Om oss

Vi er Suldal Sogelag

5. desember 1997 samla 23 gjæve menn og åtte staute kvinner seg på Nesasjøhuset og stifta Suldal Sogelag.

Møtet valde eit interimsstyre med Eva Songe Paulsen (leiar), Rune Roalkvam (skrivar), Øyvind Rasmussen Sand og Tor
Inge Havrevoll.

Interim er eit fint ord som tyder mellombels, og mellombelet varde til 28. januar 1998. Då var det konstituerande
årsmøte, eit skipingsmøte med fastsetting av lover og val av fast styre. Det første ordinære styret var Eva Songe Paulsen(leiar),
Trygve Halvorsen(skrivar), Øyvind Rasmussen Sand(styremedlem), Rune Roalkvam(styremedlem). Michael Willig var med
som konsulent med omsyn til internett og dataprogram for slektsgransking. For sjølv om laget skulle arbeida med soga i mange ættledd
bakover i tida, var det viktig å kunna granskingsmetodane i nåtida.

Ei sak som var oppe på dette konstituerande årsmøtet, var spørsmålet om laget kunne makta å gje ut eit sogeskrift. Ei nemnd med
Rune Roalkvam, Øyvind Sand og Bjarte Skipevåg skulle sjå om det let seg gjera.  På eit seinare styremøte, 3. august -98,
bestemte styret at laget skulle satsa på å få til eit hefte på mellom 24 og 32 sider.

Det første årsskriftet, kalla Gamalt frå Suldal, kom før jul 1999, og redaksjonen, som var den same som
førebuingsnemnda, braut heldigvis alle rammer og laga eit skrift på 64 sider. Seinare har årsskriftet vakse og lagt på seg dugeleg
både når det gjeld sidetal og omfang. Og skriftet er blitt finare og finare, og gjævare og gildare er det både å få og å gje bort.

Litt skifte har det vore i redaksjonen. Bjarte og  Rune har vore drivkrefter heile sidan oppstarten medan Tore Thorsen og
Terje Bråtveit har kom med seinare. Alle desse er framleis med.

Forutan å gi ut årsskriftet driv sogelaget og med slektsgransking, stadnamninnsamling, digitalisering av gamle
fotografiar, møte og aktivitetar med ulike tema, turar og deltaking i større og mindre arrangement lokalt og over kommunegrenser.

Medlemstalet har auka jamt frå den spede starten fram til nå. På det første ordinære årsmøtet var det 18 innskrivne
medlemmer. I dag har laget 261 medlemmer.

I 2011 fekk sogelaget leige eit lokale i Gata 20 på Sand. Det vart opna 23. januar 2012 og fekk namnet «Mimrestova». Her
har laget si eiga kvilebu der ein kan setja seg ned å drøsa. Her er det og mogleg for alle å stikka innom for ein prat ,
kjøpa bøker laget sel av eigne produksjonar eller andre bøker kjøpt inn for vidaresal. (Skriva meir om kva me sel?)
I mimrestova er det kvart år ei fotoutstilling med lokalt tema.

Opningstider Mimrestova:
Kvar laurdag kl. 1000-1200

Styret:

Nestleiar:
Tina Laugaland Mikalsen
Stølane 49
4233 Erfjord
Tlf.:        98876714
E-post:  tinalaugalandmikalsen@gmail.com

Skrivar:
Torbjørg Tveita
Tveitasjøen 36
4235 Hebnes
Tlf.:        41616862
E-post: torbjorg.tveita@hotmail.com

Kasserar:
Dagfinn Eide Helland
Sandsbrauta 8
4230 Sand
Tlf.:        41266217
E-post:  dagfinn.helland@haugnett.no

Styremedlem:
Åge Lie                                 Husansvarleg
Eidsbakkane 15
4230 Sand
Tlf.:        47653752
E-post: agelie@start.no

Styremedlem:
Inger Apeland
Tjøstheimsvegen 50
4237 Suldalsosen
Tlf.: 95 10 54 24
E-post: Ingerapeland@hotmail.com

Varamedlem:
Odd Bakka
Suldalsvegen 4417
4244 Nesflaten
Tlf.:        48101168
E-post: