Litt historikk

sogelag første styre

sogelag første styre

Glimt frå verksemda i Suldal Sogelag frå oppstarten i 1997.

 

Suldal Sogelag vart stifta 5/12 1997. 31 interesserte møtte fram på Ryfylkemuseet, og eit interimstyre med Eva Songe Paulsen, Øyvind R. Sand, Tor Inge Havrevoll og Rune Roalkvam vart etablert

 

Bildet viser det første ordinære styret i Suldal Sogelag som vart vald på det konstituerande årsmøtet 28/1 1998 (26 frammøtte) og var sett saman av (frå venstre) Øyvind R. Sand, Eva Songe Paulsen (leiar) og Trygve Halvorsen. Rune Roalkvam var varamann.

 

 

 

 

israelsneset 

Første tur i Sogelaget sin regi gjekk til Israelsneset i august 1998. 11 medlemer var med, og Trygve og Valborg Høivik viste rundt på gardsmuseet.

Begge foto: Rune Roalkvam

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

gamalt nr1_framside

  

«Gamalt frå Suldal» vart namnet på sogelaget sitt årshefte. Det kom første gong ut til jula 1999, var på 64 sider i A5-format og vart trykt i eit opplag på 400. Dette heftet er forlengst utseld og nå litt av eit samleobjekt.

 

Redaksjonen dei første åra var Rune Roalkvam (redaktør), Bjarte Skipevåg og Øyvind R. Sand. Etterkvart som ein fekk dreisen på det tekniske, sto Rune og Bjarte for redaksjonen. Rune var redaktør fram til 2009, då Bjarte tok over ansvaret. Sidan 2010 har Terje Bråtveit, Sand, vore med som ansvarleg for sogelaget sitt stadig veksande fotoarkiv.

 

I 2007 gjekk årsheftet over til nytt, kvadratisk format (same høgd som før). Opplaget dei siste åra har vore kring 1000. Av nokre utgåver har me rikeleg med restopplag, medan andre er utselde (nr 1, 7 og 8).

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

pal