøking av kvinnenamna i Røldal, Suldal og Vinje med grunnlag i 1801- og 1900-folketeljingane og kyrkjebøker". Inetressant lesing. Du finn den som pdf-fil her.
Av Olav Veka
Mennesket har utnytta naturen i uminnelege tider til livsopphald og rekreasjon, og til den utnyttinga trong dei referansepunkt slik at dei kunne orientera seg på best mogleg måte. Stadnamna er slike referansepunkt. Dess meir intens utnyttinga var, dess fleire stadnamn trongst. Bruken av naturen var på sitt mest intense fram mot byrjinga av 1900-talet med stølsdrift, skogsdrift, beite, jakt og fiske. Mange av stadnamna vil dermed ha bakgrunn i jordbrukssamfunnet på 1700- og 1800-talet, og etter kvart som jordbruket som næringsveg stadig vert redusert, vil ei mengd stadnamn gradvis verta borte. Gjennom denne vesle artikkelen skal me prøva å sjå nærare på i alle fall nokre av dei stadnamna som finst og har funnest i utmarka til Helland og Eide på Sand.
Her finn du innhaldet i alle årshefta me har gitt ut. Nokre av dei er utselde. Ein del artiklar kan du lesa på desse sidene. For kjøp av eldre hefte, sjå butikk
Lawrence W. Onsager har utarbeidd ei "bygdebok" for etterkomarane til dei mange suldølene som emigrerte til Juneau county, Wisconsin. På desse sidene finn du heile bygdeboka i word-format, dessutan andre artiklar om området.
På denne lenka finn du ein artikkel i Stavanger Aftenblad frå 2013, med video, frå området. NYTT: heile boka er lagt ut på denne nettstaden: