På Ryfylkedagane opna me «Mimreståvå» i Gata 20 på Sand for publikum. Der viser me fotoutstillinga «Sand i endring 1918 – 1975», som Terje Bråtveit har produsert basert på sogelaget si fotosamling. Der kan me følgja utviklinga i strandstaden i perioden og ikkje minst folk i Gata. Det er også høve til å kjøpa sogelaget sine bøker og årshefte.
Framover vil me prøva å halda ope i «Mimreståvå» laurdag føremiddag.
Vel møtt!