Høyr Njål Kolbeinstveit på tysdag!

Tysdag 9. oktober vil Njål Kolbeinstveit halda foredrag på medlemsmøtet i Kulturhuset kl. 1900. Temaet er: «Om å ta vare på vår nære fortid», og me kan sjå fram til gode historiar frå Sand og sikkert mykje anna. Vel møtt!

Kulturminnedagen vert markert på Jelsa

9. september vert det markering av kulturminnedagen Tema i år er «Møteplassar» Arr. Jelsa ved kaien kl. 13.00. Sjå annonse i Sulalsposten for detaljar! Dampskipskaien på Jelsa var og er ein samlingsstad i bygda. Foto frå 1. mai 2012. R. Roalkvam

Tur til Ottøy 12. august

12 august arrangerer Sogelaget tur til Ottøy, den gamle handelsstaden i Sandsfjorden.Oppmøteplass kaien i Marvik kl 1300Los er Leif Andreas Øvrebø   Bilde: Ottøy frå Høyvik, 2003. Foto: Rune Roalkvam  

Tur til Tjordal 18. juli

18 juli arrangerer sogelaget tur til drn fråflytte og veglause garden Tjordal tvers over Suldalsvatnet frå Veka.Oppmøteplass Vikane hyttetun kl 1730Los Eli RoalkvamPå grunn av båtskyss , påmelding til Annfrid Halsne tlf 91667688

Tur til Erfjord 26. juni

Tur langs gamleveien frå Natlandsvatnet til HålandBesøk på kraftverket i HålandsdalenOppmøteplass krambua i Hålandsosen kl 1700Los Tor Olav Følgjesvold

Tur til Gamle Osen 23. mai

I omlag 80 år var Osen (Suldalsosen) det travle heradssenteret i «gamle» Suldal. Langs eit heller kort vegstykkje vaks det fram stader for turisme (m.a. to hotell), samferdsle, handel, offentleg administrasjon, helsesenter, post, bank, telefon m.v. Avviklinga av Osen som offentleg arena gjekk over lang tid, men då 1960-åra var omme, var det meste borte, …
Fortsett å lese Tur til Gamle Osen 23. mai

Vandretur på Jelsa

Søndag 22. april vert det arrangert vandretur mellom kolmiler, ulvagraver og svermebenkar på Jelsa. Øystein Haga er los. Møt fram ved Jelsa skule kl 1300. Vel møtt!