Mellomkrigsåra

Av Trygve Halvorsen

 

Eit lite streiftog i tida til garvaren og bygdediktaren

                                               Theodor Halvorsen på Sand

 

Ei etterkrigskrise sette inn i landet frå hausten 1920 med prisfall og avsetningsvanskar. Fabrikkar sa opp folk, og bøndene var ille ute. Kommunar kom i knipe med sviktande skatteinntekter, og bankar braut saman fordi kundene ikkje greidde å betala renter og avdrag på lån.

 

Prisfall og avsetningsvanskar førte til stigande arbeidsløyse – med ei gradvis betring frå 1933 då den internasjonale etterspurnaden tok seg opp, og verdshandelen friskna til.

 

Dette kan stå som bakteppe for ”kvardagen” til garvaren og bygdediktaren Theodor Halvorsen (1867-1937).

 

Theodor voks opp i ein småkårsheim i Bakkjen på Sand, og skriv sjølv: «Før jeg blev konfirmeret tok jeg det arbeide jeg kunde faa. Efter konfirmationen prøvde jeg mig som baker, murerhaandlanger og gaardsdreng».

I 1885 finn vi han nemnd som snikkar. Dette året gifta han seg, berre 18 år gamal med Elen Ringhagen. Ho var fleire år eldre enn han. Så kom 4 born på rekkje og rad, men dei fleste kom først i andre ekteskapet. Då Elen døydde gifta Theodor seg nemleg opp att i 1898 med Inger Saunes, og dei fekk 10 born saman.

 

I 1887 fekk Theodor seg arbeid som garvardreng på garveriet til Lunde’n i Smørdalen. Noko ut på 1890-talet overtok han sjølv som garverimeister (styrar) fram til han i 1920, som han sjølv skriv ironisk, fekk «avsked paa graat papir».

Fabrikk-garveria tok større og større delar av marknaden, med bruk av kjemiske garvemidlar. Han var på slutten den einaste tilsette i verksemda, som avslutta garvinga i 1920.

I 1921 flytta familien frå garveriet i Smørdalen til nyinnkjøpt hus i Aslakbakkadn for 1700 kr.

 

”Siden jeg skrev sist i «Visergutten» er vi flyttet fra Smørdalen.

Lunde sluttet garveriet for ca. 2 år siden, og vi mistet dermed vort arbeide som vi hadde hatt i 33 år. Og nu i mai var det vi drog fra huset i Smørdalen hvor vi bodde i 26 år.

Nu bor vi ved Postveien ca. 40 m. fra bedehuset, omtrent på den tomten hvor Aslak Sand bodde i mange år. Vi kjøpte et hus av sagmester Ola Veka for kr. 1.700,- (1,5 etasje, 36 m2.)

Hr. Veka har bygget seg hus i Prestaåsen, hvor han har forpaktet 20-30 mål jord av prestagardens utmark.”

 

Han skriv og, ved eit anna høve, at sidan han slutta hos Lunde’n i 1920 «har det ikke blir stort noget av mit arbeide. Jeg har «lagt op», som vi sier», altså berre 54 år gamal. Nå ville han satsa på skrivinga, helselaus som han var av atsma.

 

”De’ e’ meste meinslegt atte Sauda seilar opp og teke luen av Sand som alltid har vore hovedstaden i Ryfylke.

Sand e’ ein fine plass og her e’ gildt å bu og folkje e’ bra nok, men her e’ forlite arbeidstrafikk og rørelse sålles. Me ønskjer ikje nåken storindustri elle’ nåke framifrå i nåken måte når berre her va’ arbeid for 20-30 mann så hadde det greitt seg lengje. Men de’ e’kje så greitt å få nåke til. Tiedne e’ vanskelege og de’ e’ sutamål å våga penger på nåken ting. De’ e’ så atte dei onge må ta seg ut, men de’ e’kje så beintfram for adle og de’ e’ heller ikkje greitt å få arbeid andre star.

De’ va’ gale me’ de’ teglverkje (brann ned i 1918 før det kom i drift) på Eide som ikkje kom i fart den gongen. De’ kan tenkjast atte de hadde skaffa Sand det arbeid me treng, men de’ e’ ei saga blott for lengje sida, så de’ aldreg e’ vert å prata om.

Kommunen vår står seg nok gott, men den feilar virkefelt og arbeidsmark. Her e’kje jord te rydja som den eige, og ikkje kan den kosta nåke utan om de’ almindelega, så me får gå her arbeidslause og suga på labben likså bjødn. Men de’ går vel ikkje gott i lengden spår eg, og me må frøkta for atte Sand går tebars og minkar i folketal for kvart år som går. De’ e’ meste sårt å tenkja på for oss så e’ fødde her og har butt her i heila vår leveti. Sand e’ for fine sta te å døy av mangel på næring. De’ vilde verta ei skam for dei som e’ fødde her og har butt her og har hatt si slekt her i hundreår å få veta atte Sand svalt ihel, om de’ før levde i velstand og va’ hovedstaden i Ryfylke.”

 

 

Theodor var småkårsmannen sin talsmann. Ei tid var han drivkrafta i «Sand upolitiske arbeider­forening». Og sosialist var han, men harsellerar over det i «Visergutten» alt sommeren etter at han har fått seg eige hus: «Her sitter jeg – socialisten? i min røde villa og ser ned paa kongeveien hvor mine politiske motstandere passerer revy for mit blik. Apropos – motstandere – jeg vet ikke. Jeg tænker for­resten vi har nogenlunde den samme politiske troesbekjendelse som samstaver med «Aftenbladets» konfession. Og «Stavanger Aftenblad» er vor tekstbok som vi læser baade kveld og morgen».

 

(”Visergutten” – mai 1924)

”Til min bror Lars sender vi alle vor bedste tak for de 30 som kom i mor sit brev. Hils Hilda og barna saa venleg fra os.

Bror Ingvald og Anna hilses venlig og tak for «money» til jul og ellers alt de har sendt os.

Det kommer saa vel med, for jeg tjener ingening. Det er guttene vore som arbeider og holder os oppe. Det er tungt nok, her har været lite arbeide og alt er dyrt det vi skal leve av”.

 

Det var helst poesien Theodor skreiv. Det meste av prosaen hans er det han skreiv frå Sand i den norsk-amerikanske avisa «Visergutten» i mellomkrigsåra. Der gav han mange flotte skildringar frå dagleglivet på strandstaden. Og Sands-miljøet i Amerika sette såpass pris på dette at det vart samla inn pengar til Sands-diktaren på Stavangerlaget sine stemne både i 1924 og 1926.

 

Eit par gamle arbeidsfolk – om livssituasjonen.

”Krafti øydest og modet minkar ——–  

men enno er det ei von som vinkar ———    

 

Livsvegen vaar har vore tung og full av kneikar. Me har stræva oss uppyver bakkane med tunge børar og mange tunge tankar, og vona at vegen vilde verta lettare og lempelegare aa fara. Men den eine voni etter den andre brast, og vegen er ikkje lettare aa vandra. No er det berre ei von igjen som vinkar—- Brest den og, so veit eg ikkje—Me er to, og 14 til. Dei har vore smaa, men no er dei store og mest vaksne alle – som me segjer –

Dei har vore friske, og dei har helsa. Og me har mykje aa takka Vaarherre fyre—— Men det er dette matstrævet som har tyngt og tyngjer, og vil mest tyna oss ned. Me har stytta kvarandre so godt me har kunna og drege i lasset Men no har det vore arbeidsløysa lenge og lite aa tena for dei som er unge. Eg er gamall og ring med helsa. Ho- venen min som vandra jamsides – kavar meir enn ho har krefter til for aa faa endane til aa rekkja ihop. Haaret hennar er alt pryda med mange graa sylvtraadar, og smiledraget i ansiktet har faat merke etter den tunge striden og alt strævet som har kvild og kviler paa henne. Det røyner på krafti, og modet minkar. Ja, kven kann undrast paa det. Kann du sjaa ei mor med ein heil krull med barn kring seg og som har lite av baade klær og mat. Lite aa bite og brenna som ein segjer. Kann du sjaa far og mor og den kjære barneflokken sitja dag ut og dag inn svoltne og venta paa aa faa metta seg – berre med turt brød -. Dei barneaugo gløymer eg aldri. Dei blanke bedande barneaugo grip meg i hjarta so graaten maa ut og taara renna.

Og ho mor, ho velsigna mor, som ofte tok smulen fraa seg sjølv og stakk han i barnemunnen. Kann du sjaa denne kjærleiken, og gløyma kva ho mor har ofra? Nei, det kann du ikkje, er so du faar klaart syn aa sjaa med.”

 

 

Tronge tider, men livet gjekk vidare.

 


Jul 1933.

No er det jul i stova

Aa tra la, lal la la!

Og barna får ei gåva

og vert so sjeleglad.

Sjå augo koss dei strålar

og hjarteglansen måler

Aa hei aa hipp, hurra!

 

No er det jul i stova

for gamle far og mor

som jamt må gå og tråva

og slita gamle skor.

No er det jul og gleda

og dei har lyst å kveda

um fred på denne jord.

 

No er det jul i stova

og fuglen syng ti titt!

Der burti – attum nova

hekk julebandet mitt.

Og nissefar får grauten

Den karen er ’kje nauten

-veit han skal hava sitt.

  

 

             1934

Godt nytår då folk – –

Og er ein spåmann og tolk

for tid og for tankar

og hjarta som bankar –

for arbeid og liv

med’ jordkula sviv.

 

Vel møtt då kvar ein –

so rydjer me teigen for stein.

Og veltar um torva –

so sår me og horvar

og putlar og grev.

Og hugnad det gjev.

 

Me løni vil få –

ja, berre heng i, skal di sjå!

Det veks og det mognar

so frukti ho bognar.

Me får det me treng

på åker og eng.

 

Set hjula i sving –

for og’ og for nyttige ting,

som skaffar oss maten

og lukka og baten,

for samfund og meg

når saman me dreg.

 

***

 

På vegen Eide, til staden Sand,

det er naudsynt å hala.

Dei har no starta med 13 mann,

og dei er svere til å bala.

Dei lever enno på kreditt –

men gutar, vent no berre litt,

so skal me tena slantar.

 

Det skreiv Theodor i avisa i 1935. Då hadde kommunen løyvd 2000 kr. og banken 3000 slik at nokre av dei arbeidslause skulle få noko å gjera.

pal