Om Hylen og Våge frå gammal tid

Av Eldar Myhre

 

Før bilvegen kom, var Hylen lenge ein liten og noko avgøymd plass. Det var
lang veg til naboar og langt til næraste rutebåt. Men før rutebilvegane og
dampskipsselskapa si tid var denne vesle plassen knutepunkt for ferdavegane
austover med stor handel. Her kunne ein høyre målet til teler og setesdølar,
ja heller ikkje hallingmål og utanlandske mål var uvanleg. Det var lettast å
ferdast over vatn når ein skulle frakta varer før motoren si tid. Og då
gjekk det med båt over Suldalsvatnet til Våge for kortaste landvegen ned til
Hylen og på ny med båt vidare. Eid kalla ein frå eldgamle tider landet med
slike overgangar langs ferdslevegane. Namnet finn me særleg der ferdsla
gjekk frå ein vassveg til ein annan, eller der ein måtte forbi ein foss. I
1997 ga Arkeologisk Museum i Stavanger ut ei bok av stadnamngranskaren
Tryggve Bakka som heiter «Stadnamn, vegar og verksemd i Dyraheia». Her dreg
Bakka fram mange namn i Suldal som Eide på Sand og Vidvei. Vidvei var
hovedvegen frå Suldalen til sjøen då lendet nedafor Foss var lite farbart.
Bakka går imot tydinga «det lange eidet» i motsetnad til det stutte frå Våge
til Hylen. Denne vegen har aldri vore kalla eid, seier han. Ja, mon det.

 

Hylen vart øydegard ein gong etter Svartedauden. Garden er ikkje nemnt i
skattelista i 1567 då så mange andre øydegardar er nemnt. Men om det var
gardsdrift eller ikkje, geografien var den same likevel og for ferdsel og
handel må vegen frå Våge til Hylen vore sentral og i øydetida. I Sand I
skriv Ernst Drange om dei problema skrivarane hadde då dei førte Hylen i
listene sine frå 1603. Namnet vart skrive ulikt som t.d. Hylsbotten. Drange
seier og at husa på garden før låg høgare oppe i dalen, kan hende ½ km frå
fjorden. Gardane på nordsida av Hylsfjorden høyrde før til Sauda skipreie,
men Sand sokn. Gardane på sørsida låg til Suldal skipreie og Vinja sokn,
medan Sandsbygda låg til Jelsa skipreie. Dei  nord for fjorden som hadde
strandteigar på sørsida, måtte skatta for desse til gamle Suldal kommune
heilt opp til ny tid. Hylen ligg i skjæringspunktet mellom alle desse
grensene.

 

Første gong me får greie på kven som eig Hylen, er i odelsskattelista for
1617. Då er det borgarmeister i Stavanger seinast frå 1588, Kristen Nilsson,
som eig Hyllen med landskyld ½ laup smør. Dette er til dømes mindre enn 10%
av det Lunde og Veka var verdsett til. Denne vesle garden er den einaste
borgarmeisteren eig. Me må tru at det var handelen og ikkje garden
borgarmeisteren var ute etter. Hylen er i odelslista ført under Suldal
skipreie, medan leiglendingen er ført under Sauda skipreie. I 1624 har me ei
anna odelsliste, denne gong ført på personar. Ingen i Ryfylke eig i Hylen.
Men i lista for byborgarar i Stavanger finn me noko av interesse. Kristen
Nilsson døydde like etter 1617. Enka vart gift med Paul Knutson som før
hadde vore dreng hos lensherren. Han vart seinare borgarmeister. Han
forpakta Sand laksefiske, og flytta seinare til garden Sand.

 

Den einaste gard Paul er førd med i 1624 er «Duerseid i Suldal» med ½ laup
smør. Me veit at denne Paul Knutson fekk Hylen med enka, men ingen gard
Hylen er ført i 1624. Same året stemner Paul Knutson Tjerand Bjerga for
tinget. Indre Bjerga hadde ein teig langt inne på sørsida av Hylsfjorden,
truleg kalla Ommundsteigen etter far til Tjerand. Paul seier at Tjerand har
tatt seg til rette med ein skogteig som ligg ved «Duerseid» som Paul har
retten til. Tjerand viser til eit brev frå 1595 som gjer han rett til «en
skove teig hos duerseid effter sin fader Omund Bierge Klingssen» og at det
gjekk skiftesteinar mellom hans skogteig og Paul Knutson sitt. Paul Knutson
la fram fleire gamle brev, mellom anna eit som talte «ochsaa om schifte hvor
vidt Duerseid sig billigen bør at strekke». Saka gjekk til synfaring då
sjølv dei lokale tingmennene var usikre på kva som var rett.

 

Nå veit me at seinare er det Hylen som grenser til Ommundsteigen. Ut frå
dette må «Duerseid» vera eit eldre namn på garden Hylen, eller det har vore
to gardar her som vart øyde og så slegne saman i øydetida. I Sand I har
Drange tolka rettstvisten slik at «Duerseid» er namnet på Ommundsteigen.
Paul Knutson sin gard «Duerseid» i Suldal var på ½ laup – nett det same som
Hylen. Ut frå rettsboka kallar ikkje Tjerand Bjerga sin teig for «duerseid»,
men ein skogateig «hos duerseid».  Namnet må visa til eidet frå Våge til
Hylsfjorden.

 

Kva tyder så namnet ? Me har berre den gamle skriftlege forma, i talemålet
er ordet borte. Drange har tolka det til Dyrseid. Dette kan vera rett, men
det kan tolkast annleis. Kring 1430 laga erkebiskop Aslak Bolt ei jordebok.
Denne er nå gitt ut på ny. I forordet viser Jon Gunnar Jørgensen til ein
gard i Orkdal som er skriven Duerdalum – då øydegard – som seinare er kjent
som Tverdal. Jørgensen peiker på at språkforma her har rot i den gamle
norske th-lyden, og at dette ut frå språkutviklinga må førast tilbake til
tidlig 1300 eller før då denne lyden endra seg i norsk. Kan Paul Knutson
sine brev vore så gamle?

 

Paul Knutson er nygifta til gods og gardar han sjøl ikkje kjenner. Han held
seg til teksten i dei breva han har og han går rettens veg for å finna kor
langt desse breva rekk. I 1624 fører han også sak om skatteinntekter av
Dirdal som var kongeleg forleningsgods. Han legg då fram gamle brev om
Dirdal. Dette er nok kongebrev frå 1584 då Kristen Nilsson med hustru
Katrine Berntsdtr fekk bruka Dirdal, og frå 1607 då borgarmeister Kristen
Nilsson, nå med hustru Anna Hansdtr, på ny fekk stadfesta dette. Paul tapte
saka då Dirdal sidan var gitt til andre. Likevel sit han sidan med Dirdal i
len frå sjølve kongen i København.

 

Me har fleire døme på at bønder kunne prova rettane sine med hjelp av
eldgamle brev. Det syner tvister om eigedomskrav som Domkyrkja satte fram i
1666 ut frå dokument heilt frå 1319. Vidare vil det vel og vera slik at om
eigaren sit langt borte frå garden, så held dei seg til teksten i breva sine
og ikkje til lokale namneendringar. Dette har me fleire døme på.  I så fall
har Hylen før vore kalla Dverseid (=Tverseid?) og kan ha vore eigd av folk
utanom bygda i lang tid. Garden har høyrt til Suldal og ikkje Sauda skipreie
slik det blei sidan. Eg håper at språkforskarar kan sjå nærare på kva dette
namnet kan tyda, og om namna Duerseid og Vidvei heng saman med kvarandre.

Eit anna tilhøve som peiker i retning av at handelsvegen frå Hylen har hatt
stor interesse også i øydetida, finn me i Våge. Denne garden var i 1649
skyldsett til meir enn det doble av Hylen. Likevel finn me han ikkje nemnt i
1567, og heller ikkje i odelslista i 1617. I 1624 sit Stavanger-borgaren Jon
Villumson i Stavanger med ½ laup 6mark i Våge. Nils Osmundson Århus frå
Guggedal eig resten, ½ laup smør. Dei 6mark mark Jon eig meir i Våge enn
Nils, er truleg øydegarden Kjorteig under Våge. Nils flytta sidan til Våge.
Jon eig partar i 3 andre gardar i Suldal, og dei har han fått med kona si
frå Hogganvik. Jon sjøl kom frå ein av dei fremste borgar-familiar i
Stavanger på 1500-talet.

 

Odd Sevatson Fevoll i Hjelmeland er nemnd 1519-47. I fleire brev er han
nemnd arving til Foss-gods. Riksantikvar Asgaut Steinnes har skrive fleire
grundige artiklar om Odd Fevoll. Han trur Odd var son til Sevat Øysteinson
som er nemnd lagrettemann i Suldal før 1500, og at han igjen kom til Suldal
frå Hallingdal. ( Ætt og Heim 1951). I skiftet etter Odd er nemnd 1/6 laup i
Våge. Kona til Jon Villomson, Magdalena Larsdatter frå Hogganvik, var ein
arving etter Odd Fevoll. Då Våge vart rydda på ny, har vel landskylda vorte
sett opp, og det er nok slik Jon eig halve Våge. Bror til Jon, Øystein
Villomson, dreiv og handelsverksemd i Hylsfjorden. Mellom anna dreiv han ei
tid Lingvong sag. Same saga hadde Kristen Nilsson før. Den «Anna
borgarmeisters» som dreiv to sager på Lingvong i 1613, er nok kona til
Kristen. Også ho kom frå ein av dei store borgarfamiliane i Stavanger.

 

Til sist nokre ord om slektsforholda til dei fyrste folka i Hylen og Våge. I
Hylen bur Anders og Håkon skreddar. Håkon som var «barnefød i Gottenburg»
budde og i Bråtveit. Ut frå ei sak dei fører saman i 1652 mot Rasmus
Austreim i Skjold om odelsgods i Matre i Skånevik, meiner Drange dei er
svograr. Dette er nok rett, men slektskapet går ikkje om Jon Hylen. Det må
vera  slik at dei er gift med to søstre frå Fisketjønn. I 1624 er det berre
ein mann i heile Indre Ryfylke som eig i Matre, og det er Askjell
Fisketjønn. Her er han leiglending og har bygsla av odelsfolket på Vadla i
Jøsenfjorden. Askjell er på Fisketjønn når listene tek til i 1603, men har
før budd i 15 år i Ulladalen. Dottera Astrid og mannen blei igjen i Ulladal
då han for til Suldal. I 1616 stakk ei anna dotter av med kjærasten sin, men
kom att. Kan hende var det ei av konene i Hylen. Kring Matre var Askjell eit
vanleg namn på denne tida, så godset her kjem nok frå Askjell sjølv.

 

I Gamle Suldal heiter det at Nils Våge truleg var gift med ei dotter frå
Guggedal. Denne slutninga kjem av at 3 av sønene til Nils bur på Guggedal
etter at Nils er død. Men dei er hos farbror sin, ikkje morbror. Tormod
Guggedal og Nils Våge er brør, søner av Osmund og Karen Guggedal. I 1591 var
Osmund Guggedal den einaste suldøl som blei valgt å reisa til Oslo for å
hylla den nye kongen. Han brukte Guggedal, Århus, Sandvik og Mostøl til han
døydde, truleg i 1606. Nils Osmundson bur fyrst på Århus som mora let opp
for han. Mora avsto fyrst Guggedal til sonen Lars, dernest til sonen Tormod.
1628 bytter så Nils gard med Tormod Nilsson i Våge. Det ser ut til at dei to
er i nær slekt og at slekta til Tormod Våge/Århus sat på Bråtveit og
Vetrhus. Eg tek med nokre saker frå tingboka som provar dette.

 

1627 er det markeskifte om Mostøl. Mikkel Bråtveit sa at Mostøl låg under
deira øydegard Håvarstøl. Nils Århus seier at han ikkje bruker meir enn
foreldra hans brukte før han. 1634 stemner Tormod, Mogens, Nils og Lars
Osmundsøner Jon Jakobson Odland i Røldal for eit slagsmål han for «rom tid
siden hadde med deres salige bror ved Naffn Lauriz Aamundsøn der han boed i
Suldall». Jon Odland sa at han var blitt forlikt med bror deira og skaut
saka til sitt eige verneting i Røldal. 1617 stemner Lars Bråtveit (skal vera
Guggedal) Jon Vetrhus «for en schade han giort hannem medt en øxe udi Jons
eget huuss, och scheede udi juell nest forleden. Birgitte Pedersdtr
proffuide, at hun hoss var, oc prouffiede at Laurits narride Joenn och
sagde, at hand var icke mand for sin koene och hadde icke betald sine
schylder. Da sagde Joenn: Du haffuer icke helder betald dine. Dertil svarede
Laurits: Du liuffuer som en schelm. Der effter stod hand och søgte Joens
schegh, kom saa paa gulffuit, der fick Joen øxe och giorde hannom samme
schade och(?) Guri Aanonsdatter proffuidde lige efter samme meningh sagen
sig at haffue thildragid».

 

Jon på Vetrhus var den same som sidan kom til Røldal. Etter dette skulle det
vera klart at Tormod Guggedal og Nils Våge er brør. Broren Mons finn me på
Bratland. Eg veit ikkje kvar den andre broren Lars budde. 

 

I 1617 er Ingemund Bakke odelseigar på Bråtveit. Han bur på Bokko, nå ein
del av Odda tettstad. Naboen hans var Samson Tokheim. Samson var gift med
Sigrid Saksbjørndatter frå Bakka i Kvilldal. Føremannen til Ingemund på
Bokko heitte Tormod. Samstundes som  Tormod blir borte frå Bokko, dukkar
Tormod Nilsson opp på Våge etter at far hans, gamle Nils Våge er død.
Samstundes som Ingemund blir borte frå Bokko, dukkar Ingemund Nilsson opp på
Vetrhus. Sidan flytter Ingemund inn på Bråtveit og eig i denne garden som
gammal mann i 1661. Eg er ikkje i tvil om at det er dei same folka, og at
dei er brør frå Våge. Den fyrste mannen eg har funne på Vetrhus, heitte
Torbjørn Nilsson. Han er nemnd i eit brev frå 1601 då han selde hest til
folk i Setesdal. Han er nok den same Torbjørn Nilsson som i 1603 er på Veka.
Truleg er jamvel han ein bror frå Våge. Er dette rett, er faren Nils den
same som me frå andre kjelder veit budde på Fatland og Austrheim i Sauda før
1600.

 

Før 1603 er dei historiske kjeldene få. Men ut frå denne skuggeheimen kjem
det fram at dei fremste handelsborgarane i Stavanger ikkje berre driv
handel, men er og eigarar på knutepunkta Hylen og Våge. Odelen i Hylen går
heilt tilbake til ei tid då garden heitte «Duerseid». Dei andre eigarane
finn me i Bråtveit-grenda der ei hovedferdselsåre gjekk austover. Folk frå
Bråtveit-grenda set seg til på Våge og Hylen. Dei flytter og gifter seg
ikkje berre fram og tilbake over vatnet, men og til andre knutepunkt på
handelsvegane over fjellet slik som Odda i botnen av Sørfjorden. Øvre Suldal
må i det heile hatt brei kontakt over fjellvegane. Kring 1600 veit me lite
om bygdefolket. Men mellom dei det finst opplysninger om, er det mange på
gardane rundt Suldalsvatnet som var inngifta frå og til Hardanger, Røldal,
Telemark og Setesdal. Handelen over Hylen er truleg eldgammal. Skinn var til
alle tider ei verdifull vare. Fram til om lag 1400 var det ei omfattande
jernutvinning nær Hovden i Setesdal. Jernet har truleg gått om Hylen.
Sambandet mellom lokale storfolk og handelsborgarane har nok røter langt
tilbake i middelalderen.  

pal