Dersom de vil vita meir om fanene frå Suldal kan de gå inn på denne linken : På menyen oppe til høgre på sida ( tri strek over kvarandre) kjem du inn på oversyn over faner. mvh Tor Inge Havrevoll Gidl 34244 Nesflaten mob 91638763
Kategori:Ukategorisert
Slåttekveld
Sogelaget arrangerer slåttekveld på Øvre Suldal Samfunnshus onsdag 26. mars 2025 kl 1900 Sjå vedlagde plakat
Årsmøte i laget 11. februar 2025 kl 1900 på Kulturhuset i Suldal
Har du saker til årsmøtet må dei sendast til leiaren i sogelaget innan 1.februar. e-post Tor.Inge.Havrevoll@gmail.com Sjå vedlagde plakat til årsmøtet
Bok om Sauda sjukehus.
Aslaug Tangeraas har skrive ei bok om Sauda sjukehus. Mange suldølar har vore pasientar og tilsette på sjukehuset så det er mange felles treffpunkt å finna.Eg trur boka kan vera interessant for folk i Suldal. Boka er til sals i Mimrestova i gata på Sand. Vel møtt på Mimrestova.
Ulladalsvegen 100 år i 2024
Ulladalsvegen 100 årTurmarsj/ historievandring 31. august 2024 Ulladalsvegen vart opna i 1924 og er såleis 100 år i 2024. For å markera dette vart det arrangert ein turmarsj/ historievandring som gjekk frå garden «Rabbane» , der vegen i si tid enda, og ned til Kromshagen der hengjebrua over til Moldbakkjen ligg. Det er sogelaga og …
Fortsett å lese Ulladalsvegen 100 år i 2024
Styret 2018
Nytt styre etter årsmøtet 27/2 2018: Hadle Eide Bakka, leiar Dag Ingebrigtsen, skrivar Torbjørn Guggedal Kari Liv Sandvik Else Selvåg Moen Trine Lunde, varamedlem Nils Torsteinbø, kasserar Sverre Songe Paulsen, revisor Valnemnd: Rune Roalkvam Tor Olav Følgesvold Arild Winterhus
Bygdebøker frå Rogaland på nett
På Nasjonalbiblioteket sine sider (https://www.nb.no) kan ein finna digitaliserte utgåver av dei fleste av bygdebøkene i fylket. Under er ei liste over dei som gjeld Rogaland, dessutan nokre frå Suldal sine naboar i andre fylke; og nokre frå andre nettkjelder. Kopier nettadressa og lim inn i din nettlesar for å få tilgang til boka. Bøkene …
Fortsett å lese Bygdebøker frå Rogaland på nett
Inge Særheim om stadnamn tysdag 25. oktober
Kulturhuset tysdag 25/10 kl 1900 Professor Inge Særheim tek for seg stadnamn som kulturhistoriske kjelder basert på døme frå Rogaland og spesielt om gardsnamn i Suldal.