Suldal kommune er sett saman av dei fire tidlegare kommunane Suldal, Sand, Erfjord og Jelsa. Samanslåinga skjedde i 1965. Det er to generasjonar av gards- og ættesoger som dekkar dette området, den nyaste generasjonen er under arbeid.
1. generasjon:
Suldal:
Hallvard Hoftun 1972: Gamle Suldal – gards- og ættesoge (ny utgåve med rettingar i 19xx)
Sand:
Aamund Salveson 1927: Bygdesoga for Sand i Ryfylke
Erfjord:
Magnus Våge 1959: Erffjord bygdebok – frå ætte- og kultursoga i Erfjord
Jelsa:
Ola Foldøy 1967: Jelsa I – gards- og ættesoga
Denne ligg på nettet: www.slektsdata.com. Her ligg også anna Jelsa-stoff.
2. generasjon
Suldal: ikkje påbegynt
Sand:
Ernst Berge Drange 1997-2000: Sand – gardar og folk I-III
Band II ligg digitalt lesbar på Nasjonalbiblioteket sine sider www.nb.no, søk på tittelen.
I motsetnad til bøkene om Erfjord og Jelsa, er det ikkje kart i Sands-bøkene. Me har difor utarbeidd eit kart som syner grensene til dei ulike gardane i Sand.
Erfjord:
Ernst Berge Drange 2004: Erfjord – gardar og folk I-II
Jelsa:
Ernst Berge Drange 2010: Jelsa – gardar og folk I
Ernst Berge Drange 2013: Jelsa – gardar og folk II
Ernst Berge Drange 2014: Jelsa – gardar og folk III (kjem våren 2014)
Andre generasjons bygdebøker kan kjøpast frå Suldal kommune, Ryfylkemuseet, Rogaland Historie- og Ættesogelag eller lokale bokhandlarar. Me har dei også til sals i «Mimreståvå» i Gata på Sand.