Innvandring frå Suldal til Juneau County, Wisconsin, USA

Av Lawrence W. Onsager

Hjalmar Holand skreiv i 1908: «Alle dei blånande åsryggane som ein ser sør for Camp Douglas, New Lisbon og Mauston krelar med nordmenn. I settlementet er det ca 500 frå øvre Telemark og 1200 frå Suldal i Rogaland.» Sjølv om folk frå Suldal flytte til området frå 1850, var det Ole Gjermundson Tveit frå Øvre Telemark som må reknast som den som grunnla den norske busetnaden i Juneau County.

 

Han kom som ungkar til Maughs Mills (Mauston) frå det norske settlementet Koshkonong for å arbeida på sagbruket til Milton M. Maughs. På fritida utforska han det kringliggjande landskapet etter gode jordområde. På desse turane fann han ein uvanleg vakker dal nokre miles vest for Mauston. Dalen var rund og vid, flate og beskytta mot vêret på alle sider.

 

Tveit informerte kjentfolk i Koshkonong om funnet sitt. Koshkonong Prairie Settlement var etablert i 1840 og namngitt etter elva og innsjøen med same namn. Men det omfatta eit større område, deler av Dane, Jefferson og Rock County, og vart det viktigaste og mest velståande av dei norske busetnadene i Wisconsin.

 

I 1850 hadde Koshkonong 2.670 norske innbyggarar, fordelt på fleire mindre busetnader.

 

Tveit heldt til nær Sun Prairie i dane County, der folk frå telemark hadde slege seg ned i 1843. Som son av Gjermund Torjusson Tveit og Anne Rasmusdatter var han fødd i Lårdal i 1818 og emigrerte til USA i 1846.

Våren 1850 kom Ole tilbake saman med Nils Bjørnson Farastad og Ole Johnson Magnushommen, svigerbrødre som også kom frå Øvre Telemark. Dei tok seg mark i nåverande Lindina Township ca 5 miles sørvest for Mauston. Etter å ha dyrka ein del jord og hausta høy for vinteren, reiste dei tilbake til Dane County og familiane sine.

 

I følgje Joseph Hanson i «History of Juneau County», ville Ole Johnson ha heile landområdet, ettersom han dyrka jord flerire stader. Då dei kom tilbake om hausten, var Knut Ormson Mo frå Suldal og Knut Mikkelson frå Røldal med. Heimen deira den hausten var hus med tømmer-reisverk og høy i tak og veggar. Etterkvart bygte dei tømmerhus og slo seg ned for godt (Mauston Star, 2.6. 1887, s.1).

 

Det meste av låglandet både i North og South Valley låg under vatn, så dei slo seg til i dalsidene som minna om heimlandet. Nils Bjørnson (Benson) var eldst, så han fekk velja først. Han tok land i seksjon 5 på andre sida av vegen der Suldal Cemetery (kyrkjegard) er nå. Knut Ormson valde landet der Riley Farm nå ligg avdi jorda var svart så djupt kan kunne stikka kniven og i Brewer Creek var det eit oppkome han kalla «livets vatn». Ole Gjermundson sa han ville ta land der Allie Peterson nå bur. Skatterullane for 1857 syner at Ole Johnson åtte jord i seksjon 4, 5 og 9.

Knut Ormson representerer starten på sambandet mellom Suldal og Juneau. Gunder Johnson Bråtveit, som emigrerte i 1852, kom til Lindina i 1853. Han slo seg først ned med far til Odd Larsson, Lars Olson Osteraa (Austarå), ein annan Suldals-immigrant i Dane county. Der høyrte han om Lemonweir Settlement gjennom Nils Bjørnson som Lars Olson hadde kjøpt ut tidlegare.

 

I 1854 hadde det vesle samfunnet vakse til 12 familiar med 43 personar. Den 22. mai 1854, sende John Halvorsen, Knud ormson, Ole Johanson, Nils Bjørnson, Gunder Johanson, Laurans Augondson og Andres Mikkelson eit brev til pastor H.A. Preus (f. 16.6. 1825 i Kristiansand) i Spring Prairie der dei ba om vitjing av ein norsk CLERGYMAN ein eller to gonger årleg. Dei skreiv at dei heldt til 20 miles nordvest for Dells bridge i lisbon, Adams county, at dei hadde bygt skulehus og hadde valt ut område for kyrkjegard som dei ville ha innvigt.

 

Preus kom første gong 25. juli 1854 og heldt gudsteneste heime hos Nils Bjørnson. Knut Ormson heldt vakt ved presten sine hestar og vogn slik at dei ikkje skulle bli stolne av indianarar. I 1850-åra hadde Winnebago-indianarane sommarleiren sin i Lindina, aust for det norske samfunnet.

 

Etterkvart vart heile den norske busetnaden i det sørlege Juneau county kjent under namnet Suldal. Einer haugen skreiv i 1952: «Eit lite settlement innan trekanten forma av landsbyane Elroy, Mauston og New Lisbon. Plymouth kyrkje, 5 miles vest for Mauston, vert til dagleg kalla Suldal, sidan den store majoriteten av kyrkjelyden kjem herfrå. Andre dialektar tykkjest å ha blitt utradert av denne. Dei yngste medlemene snakkar ikkje norsk, men i dei eldre generasjonane er det mange som gjer det. Det er 8 lutherske menighetar i området, fordelte på tre pastorar, svært få norske gudstenester blir haldne nå. Det har vore mykje inngifte med tyskarar som bur i nærleiken. Korn og tobakk er det viktigaste jordbruksvarene.» (The Norwegian Language in America vol. 2, s. 611-12).

 

Nokre fleire familiar kom til Lindina på 1850-talet: 1852 – Gunder johnson Bråtveit med familie; 1855 – Gabriel Oddson Tornes, Lars Olson Austarå med familie; 1857 – Askild Jacobson Mokleiv med familie; 1858 – Gabriel Johnson Lunde med familie.

 

Under borgarkrigen kom eit stort tal Suldals-familiar til Juneau county. Av desse kan nemnast: 1860-1 – John Johnson Lunde med familie; 1861 – Gabriel Haavorson Veka med familie, Ole Nelson Kleiva med familie, Bjedne Eivindson Austarå med familie; 1863 – Ole Halvorson Kolbeinstveit med familie, og Marta Nelson.

 

I 1864 leia Lars Bakken Guggedal, ein tidlegare skulelærar, eit følgje på 50 personar frå Suldal. han var ein altmulegmann, flink til å dikta og med eit godt humør. Delar av songar han skreiv kunne framleis høyrast i Suldal i 1908. Mellom følgjet finn me Lars Osmundson Guggedal med familie, Halvor halvorson Steinbru, Tormod Albertson Øystad Hauen med familie, Albert Johnson Kjetilstad, Ole Halvorson kalhagen, Lars Thorson Mokleiv med familie, enke Kari Nelson med familie, Nels Olson, enke Ingeborg Ormson, Odd Oddson Stuv, Osmund Vintrehus, Bjedne Vinterhus med familie. Dei kom med båten (båtane?) Hebe og Iris til Quebec og reiste derfrå til Chicago. Dei slo seg ned i Juneau i juni 1864.

 

Andre emigrantar var: 1867 – Tjerand Paulson Kolbeinstveit med familie; 1868 – Johannes Ormson med familie; 1869 – Albert Larson Lofthus med familie, og Lars Lofthus.

 

I 1872 forlot Kari Tjerandsdtr. Overskeid, enka etter Lars Albertson Moe, Suldal og slo seg ned i Elroy. Saman med sønene Tjerand, Lars og Ole, dreiv ho butikk i Elroy, og var også agentar for ei immigransjonslinje. mange i Juneau kjøpte billettar hjå Kari og sende dei heim til slektningar i Suldal. Når desse så kom over, var det naturleg å ta seg inn på rom hjå Kari. Moe-heimen i Elroy vart difor litt av eit senter for immigrantane frå Suldal den siste delen av førre hundreåret.

 

Knut kom til Elroy omkring februar 1882, broren Peter budde der. Etterkvart vart han kontormann ved Edmund Hart sin butikk. Han budde på Norwestern Railways Hotel eit år, der han delte rom med skulelærarern William T. Ager. Etter å ha lært engelsk, begynte Knut å halda foredrag om Bjørnstjerne Bjørnson, og vart ein fiende til presten, M.P. Ruh. Ruh åtvara folk mot å gå på desse foredraga, ettersom det vart opfatta som ei støtte til Bjørnson sitt åtak på kristendommen og den etablerte kyrkja. I 1883 flytte knut til Minnesota.

 

Gunder Johnson Braatvedt vart beskriven som ein innflytelsesrik mann kalla den norske kongen, patriark og filosof. Omgjengeleg og flink til å snakka for seg, vart han også ein dyktig advokat for nykomarar. På den tid var det vanleg å setja opp ei sjappe der det vart servert gratis whiskey når det nærma seg val. Gunder og hans folk nekta å ta del i slikt. -Me vil drikka whiskey og røykja sigar, men me vil stemma som me vil, er eit sitat som ofte vart nytta etter han.

 

I 1890 åra art det etablert ein ostefabrikk, ei mølle (feed mill), ein butikk og eit postkontor. Namnet Suldal kom når ein skulle finna namn til postkontoret. Då dei ikkje kunne bli samde om namn som Felland eller Moe, føreslo pastor C. Schrive «Suldal», og alle vart samde. Postkontoret eksisterte berre frå 1898 til 1901.

 

I dag lever Suldal-namnet vidare i Suldal Road og Suldal cemetery (kyrkjegard) i Lindina. Det seiest at Tilmer Roalkvam i Elroy var den siste som snakka den gamle suldalsdialekten.

pal