Aslaug Tangeraas har skrive ei bok om Sauda sjukehus. Boka er i trykken i desse dagar. Mange suldølar har vore pasientar og tilsette på sjukehuset så det er mange felles treffpunkt å finna.
Eg trur boka kan vera interessant for folk i Suldal.
Aslaug vil vera til stades på Mimrestova den 9.11. for treffa den/dei som ønskjer orientering om boka. Den vert og mogleg å kjøpa denne dagen.
Vel møtt på Mimrestova.