Kongens skatt på likkister av eik og avlidne i Suldal 1718-1720

Litt om kjeldestoda for persondata i Suldal på 1700-talet

 

Av Ernst Berge Drange

 

I Suldal sokn er ein i den stoda at ein ikkje har kyrkjebøker lenger tilbake enn til 1778. Dette er til dømes 80 år seinare enn kyrkjebøkene for Jelsa (med Sand annekssokn). Dei tek til midt på 1690-talet. Hjelmeland har elles heller ikkje særleg gamle kyrkjebøker, den eldste boka frå 1760. I Sauda er det som i Suldal, for Sauda var annekssokn under Suldal på denne tida.

 

Jamvel om ein vantar kyrkjebokopplysningar frå Suldal for store delar av 1700-talet, er ein likevel godt dekt med persondata. Vi har folketeljinga 1801, vi har det såkalla sjeleregisteret av 1758 og vi har ekstraskattemanntala på 1760-talet. Teljingane 1758 og 1801 tek med både kvinner og menn, unge og gamle. Folketeljinga 1801 er den første landsomfattande teljinga der alle innbyggjarane er skrivne ned med namn, alder og yrke. Teljinga er i dag mellom anna tilgjengeleg internett. Sjeleregisteret 1758 er ei Rogalandsteljing. Ekstraskattemanntala på 1760-talet tek berre med personar over 12 år.

 

I tillegg til dei nemnde kjeldene finst det mykje persondata frå Suldal i skiftematerialet, som elles i Ryfylke, jamvel om der er protokollar som har gått tapt. Og ein har tingbøker og andre kjelder.

 

Frå byrjinga av 1700-talet finst det eit landsomfattande manntal, nemleg frå 1701. Dette er likevel eit manntal, der berre karane er med, men frå spebarn til olding. Det same gjeld dei 3 manntala åra 1664-66 (om ikkje alle like fullstendige).

Dei eldre kyrkjebøkene for Suldal strauk med då husa på prestegarden brann ned til grunnen i 1774, heiter det. No manglar det likevel òg kyrkjebokdata for åra frå 1774-77. Og presten Qvale, som kom til Suldal i 1778, gjorde berre jobben sin skikkeleg dei første 2-3 åra. Deretter kjem det ein lakune (hol) i innførslene like fram til 1789. Men frå då av har ein ei ubroten kyrkjebokrekkje for Suldal sokn fram til i dag.

 

Ekstraskattar under Den store nordiske krigen (1710-20)

Den store nordiske krigen ca. 1710-20 førte til utskriving av ei rekkje med ekstraskattar. Det var den kjende ”skoskatten” 1711, som var ein eingangsskatt på skotøy, parykkar, fontanger (hodepynt for kvinner), karosser (ein firehjult kalesjevogn), chaiser (tohjult kalesjevogn) og karjolar, og like eins på løna til tenestefolk. Bøndene i Noreg hadde saktens sko, og dei hadde tenestefolk. Dei andre skattbare kategoriane var det mindre av.

 

Gjennom skattelistene for ”skoskatten” 1711 får ein identifisert hushalda, for ein stor del òg husmannshushalda, ein får namn på hovudpersonen og ein får summert opp hustruer, born og tenestefolk (og deira løn).

 

I 1712, og nokre få år frametter, vart den såkalla dagskatten krav inn, der kvar by og kvart landdistrikt skulle yta ein viss sum kvar dag. Denne skatten vart avløyst av ”krigsstyren”, altså ein krigsskatt. Desse skattane vart likna på formuen, og gjev oss såleis høve til å vurdera dei økonomiske tilhøva i eit prestegjeld, med både kven som sto seg godt og kven som sto seg dårleg.

 

Det var òg skatt på kyrkjene nokre år. Så er det at det i slutten av perioden kjem forordning om ein ekstraskatt på dei som vart gravlagde i eiketrekister. Den skal vi koma attende til.

 

Det kan òg nemnast at når kyrkjene vart selde på auksjon til privatpersonar på 1720-talet, hadde det bakgrunn i statens dårlege økonomi etter Den store nordiske krigen.

 

”Likkisteskatten” 1718-20

Kva har Den store nordiske krigen med kjeldestoda for persondata i Suldal å gjera?

Det er nemnt at det på slutten av den nordiske krigen – nemleg åra 1718-1720 – vart kravd inn ein skatt på dei som vart gravlagde i eiketrekister. Dette skulle visa seg å verta ein skatt med ein høg sosial profil. Vanlege folk la nemleg ikkje dei døde i eiketrekister, men i furukister.

 

Det forordninga førte til i Ryfylke var såleis ekstraarbeid for prestane – det var dei som skulle produsera bakgrunnsdokumentasjonen for futen – og ikkje noko i kongen si kasse. Det heile må helst ha gått i minus.

Somme av prestane sende inn fullstendige lister over dei døde. Andre skreiv berre ein attest, slik som Hjelmelandspresten Peder Sørensen nyttårsaftan i 1718:

 

”Hvad mit Anbetroede Hielmelands Prestegield angaar, da er ingen af de Lig, som i dette Aar 1718 ere her begrafne, nedsatte udj Eege Liig Kister, men allene udj fyrrekister, saasom her boer udj dette Prestegield ingen andre end Bønder, som lader deris døde begrave udj fyrrekister”.

 

Eller som Jelsapresten M. Blix skreiv nyttårsaftan 1720: ”Af 32 Liig som udj Aar 1720 er nedensatte i Kirkegaarden udj Jelsøe Præstegield udj Ryefylke fogderie, ere ingen nedsatte udj Eege Ligkister”. Jelsapresten hadde likevel levert lister dei føregåande åra.

 

Suldalspresten, Jørgen Friis, tok seg derimot alle åra tid til å skriva inn person for person, med ein flott og tydeleg handskrift, og med opplysningar om den økonomiske stoda den avlidne var i.

 

Likkisteskatten gjev oss altså 3 år med fullstendige lister over døde i Suldal, noko som er det einaste ein har før 1778. Hallvard M. Hoftun har nytta desse listene i sine bøker, men ikkje heilt systematisk, virkar det som. I alle høve er det fleire av namna som vantar i ”Gamle Suldal, gards- og ættesoge”.

 

I det fylgjande har eg teke med dei fullstendige dødslistene slik Jørgen Friis presenterer dei til oss. Så kan ein kvar sjå for seg om ein finn nye interessante data for eigen slekt eller nye folk på eigen gard i Suldal.

Listene ligg i futerekneskapa for Ryfylke på Riksarkivet i Oslo.

 

Lista over døde 1718 – i sin heilskap

 

”En General Extract forfattet ofver Dem, som udi Soledalls Præstekald ere begrafne och nedsatte udi furrekister siden Deris Kongl. Mayt.s. allernaadigste forordning er bleven publiceret.

 

Soledahls Sogn!

 

Februarij Maanet. d. 20 Februarij er nedsat udi furrekiste et Drengebarn Ved Nafn Lars Michelsøn Berioren, En dag och 12 timer gammel, Faderen en fattig gaarde Mand!

 

Martij Maanet.    d. 13 Martij er nedsat udi furrekiste et døedføed drengebarn af Førreland, Faderen Knud Olsøn en fattig gaarde Mand!

Iligemaade er nedsat udi furrekiste samme dag et døedføed drengebarn af Braatved, Faderen Halle Nielsøn, En fattig gaarde Mand!

 

May Maanet. d.22 Maij er nedsat udi furrekiste een gammel Mand Ved Nafn Amun Torchelsøn Ulledahl 63 aar gammel, En fattig Huus Mand!

Iligemaade er nedsat udi furrekiste samme dag en Qvinde Ved Nafn Ingebor Olsdatt. Gudethun 80 aar gammel, En fattig Enche!

 

Juli Maanet. d. 3 Julij er nedsat udi furrekiste ete Pigebarn Ved nafn Siri Sumjis Datter VorVig 8 Uger och 5 dage gammel, Faderen en gaarde Mand!

Augusti Maanet. d. 14 Augusti er nedsat udi furrekiste et Drengebarn Ved Nafn Tormo Nielsøn Straabe 14 dage gammel, Faderen een fattig gaarde Mand!

 

Septembr. Maanet. d. 4 Septembr er nedsat udi furrekiste et Pigebarn Ved Nafn Birrethe Pedersdatt. Rithland 8 dage gammel, Faderen en bethler!

 

Novembr. Maanet. d. 13 Novembr. er nedsat udi furrekiste en Qvinde Ved Nafn Karen Simensdatt. Gadland 91 (?) aar gammel, En fattig HussMands Enche!

Iligemaade er nedsat udi furrekiste samme dag en fattig Pige Ved Nafn Anne Aanensdatter Lunde 76 aar gammel!

 

Søfdis Sogn!

 

Maij Maanet. d. 26 Maij er nedsat udi furrekiste en gaardeMands Qvinde Ved Nafn RandVei Clasdatter Bache 77 aar gammel!

Iligemaade er nedsat udi furrekiste samme dag et drengebarn Ved Nafn Ole Johannissøn Aabøe 13 dage gammel, Faderen en fattig gaardeMand!

 

Junij Maanet. d. 8 Junij er nedsat udi furrekiste et drengebarn Ved Nafn Abraham Nielsøn Breche 8 Uger och 5 dage gammel, Faderen er HussMand!

 

Septembr. Maanet. d. 11 Septbr. er nedsat udi furrekiste et Pigebarn Ved Nafn Lisbeth Mortensdatter Vinterhus, 14 dage gammel, faderen en fattig gaardeMand!

d. 25 Septbr. er nedsat udi furrekiste et Pigebarn Ved Nafn Barbro Amunsdatt. Hylland 6 dage gammel, Faderen en fattig gaardeMand!

 

Novembr. Maanet. d. 1 Novembr. er nedsat udi furrekiste et Pigebarn Ved Nafn Anne Andersdatter Stoershier 12 Uger gammel, Faderen en fattig huusMand!

 

Dette saa udi sandhed at befindis.

Soledahls Præstegaard d. 2 Decembr.

Ao 1718

test: Jørgen Friis.”

 

Lista over døde 1719

 

Lista i 1719 vert datert ”Soledahls Præstegaard 20. desember 1719”.

Berre namn og økonomisk stoda vert teke med direkte frå kjelda her. Forkortinga ”Sl.” tyder salig, slik at presten dette året plasserer alle sokneborna sine i himmelen, forutan at alle blir gravlagde i furukister. Dei 9 døde i Sauda sokn dette året blir ikkje tekne med i lista.

 

15. januar: ”En Sl. qvinde Ved Nafn Magle Aanensdatter Normorch 85 Aar gammel, En fattig husMands Enche!”

 

12. februar: ”et Sl. Pigebarn af Vadtzhus, som var døedføed, faderen er en gaardeMand!”

 

16. april: ”En Sl. qvinde Ved Nafn Eldri Aslachsdatter Stene 33 Aar gammel, Manden er een fattig gaardeMand!

 

16. april: ”et Sl. Drengebarn Ved Nafn Jon Østensøn Gudethun 1 Aar 3 dage gammel, Faderen er een fattig gaardeMand!”

 

21. april: ”en Sl. Mand Ved Nafn Biørn Torsøn Nedretvedene 30 Aar gammel, En fattig gaardeMand!”

”forbenefnte Sl. Biørn Torsøns qvinde Ved Navn Ingebor Hansdatter Nedre-Tveden 35 Aar gammel!”

”ofvenmelte dag en Sl. Mand Ved Nafn Siur Odsøn Berie 83 Aar gammel, En fattig husMand!

 

18. mai: ”et Sl. Pigebarn Ved Nafn Halgær Olsdatter Stenbroe 16 Uger gammel, faderen er en gaardeMand!”

 

4. juni: ”en Sl. qvinde Ved Nafn Gunnelle Navarsdatt: Qvæsta 72 Aar gammel, Manden er en fattig gaardeMand!”

”et Sl. Pigebarn ved Nafn Ragnelle Larsdatt. Klungtved 8te dage gammel, faderen er en fattig gaardeMand!”

”et Sl. Drengebarn Ved Nafn Niels Nielsøn Lunde 19 Uger och 1 dag gammel, faderen er en megit fattig gaardeMand!”

 

11. juni: ”en Sl. Mand Ved Nafn Aage Nielsøn Rithland 53 Aar gammel, En fattig gaardeMand!”

 

24. juni: ”en Sl. qvinde Ved Nafn Ingebor Michelsdatter Sørresta 73 Aar gammel, En fattig Enche!”

 

2. juli:    ”et Sl. Drengebarn Ved Nafn Jacob Michelsøn Berjoren 8te dage gammel, faderen en fattig gaardeMand!”

 

16. juli: ”en Sl. Mand Ved Nafn Daniel Larsøn Herrebache 80 Aar gammel, En fattig husMand!”

 

13. august: ”En Sl. qvinde Ved nafn Merrethe Gaudesdatt. Lunde 34 Aar gammel, Manden een megit fattig gaardeMand!”

”en Sl. Dreng Ved Nafn Truls Nielsøn Østeraae 7 aar gammel, faderen en fattig gaardeMand!”

”et Sl. Drengebarn Ved Nafn Gaude Narvesøn Lunde 1 dag gammel, faderen en megit fattig gaardeMand!”

”et Sl. Pigebarn Ved Nafn Anne Heljesdatter Roalqvam 8 Uger og 5 dage gammel, faderen er en megit fattig gaardeMand!”

 

29. september:     ”et Sl. Pigebarn Ved Nafn Ragnelle Pedersdatter Rithland 3 Uger gammel, faderen en fattig husMand!”

 

8. november: ”et Sl. Pigebarn Ved Nafn Ingebor Østensdatter Gudethun 3 Uger gammel, faderen er en gaardeMand!”

 

12. november: ”en Sl. Mand Ved Nafn Michel Torsøn Winterhuus 80 Aasr gammel, En fattig husMand!”

 

17. november: ”et Sl. Drengebarn Ved Nafn Hans Biørensøn Nedre-Tvedene 10 Maaneder gammel, faderen Var en fattig gaardeMand!”

 

19. november: ”en Sl. Mand Ved Nafn Jørgen Torbiørensøn Flodenæs 90 (Aar) gammel, En fattig husMand!”

 

Lista over døde i 1720

Lista over døde for 1720 er datert Suldal prestegard den 10. desember 1720. Jørgen Johannessen Friis sannar at alle er salige og at alle er gravlagde i furukister.

 

28. januar: ei kvinne, ”Ingebor Boddelsdatter Morch,”80 år gamal ”En fattig HuusMands Enche”.

 

23. mars:              ”Aase Tormosdatter Kiddelsta”, 89 år gamal, ”En fattig Enche”.

 

28. mars:              eit dødfødd ”Drengebarn af Avindskie” (Overskei), faren ein fattig gardmann.

 

1. april:  pige ”Marrethe Mikkelsdatter Ulledahl”17 år gamal, ”faderen en fattig gaardeMand”.

 

7. april:  ei kvinne ”Karen Andersdatter Hauen”, 76 år gamal, ”En fattig HussMands Qvinde”.

Same dag: ei kvinne ”Marrethe Osmundsdatter”, 31 år gamal, ”En fattig SoldaterQvinde”.

 

16. juni: ei kvinne ”Berrethe Nielsdatter Stene”, 75 år gamal, ”En fattig HuusMands Enche”.

Same dag: ei kvinne ”Torron Aavesdatter Gadland”, 30 år gamal, ”En fattig HussMands Qvinde” (altså Torunn Ovesdatter).

 

12. september:     drengebarn, ”Anders Andersen Foss”, 9 dagar gamal, faren ”en fattig gaardemand”.

 

20. oktober: kvinne ”Siri Knudsdatter Fisketiøn”, 76 år gamal, ”En HussMands Qvinde”.

 

24. november: kvinne ”Magnelle Mikkelsdatter Berjoren”, 76 år gamal, ”En fattig gaards Mands Qvinde”.

 

Sluttkommentar

 

Dei tre listene 1718-1720 gjev oss faktakunnskap om døde i Suldal dei aktuelle åra. Kva elles fortel dei om den sosiale og økonomiske stoda i prestegjeldet?

 

Vi kan først sjå på kommentaren ”fattig gaardemand”. Det kombinasjonen fattig og gårdmann fangar inn er ikkje anna enn normalhushaldet i soknet. Nemninga ”fattig” er relativ, og dekkjer altså ikkje anna enn den stoda dei vanlege hushalda i Suldal levde under. Og dei var ikkje fattige slik vi tenkjer det med ein gong. Dei greidde seg vanleg godt under normale omstende.

 

Det kan vi mellom anna skjøna når vi ser på dei gårdmennene som ikkje får knytta fattigomgrepet til seg. Dette har vore folk som sto seg noko over gjennomsnittet, økonomisk og materielt. Vi finn såleis at Sømjo Vårvik, omtala i 1718, ikkje var nokon fattig gårdmann. Far til det døde pikebarn på Vasshus i februar 1719 var heller ingen fattigmann. Hoftun skriv då òg (etter Albret Vashus) at Vasshus-mannen på denne tida (Tormod) ”vart den rikaste mannen i bygdi”.

 

Ola Steinbru, far til det 16 veker gamle barnet Hallgjer i 1719, må òg ha lege over gjennomsnittet i Suldal, økonomisk sett. Det same gjeld gjerne Øystein Gautun, som mista to born i 1719, Jon gravlagd 1 år og 3 dagar gamal den 16. april og Ingeborg, som vart 3 veker gamal (gravlagd 8. november). Men Øystein vert nemnd fattig i april, men ikkje i november.

 

Så var det altså òg gårdmenn i Suldal som må ha lege under gjennomsnittet, for ikkje å seia fattigdomsgrensa. Vi finn såleis at Marta Gautesdtr. Lunde, som var 34 år gamal då ho døydde i 1719, var kona til ein ”megit fattig gaardeMand!” Ho vart gravlagd same dag som den 1 dag gamle son deira, slik at ho truleg døydde i barsel.

 

Det må elles ha vore eit fattighushald til på Lunde på denne tida, for far til barnet Nils Nilsen Lunde, som døydde 19 veker og 1 dag gamal i 1919, vart òg nemnt mykje fattig. Så var det Helge Roalkvam, som presten òg rekna å liggja under normalstandarden. Det same ser vi om denne personen i Hoftun si gards- og ættesoge, der det heiter at Helge Mikkelsen Roalkvam i 1722 måtte seia frå seg garden ”formedelst armod og svaghed”. Han var altså ikkje berre fattig, men òg svak.

 

Langt under normalstoda finn vi far til barnet Brita eller Berta Ritland, som døydde 8 dagar gamal i september 1718. Om Peder Ritland heiter det nemleg at han var en ”bethler”, d.v.s. ein som tigga sitt brød. Men her gjeld det òg at vi må ta nemningane litt med ei klype salt. Dette var sikkert nok ein familie som måtte ha hjelp av andre innimellom, for å greia seg, men dei arbeidde nok òg for sitt brød. Det er nok same Peder Ritland som i 1719 vert nemnd som ”en fattig husMand”.

 

Med det er vi over til husmennene. Dei var alle ”fattige”. Dette fortel i det minste at dei alle økonomisk sett sto under normalstoda for ein gårdmann. Likevel må vi sjå føre oss ulike kategoriar husmenn, både dei som budde på husmannsplass og tidlegare gårdmenn som i ein seinare fase av livet sitt hadde ein leigebuarstatus. Husmannsomgrepet femna nemleg òg om innerstomgrepet, d.v.s. leigebuaren. Og vi må sjå føre oss at økonomien kunne variera òg i eit husmannshushald.

 

Til sist: Mange barn døydde heilt små, forutan at det var mange dødfødde. Ut frå desse listene kan ein såleis studera døyingsprosenten 1718-20, til dømes i høve til hundre år seinare.

 

Alt i alt er dødslistene 1718-20 – om det berre er snakk om 3 år – som ei lita gåva til lokalsoga i Suldal. Vi kan dessutan ha godt samvet når vi tenkjer slik, for det var berre presten det heile gjekk ut over. Ingen suldøler vart gravlagde i eiketrekister, og såleis var det ingen som måtte skatta ekstra av det.

 

Vi skulle likevel gjerne ha hatt kyrkjebøkene etter Jørgen Friis, for den del òg bøkene til dei seinare prestane utetter 1700-talet. Jørgen Friis hadde for sin del ei flott handskrift, og han må ha vore ein mann som gjorde grundig arbeid.

pal