Barndom og ungdomstid i Tengesdal

Valborg Tendeland fortel (1988)

 

Av Lars Viland

 

Det var fjorden som var ferdselsvegen. Det

var vanskeleg å ta seg fram langs land. Far

gjekk berre ein gong til Vanvik, så vidt eg

hugsar, og då måtte han gå høgt oppe i

fjellsida. Om vinteren blei me av og til

isolerte i lengre tid når det var meinis på

fjorden. Det blei då kjøpt inn store kvanta

av viktige varer, som parafin og mjøl til

dømes. Men stundom kunne ein køyra med

hest og slede på isen. Det tryggaste var å

ha båt på sleden når isen var utrygg. Fleire

har gått gjennom isen og drukna. Det

gjorde sterkt inntrykk då tre unggutar

drukna utafor Bjerganeset. Det var 1909,

trur eg. Skeiser blei mykje brukt. Det hende

ein kunne skeisa til Sand.

Eldste søster mi, Inger, som var eitt og eit

halvt år eldre, las leksene høgt heime, og

eg høyrde etter, så eg kunne tidleg lesa. Alt

i seksårsalderen byrja eg å lesa i avisa. Eg

fekk vera med Inger til skulen også. Ja,

skulehus hadde me ikkje. Me heldt til i

heimane. Skulehus blei bygt i 1924. Det

var samla skule med elevar i alle aldrar.

Den tid eg gjekk i skulen, var det 10 elevar

i klassen, nokre las høgt, andre rekna. Me

hadde berre tavler, små og store, og griffel.

Eg skreiv ikkje på papir i det heile tatt i

skulen. Handarbeid, sløyd og teikning

hadde me ikkje. Desse faga kom til nokre

år seinare. Me var i skulen tre-fire veker

om gongen. Leksene måtte me kunna

utanåt. Når me blei høyrde i bibelsoga,

måtte me stå og ramsa. Eg var alltid redd

eg ikkje kunne leksene godt nok, og så var

eg redd at eg skulle gløyma det eg hadde

lært når læraren t.d. heldt skule på Ås. I

fristundene leika me gjømsel eller me

jeppa. Me hadde også moro med songleikar

som t.d. «slå på ringen» og «tyven tyven».

Når me slo ball, var ofte lærarane med, og

det hende at dei gløymde seg – så tida gjekk.

Thomasgard og Bakka var greie lærarar,

men best tykte eg om Dorte Skogstad frå

Valdres, som var der i heile tre år. Eg fekk

brev frå henne etter ho var reist frå bygda.

I 1918 gjekk eg for presten – både på Sand

og i Sauda. Ein gong presten ikkje kunne

koma, hadde me Hans Hylen, og ein annan

gong var det Gerhard Haukenes som tok

seg av undervisninga. Når me var i Sauda,

budde eg hjå Martha- og Jakob Solberg.

Eg var barnejente der i huset når det høvde

seg slik.

Men det var ikkje heilt slutt med

skulegangen. Eg søkte om å få koma inn

på Sømme husmorskule, og eg kom inn.

Det var Dorthea Rabbe som var rektor. Det

sto stor respekt av henne. Når ho kom inn,

blei det dørgande stilt, ein kunne knapt

høyra nokon pusta. Dorthea heldt andakt

om morgonen kvar dag. Ho underviste i

«hus og heim», eit svært vidt fag. Det var

ei gild tid med mykje leven og løye mellom

gode vener. Me var 40 jenter i alt. Eg blei

att ei tid etter dei andre var reiste heim,

måtte gjera meg ferdig med eit 8 m.langt

teppe. Det var uhugleg stille å vera att

åleine.

Som skikken var den gongen, tok me

ungane tidlig del i arbeidet på garden. Det

var ingen tvang. Me ville så gjerne vera

med. Det gjekk av seg sjølv. I tidlege

barneår blei det helst å hjelpa til i det

Valborg og Ingrid Tengesdal slår sevjegras, myrgras til å ha i sengene. Lyng blei også nytta,

men lyngen var litt hard.

daglege og vanlige gardsarbeidet. Etter

kvart blei me med i tyngre og meir

krevande arbeid. Det blei t.d. tatt ut mykje

ved og stavbutt, som blei løypt nedover

elva.Ved utlaupet i fjorden var det laga ei

demning av samanbundne bjørkestammar

for å fanga opp veden. Både kvinner og

born var med på å ta opp veden og hiva

eller bera han på land. Dette var svært tungt,

og det var eit kaldt arbeid, for dette var om

våren. Me sto i kaldt snøvatn til livet av og

til. Det kunne også røyna på når me henta

høy heim. Ved Slåttene t.d. var det løe og

høystakkar. Me drog høyet heim på

langslede. Urdalskleiva er bratt, og der er

ufs utføre. Me måtte halda att med tau. Far

styrte med beina og heldt imot med helane.

Me hadde tau rundt bjørker og slakka av

etter som det gjekk bra. Ei svært strevsam

og spesiell arbeidsøkt var det elles då eg

leia ein sjuk hest frå Tengesdalstølen til

Sauda, men dette var nå ei eingongshending.

Me hadde geitene heime til ca. 15. juni.

Dei sto i ein skut der det var båsar for

geitene, for elles kunne dei skada einannan

med horna når dei var sinte. Sauene gjekk

lause i same skuten. Geitene gjekk elles ute

mest kvar dag i store delar av vinteren. Sto

dei for lenge inne, blei dei vrange, ja, ville

og galne. Om vinteren gjekk dei ned til

sjøen og åt brake. Foret var for det meste

heiahøy, askelauv og askeskav. Men det var

nå elles kyrne som fekk det meste av

skavet.

Eg var 8 år første gong eg var med til stølen,

og eg var ennå ikkje fylt 10 år første gong

eg gjekk opp åleine og mjølka kyrne. Det

var bratt opp, til dels svært bratt. Men når

ein var komen til Kvilesteinen, byrja det å

Frå venstre Kristian Selland, Henrik Lillehammer, Vigleik Lillehammer, Hulda Tengesdal (gift

Fosstveit), Kari Tengesdal, Ingrid Tengesdal, Valborg Tengesdal (gift Tendeland) står framfor

Brynjulf Molla. Sitjande frå v. Olga Tengesdal (Drarvik), Borghild Tengesdal, Olga Tengesdal.

hjelpa, og frå Kvitaforå blei det lett å gå.

Kvitaforå heitte staden fordi det var ei

stripe med kråkesølv i berget der.

Skitnamyrå var tung og lang å gå.

Litleåsvatnet var djupt somme stader. Ein

gong eg gjekk over der, flaut eg på den store

vedabøra. Eg skulle sjølvsagt ha gått over

på hoppesteinane nærare stølen eller ved

Geitesteinane lengre nede. Men det hende

også at elva var så stor at hoppesteinane

ikkje var å sjå. Men var kyrne med, så

hjelpte det å halda seg i ei ku. Det var ikkje

vanskeleg å få kyrne med. Dei ville til

stølen, dei rauta og rauta, sjølv om det både

var bratt og uføre. Ja, dei var ville etter å

kom til støls. Det var vanleg at det var

støling på tre tengesdalstølar ved

Stølsvatnet. Me hadde 40-50 geiter på

stølen, halvparten var leigegeiter. Dei kom

frå Ottøynå og Suldalseid. Me hadde ikkje

hus til geitene, men det var opent under

stølshuset, så dei gjekk ofte inn der. I

regnver gjekk dei ofte inn i urene og sto

turre der. Då måtte me av og til henta dei

om morgonen. Me brukte ikkje hund. Til

vanleg kom dei av seg sjølv når me kalla.

Når me låg heime, sto me opp kl. halv fire,

og komne opp på stølen, mjølka me først

geitene. Ofte sto dei i kø, ivrige etter å bli

mjølka. Så lunka me mjølka og hadde

ostelaupe oppi ostekjelen. Og slik sto det

medan me mjølka kyrne. Deretter separerte

me kumjølka. Me hadde separator med

sveiv. Dette tok ca. 20 minutt. Så gjekk me

til ostekjelen og rørte ostemassen sund og

samla han saman i ostekolla eller tåga.

Det var kvitost, eller kjesost, om ein vil,

me hadde i tåga, og den måtte me snu. Me

hadde kjese, løype av kalvamagar. Men han

var ettertrakta og ofte vanskeleg å få tak i.

Elles brukte me osteløype, kjøpt på

apoteket. Osten låg i tåga ein dag. Så la me

han på hylla, der han skulle «mygla.» Me

snudde han ein gong om dagen. Så måtte

me sila mysa og ha den oppi kjelen igjen

og fyra, og då måtte me stå der og røra når

det byrja å koka. Det kunne danna seg noko

Valborg og Ingrid på veg heim med holkar i meis og spann i hendene.

me kalla «mjora» på toppen, og då måtte

me røra kraftig for å få fin mysost. Me

kokte han i fleire timar. Når han tjukna,

måtte me røra godt, så han ikkje la seg i

botnen. Så måtte me ta han av og bera han

ut til ein kaldare stad og stå der og røra til

han var blitt kald. Me stappa han då i

former, og slik sto han til neste dag. Ofte

bar me mjølk heim, både sur mjølk,

separert og fløyte. Me bar i ryggspann av

blekk med fatlar. Fløyten bar me i holk.

Far kom som regel opp og bar osten.

Seinare blei han helst kløvja ned. Osten

sende me til Sand. Me var til vanleg ferdige

med stellet til kl. 11, eller litt etter, og var

heime til middag kl. 12.

Men det gildaste var å liggja på stølen og

vera saman med dyra heile tida. Eg har

vore meir glad i – og meir sint på geitene

enn andre dyr. Dei kunne vera vanskelege,

men samstundes så folkekjære at ein måtte

tilgi dei alt. Dei fleste kjende namna sine.

Grete var ei sers gild geit. Ho kom alltid

når me spelte munnspel, la hovudet på

skakke og høyrde etter. Ein gong hadde ho

greidd å få kroken av døra. Og der låg Grete

i senga mi då eg kom inn. Trass i alt strevet,

hadde stølslivet sine ljose sider. I helgene

kom det ofte folk på besøk, ungdomar frå

Tengesdal og Maldal for det meste. Men

også folk frå andre stader, ja, til og med

frå byen. Eg steikte då store mengder vaflar

Byfolk på besøk 1926. Frå venstre Per Brommeland frå Sand, han budde i Stavanger. Sissela

Tengesdal, gift Tveitane. I midten truleg Marit, søster til Per, til høgre Otto Fosse frå

Stavanger. Valborg mjølkar. Bildet er visstnok tatt ved stølen til Knut Tengesdal, der Valborg

tente. Ho var litt litt kortvaksen og sto, eller sat på huk, ved sida av geitene når ho mjølka.

Fleire av utløene blei framleis nytta i 1930- 40-åra. Frå venstre Helmert Hylen, Sverre

Tveitane, Knut Hylen, Torjus Valskår.

og lagde stølspannekaker og baud elles på

rømmekolla. Ein gong serverte eg kjeakjøt

og moltekrem til 20 personar. Bøndene

leigde bort rypejakta i tengesdalstraktene i

mange år etter hundreårsskiftet. Det var

såleis ofte bymenn i fjellet, best hugsar eg

sakførar Skive og kjøpmann Marnburg,

som var der i mange år. Det var støtt mykje

rypa i bjørkekrattet i stølsområdet. Det blei

økonomisk framgang etter at me byrja med

geiter. Men geitehaldet tok slutt i 1940. Det

blei etter kvart vanskeleg å få tak i

stølsjenter. Alle gifte seg og reiste bort. Eg

har sakna stølslivet. Tenk å få vera så mykje

ute i Guds frie natur! Og så det å få koma

så nær dyra og vera glad i dei.

pal