Hopehavet mellom Suldal og Setesdal

Av Jon Moe

 

 Eit stykke til sides for vegen ligg garden Bjåi, øvst i Setesdal. Her heldt Hallvor Bjåi til. Han sat på denne fjellgarden for 150 år sidan og var eit òvmenne på alle vis. Svein Hovden heitte sogemannen som fortalde om han: Hallvor var slik ein songar, mest jamgod med Knut Æddann (Edland); han kvad i eit brudlaup i Haukeli, og dei høyrde han heime på Edland likså godt som om dei hadde vore innmed han. Avstanden er 29 kilometer!

Hallvor var full av risper og segner. Risar og tussar krydde i talen hans, og han trudde på dei:

– Trur du tussen sit i fuinn’ di, so sit ‘an der, sa Hallvor.

Bibelen var boka for han, den kunne han mest utanåt frå ende til annan. Det kom ein prest til Bjåi, han heitte Blom og høyrde heime i Stavanger. Dei sat utpå bakken ein heil søndag, sende den heilage boka mellom seg i graset, las og diskuterte så tunrappen turka opp. Presten skrytte og klappa Hallvor på aksla:

– Du er en tenker, sa han og turka brilleglasa.

Der var fleire storkarar på garden den dagen. I 1855 valde Stavanger Amtsformandskab stortingsmennene Ole Gabriel Ueland, I. Mossige, Lars O. Kolbenstvedt og presten Blom til å vera med i ei nemnd som skulle synfara den påtenkte veglina frå Suldal til Telemark. Dei gjekk opp frå Kvilldal og inn heiane om stølane i Bråtveitheia til Bleskestadmoen og vidare over Meien. Til Bjåi kom dei ein laurdag, og det høvde å stoppa der med helga. Det var i august og godt å liggja i løa. Dei ferdast med tri kløvhestar og tri ridehestar. Då dei skulle over elva, bad presten om at «Dyret» hans vart styrt bortåt ei høg torve. Men hesten var så skral at han seig i kne under den digre Blom. Dei andre lo. Presten tagde. Han hadde vorte buksevåt. Dei meinte han var ein god prest sidan han greidde å halda munn.

Bjåi ligg så berrsynt ved Breivatn, midt på høgaste heia mellom Bykle og Grungedal, og det er halvannan mil til folk same kva veg du tek. Hallvor var komen frå Smørklepp i Vinje. Han slo seg opp, hadde fjorten mjølkekyr på bås. Gyrid heitte kona, og då han som tilårskomen mann vart åleine, sakna han henne og sørgde fælt

– Nai å nai! gjekk han sukka.

Han laut finna ny kjerring og storma ikring på friing, hinka ikring på stølane, spurde på juring-jenter og ekkjer, unge og gamle, lause og faste. Folk tykte han bar seg underleg åt. Han var 78 år og trong stav, men sette gjerne denne ifrå seg når han nærma seg ein støl der han meinte kvinnfolk fanst. Graut så feit at han flaut, det fekk han tidt, men elles ingen ting.

Då bad han Knut Sigvaldsson om hjelp. Jau, Knut var kjend i Byrte grend i Mo på Telemark-sida og visste om ei ekkje som heitte Gunnhild Midbø. Ho tok godt imot tilbodet og lova å tenkja på det; ho sa ho kjende til at Hallvor hadde eit gildt fjos med mange kyr på bås. Men var det naut det galdt?

Då Hallvor fekk veta det uvisse utfallet av ferda, slo han staven i skinnfellen så det rauk og skyste Knut Sigvaldsson tverre leia, til Suldal. På første garden fekk Gyrid Bleskjestad tilbodet. Dei kalla henne «Radle-Gjyri», ho hadde vore gift tre gonger, tolv år med kvar og alle var enkjemenn då ho – som ho sa – tok det på seg å stetta dei. Så noko gimber var ho ikkje. Men Gyrid hoppa til no og svara ja med same; ho ville koma så snart ho fekk skipa seg til. Og best det var, stod dei i stova på Bjåi, Gyrid og dei to følgjesveinane hennar, Torjus Bleskjestad og Torjus Kaldhagen. Hallvor var ikkje den karen han hadde vore, og ikkje var Gyrid heller den hulder som kunne plystra han opp. No glødde han i kjakane med same han fekk sjå henne, kjafsa og togg tannlaus ut i veret – men mælte ikkje eit ord.

Best det var, kom forsynemeg Gunnhild òg. Ho var som ei erle der ho trippa over dørstokken, ferm og fin og mykje yngre enn Gyrid, berre om lag 50 år. Jomfru Gyrid frå Bleskestad sveiv innåt Hallvor:

– Du vil då vel inkje svika meg?

Men Gunnhild sat der attmed glaset så raudleitt og rund og åt rikdomen på Bjåi med augo. Ho ville koma att seinare ut på våren, sa ho. Gyrid laut av garde utan å bli lova nokon ting.

– Øye meg!

Ho gret og bar seg. Men Hallvor drog kvetelen over hovudet der han låg i den gamle ektesenga. Han mumla til Knut, paktaren:

– Vi du få æ av gari, må du take den beste kyri eg eig på båse’.

Knut let så at dette var han ikkje mann til, – vi du jag’ æ, må du likso godt søkkj’ ‘enni ned’, eg rekk alli Suldal me’ ‘ni, sa han. – Og skal eg dra henne, får du gjura henne fast på sleden, elles sparkar ho seg av att.

Hallvor gav seg ikkje, og på resten laut Knut lova å fylgja henne tilbake til Bleskjestad. Då drog Hallvor kvetelen av fjeset:

– No vart her ljost i stogunn! sa han. – Gå no ut og glåp koss det gjeng’e med dei. Unge Svein Hovden gjekk og såg.

Jau, dei var komne eit godt stykke ut på isen. Gyrid stolpra og gjekk og ynka seg enno så det lyddest vidt over heia.

– Gå no hit i loftet etter vadmålsstuven min, sa Hallvor då Gyrid var avleita. Han reiv av eit buksevadmål åt Svein.

Våren fór og sommaren med, men Gunnhild kom ikkje. Då trega Hallvor sårt at han hadde jaga Gyrid frå seg, for noko hadde straks vore betre enn inkje. Svein har fortalt at han var på Bleskjestad mange år seinare og prata med Gyrid. – «Du tregar enno på Hallvor»? – «Å ja, stundom,» sa ho, – «men han var så storlagd’e og svær’e at eg trur eg aldri hadde halde det ut.»

Soga om Hallvor Bjåi er ikkje heil før det er fortalt at Gunnhild frå Byrte grend kom likevel. Den tytta var ikkje bange. Dei heldt bryllaup og kom vent i hop. Men Hallvor laut sitja på ein stol då dei vigde. Han levde endå i femten år og vart 93 år gammal.

( Mykje av dette er etter «Gamalt or Setesdal» av Johannes Skar)

 

Sogemannen Svein Hovden

Svein Hovden, som fortalde om Hallvor Bjåi, var den største sogemannen i dalen og hadde sterk tilknyting til Ryfylke. Som 19-åring var han med på tømmerskog i Roalkvam og arbeidde for maten. Seinare hyrde han seg som dreng i Hylsfjorden og vart sett til å bera møk i kipe oppetter bratte bakkar. Han leste av ved å bukta seg så gjødsla for i åkeren over hovudet på han. Dette var nyttig lærdom:

– Ber du skit, stuper du han dit! sa Svein.

Han vart ein mann med vengjefang, stor i kunnskap og visdom, ein songar og sogemann med sin eigen stil og profil. Då han gjekk las for presten, hadde han lært å lesa og telja til ti, men skriva kunne han ikkje. Men det var liksom oppskrive i minnet hans, alt det han hadde høyrt og sett frå tidlegaste barndomen. Berre sju år gammal var han då faren kom til Bjåi som bruksmann hjå Hallvor, som då var 75. Hallvor var eit ovmenne på alle vis, ein tradisjonsberar, syngjar og sogemann. Han var eit føredøme for Svein, som grodde av liknande røter. Ingen kunne ha skildra Hallvor betre enn han gjorde.

Olav Duun sa om ein mann at det det var som om hendingane kom inn i stova når han fortalde. Det høver på Svein. Han levde med, han bar det fram i tale og song så alle måtte lya. Slik ovra han seg som kunstnar. Men han var ingen innesitjar som let gule blomen veksa i enga til han bleikna og aldri brydde seg om å arbeida. «Grovarbeid hev liksom vore min lut i livet, og eg hev’e alli set meg rådlaus’e med noko slags kroppsarbeid. Og eg syntes alli kjenne meg trøytt’e koss eg bala,» sa han eingong med Knut Hoslemo, folkeminnesamlaren somn i si tid var var lærar i Kvilldal i Suldal. Trass i sine 80 år arbeidde Svein som ein mann på sitt beste. Han var ein kjempekropp.

Svein slo seg igjennom med gards- og skogsabeid, ofte i Ryfylke. Om vintrane dreiv han stundom snarefangst eller arbeidde tresko for seksti-sytti øre paret. I 1871 vart han gift med Tone K. Tveiten i Grungedal, og tolv år seinare kjøpte han garden og barneheimen hennar – for 430 par tresko! Ein skulle ikkje tru det var mogleg, men dei sa at han greidde å levera skorne etter avtale på ein berre månads tid. I 1896 kom han tilbake til Hovden og kjøpte farsgarden att. Han og Tone hadde fått ti’e born og det trongst mykje til mette for så mange munnar på ein fjellgard.

Både i Grungedal og Bykle var Svein Hovden mest alltid kjø’meister i brudlaup og gjestebod. Alltid var han viljug til å kveda og fortelja. Og mange framståande folk kom på vitjing for på høyra på han, mellom dei professorane Alexander Seippel og Torleiv Hannaas, Johannes Skar, Rikard Berge O. M. Sandvig og Catharinus Elling.

Det er folkemusikksamlaren dr. Sandvig som har skrive best om Svein og skildra den særmerkte personlegdomen, (Tidens Tegn, 1920):

«Øinene er blå, faste gode. Hans talestemme er som mild musik, hele hans lag ånder ro, mildhed, overlegen lang-tænkthed. Han er klog, belæst, ved alt mulig, og samtidig er han barnlig i sin elskværdighed, nesten naiv i sin måde. Han er svært brugt i kommunen, er poståbner og betroet kar, god at ty til når det gjælder at huske noget av betydning for bygden. Men – som den lyriker han er – nær vergeløs når tussen legger an på ham selv. Han kvæder om hårde tider, men er den fredeligste nabo av den mest humane tænkemåde. Han har aldri behøvet bøie sig, men hånden har heller aldri vært løftet mot nogen.»

Knut Hoslemo kjende Svein og var mykje hjå han med’ han skreiv opp ein del av den veldige minneskatten han sat inne med. Han såg inn i ein lagnad som kunne vorte annleis, hadde dei ytre tilhøva lagt seg til rette. Slitet for dagleg brød på fjellgarden kravde sitt. I andre kår kunne han vorte prest, professor eller i minsto skulelærar. Svein skreiv eit dikt:

 

Vel sill’ eg inkje lenger naa

ell’ te den lut eg fekk.

So er vel synd aa klaga paa

um mangt mot viljen gjekk.

 

Det var vel elles «so laga» at vegen låg der og han laut berre gå. Ein bonde på Sjernarøy i Ryfylke, Johannes Furre, hadde syn for evnene hans Svein og baud til å hjelpa han med pengar dersom han ville ta seg ut på skular. Han gjekk ut i måneskinet og song den kvelden. To dagar seinare kom det bod om at faren, Knut Sigvaldsson Hovden, var død. Så laut han fara heim og ta seg av mora, som sat att åleine. Såleis gjekk dét.

O. M. Sandvig fortel om siste gongen han såg Svein Hovden. Det var ein blank sommarmorgon. Svein hadde rodd han over Hartevatnet, og på oppmoding song han enno ein gong kjærleiksvisa «Vi vil give ham hende…» .

– «Den visen er av de få som ender lykkelig. Det var som om Svein hvilte sig i tonen av ældgammelt preg. Høifjeldsnaturen forsterket det indtrykket av harmoni som alltid følger Svein. Han var ett med den mægtige natur som har så stor del i fantasiens barn. Derav hans geniale sikkerhed, hans suverene foredrag, som er ubeskrivelig og ugjengivelig. Slig ser folkevisen ud! De tider er komne, da vi må nøie oss med drømmen om den. Ingen kunst kan overstråle det dirrende liv.»

 

Det var eit kave liv

Svein var komen frå Haugårdsmo i Grungedal til Hovden tidleg i barndomen. Far hans heitte Knut Sigvaldsson og mora Gyro Sveinsdotter. Det var ho som kom til å fortelja om eit kave liv. Dei sat godt i det på den litle men lettdrivne garden i Telemark, fødde tri kyr, ei kvige og nokre sauer. – «Me åtte garden som me åtte tann i hausen,» sa ho. – «Me levde sorgfritt i fleire år og hadde ljose framtidsutsikter.»

Så kom Halvor Vå frå Hovden dansande ein laurdagskveld; han hadde brennevin i hovudet. No ville han selja garden. Hovden var etter hans meining makelaus med store fjellstrekningar, gode fiskevatn og rjupeheiar. På dei veldige slåttemarkene, særleg på ein stad som heitte Vimyr, kunne ein med langorvet slå 20 vintralass i ein teig. Sa han. –

Nei, Knut ville ikkje kjøpa.

– Men byte då? Gjev meg hundre dalar i byte, og garden er din!

Gyro høyrde Knut bjoda kastebyte, det tydde byte utan mellomlag. Ho gjekk i fjøset og mjølka, og då ho kom innatt var handelen opp- og avgjord med fleire vitne. Avtalen var at dei skulle forlata Grungedal og flytta til Hovden seinast Jonsok, det var ikkje anna råd. Dei gjorde seg i stand, men lett var det ikkje. Vegen var lang og vanskeleg med høge heiar og store, fløymande elvar som dei laut vassa. Tre småungar, Svein, Vetle og Inger, laut dei ferdast varleg med, og der var buskap og mangt av alt det som trongst og som dei skaffa seg sidan dei vart gifte i 1830. Det var sengeklede og gongeklede, nistemat og drikkevare; brennevin vart rekna som ein nødvendighetsartikkel då. Seks kløvhestar og ein mann til kvar hest hadde dei leigt. Og gløym ikkje legdekona, gamle Åslaug Skuldalen. Henne kunne dei ikkje reisa frå; ho fylgde som geita, stakkars skinnet.

Det tok lang tid å koma over Nautesund i Grungedalsgrend; det er i grunnen to sund. Først sumde krøtera over til Everlandsstrondi og ut på Nautsholmen og der ifrå over til Nautodden. Men mange grungedøler kom og hjelpte til. Så bar det opp gjennom den bratte Kaldalsli og fram til Kaldalsstølen. Der kvilde dei og vart trakterte med rjomegraut. Modet og kreftene auka då, og det trongst. Vidare bar det oppover Grungedalsheia om Gurivatnet til heiegarden Grøne Nuten og overnatting i det tronge reiret som Tor og Åse Nuten heldt til i. Men kor gildt det var!

– Nei, sa Tor, det er ikkje farande om Bjåi, elvane går digre i vårflaumen. De lyt take høgfjellet, sa han. Han fylgde opp mot Storesåte. Der ifrå kunne ein sjå heilt inn til Hovden.

Det var seine kvelden då dei nådde fram, men då var det slett ikkje tid å sova! Dei hadde stelt seg med ei 10-pottekrus heimebrent brennevin og mat som høvde, og dei heldt eit gasta heimkome-øl i samsvar med skikk og bruk.

– Me tura og svalla til langt utpå notti, fortalde Gyro.

Eit kave liv vart det likevel. Det var ikkje heile men berre halve Hovden dei sat med. Første hausten og vinteren laut det byggjast både fjøs og stove. Knut gjorde mange ferder over heia til Bleskjestad i Suldal og vidare ut til Hylen etter alt som laut kjøpast. Han fekk lite stunder til den rjupefangsten som han hadde venta seg så mykje av. Ein gong han var på Bleskjestad kom han til å bryta eine foten. Han gjorde seg hard og sette seg på hesteryggen. Heim skulle han, koste kva det koste ville. Men han pintest mest forderva på firemils-ferda i uførene over Meien og uveta då dei bar han over dørstokken.

Alt gjekk i meinlås. Dei laut kjøpa alt og leiga alt, slåttekar og breidslejente. Og det gjekk heile året før Knut kunne ta etter gagns arbeid. Etter kvart skjøna dei at det var uråd å greia seg i Hovden. Dei selde havparten av eigedomen og sette bort resten. Den vonde tida tok til med beinbrotet på Bleskjestad, men det var ei ulukke og ingen å skulda for mein. Og nett nord i Suldal visste Knut å finna venner i nauda. Dei flytte dit i 1844 og sette seg ned på husmannsplassen Træ under Torjus Bleskestad, ikkje som leigebuarar, til det ljosna att for dei. Seinare snakka dei tidt om kor godt dei hadde det i Suldal.

Det tyktest vera slutt på det kavne livet då Knut og Gyro kom til Bjåi og pakta den store garden av Hallvor. Då var ikkje ikkje Svein meir enn sju år, men samværet med den markante personlegdopmen Hallvor sette seg fast i han. Som sogemann kunne han seinare skildra Hallvor meisterleg grant. Slik var ruggen på Bjåi:- Føtene var ringe, så han bruka stav. Han var skutøygd og hadde store hårduskar oppover augo. Håret var sidt og drivende kvitt. Målet var grovt og han tala så hardleg. Kjempe brydde han seg ikkje om å ha vore, og det var heller ikkje av karsstykke han gjorde seg gjetord. Men i sin ungdom var han fælt slagsterk; fekk han slå, kunne ingen standa. Men ingen visste så mykje som Hallvor; han visste alle ting. Sa Svein.

Den gåverike fjellbonden og sogemannen Svein Hovden, treskomakaren, songaren, diktaren, kunstnaren var eit kjensle- og stemningsmenneske. Han kom alle menneske i møte med eit ope og rikt sinn. Det var ei utstråling frå han som både folk og dyr kunne merka. I samtale var han makelaus til å ordleggja seg. Ingen som møtte han har kunna gløyma det.

Suldølingen Hallvard Hoftun var på Hovden og tømra det store våningshuset hans. Han hadde Odd Åsheim frå Brattlandsdalen med seg som læregut. Han lika seg i Setesdal, og særleg godt treivst han i lag med ungdomen på Hovden. Ho heitte Inger, den einaste jenta i heile verda. Dotter hans Svein var ho og hadde mange av dei same evnene og eigenskapane som faren. Odd og Inger vart gifte og fekk fleire born før dei braut opp frå Setesdal og gjorde suldølingar av seg. Dei tok ut på kjende vegar etter den same oppskrifta som besteforeldra brukte då dei flytte frå Grungdedal til Hovden: Ei rad med kløvhestar kom over Meien og ned til Suldal. Ungt bjørkelauv kitla litl-Olav Åsheim som sat høgt i kløv. Han såg den flate bøen på Bleskjestad. Det måtte vera Kanaans grøne land!

Svein Hovden var fødd i 1841 og døydde i 1924.

 

 

 

pal