Slekta til Ingemund Nilsson på Grov

Ein Etnebu i Ryfylke eller ein ryfylking i Etne?

 

Av Eldar Myhre

 

Eg har tidlegare i artiklar i Gamle Suldal skrive om sambandet mellom Suldal og naboane i Hardanger; Setesdal og Telemark på 15 og 1600 talet. Dette kjem også til uttrykk i eiga i gardar og giftemål. Tettast ser det likevel ut til at sambandet var til Sunnhordland og då serleg Etne og Skånevik. Eg har vore innom Ingemund Nilsson som levde eit langt liv på Bokko i Odda og Våge, Vetrhus og Bråtveit. Eg vil nå ta utgangspunkt i namnen hans, Ingemund Nilsson på Grov i Sandsbygda. Saman med broren Jon kjem han til Grov kring 1660. I 1661 eig brørne mest heile Grov.

 

I bygdeboka for Sand, gjer Ernst Berge Drange utfyllande opplysningar om folka på Grov i eldste tider.[1] Likevel kan det leggast til meir. Ingemund og Jon Nilsson vaks opp i Etne på Ytre Skjeldal. Dei var søner av Nils T Skjeldal. I 1661 eig Ingemund og Jon like mykje i Grov, nesten halvedelen kvar. Etter kort tid ser det ut til at Jon reiser bort, og Ingemund er brukar på heile Grov. Ingemund var fødd kring 1625 og blei gift med ei dotter av Jon Osmundson Nes i Vikadal. Dette giftet førde han i svogerskap med ei av dei største jordeigarslektene i Ryfylke. Men som me skal sjå kom Ingemund også av slik ætt. Etterkomarane til Ingemund Grov er sidan vida spreidd.

 

Ingemund er eit gammalt namn i Ryfylke og kjent frå mange middelalderbrev, men var nokså sjeldan brukt nå på 1600-talet. Mange har freista å trekke linene frå dei kjente Ingemund-ar – ikkje minst fordi namnet var i bruk i lokale adelsslekter i middelalderen.[2] Kring Sand finn me på 1600 talet Ingemund Osmundson på Tysseland og Orm Ingemundson på Molla med sonen Ingemund på Teig i Sauda. Og på Vetrhus og Bråtveit bur Grovmannen sin namne Ingemund.

 

Grov var ein stor gard og fullt ut odel. I 1617 får me for første gong vita skatteskylda på garden. Skylda ser ut til å veksle frå år til år i ei blanding av smør og korn, men vert seinare fast med 2 laup smør og 1 vett korn. I 1519 finn me Anders og drengen Levard på Grov. Anders må dette året legga ut ein stor straffeskatt. 1521 skattar Levard aleine. Neste kjente mann er Ola som i 1573 skattar saman med ei enke. Ola skattar då som nest største jordeigar i Jelsa skipreie. Så frå 1585 til 1592 er nemnt 2 Sjur-ar på garden. Sjur Sveinson er nemnt i ei tingsak frå 1587, Sjur Osmundson aksjonerar i 1592 saman med andre bønder mot dei geistlige og verdslege autoritetane si rovdrift på laksefiske i Suldalslågen. I 1628 blir det på tinget vist til Sjur (utan farsnamn) som budde i Grov i 1585. Først frå 1603 har me årlege skattelister og då er Paul kommen til Grov. I jordelista for 1617 skattar Paul for 1 ½ laup smør og 3 vett korn i Grov. Det er skatten av heile garden dette året. Men i neste jordelista 7 år seinare får vi greie på at Nils Skjeldal i Etne skattar for 2 laup smør på ”sin kones vegne”[3]. Då vantar berre 1 vett korn, som er om lag 1/8 av garden. Likevel legg Paul Grov same året ut skatt for 1 laup smør i Grov og 1 vett korn i Tysse.[4] Me kan trygt seia at futane fekk bra skatt for Grov dette året, for summen blir nærare 50% over takst.

 

Det har altså i 1624 vore ugreie om skatten av Grov. Dersom dette var ein strid, har utfallet så desidert gått i Skjeldal sin favør, for i 1661 skattar brørne Ingemund og Jon for 15/16 av heile Grov, berre 2 ½ spann korn manglar.[5] Me kjenner barna til Ingemund. Namna på sønene er nærast ei markering av namna på Grov frå 1500-tallet: Svein, Levard, Ola. Det er som ein demonstrasjon tilbake til ”haugkallen” for å visa kven som er rette odelsmannen til Grov. Denne retten har altså gått gjennom mor til Ingemund. Men kven var hu?

 

I skattelista for 1665 kjem det fram at utanom Jon og Ingemund er ”Marta, Anna og Barbra” førde med ½ vett korn i saman. Drange gissar at dei er umyndige barn. Det er dei nok ikkje.          

 

I 1664 kjøper Ingemund Nilsson Grov ½ vett korn i Grov av Bjørn Fidja, Ivar Tørissen, Ola Osmundson og Ola Torkjellson. Dette må ha vore det same godset som dei 3 damene er ført med. Desse personane er:

  • Bjørn Larsson Øvre Fitja i Etne. Han er fødd der og både far og farfar hans dreiv garden. Bjørn sit med odel i Skjeldal og Tendal i 60-åra. Inga etterslekt er kjent i bygdeboka.
  • Ivar Tørrisson Indre Skjeldal i Etne, fødd 1633 på Silda i Etne. Han sit også med gods i Skjeldal. Inga etterslekt er kjent i bygdeboka.
  • Ola Osmundson Topnes på Nedstrand, fødd 1620. I 1665 sel han 18 mark i Skjeldal til Ivar Tørresson Skjeldal.[6] Bygdeboka kjenner berre sonen Osmund.
  • Ola Torkjellson Tendal i Skånevik.

Ola Tendal sin far og Ivar Skjeldal si mor var søsken. 1677 eig Ola 1 laup 9 mark smør i Silda som han er rette odelsmann til.

 

Ola Torkjellson er gift med Barbro Nilsdatter. Dette kan ikkje vera nokon annan enn den Barbro som i 1665 er ført med gods i Grov, Sand. Dei 3 – Marta, Anna og Barbro – som er nemnt i skattelista er venteleg systre. Nå er det 4 personer som sel godset i Grov og som også sit med eigedom i Tendal og/eller Skjeldal. Mest truleg er desse 4 mennene då gifte med 4 døtrer, eller at ein av dei kan vera gift med enkja etter Nils Skjeldal. Bygdebøkene kjenner ikkje namnet på nokon av konene utanom Barbro. Kven Marta og Anna var gift med av dei 4 seljarane blir rein gissing.

 

Barbro hadde først vore gift med ein Tolleiv og hadde borna Sjur fødd 1658 og Mattias fødd 1661 med han (kanskje også døtre). Med Ola hadde hu Torkjell født ca 1665, Britta og Inger. 3.gong var Barbro gift med Mons Sandvik i Skånevik og flytta dit. I 1709 er det skifte etter Barbro. Før Barbro kjem til Tendal, bur Ingemund Nilsson her. Om han heiter det i 1651 at hans fader Sakarias Norheim eigde 3 spann smør i Tendal. Men året etter er Nils Skjeldal nemnd far hans. I 1646 eigde Sakarias Norheim ¾ av Tendal og brukte garden under sin gard.[7] Det er vanleg å kalle Nils Skjeldal bror til Sakarias og at han sidan flytter til Milja i Skånevik. Men Nils skattar for Skjeldal frå 1615 til 60 og kan slett ikkje vera Nils Milja som er fødd i 1624.

 

I 1645 heiter Nils Skjeldal si kone Inger. Dette heiter også ei av døtrene til Barbro og Ola Tendal. Drange fører i Sand II opp to døtre etter Ingemund Grov. Eldst er Ingrid gift til Indre Molla, yngst er Eli gift til Rørvik. Nå veit me at mormor til Eli Ingemundsdotter heitte Eli Knutsdotter og kom frå Stokka i Vats. Ingrid skulle då etter namnereglane vera oppkalla etter farmor. Inger Skjeldal må vera mor til Ingemund Grov.  

 

Nils Skjeldal er i skattelista for 1624 ført med:

Skjeldal 1 laup smør 1 vett korn

Øffre Nes ½ laup smør.

Kvammen ½ pund smør 4spann korn.

De to siste gardane er Øvernes og Kvamen på kvar si side av Stordalsvatnet i Etne. Den andre parten av Kvamen eig i 1624 Orm Mikkelson Sønnanå i Sauda. Nils er ført med alt odelsgods i Øvernes. Men i alle 3 gardane står han saman med ”sine medarvinger”. Det er altså ikkje hans aleine, og det er arva odel – ikkje kjøpegods. Øvernes er etter 1624 ført på folk i Bjoa og Skånevik. I 1646 er Nils åleine ført med same gods i Skjeldal, men no berre med gods i Tendal i Skånevik. Sonen Ingemund bur der frå 1651 til han kjem til Sand.

 

Øvernes i Etne låg øyde i 1519. I 1563 bur Torkjell her. Men frå 1590 til 98 er nemnt Ingemund og 1600-03 står enka Barbra som brukar. Dette er midt i blinken som foreldra til Inger Skjeldal, hu har jo både Ingemund og Barbro blant borna sine. Frå 1595 finst eit brev frå ein annan gard ved Stordalsvatnet; Vinja. Då står ein annen ryfylking fram, ”småkravde mann” Hallvard Saksbjørnson frå Bakka i Suldal, men nå bonde på Eikeland i Vikadal. Han krev odelsretten til Vinja etter morbroren Svein Hallvardson Vinja. Mellom dei 6 lagrettemennene frå Etne som er tilstades er Ingemund Sjurson. Som dei andre lagrettemennene er han nemnd utan gardsnamn. Dette er truleg vår mann. Ingemund Sjurson på Øvernes vitnar i ei anna sak i 1599 at han hadde budd i 30 år på Espevoll i Vikadal. Med dette har me ført Ingemund Grov tilbake til stroka kring Vindafjorden – nett der me finn Ingemund-namnet hos lågadelen i middelalderen.

 

Kven var Nils Skjeldal?

Nils Milja var son til Tolleiv Bjørnson frå stormannsgarden Norheim i Etne nemnt 1605-37, son til Bjørn Oddson Norheim nemnt 1563-1603, son til Odd Tolleivson Norheim nemnt i 1558, son til Tolleiv på Norheim i 1519. Steinar Marvik legg i ein artikkel fram indisiar på at også Nils Skjeldal er son til Tolleiv. Det er likskap i jordegodset med Norheimsfolket og det at Nils Skjeldal sitt bumerke er omtrent identisk med Bjørn Oddson Norheim sitt.

 

Fleire ting kan leggast til som styrker hypotesen. Sakarias Tolleivson Norheim eig i 1646 odelsgodset i Tendal. Då Ingemund Nilsson flyttar inn her i 1651, kallast Sakarias far hans. Sjøl om dette rettast i skattelista året etter, peikar formuleringa på nært slektskap. Det ser vidare ut til at Nils Skjeldal sine born tek over odelen i Tendal. I Nils Skjeldal sitt segl står ein T for fars namn. Tolleiv Bjørnson Norheim var gift med prestedottera Bergitte Nilsdatter Bugge. Dei kjende borna til Tolleiv Norheim er:

*Sakarias Norheim fødd 1595, død rundt 1676. Gift med Anna Jonsdotter av Foss-Tøtlandsætta på Hjelmeland. Han er bonde på Eikrheim frå 1624 og seinare på Sande, nabogardar ved Stordalsvatnet før han kjem til Norheim.

*Lisbet Hauga i Jøsenfjorden fødd kring 1600 gift 1622 med Odd Jonson frå Foss-Tøtland.

*Anna Ve fødd kring 1605 gift med Tørres Sjurson frå Ve i Etne

*Anna Høyland i Etne, gift med Tjerand Toreson frå Fossa i Etne.

*NN gift med Bernt Nilsson Frønsdal i Ølen

*Bjørn Helgeland (Fjellet) i Sandeid fødd 1620. ( I manntallet for Vikedal i 1664 er han sett til 53 år i 1664 og skulle då vera fødd i 1611). Gift til garden.

*Nils Milja i Skånevik fødd 1624

*Johannes Erøy i Erfjord fødd 1624-26. Han blei gift inn i Bjørheim- og Blank-ætta.

*Jon først på Norheim, sidan Skjold i Etne. Død 1666. I 1646 er Jon Norheim ført som eigar av halve Norheim. Den andre halvparten eigde broren Sakarias. Jon må dermed vera eldre enn broren Nils Milja, kan henda også eldre enn broren Bjørn sidan han får part i hovudbølet Norheim.

 

Nils er på Skjeldal alt i 1615. Han må då seinast vera fødd i 1595, helst noko før. Dyrvik meiner at Bergitte Nilsdatter er fødd kring 1580. Om dette er rett kan hu ikkje vera mor til Nils Skjeldal, også knappest mor til Sakarias. Spennvidda i alder frå Sakarias til Johannes Erøy er om lag 30 år. Dersom Bergitta var 20 år då Sakarias blei fødd, vil hu vera 50 når Johannes kjem. Det er ein svært lang fertilitetsperiode og reiser spørsmålet: er Bergitta mor til alle borna? Hu er utvilsamt mor til dei yngre borna. Nils Milja sit for eksempel med jordegods i Milja som var gods som kom frå Bugge-familien. Var Tolleiv Bjørnson enkemann då han gifta seg med Bergitte? Bergitte blir i folkemålet til Britta og Sakarias har ei dotter med dette namnet. Men Britta var også eitt av dei vanlegaste kvinnenamna på den tida. Tolleiv Bjørnson blir i ei tingsak omtalt av Tore Nernes som ein svært gammal mann. Han dør i 1637. Faren Bjørn er bonde på garden alt i 1563 og Dyrvik trur at Tolleiv er fødd kring 1565. Kanskje er han eldre. Det er svært lite truleg at sonen i ein så rik jordeigarfamilie ikkje gifter seg før i om lag 40 års alder. Heitte ei første kone Anna, sidan han har to døtre med dette namnet?

 

Eg kan ikkje sjå at noko jordegods som Nils Skjeldal er ført med er blant dei mange eigedomane som presten Hans Nilsson Bugge skattar for i 1624. Men han og borna hans får etter 1624 hand om gods i Tendal der Karen Bjørnsdotter frå Norheim, søster til Tolleiv, er ført med 1 spann smør i 1624 og der Sakarias Norheim i 1646 skattar for alt odelsgodset på ¾ laup smør.

 

Eit anna indisium på at Nils Skjeldal kan vera son til Tolleiv Norheim finn me hos Nils Tolleivson Milja. Nils Milja eig og i Skjeldal og dei 2 Nils-ane må ha hatt ein god del med kvarandre å gjera. Nils Milja sin eldste son heiter Tolleiv etter farfar, men den nesteldste heiter Nils. Nils Milja var gift med Marita Johannesdatter, så hennar far er ikkje oppkalla her. Denne Nils Nilsson er fødd kring 1661 like etter at Nils Skjeldal er død. Nils Milja kan ha oppkalla den døde bror sin.

 

Endå eit indisium er at ein av Nils Skjeldal sine svigersøner (eller gift med enka hans) slår seg ned på Topnes på Nedstrand. Sakarias Norheim eigde i Topnes, gods som han fekk med kona si og som han seinere sel tilbake til Tøtlands-folket. Sakarias og Anna hadde 4 born ved skiftet i 1670. 2 av desse gifta seg til Sand-soknet. Slik langvegs kontakt vil vera naturleg dersom det alt var tilknyting til nabolaget.    

 

Eit problem står igjen. Nils Skjeldal er i 1624 ført med eit betydeleg jordegods, dels heiter det at dette er med medarvingar, dels heiter det at det er konegods. Berre 2 av dei 4 gardane som er nemnt i 1624 har Nils sidan og minst 2 av dei er plasserte som kona sin odel. Nå er Tolleiv Bjørnson fullt oppegåande i 1624 og sit framleis med sin eigen odel, så kven kan desse medarvingane i 1624 vera? Me må tru at også Tolleiv Norheims mulege første kone kom frå jordeigarslekt. Nils Skjeldal vil då alt i 1624 ha krav på arv etter mor si og hennar slekt.

 

                                  

Orm Ingemundson Molla og Paul Grov

 

Er det muleg å trekka band frå Ingemund Grov til andre Ingemund-ar i sokna? Den store jordeigaren Orm Ingemundson på Molla frå 1600 er nett nemnd i samband med Molla i gammal tid. I 1628 stemner Sjur Fløgstad Orm Molla for arvepart etter morfar sin. Denne morfaren som ikkje er nemnt med namn er også Orm Molla sin farfar. I denne striden mellom syskenborn legg Orm Molla fram ein ordskurd – juridisk betenkning – frå lagmannen i Stavanger frå 1585. Sjur i Grov ba den gongen om denne ordskurden som sa at ektefødd og samfedre soneson skulle arva før dotterson. Om denne Sjur er Sjur Osmundson eller Sjur Sveinson seier teksten ikkje noko om.

 

Kvifor skulle Orm Molla sitja med denne ordskurden frå Grov 40 år seinare? Kan Sjur i Grov nett vera denne farfaren dei stridest om arv etter? I så fall kan dette tyda på at Orm Ingemundson Molla er morbror til Ingemund Nilsson Grov. Men 2 av borna til Ingemund Grov, Inger og Levard, gifter seg med 2 av barneborna til Orm Molla. Slike 3.menningsgifte var forbode. Ein måtte søkja kongen om lov. Og nett slikt brev hadde paret som gifta seg like etter Inger Ingermundsdotter i Sand-sokn. Men korkje for Levard eller Inger har eg funne noko slikt brev. Like vel er ikkje dette eit avgjerande bevis. Kongebreva syner at det er særs ujamt kva som finst i dei kongelege arkiva på denne tida. Faktisk har Stavanger bispedøme ein sers høg prosent av desse kongebreva, men då serleg lenger sør – i Hjelmeland og Ryfylke-øyane og Sokndal i Dalane. Frå Indre Ryfylke er det lite og grannelaget i nord i Etne og Skånevik er nærast kjemisk fritt for slike gifte skal me tru arkiva. Her finst nok langt fleire nære gifte. Likevel gjer desse giftemåla at me må setta eit stort spørsmålsteikn med denne hypotesen. Slektskap er det nok. Orm Molla eigde garden Indraland i Vats slik at også han har band til Vindafjord.          

 

Kva så med Paul Grov som sit med nær heile Grov i 1617 og som skattar for halve Grov i 1624? Eldste son til Paul heitte Svein og me minnest at Sjur Sveinson var på Grov før 1600. Ernst Berge Drange peiker på at denne Svein ser ut til å spela ei viktig rolle som medhjelpar til presten. Andre kjende sonen var Paul. Paul Paulson giftast til nabogarden Foss. Han vert drepen av Ola Hiim. Paul har blant anna sonen Ola på Foss. Ola Paulson gifter seg med ei Hallvardsdotter frå Ritland. Ola har ei rekke born, mellom dei er Levard og Ingemund som er typiske Grov-navn. Desse namna kan vanskeleg forklarast ut frå namn i koneslekta til Paul Paulson og Ola Paulson Foss. Korleis dette enn er, så fell både Paul og sønene hans bort frå Grov. Paul Grov eigde som kjent 1 vett korn i Tysse i 1624. Dette er knappast Tysse i Erfjord. Tysse – som gardane elles i den delen av Erfjord – vart ikkje rekna som korngard og skatta derfor i smør. Dessutan kan alle eigepartane i Tysse i 1617 finnast igjen i skattelistene for 1624. 2 personar la ikkje inn skatten på det lokale tinget i 1624, men drog til Hesby fjerdingsting som var seinare på året. Det var Paul Grov og Karen Lauritsdotter. Karen var frå den store lågadelsætta på Valo i Kvinnherad og hadde vore gift med Jakob Jørstad. Han var no død og då valde Karen å bu på hovdingesetet på Aukland på Ombo hos Ola Jonson og Margareta Bjørnsdotter. Margareta var frå Norheim i Etne og faster til Nils Skjeldal og Sakarias Norheim. Hos Margareta og ingen andre ville den gamle Karen bu, sa hu. Karen skattar i 1624 for garden Tysse i Sunnhordland len. Paul Grov skattar altså i ein gard med same namn. Det er difor mye muleg at også Paul Grov eller kona hans har røter i Sunnhordland.          

 

På Helland kjem Tørris Ivarson i 1670-åra. Namnet i seg sjøl er framandsleg. Det gamle namnet Torgils vart i Indre Ryfylke til Torjus, men lenger vest og i Sunnhordland vart det gjerne til Tørres. Drange undrast om han kan vera son til Ivar Tørreson frå Skjeldal. Og det må vera godt gissa. Han må vera systerson til Ingemund Grov. Han gifter seg med enka etter Bjørn Helland som sit med gods i Åsarøy og må då sjøl eller gjennom kona vera av Tøtlandsætt sidan dei eigde Åsarøy. Og me har sett at farbror til kona til Ivar var Sakarias Norheim som var gift inn i Tøtlandsætt. Me må tru at det var slikt kjennskap som fekk Ivar til Helland.

 

Men Ingemund Grov møtte og andre nærskyldingar på kyrkjebakken. Han kunne nikka familiært til lensmann Daniel Vanvik som var gift med syskenbarnet hans – Anna Sakariasdotter frå Norheim. Og han kunne helsa på folket på Hauga der kona frå Fatland før hadde vore gift til Norheim med bror til Anna Vanvik. Hauga-kona var lensmannsdotter etter syskenbarn til Daniel Vanvik. Seinare kom Lars Gunnarson flyttande til Hauga frå Høyland i Etne då han gifte seg med enka Mari Torkjellsdotter.        

 

                                   Gammalt samband mellom bygdene.

Sambandet til Sand sokn og Sunnhordland ser ut til å vera omfattande. Går me litt lenger tilbake i tid har me få personalopplysningar frå kjeldene. Men i 1624 kom Jens Skeie til å drepa mannen på Hauga – Svein Aslakson. Den drepne var frå Milja i Skånevik og hadde gifta seg til Hauga. Faren var til stades under rettssaka som fylgde. Fleire ting tyder på at Svein Hauga og faren Aslak høyrde til den same ættekrinsen som andre sunnhordlendingar nemnt i denne artikkelen. Men frå tingbøkene for Sunnhordland kjem det fram ei særs interessant sak. I ein strid mellom nabogardane Norheim og Nernes i Etne kjem det fram at Nernes fram til 1566 var eigd av Norheim. Men dette året bytta dei bort Nernes og gardane Nes og Vinja i Ryfylke len til domkapitlet i Bergen mot å få Eikrheim på andre sida av Storvatnet. Eikrheim var ein mindre gard som låg øyde på denne tida så Norheimsfolket må hatt mindre partar i Nes og Vinja – eller i øydegardar som blei brukt under desse gardane. Det er fleire Nes og nokre Vinja-gardar i Ryfylke, men dei som peikar seg ut er Nes i Saudasjøen og Vinja i Suldal som både seinare låg til presten i Suldal. Halsnøy Kloster eigde frå middelalderen ein part i Sand laksefiske på den gamle garden Faksstad. Det vert rekna at Erling Skakke frå Støle og Sævareid (Kyrping) i Skånevik skipa Halsnøy kloster og la mykje av sitt eige gods til klosteret. Me veit og at son til Erling Skakke og halvbror til kong Magnus Erlingson, Sigurd jarlson låg i Stavanger då det store slaget sto i Florvåg ved Bergen der birkebeinane vann ein stor siger. Sigurd (seinare vart dette til nemnet Sjur) flykta då frå kong Sverre over Vinje i Telemark. Den flukta må ha gått om Sand sokn. Dette peiker på eit tilhøve mellom Etne og Sauda/Suldal som går så langt tilbake i tid som me kjenner til og som vart halde i hevd av blant anna ætta på Norheim.          

                                              

Eldar Myhre

Norvald Frafjordsgt. 7 D

4041 Hafrsfjord



[1] Ernst Berge Drange, Sand II fra side 322

[2] Særlig Einar Balle i ÆH 1989, Ingemund-ætta side 155-174

[3] Odelsskattelista for Sunnhordland 1624

[4] Odelsskattelista for Ryfylke 1624, siste fold

[5] Odelsskattelista for Ryfylke 1661

[6] Sunnhordland Tingbok 1666 s38b. Takk til Inge-Johan Aursland som ga meg denne opplysningen

[7] Anders Haugland Skånevik IV, Tendal side 96-98

pal