Laster ...
Hopp til innhold
Suldal Sogelag Suldal Sogelag
  • E-post
  • Heim
  • Nyheter / Artikler
  • Om oss
  • Arrangement
  • Fotogalleri
  • Kontakt oss
  • Bli Medlem

Inge Særheim om stadnamn tysdag 25. oktober

Publisert 19. oktober 2016Oppdatert 5. november 2019av palKategorier:Ukategorisert

Kulturhuset tysdag 25/10 kl 1900 
Professor Inge Særheim tek for seg stadnamn som kulturhistoriske kjelder basert på døme frå Rogaland og spesielt om gardsnamn i Suldal. 


Råså har vel ei grei forklaring – her har det rast, men Røssejuvet har ei anna forklaring. Her jaga dei hestane utføre når dei ikkje kunne gjera nytte for seg lenger. 
Kva heiter det der du bur, og kvifor heiter det slik? 
Stundom trur me at me veit, og så viser det seg at namnet kjem av noko heilt anna fordi det er avleidd frå eit utdøyd språk – og så er namnet gjerne endra fordi det liknar på eit ord i det språket me har i dag. Garden Rød har ikkje namnet av di dei har måla huset raudt. Tyder Suldal at der er mykje sol, eller var det vanleg med meir sul der enn andre stader, – eller har det noko med ordet stolpe å gjera, eller kløft? 
Her skal meir kunnskap til enn det me vanlege folk har. Ein som har det er Inge Særheim frå Jæren. Han er professor i nordisk språkvitenskap på UiS og har skrive fleire bøker, m.m.a. Stadnamn i Rogaland (2007), Namn og stader i Rogaland (1986) og ei rettleiingsbok om stadnamninnsamlinga som blei gjort i 80-åra: Namn som fortel om oss. Han kjem på sogelagsmøtet tysdag 25. oktober og talar om Stadnamn som språk og Kulturhistoriske kjelder basert på døme frå Rogaland og spesielt om gardsnamn i Suldal.

pal

Meny

  • Heim
  • Nyheter / Artikler
  • Om oss
  • Arrangement
  • Fotogalleri
  • Kontakt oss
  • Bli Medlem
© Suldal Sogelag. Alle rettigheter reservert.
  • Informasjon om bygdefanene
  • Slåttekveld
  • Årsmøte i laget 11. februar 2025 kl 1900 på Kulturhuset i Suldal
  • Bok om Sauda sjukehus.
  • Ulladalsvegen 100 år i 2024

Calendar

I dag
man
tir
ons
tor
fre
lør
søn
m
t
o
t
f
l
s
27
28
29
30
31
1
2
3
4
5
6
7
8
9
10
11
12
13
14
15
16
17
18
19
20
21
22
23
24
25
26
27
28
29
30

Events

No events
Tilbake til toppen
JanFebMarAprMayJunJulAugSepOctNovDec