Hekser og trollmenn i Suldal. Del 3

trolldom erfjordliten

Dette er tredje og siste del av utdrag frå Torkell Mauland si bok «Trolldom» frå 1911, der han tek for seg alle trolldomssakene frå Rogaland. Denne gongen er det to kvinner frå Erfjord som står tiltalte for trolldom. Igjen slår det oss kva katastrofale følgjer nabokrangel og ryktespreiing kunne få for einskildmenneske som stakk seg litt ut frå den store hopen på 1600-talet. Heldigvis tok retten til vetet i desse to sakene. Kari Klomber kjenner me igjen frå saka mot Siri i Vik (sjå Gamalt frå Suldal 12, 2010), der Kari var ei av dei som vitna mot henne. RR

 

Under: Eit oppslag frå den originale tingboka frå juni 1663, då dei to sakene var oppe til tings.

 

trolldom erfjordliten

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Turid Hausland

Nett i dei dagar daa Sigrid Sigurdsdotter vart avliva, lagde dei sak mot tvo andre kjeringar fraa Erfjord, som var skulda fyr trolldom.

 17de juni 1663 var det ting paa Haaland. Daa førde futen fram Turid Hausland, ho skulde høyra paa vitnemaal.

 Fram kom daa fyrst Knut Hausland og Borgny, kona hans. Mannen vitna at han hadde vore inne hjaa Johanna Eiriksdotter, sonakona hennar Turid, daa ho døydde. Tvo konor som var med inne, gjekk ut; for dei trudde ho alt hadde skote anden. Knut gjekk daa burttil liket og vilde lata atter munnen og augo hennar og retta ut føterne; for ho laag so krokut med knei. Han bad kona si hjelpa til med dette. Best som det var tok Johanna til aa røra paa seg; ho ropte og illskreik: «Aha! Gud fader forbanne og refse den store reven!» Daa spurde Siver, mannen hennar, kven ho meinte med det. «Det er ho Turid Hausland, mor di, den forbanna trollkjeringi, som du veit um likso vel som eg,» sa ho. Turid Hausland sa daa: «Gud forbanne deg, at du skulde koma folket mitt so nær! Eg sa deg det fyrr, Siver.» Daa treiv Siver kniven og vilde renna i bringa si; men Knut fekk taka kniven fraa honom. Sidan gjekk Siver fram til kona si og las Fadervaaret; men ho kunde ikkje segja det etter; ho døydde straks. Borgny sa og det same som mannen, og baae gjorde eiden paa det.

 Turid sjølv og Siver, sonen, stod og høyrde paa dette. Dei sa baae tvo at det ikkje var sant. Knut og Borgny vitna dette berre av hat og ovund, sa dei. Elles sa Turid at ho høyrde ikkje anna av Johanna en «Aha,» og so nemnde ho Borgny og ikkje henne.

 Marit Rørtveit var ei av dei konorne som hadde vore inne daa Johanna døydde. Ein time eller tvo fyrr ho skaut anden, hadde ho klaga og sagt, at daa ho vart sjuk fyr aatte dagar sidan, daa kjende ho det fyrst millom akslerne; det var liksom ein kvaks hadde stunge henne, og daa ho vakna upp var det som dei rørde og stakk med tusund knivar i henne. Daa sa ho at ho hadde drøymt um Borgny Hausland; ho hadde kasta ei ritla paa henne. Meir hadde Marit ikke høyrt.   

 Dei spurde aalmugen kva ord Turid Hausland hadde i bygdi. Daa svara alle at dei kunde ikkje anna segja en dei hadde høyrt ymting um at ho skulde kunna med trolldom; men gjerningar visste dei ikkje av. Ikkje var det nokon som lagde sak paa henne fyr noko slikt heller. Futen tok og sette henne fast til yverhøyring seinare.

 So sat ho paa futagaarden heile sumaren; for so lengje slaatten varde og det hardaste sumars-strævet, kunde dei ikkje halda ting.

 Tri dagar etter olsok heldt dei ting paa Hemnes. Daa førde dei fram Turid Hausland og yverhøyrde mange vitne.

Olav Haaland, lensmannen, kunde ikkje anna segja en at det ordet hadde gjenge lengje at ho kunde med trolldom, og at folk var rædde henne; men kva ho kunde, det visste ikkje han. Sjølv hadde han ikkje røynt noko, og ikkje hadde han høyrt andre heller klaga paa at ho hadde gjort noko vondt.

 Hermann Tysse vitna det same som lensmannen.

Rasmus Erfjord visste ikkje um nokon trolldom. Det einaste han visste var at ho og grannarna alltid hadde livt i strid og kiv.

Per Tveit sa det same. Han hadde nok høyrt at ho skulde kunna gjera vondt; men det var mest i dei seinste aari, og det kunde gjerna ha kome av striden millom grannarne.

Tore i Vik fortalde at han hadde tent paa Hausland fyr vel 40 aar sidan; han var daa ikring 9 aar gamall. Ein gong daa, det var som ei 3 vikor fyre jol, fylgde han Turid ut paa marki. Daa kom det ein graa hest imot deim, og straks vart han teken. Han visste ikkje kvar det vart av ‘an fyrr um morgonen; daa var han i ei onnor stova paa Hausland.

Gaute Fjetland var gift med dotter hennar Turid. Han hadde aldri visst noko vondt um henne, anna en det som han liksom andre folk fekk høyra av bygda-røl. Um ho kunde noko gale, visste ikkje han. – Det same sa Kari Fjetland, kona hans.

Olav Ystabø visste ikkje anna um Turid en det han hadde høyrt i bygdi: det gjekk som ei ymting um at ho kunde trolla; men um dotteri, Kari Fjetland, visste han, at ho ein gong i eit brudlaup paa Langeland i Vikadals skipreida hadde ruska under hovudet hans. Kva ho meinte med det kunde han ikkje skyna; men han tenkte baade eitt og anna, helst sidan han hadde høyrt sumt fyrr baade um henne og mor hennar. Han tok fast tak i Kari og ropte paa ljos. Sidan fann han noko mose og mold ihop tulla under høgjendet. Kva det skulde vera til, visste han ikkje. Heller ikkje kunde han visst segja at det var ho som hadde lagt det der. – Kari Fjetland sa til dette at ho hadde set han laag skakt med hovudet, og vilde beinka paa ‘an; anna hadde ikkje ho meint. Mosen og moldi visste ho ingen ting um, so sant som ho venta naade og sæla hjaa Gud.

Mikkel Skreddar visste um skjelling millom grannekjeringarne; anna vondt visste han ikkje um Tmid. Um Kari Fjetland og den ruskingi under hovudet hans Olav Haug kunde han fortelja kva han hadde høyrt ein gong med Jelsakyrkja daa dei var i hop og trættast.

 Stein Jelsa

hadde og høyrt at det hadde vore mykje trætta millom grannarne. Anna vondt hadde han aldri høyrt um Turid fyrr det bilet dei sette henne fast.

 Knut Skimleim

kunde ikkje anna segja en at ho skulde vera namngjeti fyr trolldom; men han kunlde ikkje visst segja anten han hadde høyrt  det fyrr dei sette henne fast eller seinare. Um Kari Fjetland hadde han høyrt at naar ho lova nokon vondt so kom det vonde yver deim.

 Jakob og Ingeborg Lid

vitna det same baade um Turid og um Kari Fjetland.

Torgeir og Torborg Fjetland visste ingen ting vondt um Kari anna en det som Olav Haug hadde bore ut-yver.

 Alle desse vitne gjorde eiden paa det dei hadde sagt so nær som Gaute og Kari Fjetland.

Siver Hausland kom no fram og sa at det ikkje kunde vera sant det som Knut og Borgny hadde vitna um kona hans. Han svor paa at ho hadde ikkje sagt so mange ord fyrr ho døydde. Elles meinte han helst at Knut og Borgny ikkje skulde havt lov aa vitna. Knut hadde stole 6 ort hjaa Vilum Smed paa Tveit, og Borgny hadde vore namngjeti fyr trolldom den tid ho budde paa Tveit. Borgny Hausland sa ho hadde høyrt det same fyrr av Turid, og det hadde ho klaga henne fyre til presten. Turid sa og at Borgny hadde skjelt henne fyr trollkjering. Dette, sa Borgny, var ikkje annleis meint, en at Turid skulde vera trollkjering, til dess ho kunde prova at Borgny var det.

 11 vikor seinare var det ting paa Hemnes atter. Der var skrivaren og 12 domsrnenner: Gjert Tysseland, Tormod Soland, Jakob Lid, Aslak Brattland, Olav Foløy, Arne Berrakvam, Olav Banda-berg, Siver VeIa, Tomas Bjerga, Andres Hanakamb, Torgils Brommeland og Paal Mo. – Futen Peder Gotskesøn lagde fyre deim at dei skulde døma Turid Hausland, og det maatte vera til baal og brand, og all eigedomen skulde dømast til kongen.

 Retten granska vel provi yver henne, og kunde ikkje finna at ho hadde gjort nokor trolldoms-gjerd, eller at nokon hadde lide vondt etter hennar lovnad. Det var ikkje andre skuldingar en det som sonakona hadde sagt daa ho laag paa det siste. Kva ho hadde meint, eller kva ho kunde visst um, var det raadlaust aa segja no. Truleg mistenkte ho Turid, at ho hadde sett sjukdomen paa henne. Elles var vitnemaali um dette komne fraa tvo som var mann og kona, og Borgny og Turid hadde lengje trættast og kalla kvarandre trollkjeringar. Andre hadde nok prova at dei hadde høyrt um trolldoms-kunster; men ingen hadde nemnt noko gale som ho hadde gjort. Daa visste retten ikkje rettare aa gjera en aa døma at Turid Hausland innan tie vikor, um ikkje heilagt kom i vegen, skulde ganga sin dyl og sjølv tolvte sverja paa at ho var skuldlaus i det som ho var klaga fyr.

 Endaa ser det ut til at ho vart sett i bolt og jarn og laut fylgja med til futagarden.

 28de januar 1664 var dei 10 vikorne ute; men Guds strenge ver var i vegen, so korkje futen eller ho kunde koma til Hemnes. Dagen etter kom dei, og daa var skrivaren og domsmenner paa ting-staden og venta. Der hadde og møtt fram 11 «dyls-kvinnor» som var tilnemnde; det var Oddbjørg Josteinsdotter Rosseid, Tjøn Larsdotter Soland, Marit Toresdotter Bandaberg, Eli Markusdotter Kaltveit, Kari Mattisdotter Bergaland, Magla Knutsdotter Bergaland, Birgit Olavsdotter Høvik, Synnøva Larsdotter Ytre Høvik, Randi Persdotter Hemnes, Marit Johansdotter og Gunhild Hoskuldsdotter Hemnes.

 Dei tala trutt fyre Turid Hausland, at ho laut tenkja seg vel um kva den eiden ho no skulde gjera, hadde paa seg. Var det sa at vonde folk eller Hinmannen hadde fenge henne til aa læra trolling og signing eller maning, sa var det best ho vedgjekk det; daa kunde ho endaa venda um og faa naade baade hjaa Gud og styremagterne; men forsvor ho seg fraa Gud til Djevelen, sa var det inkje naade aa venta seinare. Daa svara ho med fritt mod at ho gjerna vilde sverja den dyraste eiden dei vilde leggja fyre henne. Lagde ho sa den høgre handi paa logboki og sa høgt og skile etter den eiden som vart fyre sagt, at ho i den saki som ho var skulda fyre, var reint fri og skuldlaus, aldri hadde korkje lært eller kunde med trolldom, og um ho no svor rangt, daa ynskte ho at alt det gode som Kristus med si heilage pinsla og daude, uppstoda og himmelferd hadde gjort og tent fyr henne til æveleg sæla, skulde verta henne til æveleg daude og fordøming, so ho kom i henderne paa Helvites meistermann og skulde pinast i æveleg tid.

 Daa ho hadde gjort denne fæle og dyre eiden, kom dylskvinnorne fram og svor, at ikkje rettare en dei visste hadde Turid Hausland svore beint.

 Daa vart etter raadføring med lagmannen dømt, at sidan Turid Hausland hadde sjølv tolvte fraalagt seg den grove trolldoms-saki dei hadde skulda henne fyre, skulde ho i alle maatar vera fri og sleppa or fangehol og jarn.

 

Kari Klomber

Ho var med og vitna paa Sigrid Sigurdsdotter, og daa sa ho um seg sjølv at ho var synsk.

 Etter rekneskapen sette dei henne fast 19de juni 1663. Det var ikkje berre fyr det ho sjølv hadde sagt, men helst fyr det som me no skal høyra.

 Daa tinget var paa Hemnes 3 dagar etter olsok, førde futen henne fram fyr retten til aa høyra paa vitneprov.

Olav Haaland, lensmannen, stod fram og vitna um Sigrid, den kona som vart avliva den sumaren, kva ho hadde sagt fyrr ho vart pint. Daa vedgjekk ho, sa baade han og andre høyrde det, at Kari Klomber hadde kome til henne siste hausten, daa dei tvo heldt paa og forgjera Josep Vik, og daa vilde ho plent læra henne ei bøn, Sig-rid spurde um det var Guds ord eller det var noko vondt. Kari sa det var «korgje», og tok sa paa aa lesa:

«Min Gud, du værdig Helligaand,

vik fra mig, og du Djevel kom

til mig igjen – -«

Sigrid slo kross fyr seg og sa at det vilde ho korkje læra eller høyra. Kari truga henne og sa, at vilde ho ikkje læra det, sa skulde ho sprikka, det kunde ho lova henne; eller og skulde ho (Kari) ljuga livet av henne. Sigrid vedgjekk at den tid dei heldt paa forgjera Josep, daa sydde dei ein vette-ulltraad inn i klædi hans; men traaden datt av for snart. Hadde ikkje det vore, sa hadde ikkje Josep livt no, sa ho.

Knut Lovra sende ein setel paa ustempla papir, og skreiv at han ingen ting visste um dette; for han var ølsjuk den tid daa Sigrid og Kari var til ords um dette i naustet paa Haaland. So daa laag han paa marki og sov.

 Hermann Tysse

kunde ikkje minnast stort av det som Sigrid hadde sagt. Han høyrde at Kari vilde havt henne til aa sverja seg fraa Gud fader og Sonen og Den heilage ande, og so hadde han som ein draum um at dei nemnde ein traad. Meir visste ikkje han.

Rasmus Erfjord kunde ikkje minnast anna en at Kari vilde hava Sigrid til aa forsverja Den heilage ande, og beda at den vonde anden skulde koma til henne i staden.

Per Tveit visste inkje um alt dette; han stod berre i naustdøri. Men det høyrde han at Sigrid sa til Kari Klomber: «Du hev logje livet av meg.»

Torkell Rørtveit vitna: Alt det han kunde minnast av dette, var at Kari Klomber vilde hava henne til aa segja: «Kom du Sattan og tak den heilage ande fraa meg!» Og so høyrde han Sigrid klaga at Kari hadde logje livet av henne.

Tore i Vik fortalde kva han hadde høyrt paa Haaland av kona si fyrr ho vart avliva. Hausten som var hadde dotter hennar Kari Klomber kome til henne og vilde hava noko smaasild. Daa spurde Sigrid henne: «Kor liver han Josep?» «Han er so mykje han kann faa seg mat no,» sa dotter hennar Kari; «mor segjer han er so underleg. Ho sydde ein traad inn i klædi hans. Daa so traaden gjekk av, fekk han det verre.» Sigrid spurde: «Kva hev han fenge det av? er det av garden eller av haugen?» Det fekk ho ikkje greida paa. Morgonen etter kom Kari sjølv ned til henne og sa: «Vil du lesa ei bøn etter meg?» «Det skil kva det er,» sa Sigrid. «Er det Guds ord eller er det eitkvart vondt?» Kari sa at det var korgje, og so lagde ho til: «Eg kann 6 eller 7, eg.» So las Kari fyr henne: «Aa Herre Gud! tak Den heilage ande fraa meg!» Daa sa Sigrid: «Kva tenkjer du um lensmannen og presten høyrde slikt!» Kari sa daa: «Gud gjeve futen og du var Fanden i vald! Kyss du futen i r… hans! Men det segjer eg deg at nemner du dette til nokon, so gjeng det deg gale. Um det var ein stein du sa det til, so skulde eg faa deg til aa sprikka sund paa marki, eller og skulde du koma i henderne paa styremagterne.»

Gunnar Larsson Kathagen  hadde høyrt at den tid Kari Klomber kom inn til den sjuke Josep og skulde sjaa kva som var i vegen med honom, daa sende ho dotter si til Sigrid og skulde faa noko smaasild. Sigrid sa det var lite sild ho hadde fenge, so det var ikkje stort ho kunde gjeva. Sidan spurde ho gjenta: «Kva sjukdom segjer mor di at Josep lid av? Hev han fenge det fraa garden eller av haugen ? Av vonde folk eller av Gud i himmelen?» Dotteri svara: «Ja mor veit kva han hev fenge det av; det er nok av vonde folk.» Sidan fortalde ho at mori hadde knytt tri knutar paa ein traad og lagt paa den sjuke mannen, og hadde ikkje den traaden gjenge av, so hadde ho bøtt honom. Kari gjekk straks etter ned til Sigrid og sa: «Vil du læra ei bøn av meg?» Sigrid spurde kva det var fyr lesing; var det godt, so vilde ho læra; men var det vondt, so Gud vare henne fyr slikt. Kari sa: «Ho er nok vond og ikkje god.» Daa sa Sigrid: «Kann du med sovore du?» «Ja,» sa Kari, «eg kann sju.» Sigrid sa: «Gud fri oss fyr sovore !» Daa sa Kari: «Vil du ikkje  lesa etter meg, so skal eg ljuga livet av deg. Gud hjelpe meg som hev sagt dette til deg! No kann du segja det til andre; men gjerer du det so skal eg lata deg sprikka livande sund. Eg fær nok vita det, um det var ein stein du sa det til. » Sigrid sa daa: «Er du slik, so Gud gjeve styremagterne visste det.» «Kva styremagter?» sa Kari. «Futen,» sa Sigrid. Daa sa Kari: «Skam faa du, og futen med.» Sidan sa ho: «Kom Sattan, og tak din Heilage ande fraa meg!» Dette høyrde han Sigrid fortalde baade paa Hesby og paa Haaland.

 Alt dette gjorde dei eiden paa, kvar paa det han hadde vitna. Kari Klomber sat og høyrde paa alt. Ho svor høgt og skile at det var lygn det som Sigrid hadde sagt um henne. Ho gret og svor, og sa ho var saklaus. Berre det vedgjekk ho at ho var fødd synsk. Det var sant som ho hadde sagt, at ho saag hamen hennar Sigrid inne hjaa Josep. Josep var gift med systerdotter hennar, so ingen kunde undrast um ho vilde sjaa til honom. Anna vondt kunde ho ikkje, sa ho. Jau, ho vedgjekk at ho visste raad fyr sjuke folk som hadde fenge det vonde fraa haugen. Hadde nokon arga upp dei som bur i haugen, so kunde ho ei bøn:

«Heil vere deg!

sæl vere deg!

Hev nokon arga deg, so gjev deim til!»

Meir kunde ho ikkje anten av signing eller maning eller lesing; anna en det som var Guds ord, lagde ho til.

 Alle dei folki som paa tinget var, sa at dei aldri hadde høyrt eller visst noko vondt um henne, fyrr det kom ut-yver det som Sigrid hadde sagt. Andre prov eller skuldingar mot henne en det som no var innsett i tingboki, fanst ikkje.

 Så var det ting paa Hemnes atter den 19de november. Dei 12 lagrettesmennerne er nemnde i saki mot Sigrid Hausland. Futen meinte at sidan Sigrid med dauden fyr augo hadde vedgjenge at ho og Kari Klomber hadde vore ihop um aa forgjera Josep Vik, og ho sjølv hadde vedgjenge at ho var synsk og kunde beda fyr deim som hadde fenge vondt fraa haugen, så var det greidt at ho kunde med trolldom, og det var ikkje onnor raad en aa refsa henne med baal og brand.

 Dei kalla inn heile ting-aalmugen og spurde um det var nokon som hadde eit-kvart aa klaga paa henne i so maate at ho anten hadde lova vondt og dei sidan hadde fenge det, eller at ho paa onnor vis hadde gjort noko menneskje skade med trolling. Daa svara alle som ein at dei aldri hadde anten høyrt um sovore eller røynt det av henne. Dei gav henne eit godt skotsmaal.

 Daa so retten hadde granska vel alt det som var framkome, fann dei ut fyr det eine at det var ført vitne paa kva den trollkjeringi hadde sagt som var refst i Erfjord sumaren fyre. Det var mange som hadde høyrt paa dette, men um ein ting var det ingen som samstava, og i ein annan ting vitna dei reint ulikt. Det kunde ikkje vera aa lita paa det som hi trollkjeringi hadde sagt. Helst saag det ut til at ho hadde sagt det av hat og i den meiningi at Kari Klomber skulde faa like fyr det ho hadde gjort daa ho, synsk som ho var, fortalde kva ho visste uro henne. Fyr det andre fanst det inkje klaga paa henne at ho hadde gjort noko menneskje eller dyr skade. Det einaste var det ho sjølv hadde vedgjenge at ho var synsk og at ho kunde hjelpa deim som leid mein av haugtroll.

 Daa vaaga retten seg ikkje til aa døma henne fraa livet; men sidan ho sjølv hadde sagt ho var synsk, og at ho nattes tider kunde sjaa det vonde som heldt seg i haugar og gardstun, og hjelpa deim som leid mein av di dei budde paa sovorne faarlege stader, so – anten no dette var noko som ho, stakars faakunnuge menneskje, laug paa seg sjølv, eller det var noko sant i det, det maatte ho vita best sjølv – ; men sidan ho fór med slik maning og signing og trolling, laut ho etter log og rett landlysast. Innan tri solemerke skulde ho vera ute or fylket. Sytte ho ikkje fyr aa koma seg undan til den tid, sa skulde ho refsast paa halsen.

 

 

pal