Rettingar og tillegg til Straabø-boka

Det er tusentals opplysningar, namn, årstal m.v., i boka «I Suldal er eg heime» med foto av Odd T. Straabø. Her tek me inn det som kjem av rettingar. Me fører dei inn kronologisk etter kvart som dei kjem inn, slik at det er lettare å halda seg oppdatert. Send rettingar og supplerande opplysningar til Rune Roalkvam, mail: runedylan@gmail.com

3/12 2012

s. 30: På bildet er skiltet «Apothek». Apoteket låg på denne staden i Gata i perioden 1906-1909, før det flytta. Bildet er dermed tatt i denne perioden.

s. 34: Rasmussen-brødrene: Til venstre Odd, i midten Tor.

s. 83: Bildet nedst: Jenta heilt til høgre er Malena, niese til Maria Marvik. Malena vart tidleg morlaus, og vart oppforstra i slaktar-familien.

s. 146: Personen heilt til høgre heiter Kleng Hammaren, ikkje Hanakam. Hammaren er plass under Underbakka.

6/12 2012

s. 258: Det er oppgitt feil årstall for mannen til Sigrid Nordmork, rett skal vera 1843-1894 (det er svigerfaren sine data som er oppgitt). Sigrid flytte til sonen Odd (1869-1936) i Vikedal.

13/12 2012

s. 282: Personen til venstre på s 282 (uidentifiserte mannspersonar) er skomakar Ola O. Sukka f. 1877 (Sukka 11h i Gamle Suldal). Son av Ola Paulsen og Guro Olsdatter på Sukka. Merk at bildet synest å vera tatt samstundes med bildet av Per Sukka på s. 215, bare sjå på tømmerpanelet!

7/1 2013

s. 15: På bildet sit til venstre Lars Vaage. I trilla sit til venstre Kolbein Bakka (Guggedal).

13/2 2013

s 65: Biletet er av Kjersti Paulsdatter Underbakke og borna hennar (utanom Paul Elfred (fødd 1898), den eldste sonen). Kjersti sit med kvit bluse midt i biletet, og hunden på fanget. Det er dottera Nelly (fødd 1895) som er kvinna som står bakerst i kvit kledning. Frå lengst til venstre på biletet står Ruth (fødd 1905), Sigurd (fødd 1901), Gildar (fødd 1906) og jenta med dei lange flettene er Gudrun (fødd 1899).   Med på biletet er også systera til Kjersti. Ho heitte Sigrid, men blei kalla Siri (fødd 1859). Ho var ugift og budde på Underbakke all si tid. Og det er Margit Foss (fødd 1905) som står midt i biletet i rutet kjole med dokka på armen. Ho budde på nabogarden hjå bestemor si, Marta Paulsdotter Underbakke (fødd 1850), som var ei anna syster av Kjersti og Siri.

28/12.2013

Frå Anders Rørheim: På side 67 er bilde av Inga Sørestad feil. Det er ikke Inga Sørestad, men Guro Paulsdotter (Ullestad) Stråpa, født 1858, død 18. mars 1940.

Foreldre: Paul Andersson Valskår og Liv Rød Underbakke.

Guro vart gift i 1893 med Lars Gauteson Stråpa, født 1861, død 22. mars 1909.

Dei hadde desse borna:

1. Ola født 1895 til Sauda
2. Kristian født 1897 til Stråpa
3. Elisabeth født 1899 til Sauda
4. Liva født 22.11.1902, død 23.01.1909.

Guro vaks opp i Ulladalen der mora Liv var gift med Askild Torgerson.
Liv var syster til Rasmus og Ola Rød som budde i Ulledal.

 

29.02.2016

Frå Arnvid Lillehammer: Side 227: Ekteparet ytst til venstre med ein gut mellom seg er Albert Lillehammer og kona Nilsine (Sina) f. Huus, og sonen Torjus Lillehammer.

pal