Ingemund Nilsson på Bråtveit

– eller hardingane i Suldal

 

Av Eldar Myhre

 

Eg skreiv i årsheftet for 1999 om Hylen og Våge og slektssambandet mellom Våge og Guggedal og om kontakten mellom Suldal, Setesdal og Hardanger i gammal tid. I 2004 skreiv eg om Ingemund Nilsson som kom til Grov på Sand frå Etne kring 1650. Nå skal eg ta dette noko vidare med ein annan Ingemund Nilsson som budde på Vetrhus og Bråtveit.

Første gongen me finn namnet Ingemund i Suldal er i odelsskattelista frå 1617. Då er Ingemund Backe ført saman med Samson Thagnemb som eigar av ½ laup smør pantegods i Bråtveit. Samson må vera Samson Ormson Tokheim i Odda. Han tilhøyrer ei slekt det er skrive mye om i Ætt og Heim og Norsk Slektshistorisk Tidsskrift. Bror hans var Ivar Ormson Ebna i Skånevik og dei hadde begge samband til Galtungane i Hardanger. Samson var gift med ei dotter til Saksbjørn på Bakka i Kvildal og me skulle tru at Ingemund bur der. Men me må ut på ei lang reise frå Bråtveit. Inn over Suldalsvatnet, over fjellet til Røldal, vidare over fjellet til Seljestad og ned til Jøsendal og langs elva ned til osen i Sørfjorden. Der finn me Ingemund på Bokko i Odda sentrum. Han er nabo til Samson.

Kring 1620 er Ingemund borte frå Bokko. Omtrent samstundes dukkar ein Ingemund opp på Vetrhus i Bråtveit. Seinare i 1638, er også han borte frå Vetrhus, men i staden finn men no ein Ingemund Nilsson i 1639 på Bråtveit. Manntallet i 1665 seier at han då er 77 år og skulle då vera fødd i 1588. I 1661 eig han om lag 1 laup smør i Bråtveit og øydegarden Håvestøl. Det kan ikkje vera tvil om at Ingemund Bokko-Vetrhus-Bråtveit er same mann. Men kor kom han frå?

I  Våge i Suldal bur Nils i 1603. På 1500-tallet kjenner me ingen som bur før han. Han må vera død i 1605 for då bur enka her. Ho er nemnt til 1613. Neste brukarliste er frå 1618. Då bur Tormod her. 10 år seinare er det klart for nytt skifte. Då bytter Tormod Våge og Nils Osmundson Århus under Guggedal gardar. Nå får me vite at Tormod Århus er ein Nilsson. På Bokko i Odda heter bonden Tormod før Ingemund kom hit i 1616.

Ut frå dette må me tru at Ingemund og Tormod Bokko er brør og at dei kjem heim til Suldal når foreldra døyr. Frå andre kjelder (sjå Hylen og Våge i 1999-heftet) veit me at gamle Nils Våge og Osmund Guggedal var brør. Begge gardane var heilt sentrale i ferdselslinja frå Hylen og aust og nordover.

Tormod Bokko-Våge-Århus var gift inn i lensmannsslekta på Foss. Hovedeigarane i Foss var på denne tida hardingar, frå Sørfjorden (Måge-Måkestad-Kvestad) og Ulvik/Eidfjord (Øydvin-Sævartveit- Erdal-Tveit). Dessutan var enka på Gautun storeigar. Hu var 2.gang gift med Ingjald Torsteinson frå Vadla i Jøsenfjord. Bror hans var bondesonen Odd (Otte) som var prest i Eidfjord. Sønene frå Gautun budde på Litlehamar inngifta i Bakka-slekta og på Foss. Både Gautun og hardingfamiliane over eigde i Mannsåker i Odda.

Denne oppramsinga kan lett gjere at ein mister tråden. Det er tvilaust tette band frå Suldal til Hardanger og at dei like slektene er innvevde og inngifta på mange plan. La oss sjå nærare på dei einskilde gardane som var «Harding-gardar».

 

Bråtveitgrenda

På 1500 og 1600 talet blei det ikkje ofte skild mellom gardane som alle kunne bli kalt Bråtveit. Korkje i skattelista for 1617 eller i 1624 for Ryfylke finn me att alle skatteytararane i grenda. Me treng Hardanger-hjelp. I 1615 eig ialle fall desse i «Bråtveit»:

Ommund Mannsåker i Odda i Lasse sitt bruk

Maritte Eitrheim i Odda i Lasse sitt bruk

Trond Sætveit i Jondal.

I 1624 er Ivar Ommundson Eitrheim ført med ½ laup odelsgods samt Samson Tokheim. Gardane Eitrheim, Tokheim, Bokko og Mannsåker er nabogardar og ligg i byen Odda.  Lasse sin gard må vera Laurits Osmundson på Guggedal som framleis i Hardanger-skjøta er eit bruk av Bråtveit. Heile Guggedal ser ut til å vera eigd i Hardanger. Frå tingbøkene i Hardanger veit me at Torstein Larsson Tokheim i 1661 åtte heile Guggedal. Han kom frå storgarden Aga og blei gift med sonedotter til Samson. Ho var einearving på Tokheim.

I 1663 blir Torstein stevna for ulovleg kjøpmannsskap. Han svarte at dei bukkskinna han selde i Bergen var bygslingsavgift frå landbonden hans i Suldal. Men det rare er at Torstein seier at Guggedal-arven hadde han frå far sin på Aga og ikkje frå Tokheim. Her ligg det ei stor oppgåve å finna ut korleis dette spredde eigedomstilhøvet heng saman. Frå Torstein gjekk Guggedal samla i arv i rett linje etter desse slektledda: Sigrid Torsteinsdtr Tokheim, Gjøa Mikkelsdtr Tjoflåt i Kinsarvik til Torstein Brynildson Hamre i Granvin, som sel garden i 1762 til brukaren.

Kvifor held hardingane så lenge på jordegods så langt vekke? I 1665 kjøper enka etter Tormod Guggedal 27 merker smør i Bråtveit av Tore Torbjørnson Vetrhus. Valborg og barna kjøper etter kvart opp heile Bråtveit.  Men Guggedal har altså ikkje vore til salgs. Hardanger-folket såg seg tjente med å halda på Suldals-godset sitt, trass i avstandene.

 

Eigarar i Bakka i Kvilldal

Brukarfamilien åtte mesteparten i Bakka. Men i 1615 er Herborg Torleivsdatter Steine i Kvam og broren Trond eigarar av 1 laup smør i Bakka i Kvildal. Herborg er gift med Ola Guttormson fra Svartveit ved Utne. Trond Tolleivson bur seinare på Ystanes i Kinsarvik. Eigarane på Ystanes i 1647 fortel at:

Tron Tolleivson Ystanes, Kinsarvik eig 1 pund smør ½ laup salt;

Jon Torbjørnson Børve, Ullensvang eig ½ laup 9 merker smør 1hud;

Ingebjørg Samsonsdtr Tokheim, Odda eig ½ laup 9 merker smør 1hud.

Dei to siste ættar frå brørne Orm Tokheim og Torbjørn Måge, Ullensvang, som levde mellom ca 1480 til 1550. Me skulle då tru at Tron Tolleivson også er ein slektning. Då Ingemund Bråtveit døyr i 1665 overtar Nils Hadleson og mora. Det er ingen lokal Hadle som kan vera faren. Truleg må faren vera frå Ystanes. Hadle Arneson Ystanes bygsla siste gong i 1665 og året etter kom Nils og mora til Bråtveit. Nils er nok dotterson til Ingemund.  

 

Eigarar i Foss i Suldal

Hardingane i Foss er i all høve desse i første del av 1600-talet:

Ragnhild Larsdtr Måge gift Måkestad i Ullensvang.

Johannes Anvedson Kvestad i Ullensvang, svigerson til Ragnhild frå Osa i Ulvik.

Angunna Pedersdtr Øydvin frå Tveit i Eid-fjord, gift med Ola Knutson Øydvin i Ulvik.

Mikkel Pederson Erdal, Eidfjord, bror til Angunna.

Begga Knutsdtr Sævartveit, Ulvik gift med Ommund Torkelson.

Ingebret Djønno i Kinsarvik.

Ivar Jakobson Nesheim, Ulvik fra Djønno.

Torleiv Hauge i Røldal.

Svein Ommundson Jordal i Odda.

Knut Olson Freim, lensmann i Odda og son til Angunna Øydvin. Han eig i Foss 1661. Søster hans gifter seg med Saksbjørn Samsonson frå Tokheim. 

 

Sambandet over fjellet

Det er også suldølar som eig. Men den store spreinga av gardpartane tyder på at jorda har følgd fleire skifter før kjeldene fortel oss noko som helst om gardane. Eg kunne og gå inn på kva andre gardar hardingane eig i. Det er eit stort puslespel som eg ikkje vil gå inn på her. Likevel vil eg slå fast at odelsgodset syner eigarsamband og i andre gardar. Ein gong må eigarskapet ha vandra frå Suldal til Hardanger. Kan hende er det restane av eit gammalt adelsgods, kan hende ein serie giftarmål over grensene. Sambandet har vore så godt at sjøl på 1500 og 1600 talet er det slik gifting. Mesteparten av jorda blei etter kvart seld til brukaren. Men Guggedal ikkje før i 1782. Kvifor fann dei mon i slikt?

Gardane følgjer eit mønster. Våge – Bråtveit-grenda – Gautun-gardane i Odda sentrum – Øydvin-Osa og Eidfjord er knutepunkt i ferdsels og handelssambandet. Sauskinna på Guggedal havna til slutt på marknaden i Bergen. På Røldal-marknaden møttest vest og aust. Slekta på Tokheim kan vera  si tids Petter Stordalen. Det er ikkje få turisthotell som seinare spratt opp på desse stadene.

Eit ennå viktigare moment var nok kyrkje-organiseringa. Stavanger-biskopen nådde heilt til bispedømmets ende ved Beitostølen i Valdres. For at han skulle reisa på eigen grunn, tok han landevegen opp Suldal og over til Røldal – den heilage pilgrimskyrkja i Stavanger bispedømme – og så vidare ned til Odda. Så båt ut Sørfjorden og inn Eidfjord eller inn til Osa. Osa gjekk heilt til Finse som var ein gammal «oase i ørkenen» over Hardangervidda. Og derifrå over vidda til Øvre Hallingdal og Valdres. Eidfjord skipreie låg som ei Stavangersk bispeøy i Hardanger. Røldal var eit anneks til Suldal-kyrkja.

Dette var store reiser med store reisefylgjer. Det tok lang tid og dei trong mat og tenester. I tillegg gjekk det delegasjonar som dreiv tilsyn eller skulle driva inn skatten frå kyrkje-jorda. Bispemakt var og handelsmakt. Korkje Snorre eller protokollar seier mykje om indre norsk handel. Men det er middelalderbrev der Stavanger-bispen omtaler ei ladning jern som var brent ut i Valdres-myrane og som skulle ned til Lærdal og så til Bergen. Dette var bispens jern frå bispens miler. Frå nyare tid veit me at Hallingane kom til Hardanger for sommararbeid. Dei hadde med seg jernvarer som våpen og reidskap og heimover tok dei salt og korn. Mange rike harding-slekter hadde hus i Stavanger. Det er ikkje tilfeldig når bondesonen Odd frå Vadla blir prest i Eidfjord og sidan i Ål i Hallingdal.

 

Opphavet

Kan hende fanst det ikkje ei hand som ein gong åtte alt Suldalsgodset. Kan hende var det resultat av århundrelang giftemålspolitikk. Giftemål på den tida var å knytta «business»-band mellom slekter. Men om det var ei hand så peiker materialet mitt mot storgardane Måge og Aga på vestsida av Sørfjorden. Frå før veit me at det var band mellom storslekter i Rogaland og folket som åtte desse gardane og Talgje og lågadelsslekta Orm i Stavanger og Bjørheim. Frå Måge kjenner me til giftingsband i middelalderen til tettbygdene i Voss. Det ventar store oppgåver for den som klarar  å greie ut kva verdiar og makt som låg langs den indre leia på Vestlandet.    

pal