På lette barnefot

Barndomsminne frå Jelsa

 

Av Kristine Baustad

 

«Min barneheim under grøne lia,

der glad eg levde den første tida

Du var den flekken eg mest fekk kjær,

om ut eg vanka, du var meg nær»

(A. Vassbotn)

 

Eg fekk den gleda å veksa opp på Jelsa,

nærare bestemt «nerme sjøen». Ærverdige

Bjergsted, gamal gjestgjevar- og

handelstad, blei min barndomsheim. Far

kjøpte handelsplassen i 1920, og vi borna

kjende nok på at det låg mykje gamal

historie i veggene på Tjeltveit-huset (bygd

på 1600-talet). Far fortalde at bestestova

hadde vore tingstove i si tid, og at det blei

halde ting der i 1701. Også Gjest Bårdsen

var oppe til doms der, og han sat i kjellaren

heime, medan han venta på at saka hans

skulle koma opp.

Uti garden (gardsrommet) var det god plass

å boltra seg for oss ungane. I forlenginga

av «garden» ligg bestefarshuset. Bestefar,

Axel Olsen, hadde mykje spennande å

fortelja. Og så var han så flink til å syngja.

Han hadde sunge tenor i koret, dirigent var

lærar Medhus, og han song mange salmar

og viser dei hadde hatt i koret.

Også bestefarshuset er rikt på historie.

Bestefar fortalde at bestefar hans og far

hans var skyss-skaffarar. Dei hadde fleire

båtar, med og utan segl, og skyssa folk til

andre bygder og til byen! Den gamle

skysskaffar-journalen ligg ennå i huset, og

er svært interessant lesing. Bestefar var

herredskasserar i mange år, og seinare fekk

han telefonstasjon i huset.

Dette huset blir også kalla Brodersen-huset

eller enkesetet. Det har seg slik: Huset blei

bygt i 1787 til enka etter presten Brodersen.

Anna Marie Lent (seinare Brodersen) kom

til Jelsa som hushalderske for presten. Så

hende det ein dag at ho fekk friarbrev frå

Mandal. Sidan ho ikkje var skrivekunnig,

gjekk ho til presten og ba om hjelp. Ho ville

takka ja til frieriet. Men dagane gjekk, og

presten kom ikkje med noko brev. Så ein

dag fortalde han at han ikkje hadde fått til

noko brev. «Dette», sa han «tolker jeg som

Guds vilje at det er vi to som skal ha

hverandre». Og slik blei det.

Heime var det liv og røre frå morgon til

seine kveld. Far dreiv landhandel, bakeri

og dampskipsekspedisjon. Mor var der

alltid, med omsorg for alt og alle. Vi ungane

var ikkje i beit for å finna noko å gjera. Vi

fekk tome appelsinkassar og andre ting frå

butikken. Appelsinkassane var svært

gjæve, for dei var det hyller i. Så laga vi

leikehus i Hildrastranda i Sørneshagen eller

oppi neset. Då var ikkje Jelsamålet fint nok,

vi snakka bymål. Astrid, Eldrid, Svanhild

og eg leika mykje saman i leikehusa. I

hyllene hadde vi koppestell, skjøljar og fine

glasbrot. Tome hermetikkboksar var gryter.

Det mangla ikkje på «middagsmat» når vi

hadde sjøen så nær. Den finmaska grøne

taren blei kjøtdeig. Boblene i den brue taren

blei komler, og småstein blei poteter. Vi

knuste pannebrot og blanda med vatn. Det

blei kakao. Fantasien hadde ingen grenser!

Ein gong ga far oss ein svær, gammal

landgang. Oppå denne rigga vi til kafé.

Gutane segla med små trebåtar i stranda.

Dei var «til sjøs», men kom ofte på besøk

til kaféen.

Når veret var dårleg, flytta vi leikehuset

opp på skuddlemmen (loftet ovanom

vedaskuten). Der blei det svært koseleg

med brune jutesekkar på golvet.

I alle leikehusa hadde vi dokkene med. Dei

var av ulikt materiale: heile tøydokker,

tøydokker med celluloid-hovud og reine

celluloid-dokker.

Eg hugsar serleg ein søndag-ettermiddag.

Vi var mange ungar samla «nerme sjøen».

Bakom sjøhuset er det ein sement-platting.

Der ville vi leika sjukehus. Det blei

skikkeleg dramatisk. Far hjelpte oss, og vi

fekk låna mange store korger. Det blei

senger. Og så fekk vi låna dei to

sekketrallene (med jernhjul). Det blei

amulansar! Eg ser for meg gutane når dei

køyrde ambulansane som olja lyn!

«Pasientane måtte halda seg godt fast.

På varme sommardagar hadde vi pausar i

leikinga – Då var det bading! Med fine

sandstrender på begge sider av

dampskipskaien var det berre å hiva seg

uti! Den store meisterprøva var å symja

rundt kaien. Vi fekk lov å bada tre gonger

om dagen, og fire gonger i ekstra varmt

ver. Desse «gongene» varte svært lenge,

og det var ikkje lange stundene vi var på

land.

Elles samla vi ungane oss ofte på vegen

mellom Bestefarshuset og huset til Johan

Bakar. Vi kunne vera mange då, 20-30 stk.

Den eine leiken løyste den andre av: Vi

jeppa, slo ball og ikkje minst heldt vi «stela

stein». Vi var då to lag, og eit visst tal stein

låg i ein ring på kvar side av midtstreken.

Så galdt det om å vera brennande snar og

springa over til «fienden» og ta ein stein

med gongen utan å bli tatt.

Ein annan leik var «Andiane». Då var vi

også to lag som stod på kvar side av

banken. Vi hadde ein liten ball som blei

kasta over taket. I det vi heiv, ropa vi

«andi». Så prøvde det andre laget å ta hys.

Greidde dei det, ropa dei «andiane» og

sprang over på andre sida medan dei

prøvde å «stikka» nokon frå det andre laget.

Innimellom heldt vi gøymsle og tikken. Vi

jentene kunne hinka spel (paradis) i time

etter time. Og så veggball då! Det likte vi

veldig godt. Den beste plassen for veggball

var bankaltanen. Der var stor, slett

murvegg. Vi hadde 5-spelet og byspelet

m.m. Ein del av desse spela var nokså

avanserte, og ballen måtte ikkje koma i

golvet!

Vi hadde også ein jente-songleik med

mange vers, «Det kom en pike gående».

Så var det også meir vanlege songleikar

som «Bro, bro brille», «Slå på ringen» og

«Hvaskan» (Tyven, tyven).

Elles hadde vi stor glede av gamle

tønneband og omnsringar. Vi hadde ein stor

kjepp med ein kraftig spiker i enden. Med

denne stokken skulle vi «føra

singlebandet» slik at det ikkje datt ned.

Dette var å singla.

På skulen var det også stor aktivitet.

Læraren vår, Fridtjof Gullakson, var flink

å finna på leikar. Når vi slo ball, galdt det å

få dei gutane som slo lengst på laget sitt.

Dei kunne slå så langt at vi som stod på

rotta kunne springa både ut og inn igjen på

same slaget.

Svært ofte hadde vi ein leik vi kalla

«Mannfok». Då stod alle så nær som ein

på ei rekkje, og når den eine som skulle ta,

ropte «ut», så sprang vi det vi greidde til

andre sida. Dei som blei tekne (3 slag på

ryggen) skulle vera med å ta.

Spennande var det og når vi gjekk inni den

mørke, høge granskogen like ved skulen.

Der heldt vi «tre mann i vinden».

Om våren når grasbakken utafor skulestova

grønka, hadde vi ein svært gild leik som vi

kalla «munka». Då hadde vi fem små

steinar som vi sjonglerte med, som skulle

tas i ei viss rekkefølgje på bakken og i lufta.

Denne leiken likte vi godt, den krevde

mykje øving og stor presisjon!

Men det var ikkje berre ute vi leika. Stor

stas var det i stovene når dei vaksne var

med på leiken. Mellom dei selskapsleikane

vi hadde var «Tampen brenne», «Min ven»,

«Geografitime», «Stokken ligge» og ikkje

minst «Kyrkjerotta». Då sat vi opplina på

to rekker. Her galdt det å halda hovudet

kaldt og fylgja nøye med på alle replikkar.

Elles enda du som kyrkjerotte. Ein

fornøyeleg leik! Slike gonger var det

vanskeleg å få oss ungane i seng.

Men så blei det leggetid. – Lukkelege vi

som fekk ha det så gildt i barneåra våre!

 

«Nu takk for alt ifra vi var små

og lekte sammem i skog og lage.

Jeg tenkte leken den skulle gå

opp i de grånende dage.»

pal